Votering i sak nr. 4
Presidenten: Under
debatten er det sett fram i alt sju forslag. Det er
-
forslag
nr. 1, frå Cecilie Myrseth på vegner av Arbeidarpartiet og Senterpartiet
-
forslag
nr. 2, frå Torgeir Knag Fylkesnes på vegner av Sosialistisk Venstreparti
-
forslaga
nr. 3–6, frå Bjørnar Moxnes på vegner av Raudt
-
forslag
nr. 7, frå Geir Pollestad på vegner av Senterpartiet
Det vert votert
over forslag nr. 3, frå Raudt. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen komme
tilbake til Stortinget med en plan for hvordan omfordeling av kvoter
fra trålflåten til kystflåten kan prioritere gruppe II, båter under
11 meter som er i merkeregisteret, slik at disse får minst 50 pst.
andel av omfordelte kvoter.»
Votering:
Forslaget frå
Raudt vart med 94 røyster mot 1 røyst ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift
kl. 19.08.37)
Presidenten: Det
vert votert over forslag nr. 2, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget
lyder:
«Stortinget ber regjeringen komme
tilbake til Stortinget med en sak der torsketrålkonsesjonene med
tilbuds- og bearbeidingsplikt blir avviklet, og der de tilhørende
torsk- og hysekvotene blir omfordelt til kystflåten. De nye kvotene
skal være uomsettelige og bundet til fylke eller region. Omfordelingen
av kvoter bør ta maksimalt 15–30 år, i tråd med at pliktkommisjonen
har slått fast at det er varigheten til dagens trålkonsesjoner.»
Miljøpartiet
Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå
Sosialistisk Venstreparti vart med 85 mot 9 røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift
kl. 19.08.53)
Presidenten: Det
vert votert over forslaga nr. 4 og 5, frå Raudt.
Forslag nr. 4
lyder:
«Stortinget ber regjeringen sikre
at tilbudsplikt for de kvoter som er omfattet av dette omgjøres
til leveringsplikt inntil torsketrålkonsesjonene eventuelt er avviklet.»
Forslag nr. 5
lyder:
«Stortinget ber regjeringen sikre
at bearbeidingsplikt for de kvoter som er omfattet av dette opprettholdes
inntil torsketrålkonsesjonene eventuelt er avviklet.»
Sosialistisk
Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla subsidiær støtte
til forslaga.
Votering:
Forslaga frå
Raudt vart med 86 mot 9 røyster ikkje vedtekne.
(Voteringsutskrift
kl. 19.09.15)
Presidenten: Det
vert votert over forslag nr. 6, frå Raudt. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen komme
tilbake til Stortinget med en sak om hvordan fiskeflåten kan sikre
stabil leveranse til fiskemottakene langs kysten slik at helårsdrift
er mulig, blant annet gjennom periodisering av kvoter.»
Arbeidarpartiet,
Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne
har varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå
Raudt vart med 53 mot 42 røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift
kl. 19.09.35)
Presidenten: Det
vert votert over forslag nr. 7, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen om
å håndheve pliktsystemet for å sikre at disse trålerne faktisk leverer
fisk til lokalsamfunnene i tråd med intensjonen i pliktsystemet.
Alternativet vil være, om dette ikke skjer innen to år, at kvoter
tilbakeføres fra disse selskapene til kystflåten.»
Miljøpartiet
Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.
Raudt har varsla
subsidiær støtte til forslaget.
Voteringstavlene viste at
det var 77 røyster mot og 18 røyster for forslaget frå Senterpartiet.
(Voteringsutskrift
kl. 19.09.54)
Lene Vågslid (A) (frå salen): President! Eg stemte feil.
Presidenten: Det
vert retta opp, og det er då 78 røyster mot forslaget og 17 røyster
for. Dermed er forslaget ikkje vedteke.
Det vert votert
over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Forslaget
lyder:
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse
med den varslede stortingsmeldingen om kvotesystemet foreta en utredning
og vurdering av en ordning med hjemfall av fiskerettigheter fra
trålflåten som et av alternativene for pliktsystemet.»
Miljøpartiet
Dei Grøne og Raudt har varsla subsidiær støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå
Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart med 58 mot 37 røyster ikkje
vedteke.
(Voteringsutskrift
kl. 19.10.22)
Komiteen
hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande
vedtak:
Dokument 8:9
S (2018–2019) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane
Torgeir Knag Fylkesnes, Mona Fagerås og Audun Lysbakken om å sikre
verdiskaping og sysselsetting i kystsamfunna gjennom heimfall av
fiskerettar til kysten – vedtas ikke.
Presidenten: Sosialistisk
Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei
vil røysta imot.
Votering:
Tilrådinga frå
komiteen vart vedteken med 82 mot 10 røyster.
(Voteringsutskrift
kl. 19.10.57)