«I
I lov 17. juni 2005 nr. 101 om
eigedomsregistrering blir det gjort følgjande endringar:
I §§ 7 femte ledd, 14 tredje ledd,
15 tredje ledd, 18 tredje ledd, 20 fjerde ledd, 21 andre ledd, 27
andre ledd, 29 tredje ledd, 31 tredje ledd, 39 tredje ledd, 41 sjette
ledd, 43 andre ledd og 48 første ledd siste punktum skal formuleringa
«kan i forskrift gi nærare reglar om» endrast til «kan gi forskrift
om».
§ 3 bokstav f, g, h og i skal lyde:
f) matrikulering: føre ei
ny matrikkeleining inn i matrikkelen,
g) oppmålingsforretning: den
oppgåva som går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar
til fast eigedom, og gi nødvendig dokumentasjon for krav om matrikkelføring,
jf. § 33,
h) landmålarføretak: føretak
eller offentleg eining som oppfyller krava i denne lova til å utføre
oppmålingsforretning,
i) ansvarleg landmålar: representant
for eit landmålarføretak som av føretaket er sett til å leie ei
oppmålingsforretning,
§ 3 gjeldande bokstav i til l blir
ny bokstav j til m.
§ 4 tredje og fjerde ledd skal
lyde:
Matrikkelen kan vise til opplysningar
om fast eigedom i andre register.
Departementet kan gi forskrift om innhaldet i matrikkelen, til dømes om geografiske
opplysningar om rettar i fast eigedom.
§ 5 a skal lyde:
§ 5 a Matrikkelstyresmakta
Matrikkelstyresmakta skal
syte for føring,
ordning, drift og forvaltning av matrikkelen.
Departementet kan gi forskrift om matrikkelstyresmakta,
til dømes om overføring av oppgåver og mynde til kommunar.
§ 6 første ledd bokstav d skal
lyde:
d) opplysningar om arealoverføring, endring av grenser
for festegrunn, grensejustering og klarlegging av eksisterande
grense, eller
§ 6 andre ledd skal lyde:
Når det ligg føre særlege grunnar,
kan matrikkelstyresmakta etter
søknad føre ei ny matrikkeleining inn i matrikkelen utan at oppmålingsforretninga
er fullført. Dersom
forretninga ikkje blir fullført til fastsett tid, kan matrikkelstyresmakta
gjere vedtak om å fullføre forretninga for den ansvarlege landmålaren
eller heimelshavaren si rekning. Eit krav om dekning av kostnadane
for å få fullført oppmålinga er eit særleg tvangsgrunnlag for utlegg
og kan tvangsfullførast etter tvangsfullbyrdelsesloven § 7-2 bokstav
e.
§ 6 fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om oppmålingsforretning
før matrikkelføring, under dette om fullføring av slik
oppmålingsforretning.
§ 7 overskrifta skal lyde:
§ 7 Krav om klarlagd grense før tinglysing
av heimelsovergang
§ 7 tredje ledd skal lyde:
Matrikkelstyresmakta avgjer
kva for eigedommar som fyller vilkåra i første og andre ledd, og
noterer dette i matrikkelen.
§ 8 skal lyde:
§ 8 Krav om matrikkelføring
Krav om matrikkelføring i saker
som krev oppmålingsforretning, skal utferdast av den ansvarlege
landmålaren og sendast til matrikkelstyresmakta. Saman med
krav om matrikkelføring skal det leggjast ved dokumentasjon som
er nødvendig for føring av matrikkelen og grunnboka.
Departementet kan gi forskrift om vilkår for matrikkelføring,
under dette om innhaldet i og utforminga av krav om matrikkelføring.
§ 9 overskrifta skal lyde:
§ 9 Kven som kan krevje matrikulering
§ 9 fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om kven som
kan krevje matrikulering.
§ 10 overskrifta skal lyde:
§ 10 Felles vilkår for matrikulering
§ 10 sjette ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring
av ny matrikkeleining, til dømes om unnatak frå plikt
til matrikulering og
innskrenking og utviding av vilkåra for matrikulering.
Ny § 11 a skal lyde:
§ 11 a Særskilt om matrikkelføring av
eigarseksjon
Matrikkelstyresmakta skal føre
seksjonane inn i matrikkelen straks det ligg føre vedtak om seksjonering
eller reseksjonering frå kommunen. Ei brukseining som skal omfatte
nye eller endra ubygde delar, kan ikkje registrerast før det er
halde oppmålingsforretning for grensene for utearealet, jf. § 6.
§ 12 fjerde og nytt femte og sjette
ledd skal lyde:
Før matrikkelføring av endring
av grenser for festegrunn som går ut over justeringar som kan behandlast etter
§ 16, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny festegrunn.
Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om endring av festerett,
pantefråfall og konsesjonar for arealet.
Oppmålingsforretning som endrar
grensene for festerett, kan krevjast av dei som er nemnde
i § 9 første ledd bokstav a og f. I saker som er kravd etter § 9
første ledd bokstav a, må det liggje føre samtykke frå festaren. Endring
av grenser som omfattar umatrikulerte einingar, kan berre skje i
saker der dette er kravd etter § 9 første ledd bokstav f, og berre
samtidig med at einingane blir matrikulerte.
Departementet kan gi forskrift
om matrikkelføring av festegrunn, til dømes om kven som kan krevje matrikkelføring.
§ 14 første ledd skal lyde:
Jordsameige kan registrerast i
matrikkelen med eige matrikkelnummer når det er gjort sannsynleg
at eininga er eit jordsameige. Jordsameige kan registrerast sjølv
om det ikkje er fullstendig avklart kven som har partar i sameiget
og kor store partane er. Føresegnene i § 10 fjerde og femte ledd
gjeld tilsvarande.
§ 16 skal lyde:
§ 16 Grensejustering
Ei grense mellom matrikkeleiningar
kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn om pantefråfall. Dette gjeld tilsvarande
for justering av ei grense mellom ein festegrunn og grunneigedommen
eller jordsameiget som festegrunnen er ein del av. Grensa kan ikkje
justerast i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna
lovgiving.
Ved justering kan berre mindre
areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig overføring av
mindre areal kan utførast som grensejustering.
Panterett og festerett følgjer dei nye
grensene slik dei blir fastlagde ved grensejustering.
Føresegna om panterett gjeld tilsvarande
for andre rettar så langt det passar.
Grensejustering kan krevjast av
dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan
berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering
av ei umatrikulert
eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert.
Departementet kan gi forskrift om grensejustering,
under dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført
mellom einingane.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Klarlegging av eksisterande grense,
punktfeste og stadbundne rettar
Matrikkelføring av klarlegging
av eksisterande grenser, punktfeste og stadbundne rettar,
utført som særskild forretning, kan krevjast av:
a) nokon som har grunnboksheimel
som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga, eller
b) staten, statsføretak, fylkeskommune
eller kommune.
Departementet kan gi forskrift om klarlegging
av eksisterande grense, punktfeste, stadbundne rettar, om
kven som kan krevje dette, og om fritak frå krav om
oppmålingsforretning.
§ 19 skal lyde:
§ 19 Referanse til avtale om grenser
m.m.
Matrikkelstyresmakta kan
ta inn i matrikkelen referansar til avtalar om eksisterande grenser for ei matrikkeleining
dersom grensa ikkje er tidlegare fastlagd i ei oppmålingsforretning
eller i ei tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lov. Det same gjeld
for avtalar om lokalisering av eksisterande og ikkje fastlagde punktfeste
og om stadfesting av varige stadbundne rettar som ikkje er omfatta
av § 6, og som gjeld ein del av ein eksisterande grunneigedom, anleggseigedom
eller festegrunn eller av eit eksisterande jordsameige eller eit
uteareal til ein eigarseksjon.
Departementet kan gi forskrift
om at ein slik avtale berre kan tinglysast dersom avtalen har
referanse i matrikkelen.
Departementet kan gi forskrift om avtalar som kan
få referanse i matrikkelen.
§ 20 tredje ledd skal lyde:
Eigar skal varslast om registreringa på
ein etter tilhøva formålstenleg og etterviseleg måte.
§ 21 første ledd andre punktum
skal lyde:
Før kommunen tek ei endeleg avgjerd,
skal dei som avgjerda får
verknad for, få høve til å uttale seg.
§ 22 første til fjerde ledd skal
lyde:
Krav om matrikkelføring skal behandlast utan unødig
opphald. Krav om matrikkelføring som ikkje tilfredsstiller vilkåra
etter denne lova, skal avvisast. Avvisinga skal vere skriftleg og
grunngitt. Dersom kravet har mindre manglar, kan matrikkelføring likevel skje.
Det skal setjast ein frist for å rette mangelen.
Matrikkelstyresmakta skal
også føre inn opplysningar frå saker for dei ordinære domstolane,
jordskifteretten eller tilsvarande særdomstol. Føresegnene i første
ledd gjeld så langt dei passar også for matrikkelføring av slike
opplysningar.
Offentlege organ skal føre opplysningar
i matrikkelen når det er bestemt i lov eller forskrift eller etter avtale
med matrikkelstyresmakta. Matrikkelstyresmakta kan
få utlevert frå folkeregisteret og andre administrative register
opplysningar som skal brukast i matrikkelen.
Føring av opplysningar i matrikkelen
kan berre utførast av ein person
som er godkjend av matrikkelstyresmakta.
Den ansvarlege landmålaren kan ikkje matrikkelføre opplysningar
om ei oppmålingsforretning som vedkommande står ansvarleg for eller
har teke del i. Det same gjeld andre ansvarlege landmålarar på det
same kontoret, underordna eller medhjelparar.
§ 22 sjuande ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om føring av matrikkelen og organ som kan
utføre matrikkelføringsoppgåver, til dømes om informasjon
til heimelshavarar eller
andre saka vedkjem, om tidsfristar, rapportering, kvalitetssikring
og oppbevaring av matrikkelopplysningar, og om godkjenning av personar som
skal føre opplysningar i matrikkelen.
§ 23 første og andre ledd skal
lyde:
Matrikkelstyresmakta tildeler
matrikkelnummer ved innføring av matrikkeleining i matrikkelen.
Matrikkelstyresmakta kan
tildele nytt matrikkelnummer til matrikkeleining som ikkje er nummerert i
samsvar med føresegnene i denne lova.
§ 24 overskrifta skal lyde:
§ 24 Tinglysing og utferding av matrikkelbrev
m.m.
§ 24 første ledd skal lyde:
Så snart oppretting av ny matrikkeleining,
samanslåing, endring av eigarseksjon, arealoverføring eller endring
av festegrunn ut over grensejusteringar etter § 16 er ført
i matrikkelen, skal matrikkelstyresmakta sende
melding om dette til tinglysing. Gjeld saka oppretting eller endring
av eigarseksjon, skal kommunar som sjølv fører matrikkelen med heimel
i § 5 a, likevel ikkje sende meldinga før eventuelle klager over
seksjoneringsvedtaket er avgjort, jf. eigarseksjonslova § 17.
§ 24 tredje ledd skal lyde:
Så snart matrikkelstyresmakta har
fått melding om at tinglysing er utført som føresett, skal ho fullføre matrikkelføringa
og stadfeste dette ved å utferde matrikkelbrev. Tidspunktet for
endeleg oppretting, samanslåing, endring eller arealoverføring,
skal reknast samstundes med tinglysinga. Matrikkelstyresmakta skal
sende matrikkelbrevet til landmålarføretaket. Er ei grense
mot tilgrensande matrikkeleiningar merkt eller målt inn på nytt,
skal matrikkelstyresmakta sende
relevant utdrag av matrikkelbrev
til eigarar og eventuelle festarar av desse einingane. I oversendinga
skal det opplysast om høve til å klage og klagefristar.
§ 24 sjette ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om melding
til tinglysing, utferding av matrikkelbrev m.m. og høve til å stadfeste
eigedomsrett ved eigenfråsegn, og kan under dette fastsetje rutinar
som sikrar samsvar mellom matrikkelen og grunnboka.
§ 25 overskrifta skal lyde:
§ 25 Matrikkelføring av opplysningar
om bygningar, adresser, kommunale pålegg o.a.
§ 25 tredje til sjette ledd skal
lyde:
Kommunen skal føre opplysningar om pålegg som gjeld
bruk av grunn og bygningar straks kommunen har vedteke, endra eller
oppheva pålegget.
Kommunen skal elles føre inn opplysningar
på grunnlag av anna kommunal saksbehandling når det i lov eller
forskrift er fastsett at desse opplysningane skal
førast i matrikkelen.
Kommunen kan etter avtale overlate
til ein annan kommune etter reglane i kommunelova kapittel 5 A eller
matrikkelstyresmakta å føre matrikkelen på sine vegner.
Departementet kan gi forskrift om rapportering og
føring av opplysningar om bygningar, adresser og andre opplysningar kommunen
skal føre i matrikkelen, og om kommunen sitt høve til å fastsetje
utfyllande lokale forskrifter.
§ 26 skal lyde:
§ 26 Retting av opplysningar i matrikkelen
og sletting av matrikkeleining
Matrikkelstyresmakta kan slette
ei matrikkeleining frå matrikkelen dersom det ikkje låg føre grunnlag
for å opprette eininga. Det same gjeld for matrikkeleiningar
som fysisk ikkje lenger eksisterer. Dersom eininga er ført inn i
grunnboka, kan ho berre slettast frå matrikkelen dersom ho samtidig
blir sletta i grunnboka.
Eigarseksjonar som blir sletta
i grunnboka etter vedtak med heimel i eigarseksjonslova § 22 andre
ledd, skal slettast frå matrikkelen. Matrikkelstyresmakta fullfører
slettinga ved å utferde matrikkelbrev i samsvar med § 24 tredje
ledd.
Opplysningar om grenser og geografiske
opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar kan berre supplerast
eller endrast på grunnlag av ny oppmålingsforretning, jf. § 17,
rettskraftig avgjerd ved domstolane, jf. § 22 andre ledd, eller
avtale mellom partane når vilkåra for dette er til stades, jf. §
19. Matrikkelstyresmakta kan likevel rette slike opplysningar når
det blir dokumentert at opplysningane er feil, og dette kjem av
feil i registreringa eller i vedlikehaldet av matrikkelen.
Andre opplysningar kan rettast
av organet som fører opplysningane, dersom dei er feil, ufullstendige, grunnlaget
for registreringa har falle bort, eller det ikkje er høve til å
behandle dei i matrikkelen. Organet skal rette opplysningane når
ein part set fram krav om det og kan dokumentere at det er grunnlag
for å rette opplysningane. Matrikkelstyresmakta kan av eige tiltak
rette opplysningane når dette har noko vesentleg å seie for matrikkelen
som eit einsarta og påliteleg register.
Partar som retting, endring eller
tilføying har noko å seie for, skal underrettast.
Denne paragrafen går framom personopplysningslova
§ 27 om retting av mangelfulle personopplysningar.
Departementet kan gi forskrift om rettingar, endringar
og tilføyingar til matrikkelen og om sletting av matrikkeleining, til dømes om
underretting og når underretting kan sløyfast.
I § 27 skal «sentral matrikkelstyresmakt»
endrast til «matrikkelstyresmakta».
§ 28 skal lyde:
§ 28 Tilsyn med matrikkelføringa
Matrikkelstyresmakta skal
føre tilsyn med at matrikkelen blir ført i samsvar med lov og forskrift, og
kan gi pålegg om retting av opplysningar eller andre tiltak for
å rette opp manglar ved måten føringa skjer på.
§ 29 første og andre ledd skal
lyde:
Alle har rett til innsyn i matrikkelen. Matrikkelstyresmakta og
kommunane skal syte for at informasjon om matrikkelen er tilgjengeleg
på førespurnad.
Matrikkelstyresmakta skal
utferde matrikkelbrev når nokon som er nemnde i § 9, krev det.
§ 30 skal lyde:
§ 30 Utlevering og behandling av matrikkelinformasjon
og andre opplysningar om eigedomsoppmåling
Matrikkelinformasjon og andre
opplysningar om eigedomsoppmåling kan utleverast:
a) for offentleg planlegging, saksbehandling
og administrasjon,
b) for oppgåver etter denne lova,
plan- og bygningsloven eller eierseksjonsloven,
c) ved søknad om offentleg løyve,
eller
d) for å ta hand om andre interesser som gjeld rådvelde
over matrikkeleiningar eller bruken av dei.
Matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling kan utleverast for andre formål dersom
den som får opplysningane utlevert, skal ta i vare ei rettkommen
interesse, og omsynet til personvernet for dei registrerte ikkje
overstig denne interessa.
Matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling som ikkje inneheld personopplysningar,
eller berre omfattar informasjon som identifiserer, kartfester eller
typebestemmer matrikkeleiningar, bygningar eller adresser, kan utleverast
i alle høve.
Det kan knytast vilkår til utlevering
og behandling av matrikkelinformasjon
og andre opplysningar om eigedomsoppmåling.
Matrikkelinformasjon og andre
opplysningar om eigedomsoppmåling skal ikkje utleverast dersom vitale
personlege eller offentlege interesser tilseier dette.
Utlevering av fødselsnummer kan
berre skje dersom vilkåra i personopplysningslova § 12 er oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om behandling,
utlevering og sal av matrikkelinformasjon
og andre opplysningar om eigedomsoppmåling, og om fritak frå meldeplikta etter
§ 31 i personopplysningslova for behandling etter andre ledd.
§ 31 andre ledd skal lyde:
Ved innsyn i matrikkelen, og til
bruk i oppmålingsforretningar etter denne lova, skal det saman med
opplysningar frå matrikkelen vere tilgjengeleg kart som viser tekniske
og topografiske forhold på og i nærleiken av den aktuelle matrikkeleininga.
Kommunen skal stille til rådvelde for matrikkelstyresmakta dei
opplysningane frå kommunen sitt kartverk som er nødvendige for å
framstille slike kart.
§ 32 skal lyde:
§ 32 Offentlege gebyr og betaling for
matrikkelopplysningar
Kommunen og matrikkelstyresmakta kan
ta gebyr for matrikkelføring,
utferding av matrikkelbrev og anna arbeid etter lova her etter regulativ
fastsett av departementet
i forskrift.
Det kan krevjast betaling for utlevering av opplysningar
frå matrikkelen. Det kan ikkje takast betaling for innsyn i matrikkelen
ved personleg frammøte hos kommunen eller matrikkelstyresmakta.
Departementet kan gi forskrift om betaling for opplysningar
frå matrikkelen.
Kapittel 7 overskrifta skal lyde:
Kapittel 7 Oppmålingsforretning, krav til landmålarføretak
og ansvarleg landmålar o.a.
§ 33 første ledd skal lyde:
Ei oppmålingsforretning går ut
på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til partane og
framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon
som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing. Den
som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare på interessene til alle partar og
utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.
§ 33 tredje og fjerde ledd skal
lyde:
I ei forretning som gjeld oppretting
av ei ny matrikkeleining eller ei arealoverføring, skal dei nye grensene
merkjast i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven. Nye grenser for
uteareal til eigar-seksjon skal merkjast i samsvar med vedtaket
om dette etter eierseksjonsloven. Dersom det under forretninga kjem
opp forhold som skapar behov for å gjere mindre avvik for
å kunne få ei gagnleg grense ut frå tilhøva i terrenget, må saka leggjast
fram for kommunen til godkjenning.
Partane og den som utfører forretninga,
har tilgang til privat og offentleg eigedom. Landmålarføretaket kan utføre
oppmålingsarbeid i samband med forretninga etter reglane i §
41.
§ 33 sjette ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om utføring og
dokumentasjon av oppmålingsforretning.
§ 34 første ledd tredje punktum
skal lyde:
Koordinatane skal fastsetjast i
eit geodetisk grunnlag som er godkjent av matrikkelstyresmakta.
§ 34 femte ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om merking,
måling og kartfesting av matrikkeleiningar, under dette om når grensemerking
kan utelatast.
§ 35 skal lyde:
§ 35 Avtale om og bestilling av ei
oppmålingsforretning
Ein avtale om oppmålingsforretning
skal vere skriftleg.
Departementet kan gi forskrift
om bestilling av ei oppmålingsforretning, til dømes om innhald og
utforming av ein avtale om slik forretning.
Ny § 36 skal lyde:
§ 36 Utføringa av oppdraget, varsling
o.a.
Landmålarføretaket skal melde tid
og stad for ei oppmålingsforretning til partane med minst to vekers
varsel. Partane kan godta kortare varsel. Innkallinga skal opplyse
om kva forretninga går ut på, den vidare saksgangen og om høve til
klage.
Landmålarføretaket skal peike ut
ein ansvarleg landmålar for kvart oppdrag. Den ansvarlege landmålaren
må ha gyldig landmålarbrev. Den ansvarlege landmålaren skal ta vare
på interessene til alle partane, undersøke relevante dokument og
elles utføre oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.
Om den ansvarlege landmålaren,
landmålarføretaket eller nokon av dei tilsette ved kontoret som
utfører oppmålingsforretninga, har eller får ei økonomisk eller
personleg interesse i eigedommen eller det ligg føre andre særeigne
forhold som er eigna til å svekke tilliten til at dei opptrer upartisk,
skal partane straks få opplysning om dette. Ein part kan nekte å
akseptere forretninga når den ansvarlege landmålaren eller ein annan
som utfører forretninga,
a) er part i saka
b) er i slekt eller svogerskap
med ein part i opp- eller nedstigande linje eller i sidelinje så
nær som søsken
c) er eller har vore gift med,
bur eller har budd i eit ekteskapsliknande forhold med, er eller
har vore forlova med, eller er eller har vore fosterfar, fostermor eller
fosterbarn til ein part
d) er verje eller fullmektig for
ein part i saka eller har vore slik verje eller fullmektig etter
at saka begynte.
Departementet kan gi forskrift
om rekkjevidda av tredje ledd og om varsling og proklama.
Ny § 37 skal lyde:
§ 37 Journalføring og arkivering
Landmålarføretaket pliktar å føre
journal over bestilte og gjennomførte oppdrag. Journalen og andre dokument
som gjeld oppdraget, skal oppbevarast i minst ti år etter at oppdraget
er avslutta.
Departementet kan gi forskrift
om journalføring og arkivering.
Ny § 38 skal lyde:
§ 38 Krav til landmålarføretak, tildeling
av landmålarbrev o.a.
Eit landmålarføretak som tek på
seg oppgåver etter denne lova, må ha minst éin landmålar med gyldig
landmålarbrev på kvar faste kontorstad. Landmålarføretaket må ha
ei forsikring eller stille anna sikker trygding som dekkjer det
ansvaret landmålarføretaket og den ansvarlege landmålaren kan pådra
seg i samband med utføringa av oppmålingsforretningar.
Matrikkelstyresmakta kan etter
søknad tildele landmålarbrev til personar som
a) er myndige og eigna til å drive
eigedomsoppmåling
b) har godkjend utdanning
c) har minst to års relevant erfaring
etter ferdigutdanning, og
d) har bestått ei godkjent autorisasjonsprøve.
Landmålarbrev kan trekkjast tilbake
mellombels eller varig ved brot på føresegner eller løyve gitt i
eller i medhald av denne lova, plan- og bygningsloven eller eier-seksjonsloven,
ved gjentekne åtvaringar, eller dersom landmålaren ikkje lenger
fyller vilkåra for å ha landmålarbrev. Ein landmålar som ikkje lenger tilfredsstiller
krava til å ha landmålarbrev, skal sende melding om dette til matrikkelstyresmakta
innan 14 dagar.
Departementet kan gi forskrift
om krav til landmålarføretak, til dømes om økonomisk tryggleik og organisering
av drifta.
Departementet kan gi forskrift
om vilkår for landmålarbrev, tildeling og tilbaketrekking av slikt
brev, krav til etterutdanning og gebyr.
Departementet kan gi forskrift
om at eigedomslandmåling kan drivast mellombels av personar som er
lovleg etablerte i ein annan EØS-stat med sikte på å drive slik
verksemd der, og om praktiseringa av slik verksemd, medrekna unntak
frå reglane i lova her.
Kapittel 8 overskrifta skal lyde:
Kapittel 8 Om geodetisk grunnlag, oppmålingsarbeid
o.a.
§ 39 andre ledd skal lyde:
Kommunen skal bestemme ytterlegare
geodetiske data når kommunale oppgåver
etter lova her eller plan-
og bygningsloven krev det og gjere dei tilgjengelege for brukarane
av slike data.
§ 42 skal lyde:
§ 42 Fjerning av merke og signal
Merke og signal kan krevjast
fjerna dersom bruken av eigedommen eller eigedommane dei står
på gjer dette nødvendig. Fjerning skal utførast av eigarane av merket eller
signalet. Fjerning
av grensemerke, til dømes utgåtte grensemerke eller merke som kan
forvekslast med gyldige grensemerke, skal dokumenterast og rapporterast
til matrikkelstyresmakta.
Merke og signal kan også fjernast
av kommunen eller
staten sitt geodetiske fagorgan dersom dei er utforma og plasserte
slik at det kan føre til forveksling med nærliggjande fastmerke
og tilhøyrande signal. Utgåtte eller ugyldige grensemerke,
eller merke som kan forvekslast med gyldige grensemerke, kan også fjernast
av kommunen, jordskifteretten eller matrikkelstyresmakta. Landmålarføretak
skal av eige tiltak fjerne merke som føretaket har sett ned feil.
Fastmerke og signal som inngår
i det overordna nasjonale grunnlaget, kan ikkje krevjast fjerna
etter første ledd eller fjernast
av kommunen etter andre ledd. Det same gjeld basispunkt og monumentale fastmerke.
Dersom det er gitt erstatning etter
§ 41, kan erstatningssummen krevjast heilt eller delvis tilbakebetalt ved
fjerning etter første ledd, dersom summen overstig det tapet som
er lidd.
Departementet kan gi forskrift om framgangsmåten
ved fjerning av merke og
signal.
§ 46 skal lyde:
§ 46 Klage, førehandsvarsel og underretning
om vedtak m.m.
Det kan klagast over følgjande
avgjerder etter denne lova:
a) matrikkelføring av saker som
krev oppmålingsforretning etter § 6
b) vedtak om å fullføre oppmålingsforretning
etter § 6 andre ledd andre punktum
c) avgjerd om kva som er klarlagd grense
etter § 7 tredje ledd
d) samanslåing, jf. § 18
e) føring av referanse til avtale om grenser
mv., jf. § 19
f) fastsetjing av samla fast eigedom,
jf. § 20
g) tildeling av offisiell adresse
med heimel i § 21,
h) sletting av matrikkeleining
med heimel i § 26 første ledd
i) avslag på krav om retting av
opplysning i matrikkelen, jf. § 26 tredje og fjerde ledd
j) avslag på førespurnad om innsyn
i matrikkelen etter § 29
k) utlevering av matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling, jf. § 30
l) fastsetjing av betaling med heimel i § 32 som
ikkje er fastsett i forskrift eller regulativ godkjent av departementet
m) tildeling og tilbaketrekking
av landmålarbrev etter § 38 andre og tredje ledd
n) vedtak om tvangsmulkt, jf.
§ 48.
Klageinstans er departementet
eller det klageorganet departementet peikar ut. Reglane om klage
på enkeltvedtak i forvaltningsloven kapittel VI gjeld for alle klager
etter første ledd.
Førehandsvarsel og underretning
om vedtaket m.m. til klageinstansen i saker etter første ledd bokstav a
og b skal sendast til landmålarføretaket.
Departementet kan gi forskrift om klage, førehandsvarsel
og underretning.
§ 47 første ledd skal lyde:
Tvistar om gjennomføringa
av oppmålingsarbeid etter § 41 eller om fjerning av merke eller signal etter §
42 blir avgjorde av
fylkesmannen. Vedtaket
til fylkesmannen kan ikkje klagast på.
§ 48 første ledd første punktum
skal lyde:
Kommunen eller matrikkelstyresmakta kan
gjere vedtak om å påleggje tvangsmulkt for å få gjennomført vedtak
gitt i medhald av denne lova.
II
I lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging
og byggesaksbehandling blir det gjort følgjande endringar:
§ 20-1 første ledd bokstav m skal
lyde:
m) opprettelse av ny grunneiendom,
ny anleggseiendom eller nytt jordsameie, eller opprettelse av ny
festegrunn for bortfeste som kan gjelde i mer enn 10 år, eller endring av grenser
for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som grensejustering, jf.
matrikkellova.
§ 21-2 sjette ledd skal lyde:
De som er nevnt i matrikkellova § 9, kan søke
om tillatelse til å opprette ny grunneiendom, ny anleggseiendom,
ny festegrunn eller nytt jordsameie, eller tillatelse til endring av grenser
for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som grensejustering. Søknaden
må angi hvordan enheten ønskes utformet, herunder angi grenseforløpet
på kart. Søknaden må vise hvordan de nye enhetene eller grenseendringen på en hensiktsmessig
måte kan gå inn i en fremtidig utnytting av området, herunder også
hvordan krav til tomtestørrelse, felles-areal og plassering av bebyggelsen
kan oppfylles.
§ 21-9 fjerde ledd skal lyde:
Tillatelse til tiltak som nevnt
i § 20-1 første ledd bokstav m, faller bort dersom det ikke er satt fram krav
om matrikkelføring etter matrikkellova innen 3 år etter at
tillatelsen ble gitt. Tillatelsen faller
også bort dersom matrikkelmyndigheten må avvise kravet om matrikkelføring,
og vilkårene for matrikkelføring ikke er rettet innen en nærmere
fastsatt frist.
I § 26-1 skal «lov om eigedomsregistrering»
endrast til «matrikkellova».
§ 29-4 fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift
med nærmere bestemmelser om plassering av byggverk, som regler om avstand
mellom byggverk, avstand til nabogrense, og beregningsmåten for
høyde og avstand, samt for areal på byggverk som nevnt i tredje
ledd bokstav b.
§ 33-1 første ledd skal lyde:
Kommunestyret selv kan gi forskrift
om gebyr til kommunen for behandling av søknad om tillatelse, utferdigelse
av kart og attester og for andre arbeid som det etter denne lov
eller forskrift påhviler kommunen å utføre, herunder behandling
av private planforslag. Gebyret for behandling av slikt planforslag
kan omfatte kommunens arbeid frem til det blir avgjort om forslaget
skal fremmes, jf. § 12-11. Gebyret kan ikke være høyere enn
de nødvendige kostnadene kommunen har med slike saker. I gebyret
kan det inkluderes utgifter til nødvendig bruk av sakkyndig bistand
under tilsyn. Andelen av gebyr som innkreves for tilsyn, skal framgå
av forskriften. Tiltakshaver kan selv sørge for de nødvendige utredningene.
III
I lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner
blir det gjort følgjande endringar:
§ 13 andre ledd blir oppheva. Gjeldande
tredje ledd blir nytt andre ledd.
§ 14 skal lyde:
§ 14 Saksbehandlingstid for kommunens
behandling av søknaden om seksjonering
Kommunen skal behandle seksjoneringssøknaden
innen 12 uker etter at søknaden er mottatt. For kommuner som selv fører opplysninger
om eierseksjoner i matrikkelen med hjemmel i matrikkellova § 5 a, skal
tiden det tar å registrere seksjonene i matrikkelen, medregnes i
fristen etter første punktum. Ved retting av søknaden etter
§ 12 første ledd løper fristen fra kommunen har mottatt en rettet
søknad. Oversitter kommunen disse fristene, reduseres seksjoneringsgebyret
etter § 15 med 25 prosent av det totale gebyret for hver påbegynte
uke tidsfristen oversittes.
§ 15 skal lyde:
§ 15 Gebyrer for kommunens behandling
av søknaden om seksjonering
Kommunen kan fastsette et seksjoneringsgebyr for
å behandle seksjoneringssøknaden. Gebyret kan ikke være høyere enn
de nødvendige kostnadene kommunen har med slike saker. Gebyret skal
innbetales innen en frist som kommunen setter.
Søkeren skal betale gebyr for matrikulering og tinglysing
av seksjoneringsvedtaket i samsvar med matrikkellova § 32 og tinglysingsloven
§ 12 b. Gebyrene skal
innbetales til kommunen. Blir seksjoneringssøknaden avslått, skal
kommunen tilbakebetale gebyrene.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Matrikkelføring og tinglysing
Kommuner som selv fører opplysninger
om eierseksjoner i matrikkelen med hjemmel i matrikkellova § 5 a,
skal føre seksjonene inn i matrikkelen straks seksjoneringsvedtaket
foreligger. En bruksenhet som skal omfatte ubebygde deler, kan ikke
registreres i matrikkelen før det er holdt oppmålingsforretning
for grensene for utearealet etter matrikkellova.
Når eventuelle klager over seksjoneringsvedtaket er
avgjort, og det foreligger et positivt seksjoneringsvedtak, skal
kommunen sende dokumentasjonen som er nødvendig for matrikkelføring og oppretting av grunnboksblad
for hver seksjon, til matrikkelføring
og tinglysing, jf. matrikkellova §§ 11 a og 24. Departementet
kan gi forskrift om slik dokumentasjon og hvilke vedlegg som skal
følge med til matrikkelføring
og tinglysing.
§ 18 skal lyde:
§ 18 Utsteding av matrikkelbrev
Så snart matrikkelmyndigheten har
fått melding om at seksjoneringsvedtaket er tinglyst, skal den fullføre
matrikkelføringen og utstede matrikkelbrev.
§ 22 andre ledd skal lyde:
Dersom en eiendom ble seksjonert
før den var ferdig utbygd, og det ikke har blitt bygget ut to eller
flere bruksenheter på eiendommen innen fem år etter at seksjoneringen
ble tinglyst, kan kommunen vedta at seksjoneringen skal slettes.
Med ferdig utbygd menes i denne paragrafen at en bruksenhet er bygget
i slik utstrekning at den oppfyller minstekravene til den type seksjon
(boligseksjon eller næringsseksjon) det er tale om. Kommunen skal
sende melding til
matrikkelmyndigheten og tinglysingsmyndigheten om at seksjoneringen
skal slettes i grunnboken og matrikkelen. Matrikkelmyndigheten og
tinglysingsmyndigheten gjennomfører slettingen, og matrikkelmyndigheten
utsteder deretter matrikkelbrev. Slettingen i grunnboken kan gjennomføres
uten hinder av eventuelle rådighetsinnskrenkninger som hefter på
noen av seksjonene.
IV
Lova gjeld frå den tida Kongen
fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene til ulik
tid.
Departementet kan gi nærare overgangsføresegner».