Stortinget - Møte torsdag den 8. desember 2016

Dato: 08.12.2016
President: Olemic Thommessen
Dokumenter: (Innst. 89 S (2016-2017), jf. Dokument 8:107 S (2015-2016))

Søk

Innhold

Sak nr. 4 [10:14:17]

Innstilling frå næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Magne Rommetveit, Kjell-Idar Juvik, Else-May Botten, Kari Henriksen og Gunvor Eldegard om betre sjøtryggleik for fritidsbåtfolk (Innst. 89 S (2016-2017), jf. Dokument 8:107 S (2015-2016))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Oskar J. Grimstad (FrP) []: (ordførar for saka): Ein samla komité viser til viktigheita av tryggleik i ferdsel på havet og deler derfor intensjonen til forslagsstillarane om fokus på sikkerheit ved bruk av fritidsbåtar. Fleire skaffar seg slike båtar, samtidig som mengda av hestekrefter blir større. Derfor er dette spesielt viktig for å forhindre skadar og dødsulykker. Det er viktig at dei som køyrer fritidsbåtar, også har tilstrekkeleg kompetanse for å førebyggje ulykker til havs.

Vi ser i brevet frå næringsministeren at det allereie er stor merksemd frå både myndigheiter og andre aktørar for å få ned ulykkestalet for fritidsbåtar, og at det er sett i verk tiltak for å auke kunnskapen om sikkerheita for ferdsel med båt, gode haldningar, godt sjømannsskap og innføring av obligatorisk båtførarprøve og informasjonskampanjar. Påbodet om flytevest er også eit eksempel på denne merksemda.

Regjeringa har i framlegget til statsbudsjett for 2017 føreslått å auke løyvinga til Statens havarikommisjon for transport, noko som gir havarikommisjonen rom for å undersøkje fleire sjøulykker. Vidare held regjeringa i budsjettforslaget fram at Kystverket vil utgreie tiltak for å styrkje sikkerheita for fritidsfartøy.

No er det, som det blir peika på i innstillinga, behov for ein felles strategi og å koordinere innsatsen for å lykkast med målsetjinga om ein nedgang i ulykker.

Denne saka er òg sendt til transport- og kommunikasjonskomiteen, som uttalar følgjande:

«Komiteen syner til handsaminga av Meld. St. 35 S (2015–2016) «På rett kurs – forebyggende sjøsikkerhet og beredskap mot akutt forurensning», jf. Innst. 72 S».

Ein samla komité ber regjeringa om at det som ei oppfølging blir utarbeidd ei stortingsmelding om betre samhandling mellom alle aktørane når det gjeld førebyggjande sjøtryggleik og kystberedskap, og at ei slik melding også må omhandle ulykker knytte til bruk av fritidsbåt, og ein fremjar forslag om det i Innst. 72 S for 2016–2017.

Dermed skulle intensjonane i representantframlegget vere ivaretatt, og vi ser fram til å få denne stortingsmeldinga. Det blir derfor sannsynlegvis ingen særleg debatt i saka i dag.

Eg tilrår med dette innstillinga i saka.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.