Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Tolletaten arbeider med å digitalisere innhentinga av informasjon i samband med den grensekryssande vareførselen. Som ein del av dette arbeidet er det vedteke at føraren frå hausten 2026 skal oppfylle melde- og opplysingsplikta si digitalt når han kjem fram til tollområdet. Frå våren 2027 skal i tillegg alle varer verte deklarerte for ein tollprosedyre seinast ved passeringa av grensa. Dette inneber at det ikkje lenger vil vere unntak for å deklarere varer som vert innførte under prosedyren tollager. I tillegg vert ordninga med direktekøyring avvikla. Denne ordninga går ut på at haldarar av tollager kan køyre varer direkte frå grensa til mottakaren av varene. Føresetnaden er at varene er deklarerte for fri disponering innan ti dagar etter at varene er registrerte i rekneskapen for tollageret.
Som ein del av digitaliseringa av melde- og opplysingsplikta foreslår departementet å utvide plikta slik at førar må oppgje ei referanse til tolldeklarasjonen for varene som vert frakta med transportmiddelet. Framlegget vil gjere Tolletaten i stand til å kople sendinga av varene til deklarasjonen for varene digitalt. Dette er naudsynt for at Tolletaten skal kunne vurdere risiko og behovet for kontroll når transportmiddelet kjem til tollområdet.
Tolletaten sende framlegget om å utvide opplysingsplikta for førar på høyring 5. mai 2025. Høyringsfristen gjekk ut 19. juni 2025. Fleire høyringssvar peiker på utfordringar i samband med korleis informasjon skal delast mellom ulike aktørar før grensa vert passert. Ein føresetnad for framlegget er difor at det vert lagt til rette for at føraren kan kople sendinga mot tolldeklarasjonen på ein effektiv måte. Tolletaten tilbyr ei løysing for samhandling (Digitoll Portal) som legg til rette for å dele og kople informasjon som i dag vert kravd etter melde- og opplysingsplikta. Denne løysinga vil verte utvida til òg å kunne støtte koplinga av sendinga mot deklarasjonen.
På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om at føraren av transportmiddelet får plikt til å oppgje referanse til deklarasjonen for varene som vert frakta som last på transportmiddelet.
Det vil vere behov for ei overgangsordning fram til deklarasjonsfritaket for varer som vert innførte under prosedyren tollager, og ordninga med direktekøyring, opphøyrer. Førar vil då oppgje godsregistreringsnummeret til haldaren av tollager i staden for referansen til deklarasjonen for varene. Departementet legg til grunn at ein i forskrift kan fastsetje unntak frå plikta til å oppgje referanse til deklarasjonen for varene.
Utvida opplysingsplikt for førar vil, saman med plikta til å levere opplysingane digitalt, krevje tilpassingar og medføre kostnader til omstillingar for næringslivet. For Tolletaten vil ei utvida opplysingsplikt berre ha mindre administrative og økonomiske konsekvensar.
Departementet syner til framlegg om endringar i vareførselsloven § 2-3 fyrste ledd andre punktum.
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset, då funksjonaliteten for å kople sendinga til tolldeklarasjonen framleis er under utvikling.
Gjeldande rett, digitoll, høyringa, vurderingar og framlegg, og økonomiske og administrative konsekvensar, er omtala i proposisjonens kapitel 5.
Funksjonaliteten som gjer at føraren kan kople sendinga til tolldeklarasjonen, er framleis under utvikling. Difor vert det foreslått at endringane tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.