President: Magne Rommetveit
* Sak nr. 14 er under møtet endret
fra tidligere oppsatt dagsorden. Referat er dermed blitt ny sak
nr. 15.
Presidenten: Representanten
Freddy André Øvstegård vil leggja fram eit representantforslag.
– Representanten er ikkje til stades
i salen.
Representanten Tuva Moflag vil leggja
fram eit representantforslag.
Tuva Moflag (A) [10:00:44 ]: På vegne av representantene Ingvild
Kjerkol, Tuva Moflag, Tellef Inge Mørland, Elise Bjørnebekk-Waagen
og Tore Hagebakken vil jeg legge fram et representantforslag om
å utrede og utarbeide forslag til lovhjemmel slik at kommuner som ønsker
det, kan forsøke en ordning med obligatorisk innkalling til MMR-vaksinering.
Presidenten: Representanten
Per Espen Stoknes vil leggja fram eit representantforslag.
Per Espen Stoknes (MDG) [10:01:44 ]: På vegne av representantene
Elise Bjørnebekk-Waagen, Ingvild Kjerkol og meg selv vil jeg fremme
et forslag om bedre kommunetilbud til volds- og overgrepsutsatte
unge.
Presidenten: Representanten
Ivar Odnes vil leggja fram eit representantforslag.
Ivar Odnes (Sp) [10:02:04 ]: På vegner av representantane
Siv Mossleth, Åslaug Sem-Jacobsen, Liv Signe Navarsete og meg sjølv
vil eg leggja fram eit representantforslag om eit rimelegare og
betre ekspressbusstilbod i heile landet.
Presidenten: Forslaga
vil verta handsama etter reglementet.
Før sakene på dagens kart vert tekne
opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at Stortingets møte
i dag fortset utover kl. 16 til kartet for i dag er ferdig handsama.
Den første saka som her ligg til
handsaming, har ikkje lege ute den reglementsbestemte tida, dvs. 48 timar.
Med heimel i forretningsordenens § 46 vil presidenten føreslå at
Stortinget likevel handsamar denne saka no.
– Ingen innvendingar har kome mot
forslaget frå presidenten, og det er å sjå som vedteke.