Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til kunnskapsministeren: «Ifølgje 'Nøkkeltall for helse- og omsorgssektoren 2016' kjem det fram at 1 av 5 unge droppar heilt ut av vidaregåande skule, og at 1 av 10 slit med å fullføre. Det er det høgste talet i Nord-Europa. Helsedirektøren er bekymra for ungt utanforskap og peikar i si årstale for 2017 på utdanning som den viktigaste mekanismen for å utjamne sosiale skilnader i helse og fattigdom. I 'Riksrevisjonens undersøkelse av oppfølging av ungdom utenfor opplæring og arbeid', jf. Dokument 3:9 (2015–2016), får regjeringa kritikk for manglande innsats på dette feltet. 6 av 10 som droppar ut av vidaregåande skule, får i dag ikkje nokon oppfylging. I Hordaland fylke er det eit ynskje om å utvide ordninga med produksjonsskular som tilbod for ein del av desse elevane. Kva gjer regjeringa for å styrke arbeidet mot utanforskap og fråfall, og ser statsråden positivt på å opprette eit nasjonalt pilotprosjekt for produksjonsskular, slik Hordaland fylkeskommune ber om på Hjeltnes»?