Magne Rommetveit (A) [15:39:08 ] (ordførar for saka): Eg vil
i dette innlegget ikkje gå inn på dei enkelte forslaga som kontroll-
og konstitusjonskomiteen har hatt merknader til, men heller starta
med å understreka at Stortinget gjennom sitt virke har instruksjonsmynde overfor
regjeringa, og at regjeringa er pålagd ei plikt til å gjennomføra
Stortinget sine vedtak, så langt det lèt seg gjera.
Dersom ein enkelt statsråd eller
regjeringa lèt vera å utføra pliktene sine i samsvar med Stortinget
sine vedtak, kan og bør det få til dels alvorlege konsekvensar. Dersom
dette viktige prinsippet i systemet vårt vert brote, vil me etter
mi meining øydeleggja det som har vore intensjonen i Grunnlova,
nemleg at makta skal liggja hos folket gjennom dei folkevalde forsamlingane.
Samtidig er det heilt openbert
at regjeringa har eit ansvar for å sørgja for å rettleia Stortinget
og gje Stortinget dei opplysningane som er nødvendige for at Stortinget
skal kunna treffa mest mogleg korrekte vedtak. Det er jo ikkje slik
at alle desse vedtaka kjem på bordet den dagen Stortinget fattar
ei avgjerd. Som regel er vedtaka resultat av ein forholdsvis lang
prosess, der også regjeringa og medlemene i regjeringa er kjende
med kva som går føre seg. Det pålegg difor faktisk regjeringsmedlemer å
gjera merksam på det i Stortinget, i stortingssalen, dersom eit
vedtak etter deira oppfatning ikkje er mogleg å gjennomføra, slik
Stortinget har ambisjonar om.
Ofte vert politiske sigrar feira
når forslag får gjennomslag i salen. I kva grad vedtaka faktisk
vert følgde opp, vert ofte gjeve mindre merksemd. Meld. St. 7, som me
her har til handsaming, representerer difor ei viktig påminning
og gjev ei god oppsummering av status for gjennomføring av dei enkelte
vedtaka. Det faktum at over hundre vedtak som er fatta i denne salen
i perioden 2015–2016, framleis ikkje er sette i verk, byggjer opp
under behovet for at nokon systematisk undersøkjer korleis Stortinget
sine oppmodingsvedtak vert følgde opp.
Nokre vedtak lèt seg likevel ikkje
så lett gjennomføra. For dei tilfella er det grunn til å understreka
at det berre finst éin måte å gjera om eit stortingsvedtak på. Det
er ved at Stortinget sjølv gjer eit anna vedtak, eller at Stortinget
sjølv tolkar korleis vedtaket skal gjennomførast. Så dersom regjeringa
ikkje finn det mogleg å gjennomføra eit vedtak Stortinget har pålagt
regjeringa å gjennomføra, ligg det faktisk ei plikt på regjeringa
til å koma tilbake til Stortinget og søkja å invitera Stortinget
til å gjera eit anna vedtak.
Lat meg understreka at det er grunn
til å vera bekymra for den sterke auken i talet på instruksjonsvedtak
som me har fått dei siste åra. Det er heilt opplagt at den store mengda
med vedtakspunkt – heile 459 i perioden 2016–2017 – gjev grunn til
å stilla spørsmål ved om balansen mellom storting og regjering i
realiteten vert rokka ved.
Når ei regjering ikkje har eit
tilstrekkeleg sterkt parlamentarisk grunnlag i Stortinget, vil det
naturlegvis vera mogleg for Stortinget å samla seg om fleirtalsvedtak
på tvers av forslaga frå regjeringa. Faren er at det blir mange slike
«anmodningsvedtak», eller oppmodingsvedtak, som eg vil kalla det
– altså vedtak som Stortinget har fatta og gjeve signal om at slik
ønskjer ein det, men som altså ikkje vert gjennomførte. Dersom det
vert for mange i denne kategorien, er eg redd for at det på sikt
kan føra til at folk mister trua på politikken og på folkestyret
vårt.
Etter mitt syn kunne ein del av
dei oppmodingsvedtaka som Stortinget har fatta, med fordel vore
formulerte som «utredningsvedtak», eller utgreiingsvedtak, som det
vel rettare bør kallast på mi målform. Det vil då vera vedtak der
regjeringa vert bedd om å greia ut spørsmål, setja dei inn i ein
større samanheng og koma tilbake til Stortinget anten med forslag
eller stortingsmeldingar i forståing med dei signala som er gjevne
av Stortinget.
Ser me framover på leit etter ein
betre praksis, er det grunn til å spørja seg om ikkje Stortinget
også kan vera meir bevisst på måten me fattar oppmodingsvedtak,
kva slags slike vedtak me fattar, og kva retning me gjev dei. I eit
lengre tidsperspektiv bør me også diskutera forholdet mellom storting
og regjering og sørgja for at me legg forholda til rette slik at
regjeringa faktisk tør seia nei når regjeringa meiner det, og ikkje
lata som ein er for det og så koma tilbake og forsøka å viska ut
kvaliteten i det vedtaket som er fatta.
Meld. St. 7 om oppmodings- og utgreiingsvedtak, som
me altså har til handsaming i dag, omfattar berre periodane 2015–2016
og 2016–2017, og seier altså ikkje noko om eventuelle tidlegare
restansar. Komiteen bad difor statsministeren om ei oversikt over
ikkje gjennomførte vedtak frå hausten 2013 til og med våren 2015.
I svarbrevet frå statsministeren går det fram at 27 vedtak frå denne
perioden framleis ikkje er følgde opp.
Lat meg til slutt gjenta det eg
starta med: Det må ikkje vera nokon tvil om at når Stortinget først
har fatta eit oppmodingsvedtak, har regjeringa å halda seg til dette. Vil
ein ikkje det, får ein heller koma til Stortinget og be om at Stortinget
eventuelt gjer eit anna vedtak.
Heilt til slutt ei stemmeforklaring:
Arbeidarpartiet kan ikkje røysta for forslaget frå Senterpartiet,
SV og Kristeleg Folkeparti slik det no er formulert, der det vert føreslått
at Stortinget ber regjeringa leggja representantforslaget i Dokument
8:123 S for 2016–2017 til grunn for oppfølging av stortingsvedtaka
1035,1036, 1037, 1038, 1039 og 1040.
Dersom forslagsstillarane endrar
forslaget til at det er vedtaket som skal leggjast til grunn, vil
Arbeidarpartiet kunna støtta dette.
Hans Fredrik Grøvan (KrF) [15:47:22 ] : Nå har saksordføreren
nettopp gått gjennom denne saken på en god måte, så jeg skal være
veldig kort, som forslagsstiller. Men jeg vil knytte en kommentar
til forslaget vi fremmer sammen med Senterpartiet og SV. I sitt
innlegg signaliserte representanten Rommetveit, som også er sakens
ordfører, at Arbeiderpartiet kunne støtte forslaget dersom en viser
til innstillingen og ikke til forslaget.
Poenget for Kristelig Folkeparti
er å sørge for at den politikken som er vedtatt av Stortinget i
sakens anledning, og har sitt grunnlag i Dokument 8:123 S for 2016–2017,
gjennomføres i tråd med intensjonen. I denne sammenhengen er det
selvsagt Stortingets vedtak vi skal forholde oss til, og for oss
er det i denne sammenhengen uproblematisk å vise til innstillingen
og ikke til forslaget og nettopp det som er Stortingets vedtak.
Det blir da å presisere forslaget slik: «Stortinget ber regjeringen
om å legge innstilling 427 S (2016–2017) til grunn (…)» – og så videre
i samsvar med forslaget. Jeg tar opp forslaget slik det nå er referert.
Presidenten: Representanten
Hans Fredrik Grøvan har tatt opp forslaget – med den foretatte rettelse
– han refererte til.
Svein Harberg (H) [15:48:47 ] : Det er ikke behov for noen
stor gjennomgang i denne saken, det har saksordføreren gjort på
utmerket måte, og jeg har lyst til å gi honnør til saksordføreren
for særdeles ryddig behandling av saken. Dette er en krevende sak.
Som det er referert til i meldingen, er det mange anmodningsvedtak, og
det er nok en del ting vi kanskje bør diskutere når det gjelder
håndteringen av det for framtiden. Det er et viktig dokument for
oss i kontroll- og konstitusjonskomiteen, når det gjelder det å
sørge for at disse vedtakene blir fulgt opp. Det er også viktig
at fagkomiteene, som har lagt grunnlaget for den politikken som
blir vedtatt, blir involvert i disse sakene. Det tror jeg vi skal se
på framover.
Med den endringen i Kristelig Folkepartis
forslag som nå ble lagt fram, synes jeg det er naturlig at også Høyre
støtter det forslaget. Det var jo en enstemmig komité bak det vedtaket.
Så er det også varslet.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [15:50:10 ] : Eg vil også takke
saksordføraren for godt arbeid og for å finne ei bra prinsipiell
linje for korleis handtere kontrollkomiteen si rolle i desse spørsmåla.
Oppmodingar og utgreiingar står veldig sentralt i det generelle
arbeidet i Stortinget. Det er eit uttrykk for folkeviljen.
Det er stor forskjell om vi har
ei mindretalsregjering eller ei fleirtalsregjering. Ein situasjon
med fleirtalsregjering kjem i mykje større grad til uttrykk gjennom
det som kjem frå regjeringa. Har vi ei mindretalsregjering, er det
nettopp gjennom oppmodingsvedtak og utgreiingsvedtak dette kjem
til uttrykk. Ein kan sjå at utviklinga her er svært knytt til den
parlamentariske situasjonen vi faktisk har.
Enkelte vedtak blir vatna for mykje
ut – kanskje allereie ved inngangen, altså ved forslaget, men også
gjennom komitébehandlinga, slik at vi endar opp med oppmodingsvedtak
som er veldig uklare, og der det berre står at ein skal greie ut
og vurdere noko. Dermed gjer ein det vanskeleg for Stortinget faktisk
å følgje det opp på ein fornuftig måte, og det er sjølvsagt enkelt
for regjeringa å kvittere det ut ganske raskt.
Men klare vedtak må følgjast opp,
og den kanskje største bekymringa i den blekka vi behandlar i dag,
er at klare vedtak anten ikkje blir følgde opp, blir forsøkte omgått
eller forstått på ein annan måte, eller at det blir brukt veldig
lang tid på faktisk å vedta dei. Om dette varer ved, står vi i ein
alvorleg parlamentarisk situasjon ved neste krossveg. Det er heilt
uakseptabelt. Dette kan ikkje halde fram over tid – at vi får ein
situasjon der Stortinget blir oppfatta som brysamt. Det har vi rett
og slett både ei grunnlov og klare reglar i Stortingets forretningsorden
mot å oppfatte Stortinget som.
Til slutt vil eg seie at vi har
veldig mange eksempel på ulike typar tolking her. Eit eksempel er
at da Stortinget bad regjeringa innføre årlege krav til rapportering
i barnevernet, blei det forstått av regjeringa som at ein skulle vurdere
om dette skulle lovfestast på ein eller annan måte. Det var ikkje
det Stortinget bad dei om å gjere, Stortinget bad om at det skulle
innførast årlege rapporteringar i barnevernet. Vi har mange ulike
typar eksempel.
Den saka vi behandlar i dag, spring
jo rett ut av forretningsordenen § 14 nr. 8 b. Dette er saka om
oppmodings- og utgreiingsvedtak skal kvitterast ut eller ikkje. Det
er ikkje i budsjettet, i revidert nasjonalbudsjett eller andre stader.
Der pågår det sjølvsagt diskusjonar om oppfølging av oppmodingsvedtak,
men det er i denne saka det skal kvitterast ut.
I det vidare trur eg ikkje vi kjem
til å få ein reduksjon i oppmodings- og utgreiingsvedtak. Det er
berre å sjå på den parlamentariske situasjonen, som truleg ikkje
vil endre seg vesentleg i løpet av året som kjem, og da vil denne
situasjonen vare ved. Da trur eg det er viktig at vi ved neste krossveg
ser på totaliteten i dette og ser på om regjeringa faktisk leverer
i stort og smått ut frå dei bestillingane som kjem frå Stortinget.
Mazyar Keshvari (FrP) [15:54:15 ] : Jeg vil benytte anledningen
til å takke saksordføreren for et godt samarbeid og en grundig jobb.
Jeg setter spesielt stor pris på de refleksjonene saksordføreren
hadde rundt det prinsipielle for vårt demokratiske virke, som jeg
tror er veldig viktig at vi tar inn over oss. Det er det verdt å
bruke litt tid på, uansett om vi er i posisjon eller opposisjon.
Dernest vil jeg gi en stemmeforklaring.
Fremskrittspartiet støtter også forslaget slik det foreligger nå.
Statsråd Tor Mikkel Vara [15:55:03 ] : Anmodnings- og utredningsvedtak
er en mulighet Stortinget har til å pålegge regjeringen å følge
opp enkelte saker og utredninger. Antall anmodningsvedtak har økt
vesentlig de siste årene, og på Justis- og beredskapsdepartementets område
er det mange anmodningsvedtak.
Trygghet og rettssikkerhet for
borgere og land er et grunnleggende hensyn for meg og mitt departement
å ivareta. Det er også grunnleggende forutsetninger for en demokratisk
rettsstat. Jeg har derfor stor forståelse for at Stortinget interesserer
seg for det brede saksfeltet som omfatter dagens justis- og beredskapsfelt,
og jeg har respekt for at Stortinget pålegger regjeringen å følge
opp saker og utredninger på områder Stortinget finner særskilt viktig.
Det er flere anmodningsvedtak som
ikke er tilstrekkelig kvittert ut eller under oppfølging, og jeg
ser at noe av kritikken som rettes mot departementet, er at det brukes
for lang tid på å følge opp enkelte anmodningsvedtak. Det er selvfølgelig
viktig at de ulike anmodningsvedtakene følges opp så raskt som mulig,
og at Stortinget får god tilbakemelding på oppfølgingen så raskt
som mulig. Vi prioriterer dette arbeidet i departementet og jobber
for å følge opp vedtakene raskt. Men antallet anmodningsvedtak har
økt vesentlig, og dette har administrative konsekvenser for departementet.
Vi må ha forståelse for at en del anmodningsvedtak kan være kompliserte
å følge opp, og for å ivareta kvalitative krav om innhold og prosess
vil de enkelte sakene kreve at departementet må arbeide med sakene
over tid. Jeg vil ikke her trekke fram enkelte anmodningsvedtak, men
jeg ser at det gjenstår å kvittere ut bl.a. saker som gjelder oppfølging
av politireformen, oppfølging av voldsfeltet og enkelte saker på
utlendingsfeltet.
Jeg vil i regjeringens forslag
til statsbudsjett for 2019 komme nærmere tilbake til oppfølgingen
av nye anmodningsvedtak og de enkelte anmodningsvedtakene som ikke
er tilstrekkelig fulgt opp. Det er viktig for meg å understreke
av Stortingets vedtak skal følges opp og rapporteres tilbake til
Stortinget så raskt som mulig på en egnet måte.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.