Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 2009 kl. 10

Dato: 11.03.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Per Roar Bredvold til miljø- og utviklingsministeren, blir besvart av fornyings- og administrasjonsministeren på vegne av miljø- og utviklingsministeren.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:57:05]: Jeg ønsker å stille følgende spørsmål:

«I Rendalen i Hedmark blir lokalsamfunnet sterkt plaget av en ulveflokk. Så kritisk er dette at bl.a. barna blir fraktet i drosje til skolen for sin sikkerhet. Ulveflokken er utenfor den såkalte ulvesonen.

Har statsråden, på generelt grunnlag, forståelse for den frustrasjon, usikkerhet og reduksjon av livskvalitet det gir lokalbefolkningen med en slik ulveflokk i nærområdet?»

Statsråd Heidi Grande Røys [11:58:33]: Eg vil presisere at eg er svært oppteken av at folk ikkje skal få redusert livskvalitet som følgje av at vi skal ha levedyktige rovviltbestandar i Noreg. Det er ei målsetjing å gjennomføre rovviltpolitikken med eit lågast mogleg konfliktnivå. Sjølv om det er svært lite sannsynleg at ein vert utsett for åtak frå rovdyr, kan frykta for at det skal skje, opplevast som reell. Når frykta fører til at folk i mindre grad nyttar utmark og nærområde som ei kjelde til auka livskvalitet, er det uheldig. Tiltak som m.a. å frakte barn i drosje til skulen har i unntakstilfelle vore funne riktig å gjennomføre av konfliktdempande omsyn, men det må ikkje oppfattast som noko bevis på at rovdyr i desse tilfella har utgjort nokon reell fare for menneske. For ulv i Osdalen vil eg vise til at Direktoratet for naturforvaltning i sine vurderingar ikkje har funne at ulvane i dette området har ei åtferd som skil seg frå andre ulvar. Direktoratet meiner difor at det ikkje er grunn til å oppfatte ulvane i Osdalen som ein spesiell risiko.

Det er òg viktig å merke seg at det er mange som oppfattar det som ei vinning å ha rovdyr i norsk natur, og eg registrerer at somme òg vurderer moglegheitene for verdiskaping og næringsverksemd knytt til rovvilt. På verdsbasis er det mange døme på ulike former for viltturisme. Eg meiner at òg Noreg må auke fokuset på dette området i tida framover.

Eg har stor tru på at spreiing av kunnskap og erfaringar som viser at det er mogleg å leve trygt med rovdyr, vil medverke til at frykta og uvissa gradvis vert mindre blant folk. Det er viktig å satse vidare på informasjonstiltak og andre konfliktdempande tiltak for m.a. å sikre spreiing av kunnskap om rovdyr. Regjeringa har difor sett inn betydelege ressursar på dette området. I budsjettet for 2009 er posten til førebyggjande og konfliktdempande tiltak auka med 30 mill. kr i forhold til 2008. Totalt er det for 2009 sett av 80,5 mill. kr til dette føremålet.

Direktoratet for naturforvalting sitt vedtak om ikkje å opne for felling av Osdalsflokken er påklaga av Noregs Bondelag til Miljøverndepartementet. Det er òg varsla at klage vil verte send frå Rendalen kommune. Klagebehandlinga vil skje på vanleg måte ved at Direktoratet for naturforvalting fyrst gjer ei vurdering av klagene og førebur eventuell oversending til departementet. Det vil difor ikkje vere rett av meg på dette tidspunktet å gå nærmare inn på dei konkrete vurderingane i denne saka.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:01:21]: Jeg takker statsråden for et utfyllende svar.

Nå er jeg ikke helt enig i alt. Jeg tror at når det gjelder det med at det er en vinning å ha ulv ute i naturen, er det ganske delte meninger om det – avhengig av om man er i det området som ulven er, eller om man er trygt utenfor. I tillegg: Når det gjelder dette med å leve trygt med rovdyr, har jeg veldig liten tro på at det er mulig.

Mitt oppfølgingsspørsmål går på dette med Direktoratet for naturforvaltning, som egentlig setter seg over det Stortinget har bestemt. Stortinget har bestemt at det skal være ulvesoner. De ulvene vi snakker om nå, er utenfor den såkalte ulvesonen og er til stor sjenanse, til stor frustrasjon, som fører til redusert livskvalitet for dem som bor der. Er det ikke da litt merkelig at et direktorat kan sette seg over det som Stortinget har vedtatt, nemlig at vi skal ha ynglende ulv i ulvesonen, og dersom noen er utenfor, skal ikke det gå på bekostning av de som skal bo der, de skal altså ikke få redusert livskvalitet?

Statsråd Heidi Grande Røys [12:02:24]: No er nok eg og representanten Bredvold ueinige om det er mogleg å ha næringsverksemd som ein òg kan ha økonomisk vinning av innanfor ei sone. Vi ser jo at både i Finland og i Sverige har dei det faktisk òg innanfor sonene. Vi har eksempel òg frå Noreg på at ein ynskjer å utnytte rovviltsonene til å skape næringsverksemd – turistverksemd fyrst og fremst. Elles i Europa og i verda er det òg eksempel på det. Men eg registrerer at representanten Bredvold har eit anna syn på det.

Når det gjeld spørsmålet om Direktoratet for naturforvalting set seg over Stortingets vedtak eller ikkje, er nettopp det av dei spørsmåla som no er til klagebehandling i Miljøverndepartementet. Og det er slik når det gjeld all klagebehandling, at departementet sjølvsagt ikkje uttaler seg om ei konkret sak før vedtaket kjem, slik at det må eg la vere å kommentere.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:03:19]: Jeg takker nok en gang for svaret.

Jeg vil litt tilbake til dette med bolyst. I mange distrikter, bl.a. i Hedmark, reduseres antall folk som bor der, altså det synker hele tiden – dessverre. Bolyst handler om lysten til å bo et sted. Derfor spør jeg statsråden: Tror statsråden at en barnefamilie velger – som i dette tilfellet – å bosette seg i et ulvedistrikt? Tror statsråden at de som allerede bor der med små barn, liker å ha ulven luskende rundt huset, rundt barnehagen, rundt skolen, på skoleveien, slik at en ikke tør å sende barna sine på sykkel eller gående, men at man må ta en såkalt ulvedrosje? Tror statsråden at det å ha ulv rundt seg – som i dette tilfellet – øker bolysten og livskvaliteten?

Statsråd Heidi Grande Røys [12:04:12]: Som eg sa i mitt fyrste svar, er det lite sannsynleg ut frå alt vi veit om ulv – og for så vidt andre rovdyr – at ein vert utsett for åtak frå rovdyr. Men frykta for det kan opplevast som reell. Og eg kan ikkje uttale meg, for det vert ei subjektiv oppfatning, som kvar enkelt får gjere opp for seg.

Men det som er forferdeleg viktig, er nettopp at vi får spreidd den kunnskapen som vi har. Og det har departementet sett av vesentlege ressursar til, både rein informasjonsspreiing og ikkje minst for å få til ulike konfliktdempande tiltak – ikkje fordi ein fryktar åtak, men fordi vi ser at det i periodar kan vere nødvendig for at folk skal få tryggleik. Denne drosjeløysinga kan vere eitt konfliktdempande tiltak som gjer at ein føler at ein kjem seg ut av situasjonen. Men på sikt meiner eg at det er ingen grunn til at ein ikkje skal ha både bulyst og livskvalitet i dette landet, sjølv innanfor rovdyrsona.