Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [15:35:13 ] (ordførar for sakene
nr. 5 og 6): Stortingets ombodsmann for forvaltninga – eller Sivilombodsmannen,
som vi ofte omtaler institusjonen som – er den aller viktigaste
institusjonen Stortinget har sett ned, nettopp fordi han er oppretta
for å ta vare på enkeltmennesket i møte med det offentlege systemet.
Vi skal ikkje gløyme at dette er
ei oppgåve som eigentleg ligg til Stortinget og stortingsrepresentantane. Det
er vi som skal passe på at folk blir behandla skikkeleg og etter
lover og reglar. Vi er alle ombodsmenn og -kvinner for innbyggjarane
i Noreg. Men fordi det er såpass komplekst og omfattande, har vi
utstyrt oss med eksperthjelp med mandat, ein eigen ombodsmann som skal
hjelpe oss i dette viktige arbeidet. Derfor er det spesielt viktig
at vi følgjer arbeidet skikkeleg opp.
Sidan etableringa i 1962 har Sivilombodsmannen hatt
eit breitt mandat. Institusjonen kan undersøkje dei fleste typar
saker og forhold som offentlege myndigheiter har behandla eller
avgjort, og kan ta til behandling saker både etter klage og på eige
initiativ.
Ombodsmannen har rett til å krevje
utlevert alle typar opplysningar. Saksbehandlinga kan ende med at
Sivilombodsmannen kjem med ei fråsegn, f.eks. om forvaltninga har
brote lovverket, om det bør ytast erstatning, osv.
Som Stortingets forlengde arm og
tillitsperson for Stortinget, er ikkje Sivilombodsmannen ein del
av forvaltninga sjølv, dermed er ikkje fråsegnene frå Sivilombodsmannen
automatisk juridisk bindande. Men Stortinget føreset at forvaltninga
skal rette seg etter fråsegnene frå Sivilombodsmannen, noko som
tilnærma alltid har blitt gjort. I dei tilfella der forvaltninga
ikkje følgjer opp fråsegnene frå Sivilombodsmannen, går det direkte
på Stortingets autoritet. Det blir følgt éin til éin.
Rolla til Sivilombodsmannen har
ikkje blitt mindre viktig. Eg vil seie at fleire forhold viser at
ho blir stadig viktigare. For folk flest blir det jo ikkje enklare
å orientere seg i lover og reglar, verken som privatperson, yrkesutøvar,
pårørande eller engasjert samfunnsmenneske.
Sidan etableringa av Ombodsmannen
har talet på forskrifter meir enn dobla seg, ifølgje tal frå Lovdata.
Det mest påfallande med utviklinga er likevel ikkje mengda av forskrifter
og reglar, men omfanget, kompleksiteten og språket.
Sidan1877 har staten gitt ut Norsk
Lovtidend, som inneheld alle offisielle kunngjeringar av grunnlovsføresegner,
lover, forskrifter osv. Her ser vi ei klar utvikling berre dei siste
30 åra. Omfanget av Norsk Lovtidend viser eit hopp på ca. 70 pst.
i 1992, og det held seg på dette høge nivået fram til 1996. Fram
til 2003 auka omfanget kraftig og har halde seg på det same høge
nivået vidare til vår tid. Det er ikkje først og fremst talet på
lover som har auka, for gamle lover utgår jo når nye blir vedtatt, men
sidetalet i Norsk Lovtidend har auka markant.
Lover og reglar i dette samfunnet
blir altså stadig meir komplekse og omfattande. Jan Fridthjof Bernt
har tidlegare uttalt at auken i omfanget av lover og reglar – både
i mengde og kompleksitet – er i ferd med å bli eit alvorleg samfunnsproblem.
Han uttalte i 2013:
«Mengden av forskrifter gjør at
det blir stadig vanskeligere å holde oversikten og ta vare på sammenhengen
i systemet – både for borgerne og for forvaltningen selv.»
Han påpeikte vidare at språket
òg er eit vesentleg problem – at stammespråk, tekniske fagtermar
og eit spesialistspråk tilpassa spesialiserte byråkratar pregar regelverket
vanlege folk skal rette seg etter.
Ifølgje Lovdata er det ingen teikn
til at denne utviklinga har blitt bremsa dei seinare åra – det er
snarare motsett, ho fortset med uforminska styrke og kraft. Om vi
hadde sett oss ned og sett på kor mange lover og forskrifter ein
kystfiskar i dag må rette seg etter for å halde verksemda si under
lova, for å unngå bøter og til og med utestenging, ville vi blitt
forferda.
Sivilombodsmannen er til for enkeltmenneske
i møte med dette stadig større havet av lover, forskrifter og reglar.
Kravet til kompetanse og kapasitet hos Ombodsmannen har derfor auka
enormt sidan etableringa for over 56 år sidan – kompetanse til å
trengje inn i villniset av regelverk, kapasitet til faktisk å ta
enkeltmennesket på alvor og ikkje minst drive oppsøkjande verksemd
og ta eigne initiativ. Det er i eit slikt perspektiv vi les årsmeldinga
frå Sivilombodsmannen for i fjor.
Talet på klagar til Ombodsmannen
auka med 16 pst. frå 2016 til 2017 – frå ca. 3 000 til 3 600 klagar.
Auken ser vi på fleire felt, men spesielt innanfor psykisk helsevern,
utlendingssaker, trygdesaker og innsynssaker.
Av alle klagane blei meir enn halvparten
avviste. Halvparten av alle avvisingane kom av at sakene framleis
var til behandling i forvaltninga. Vanlege avvisingsgrunnar var
at saka var ueigna eller ikkje hadde tilstrekkeleg klagegrunn, eller
at saka var forelda eller send som ei orientering.
Av dei realitetsbehandla sakene
blei 136 saker avslutta med kritikk eller med ei oppmoding til forvaltninga
om å sjå på saka på nytt. Det utgjer 9 pst. av dei realitetsbehandla
sakene.
For mange av sakene blir utfallet
likevel ofte positivt for den som klagar, ved at saka løyser seg
gjennom f.eks. ein telefonsamtale eller eit brev til det aktuelle
forvaltningsorganet. Dette var tilfellet i nesten 390 saker, eller om
lag 26 pst.
Inntrykket er at forvaltninga gjennomgåande
behandlar fråsegnene frå Ombodsmannen skikkeleg og gir informasjon
når Ombodsmannen ber om det. Det er fundamentalt for Stortinget.
Dersom Sivilombodsmannen ikkje blir mottatt på ein skikkeleg måte,
betyr det at Stortinget ikkje blir mottatt på ein skikkeleg måte.
Det er viktig for oss på Stortinget, og vi seier oss tilfredse med det.
Samtidig vil eg påpeike at ein
på nokre område har enkelte gjengangarar som har vanskar med å følgje
påtalar eller oppmodingar frå Sivilombodsmannen.
Eit kjenneteikn ved fleire av sakene
Ombodsmannen har trekt fram i årsmeldinga, er at dei ofte handlar om
trongsynet hos forvaltninga, kan vi kanskje seie – for å vere litt
upresist presis. Den løpande ueinigheita frå 2007, f.eks., mellom
Sivilombodsmannen og lovavdelinga i Justisdepartementet om forvaltningslova
§ 36, er eit eksempel på det. Det har ført til at nokre delar av
forvaltninga følgjer fråsegnene frå Ombodsmannen, medan andre følgjer
lovavdelinga sitt syn. Det fører til ulike rettar for folk, avhengig
av kva saksområde saka høyrer til, eller kva organ som behandlar
sakene. Tolkinga til lovavdelinga opnar dessutan for vanskelegare
forhold for folks heilt legitime krav om å få dekt kostnader ved
klage, f.eks. når forvaltninga etter klagar endrar visse føresetnader
og sender klagaren tilbake til start.
Det same gjeld ei utheva sak i
årsmeldinga, om bustadregistrering, der foreldra etter eit samlivsbrot
hadde kome fram til ei samværsform som dei heldt for å vere til det
beste for barnet, men som skattekontoret ikkje aksepterte. Skattekontoret
viste til at samværet med barna ikkje var «sporadisk» nok til at
det fall inn under forskrift av 9. november 2007 nr. 1268 om folkeregistrering. Denne
typen trongsyntheit meiner eg det er veldig viktig at Sivilombodsmannen
tar seg av. I den store mengda forskrifter og reglar som finst der
ute, er det viktig at ein har nokon som folk kan klage til, som
kan kome inn med eit vakse blikk.
På generell basis vil eg understreke
at det er fråsegnene frå Sivilombodsmannen som skal leggjast til
grunn i forvaltninga. Lovavdelinga eller andre delar av forvaltninga
kan vere ueinige, men til sjuande og sist er det fråsegnene frå
Sivilombodsmannen, Stortingets tillitsperson, som skal følgjast.
Eg vil elles vise til merknadene
frå komiteen og flytte merksemda over til ei særskild sak frå Sivilombodsmannen
som vi har til behandling i dag, som ein del av denne behandlinga.
FNs torturkonvensjon slår fast
at tortur og umenneskeleg behandling er absolutt forbode, og at dette
forbodet aldri kan fråvikast.
Noreg har slutta seg til konvensjonen
og er forplikta til å forby, førebyggje og straffeforfølgje all
bruk av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande
behandling eller straff. Land som er tilslutta tilleggsprotokollen,
er forplikta til å etablere nasjonale førebyggingsorgan som gir
anbefalingar i arbeidet for å forhindre tortur og umenneskeleg behandling.
Komiteen meiner det er veldig positivt
at det er nettopp Sivilombodsmannen som har fått denne rolla i Noreg,
og at det er veldig viktig at førebyggingsarbeidet skjer i eit organ
som er uavhengig av forvaltninga, og som ikkje minst har tilstrekkelege
ressursar og kompetanse til å gjere jobben.
I 2017 har førebyggingseininga
hos Sivilombodsmannen fokusert særleg på innsette med psykiske lidingar
som oppheld seg i isolasjon på restriktive avdelingar i fengsel.
Dette er ei gruppe som ofte blir send fram og tilbake mellom fengselet
og spesialisthelsetenesta, og som ofte sit i langvarig isolasjon
når dei er i fengsel. Komiteen er samstemd i at oppfølginga for
denne gruppa må styrkast, spesielt når fengsla sjølve omtaler forholda dei
lever under, som umenneskelege, noko som er ganske sterk kost frå
fengsla sjølve. Vi er heilt einige med vurderinga til Sivilombodsmannen,
at dei innsette må få eit behandlingstilbod, og at isolasjonen må
avbrytast.
Det er spesielt urovekkjande at
førebyggingseininga har avdekt ein praksis der isolasjon ofte blir
brukt i tilfelle der det er avdekt sjølvmordsfare for den innsette.
Årsaka er ofte mangelfull bemanning og eit for svakt helsetilbod
i fengsla. Desse funna dokumenterer eit behov for auka bemanning
i fengsla og betre tilgang til helsehjelp for dei innsette.
Eit anna tema er forhold rundt
ECT, elektrosjokk. Det er spesielt at Sivilombodsmannen har avdekt
bruk av elektrosjokk utan samtykke frå pasienten i 2017, og ofte
utan å finne noka som helst form for lovheimel. Det er alvorleg.
Funna viser ein praksis der pasientar blir utsette for ein høg risiko
for umenneskeleg og nedverdigande behandling.
Omfanget i bruk av elektrosjokk
er stort – mykje større enn i alle fall eg var klar over. I fleire
av tilfella førebyggingseininga undersøkte, var det ikkje klart
om dei strenge vilkåra for bruk av nødrett var oppfylte.
Komiteen ønskjer derfor å understreke,
som Sivilombodsmannen, at nødrett aldri er eit tilstrekkeleg rettsgrunnlag
for å etablere eit behandlingsopplegg som strekkjer seg ut over
det som er nødvendig for å avverje ein akutt fare for helsa til
pasienten.
Vi meiner derfor at funna gir grunnlag
for å få på plass ei kartlegging av bruken av ECT på nødrett i sjukehusa
og ein ny gjennomgang av lovverket for å få slutt på ein situasjon
der praksis ikkje ser ut til å vere i tråd med føringane lova gir.
Sivilombodsmannen har også funne
at fleire sjukehus innan psykisk helsevern hadde ein omfattande
bruk av skjerming av pasientane sine. Dette var skjermingstiltak
som blir gjennomførte med så avgrensa menneskeleg kontakt at det
i realiteten utgjer isolasjon, og det utgjer ein høg risiko for
umenneskeleg og nedverdigande behandling. Dette er veldig urovekkjande,
og det blir ytterlegare urovekkjande når Sivilombodsmannen fann grunngivinga
for skjerming som gjennomgåande mangelfull i veldig mange tilfelle.
Her er derfor komiteen klar på at det må gjennomførast tiltak for
å sørgje for ein praksis som i størst mogleg grad førebyggjer risikoen
for umenneskeleg og nedverdigande behandling.
Eg vil elles takke komiteen for
godt samarbeid, og vise til at merknadene i saka er einstemmige.
Dag Terje Andersen (A) [15:48:47 ] : Takk til saksordføreren
for en god presentasjon og grundig gjennomgang av en enstemmig innstilling.
Jeg vil understreke det saksordføreren sa om den viktige rollen
Sivilombudsmannen har i det norske demokratiet. Norske innbyggere
skal, hvis de møter urimelig eller feil saksbehandling, ha mulighet
til å klage og få tatt sin sak opp på en skikkelig måte. Det er
viktig enten det er snakk om dekning av partskostnader, skattespørsmål,
som er omtalt i rapporten, eller byggesaker – det skal være riktig
behandling og likebehandling i det norske samfunnet.
Jeg vil knytte noen få kommentarer
til den andre delen av rapporten og ansvaret for å følge opp våre
forpliktelser med tanke på tortur og annen grusom, umenneskelig
eller nedverdigende behandling eller straff ved frihetsberøvelse.
Saksordføreren var også inne på dette. Jeg vil bruke to eksempler.
Det ene er innsatte med psykiske lidelser og de alvorlige – synes
jeg – funnene Sivilombudsmannen har pekt på, og som saksordføreren
allerede har vært inne på. Hensikten med at vi får denne rapporten
og behandler denne saken, er selvfølgelig at det må gjøre en forskjell.
I det tilfellet har vi gitt klart uttrykk for at når det gjelder
fengselsomsorgen, må vi ha flere ansatte og flere ressurser hvis
vi ikke skal ende i en situasjon der det med rette kan påpekes at
vi har kritikkverdige forhold i behandlingen av folk i norske fengsler.
Det gjelder både ansatte og helsehjelp.
Dette er det viktig at også fagkomiteene
følger opp når vi har den årlige budsjettbehandlingen. Vi har i noen
år diskutert effektiviseringskravene som har vært pålagt kriminalomsorgen
– og for så vidt også andre samfunnsområder – og påpekt at det i
hverdagen i realiteten blir kutt som går ut over kvaliteten på rehabiliteringen
av de innsatte. Så her venter vi oss en endring på bakgrunn av det
som sies, både fra Sivilombudsmannen og i innstillingen.
En annen sak jeg synes er skremmende
og alvorlig, er – som saksordføreren også var inne på – bruken av ECT,
altså elektrosjokkbehandling. Stortinget har hatt en klar intensjon
med lovgivingen, nemlig at den typen behandling bare skal skje med
samtykke, men det kan se ut som om noen har funnet en omvei ved
å kalle det «nødrett» og da allikevel foretatt den typen behandling. Det
første og viktigste man bør diskutere, er sannsynligvis ikke om
loven er god nok. Nei, her handler det om at helseministeren, overfor
de forskjellige underliggende sykehusene og helseinstitusjonene,
sørger for at dagens lov blir fulgt. Deretter får man eventuelt
diskutere om det er grunn til å diskutere loven på et annet grunnlag. Men
i utgangspunktet skal den vedtatte loven følges. Det er klart at
en så dramatisk behandling som dette innebærer, ikke kan være gjenstand
for individuell og lokal tilpassing av den intensjonen Stortinget
har slått fast gjennom lov.
Det er grunn til å takke Sivilombudsmannen
for et grundig arbeid. Vi setter pris på det bidraget det gir for
å ivareta en av våre flotte tradisjoner, nemlig at heller ikke fra
statens side skal innbyggere i Norge lide overlast.
Bente Stein Mathisen (H) [15:53:19 ] : Jeg vil også takke saksordføreren
for et grundig arbeid med denne saken. Det er en enstemmig komité
som har levert sin innstilling. Men jeg har også lyst til å komme
med noen kommentarer.
Sivilombudsmannen har en viktig
funksjon i samfunnet vårt, både for den enkelte borger og for samfunnet
som helhet. Gjennom Sivilombudsmannen får den enkelte innbygger
en mulighet til å få kontrollert gyldigheten og lovligheten av et
forvaltningsvedtak av en nøytral og uavhengig instans. Sivilombudsmannen
gjør et viktig arbeid når det gjelder å overvåke og kontrollere
at forvaltningen respekterer og sikrer menneskerettighetene. I den
forbindelse vil jeg understreke verdien av åpenhet i forvaltningen
og at offentlighetsloven forvaltes riktig. Sivilombudsmannen har
en viktig rolle i denne sammenheng.
I 2014 ble det hos Sivilombudsmannen
opprettet en forebyggingsenhet mot tortur og umenneskelig behandling
ved frihetsberøvelse. Dette kom som en følge av at Norge vedtok
å slutte seg til tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon i
mai 2013. Norge har ved dette forpliktet seg til å forby, forebygge
og straffeforfølge all bruk av tortur og annen grusom, umenneskelig
og nedverdigende behandling eller straff. Sivilombudsmannen med
sin uavhengige rolle er et egnet organ til å påse at Norge følger
opp det vi har forpliktet oss til med hensyn til menneskerettigheter
og frihetsberøvelse.
Sivilombudsmannens forebyggende
funksjon er veldig viktig. Gjennom behandling av enkeltsaker bidrar
Sivilombudsmannen til holdningsendringer og ny praksis på veldig
mange samfunnsområder. Jeg har lyst til å nevne et par eksempler
innenfor psykiatrien som er nevnt i rapporten. Det er nevnt av flere
her.
Sivilombudsmannens forebyggingsenhet
har siden 2017 fokusert særlig på innsatte med psykiske lidelser som
oppholder seg i isolasjon på restriktive avdelinger i fengsler.
Dette er personer som ofte blir kasteballer mellom fengslet og spesialisthelsetjenesten,
og som ofte er i langvarig isolasjon i fengsel.
Sivilombudsmannens vurdering er
at syke innsatte må få bedre behandlingstilbud, og at unødig isolasjon må
avbrytes. Forholdene som disse menneskene lever under, er ofte umenneskelige
og bryter med konvensjoner som vi har forpliktet oss til. Komiteen
mener derfor det er viktig å styrke oppfølgingen av psykisk syke
fanger med kompetent helsepersonell.
I rapporten vises det til bruk
av elektrosjokkbehandling, eller ECT, uten pasientens samtykke –
en behandlingsform hvor pasienter utsettes for en høy risiko for
umenneskelig eller nedverdigende behandling. Det er et stort omfang
av bruk av ECT med begrunnelse i nødrett, og forebyggingsenheten
avdekket flere tilfeller hvor det var uklart om de strenge kriteriene
for bruk av nødrett var oppfylt. Derfor mener komiteen at disse
funnene bør gi grunnlag for å få på plass en kartlegging av sykehusenes
bruk av ECT-behandling på nødrett, og at lovverket må gjennomgås
for å få en slutt på en situasjon hvor praksisen ikke ser ut til
å være i tråd med lovens føringer.
Omfattende bruk av skjerming eller
isolasjon, som skjerming ofte er, og bruk av tvang på flere sykehus,
er også omtalt i rapporten. Skjermingstiltak som gjennomføres med
begrenset menneskelig kontakt, kan oppleves som frihetsberøvelse
og utgjør en høy risiko for umenneskelig og nedverdigende behandling.
Det er bekymringsfullt at gjennomgående mange funn vedrørende vedtak
om skjerming var mangelfullt begrunnet, og at personalet i varierende
grad var sammen med pasientene i sånne situasjoner. I komitémerknadene
er vi opptatt av at vedtak om skjerming må gjennomføres i tråd med
regelverket, og at det må sørges for en praksis som i størst mulig
grad forebygger risikoen for umenneskelig og nedverdigende behandling.
Det er flott at forebyggingsenheten
har utført så mange grundige besøk rundt om i landet. Besøkene bidrar
til viktig forebyggende arbeid når det gjelder håndhevelse av menneskerettigheter
i forhold til det Norge har forpliktet seg til. Det er veldig godt
å få høre at anbefalingene generelt blir fulgt opp på en grundig
og god måte.
Helt til slutt har jeg lyst til
å si at jeg synes det er veldig bra at vi har en helseminister som
så tydelig og så mange ganger har tatt til orde for å få redusert
tvangsbruk og skjerming i helsevesenet. Skjerming og bruk av tvang
er en form for frihetsberøvelse som kan oppleves som veldig nedverdigende.
Noen ganger er det nødvendig for den enkeltes sikkerhet eller andres
sikkerhet. Men det må kun brukes når det ikke er en annen mulighet.
Jeg vil i den forbindelse vise til at regjeringen har oppnevnt et
utvalg under ledelse av jusprofessor Bjørn Henning Østenstad som
skal foreslå en modernisering av tvangsregelverket. Utvalget skal
legge frem sitt forslag i løpet av dette året.
Nils T. Bjørke (Sp) [15:58:00 ] : Eg vil starta med å takka
saksordføraren. Eg er heilt einig i framstillinga hans av rapporten,
eg vil berre leggja til nokre punkt sjølv.
Byråkratiet veks med denne regjeringa.
Trass i at regjeringa har innført ei såkalla avbyråkratiserings-
og effektiviseringsreform, fortel tala at det motsette skjer. I statleg
sektor har det vorte 10 000 fleire tilsette dei fire siste åra under
denne regjeringa. Med stadig større byråkrati og meir utfordrande
utforming av regelverket er det ei utfordring for innbyggjarane
å hengja med. Difor er Stortingets ombodsmann for forvaltninga viktig
som institusjon her i landet. Men enno er det ikkje slik at Sivilombodsmannen
er langt framme i tankane hjå folk som ynskjer å gje uttrykk for
misnøye med forvaltninga. Difor er eg litt usikker på om ein skal
ta det som eit positivt eller negativt teikn at talet på klagar
aukar. Ein kunne jo håpa at det ikkje var grobotn for klagar i forvaltninga
vår, men det er det tydelegvis.
Sivilombodsmannen nyt stor respekt
i forvaltninga – og slik skal det vera. Gjennom det siste arbeidsåret
har Sivilombodsmannen kome med klare døme på retningslinjer forvaltninga
har å retta seg etter i ulike saker. Me treng ein institusjon som
heilt fritt og ugildt kan gå inn i saker for å sjå om innbyggjarane
har fått det dei har krav på.
Eg vil i årsmeldinga særleg peika
på det arbeidet Sivilombodsmannen har gjort når det gjeld vedtak
utan namn på sakshandsamaren. Det er viktige moment å peika på,
og eg meiner det i rettstryggleikens namn er viktig at forvaltninga
i hovudsak har namnet til sakshandsamaren på avgjerder som er tekne
i forvaltninga. Me ser fram til det arbeidet Justisdepartementet
no går i gang med på dette området innanfor forvaltningslova.
Pengar er til bekymring for fattig
og for rik, song Vidar Sandbeck i Pengegaloppen. Sivilombodsmannen har
hatt eit arbeid knytt til skatte- og avgiftssaker. Eg er glad for
at sivilombodsmannen så klart i årsmeldinga seier at han er særleg
aktsam overfor urett som rammar mannen i gata i møte med skatteetaten
og ekspertane deira. Skattespørsmål er krevjande for einskilde
som ikkje sjølv kan stilla med advokatar som krev høge honorar.
Difor har Sivilombodsmannen ei viktig rolle å spela her.
Sivilombodsmannen har initiativrett
til å dykka ned i saker dei vil sjå nærare på når det er viktig.
Gjennom klagene dei får på sitt bord, kan dei danna seg inntrykk av
kva slags saker innbyggjarane våre er misnøgde med. Førarkort og
retten til å ha eller ikkje ha førarkort er ei av dei sakene me
som stortingsrepresentantar stadig vekk møter når me treffer folk.
Den uroa Sivilombodsmannen gjev
uttrykk for, er noko me i Stortinget må ta med oss i det vidare
arbeidet for å sikra ei trygg forvaltning av desse sakene.
Så nokre ord om psykiatri og bruk
av uturvande tvang, ikkje minst i fengselsvesenet. Ein kan stilla
spørsmålet om stadig større fokus på større fengsel, der det vert
billigare for kvar enkelt plass, i staden for dei små, spesialtilpassa
soningsforholda, som Ulvsnesøy kan vera eit døme på, er med på å
gjera at ein bruker tvang. Det vert meir bruk av tvang som kanskje
ikkje hadde vore turvande dersom ein hadde meir spesialtilpassa soningsforhold.
Hans Fredrik Grøvan (KrF) [16:01:53 ] : Ombudsmannens oppgave
er å bidra til å sikre at det ikke øves urett fra den offentlige
forvaltning mot den enkelte borger. Ombudsmannen har også en viktig
oppgave i form av en forebyggende funksjon, for nettopp gjennom
sin behandling av enkeltsaker blir ombudsmannens rolle også av holdningsskapende
og praksisskapende karakter.
Saksordføreren har på en god måte
gjort rede for komiteens innstilling, så jeg skal ikke gå inn på
detaljene i den. Jeg vil bare understreke noen få forhold.
Jeg konstaterer at antall saker
de senere år har ligget noenlunde stabilt. Det var en liten økende
tendens, fra 2 987 i 2013 til 3 128 i 2016. For 2017 har det faktisk
vært en økning på hele 16 pst. Økningen har i hovedsak vært på saker
innenfor ombudsmannens kjerneområder.
Det er gledelig at det også i år
har vært en nedgang i ombudsmannens saksbehandlingstid. Det er det
grunn til å merke seg, med et klart positivt fortegn.
Sivilombudsmannen som institusjon
gjør et aktivt arbeid også for å bli bedre kjent i befolkningen.
Det synes vi er bra, og arbeidet ser også ut til å bære frukter.
Jeg vil samtidig gi skryt for at årsmeldingen i seg selv er et godt
pedagogisk stykke arbeid som viser virksomhetens arbeid på en god
og klargjørende måte. Allerede i den innledende presentasjonen ser
vi med all tydelighet Sivilombudsmannens viktighet og relevans.
Årsmeldingen viser at Sivilombudsmannen
blir respektert, også av forvaltningen. Det er bra. I all hovedsak blir
ombudsmannens vedtak lojalt fulgt opp av forvaltningsorganene. Det
er viktig og av stor verdi for dem som dette angår direkte, men
– jeg vil føye til – også for samfunnet som helhet.
Tortur og umenneskelig behandling
hører ikke hjemme i et sivilisert samfunn. Sivilombudsmannen har
her en viktig rolle. Gjennom bl.a. vår tilslutning til FNs torturkonvensjon
er vi forpliktet til å forby, forebygge og straffeforfølge all bruk
av tortur og annen grusom, umenneskelig eller nedverdigende behandling
eller straff. Vi er forpliktet til å etablere et nasjonalt forebyggingsorgan
som gir anbefalinger i arbeidet for å forhindre tortur og umenneskelig
behandling.
Det at Sivilombudsmannen har denne
rollen i Norge, oppleves som viktig og positivt. Det er bra at forebyggingsarbeidet
skjer i et uavhengig organ som det Sivilombudsmannen representerer.
I rapporten ser vi at det har blitt jobbet med flere viktige saker
innenfor helt sentrale temaer, slik som isolasjon av innsatte med
psykiske lidelser i norske fengsler, som flere har vært inne på,
bruk av ECT, eller elektrosjokk på folkemunne, og bruk av skjerming
av pasienter innenfor psykisk helsevern. Dette er ofte svært komplekse
temaer som krever høy kompetanse, og hvor det må gjøres krevende
vurderinger.
Ikke minst når det gjelder det
Sivilombudsmannen tar opp knyttet til isolasjonspreget skjerming
innen psykisk helsevern, møter vi noen problemstillinger som krever
innsikt og forståelse for de dilemmaer personalet står i. Det er
mitt inntrykk når jeg leser Dokument 4:1 at Sivilombudsmannen har
gjort kloke og viktige vurderinger i denne saken.
I Sivilombudsmannen har vi en uavhengig
og kompetent aktør som sørger for at den enkelte borger ikke utsettes
for urett fra forvaltningen. Det er en viktig funksjon å ivareta
i et demokrati, og begge rapportene som Stortinget nå har fått seg
forelagt, viser at funksjonen forvaltes og ivaretas på en god måte.