Stortinget - Møte tirsdag den 20. mai 2014 kl. 10
President: Marit Nybakk
Sak nr. 6 [14:41:00]
Interpellasjon fra representanten Bård Vegar Solhjell til klima- og miljøministeren:
«Noreg har eit ambisiøst mål om å bli eit lågutsleppssamfunn. Vi har også mål om å stoppe tapet av naturmangfald og forbetre friluftslivet. For å få til det må byar og byutvikling endrast. Busetjing må skje tettare, servicetilbod vere nærare, bygg må produsere i staden for å bruke energi, og meir av transporten må vere med kollektiv, sykkel og ved gange. Arealbruken må endrast så vi tar vare på dyrkbar mark, naturmangfald og viktige friluftsområde. Dette er sentrale element i ein berekraftig bypolitikk, som også vil vere god folkehelsepolitikk. Veksten i norske byar dei neste tiåra utfordrar dette, men gir også store muligheiter til nytenking og omlegging. «Faglig råd for bærekraftig byutvikling» sin sluttrapport inneheld viktige råd for å få til det.
Kva råd vil regjeringa følgje for å sikre ei meir klima- og miljøvennlig byutvikling, og har regjeringa ein visjon for ein berekraftig og miljøvennleg bypolitikk?»