Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I revidert nasjonalbudsjett 2026 gjer regjeringa framlegg om enkelte endringar i skatte- og avgiftsreglane. Følgjande framlegg har provenyverknad:
Å auke skattefrådraget i pensjonsinntekt. Framlegget vert rekna å redusere provenyet med om lag 265 mill. kroner påløpt i 2026. Provenytapet vert bokført i 2027.
Å auke grensa for den lågaste verdsetjinga av bustad i formuesskatten. Framlegget vert isolert sett rekna å redusere provenyet med om lag 830 mill. kroner påløpt og 550 mill. kroner bokført i 2026. Medrekna oppdaterte overslag av ny bustadmodell og allereie vedtekne endringar i formuesskatten for 2026 er endringa ikkje rekna å gje bokført provenyverknad i 2026.
Samla vert nye framlegg til endringar i skattar og avgifter rekna å redusere provenyet med om lag 1,1 mrd. kroner i heilårsverknad, samanlikna med saldert budsjett for 2026. Framlegga vert rekna å gje eit provenytap på om lag 1,1 mrd. kroner påløpt og om lag 550 mill. kroner bokført i 2026 samanlikna med saldert budsjett for 2026.
I tillegg kjem verknaden av skatte- og avgiftsendringar som er vedtekne av Stortinget etter saldert budsjett for 2026. 26. mars 2026 vart det vedteke å mellombels redusere vegbruksavgifta og nokre satsar i CO2-avgifta. Vedtaka vert rekna å gje eit bokført og påløpt provenytap på 5,5 mrd. kroner i 2026. Det vert synt til framlegg til endring i løyvingsvedtak i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026.
Når ein inkluderer verknaden av Stortinget sine vedtak om reduserte drivstoffavgifter, er skatte- og avgiftsinntektene rekna å verte reduserte med om lag 6,6 mrd. kroner påløpt og 6,1 mrd. kroner bokført i 2026 samanlikna med saldert budsjett for 2026.
Regjeringa gjer òg framlegg om einskilde andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:
I dei nye meirverdiavgiftsreglane for internasjonal handel, som tek til å gjelde 1. juli 2026, vert det gjort ei mindre justering i tryggingsventilen for å unngå dobbel skattlegging.
Regjeringa vil innføre ei forsøksordning med aktivitetspengar for unge. Ytinga vert skattlagd som løn og rekna som pensjonsgjevande inntekt.
Vidare gjer regjeringa framlegg om einskilde endringar som ikkje gjeld skatt og avgift:
Føraren si melde- og opplysingsplikt etter vareførselsloven når varene kjem fram til tollområdet, vert utvida, slik at ein må gje ein referanse til tolldeklarasjonen for varene som vert bringa med på transportmiddelet.
Det vert innført ei registreringsordning under Tolletaten for aktørar i Noreg som må ha eit identifikasjonsnummer som følgje av EU-rettsakter som vert inntekne i norsk rett.
Det vert gjort ei endring i sjukdomslista i lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar.
I tillegg er følgjande saker omtalte i kapittel 9 i proposisjonen:
Prisar på bensin og diesel i vegtransport,
Tiltak mot høge levekostnadar – oppmodingsvedtak nr. 600 (2025–2026),
CO2-avgifta på mineralske produkt,
Grunnrenteskatt og naturressursskatt for vasskraft – nedre grense – oppmodingsvedtak nr. 523 (2025–2026),
Avgift på mineralgjødsel – oppmodingsvedtak nr. 59 (2025–2026).
I proposisjonen gjer departementet framlegg om:
lov om endringar i folketrygdloven,
lov om endringar i skatteloven,
lov om endringar i vareførselsloven,
lov om endringar i innkrevingsloven,
lov om endringar i lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar,
lov om endringar i lov om endringer i merverdiavgiftsloven,
endringar i stortingsvedtak om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2026 (Stortingets skattevedtak),
endringar i stortingsvedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2026,
endringar i stortingsvedtak om fastsetting av finansskatt på lønn for 2026.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Frode Jacobsen, lederen Tuva Moflag, Tellef Inge Mørland, Even A. Røed og Maria Aasen-Svensrud, fra Fremskrittspartiet, Hilde Grande, Martin Virkesdal Jonsterhaug, Hans Andreas Limi og Tom Staahle, fra Høyre, Henrik Asheim og Nikolai Astrup, fra Sosialistisk Venstreparti, Marthe Hammer, fra Senterpartiet, Bjørn Arild Gram, fra Rødt, Mímir Kristjánsson, fra Miljøpartiet De Grønne, Ingrid Liland, fra Kristelig Folkeparti, Jørgen H. Kristiansen, og fra Venstre, Abid Raja, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er omtalt i Prop. 95 LS (2025–2026). Lovsakene i den proposisjonen behandles i denne innstillingen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2026. Se også Innst. 450 S (2025–2026), som behandler Meld. St. 2 (2025–2026), Prop. 96 S (2025–2026) og Prop. 95 LS (2025–2026) som ikke gjelder lovendringer.
Overslaga for pris- og lønsvekst for 2025 og 2026 har auka samanlikna med overslaga til Nasjonalbudsjettet 2026. Det inneber at minste pensjonsnivå òg aukar meir enn det som tidlegare er lagt til grunn. Auken i minste pensjonsnivå gjer at einslege med minste pensjonsnivå vil måtte betale skatt på pensjon med vedtekne skattereglar for 2026.
Pensjonsskattefrådraget er eit skattefrådrag som reduserer skatten på pensjon. Frådraget har vorte tilpassa slik at minste pensjonsnivå for einslege skal vere skattefritt.
I det vedtekne budsjettet for 2026 er pensjonsskattefrådraget 37 100 kroner. Skattefrådraget vert trappa ned med aukande pensjonsinntekt. Innslagspunktet for nedtrappinga i trinn 1 er 284 950 kroner, og frådraget vert trappa ned i dette trinnet med 16,7 pst. Det betyr at for kvar krone med pensjon utover innslagspunktet vert skattefrådraget trappa ned med 16,7 øre. Innslagspunktet for nedtrappinga i trinn 2 er 436 050 kroner, og satsen for nedtrappinga er seks pst. Frådraget vert dimed fasa ut ved ei pensjonsinntekt på 634 000 kroner med reglane i dag.
Skattefrådraget medfører at det ikkje vert rekna skatt av ei pensjonsinntekt på inntil 286 411 kroner i 2026. Dette er under det oppdaterte overslaget på minste pensjonsnivå for einslege på 288 686 kroner i 2026.
I tråd med tidlegare praksis legg departementet til grunn at minste pensjonsnivå for einslege skal vere skattefritt. For å unngå at minstepensjonistane skal betale skatt i 2026, foreslår departementet difor å auke pensjonsskattefrådraget. For å gje ein god sosial profil på skatteletten foreslår departementet å målrette han mot lave pensjonsinntekter ved å
auke pensjonsskattefrådraget til 37 600 kroner,
auke innslagspunktet for avtrappinga i trinn 1 til 288 700 kroner,
auke innslagspunktet for avtrappinga i trinn 2 til 436 850 kroner,
auke satsen for avtrappinga i trinn 1 til 17,4 pst.
Framlegget vil gje skattelette opp til ei pensjonsinntekt på 436 850 kroner. Ein går ut frå at framlegget vil redusere provenyet med ein heilårsverknad på 265 mill. kroner i 2026. På usikkert grunnlag legg departementet til grunn at heile beløpet vert bokført i 2027.
Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 16-1 tredje ledd tredje punktum og framlegg om endringar i Stortinget sitt skattevedtak for inntektsåret 2026 § 6-5. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå og med inntektsåret 2026.
Komiteen viser til at Stortingets skattevedtak for 2026 § 6-5 om skattefradrag for pensjonsinntekt behandles i Innst. 450 S (2025–2026) punkt 4.2.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt og Miljøpartiet De Grønne, viser til forliket om å opprettholde skattefriheten for minstepensjon ved økt ytelsesnivå. For å unngå at minstepensjon for enslige beskattes etter økningen av minstepensjonen i budsjettforliket, foreslår flertallet at skattefradraget for pensjonsinntekt justeres med virkning fra 1. januar 2026. Endringen skjer ved å
øke pensjonsskattefradraget til 39 100 kroner,
øke innslagspunktet for nedtrappingen i trinn 1 til 294 200 kroner,
øke innslagspunktet for nedtrappingen i trinn 2 til 437 100 kroner,
øke satsen for nedtrapping i trinn 1 til 19,1 pst.
Endringene gjennomføres i skatteloven § 16-1 tredje ledd tredje punktum og i statsskattevedtaket § 6-5.
Flertallet fremmer her følgende forslag til erstatning for regjeringens lovforslag:
«I
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt vert det gjort følgjande endring
§ 16-1 tredje ledd tredje punktum skal lyde:
Fradraget nedtrappes med 19,1 prosent av pensjonsinntekt mv. som overstiger beløpsgrensen i trinn 1, og med 6 prosent av pensjonsinntekt mv. som overstiger beløpsgrensen i trinn 2.
II
Endringa under I tek til å gjelde straks.»
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre støtter regjeringens lovforslag i proposisjonen om endring av skatteloven § 16-1.
Regjeringa foreslår å auke grensa for den lågaste verdsetjinga av bustad i formuesskatten frå ti til 14 mill. kroner.
Med gjeldande reglar for 2026 vert primærbustader verdsette til 25 pst. av berekna omsetnadsverdi for verdiar under ti mill. kroner, og til 70 pst. for den delen av verdien som overstig ti mill. kroner. Regjeringa foreslår å auke grensa for den lågaste verdsetjinga til 14 mill. kroner med verknad frå inntektsåret 2026.
Bakgrunnen for endringa er den oppdaterte modellen for å berekne omsetnadsverdiane for primær- og sekundærbustader til formuesskatteføremål som regjeringa gjorde framlegg om å ta i bruk frå 2026, sjå Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 punkt 5.3. Stortinget slutta seg til framlegget, jf. Innst. 3 S (2025–2026). Føremålet med den oppdaterte modellen var å gjere formuesskattegrunnlaget betre og meir rettferdig, ikkje å auke dei samla inntektene frå formuesskatten. I januar 2026 mottok Finansdepartementet oppdaterte overslag som syner at formuesskatteinntektene vart rekna å vere om lag 550 mill. kroner høgare enn det som vart lagt til grunn for Stortingets vedtak.
Å auke innslagspunktet frå ti til 14 mill. kroner vert isolert sett rekna å redusere provenyet med om lag 830 mill. kroner påløpt i 2026 samanlikna med vedteke budsjett. I samband med statsbudsjettet for 2026 vart det, i tillegg til oppdatert bustadmodell, vedteke å auke botnfrådraget i formuesskatten. Samla var formuesskatteendringane i budsjettet for 2026 rekna å vere provenynøytrale, sjå Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 kapittel 5. Berekninga var usikker. Saman med dei oppdaterte overslaga frå bustadmodellen og allereie vedtekne endringar i formuesskatten for 2026, vert provenytapet samla rekna til 280 mill. kroner påløpt i 2026. Den bokførte provenyverknaden i 2026 kviler på kor mange som ber om nytt skattekort, og dimed får korrigert forskotstrekket eller forskotsskatten i 2026. Det vert lagt til grunn at ein betydeleg del vil endre skattekortet, og det bokførte provenyet vert dimed rekna til å vere null.
Isolert sett har dei oppdaterte overslaga frå den nye verdsetjingsmodellen òg gjort at skatteinntektene for kommunesektoren vert større i 2026. Med framlegget om å auke grensa vert skatteinntektene til kommunane reduserte like mykje, slik at kommunane kjem uendra ut samanlikna med det som var føresett i saldert budsjett. Sjølv om kommunane samla sett kjem uendra ut, kan endringa likevel påverke einskildkommunar.
Dersom modellen overvurderer verdien på bustaden, kan eigarar skrive ned verdien i skattemeldinga (tryggingsventilen). Nedsetjinga må krevjast og dokumenterast. For å forenkle dokumentasjonskravet vil takst/verdivurdering mv. innhenta gjennom heile inntektsåret verte akseptert. Dokumentasjonen treng ikkje lenger vere innhenta etter 1. juli i inntektsåret. Bustadeigarar kan òg føre ein lågare verdi inn i skattekortet utan dokumentasjon. På den måten kan laupande skattetrekk i 2026 justerast. I skattekortet skal marknadsverdien som bustadeigaren meiner vil vere rett ved utgangen av inntektsåret, førast opp.
Departementet syner til framlegg til endring i skatteloven § 4-10 andre ledd tredje punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2026.
Dei nye bustadverdiane kan òg ha konsekvensar for eigedomsskatten i dei kommunane som nyttar formuesgrunnlag når dei skriv ut eigedomsskatt. Endringar i dei berekna marknadsverdiane for bustader for inntektsåret 2026 vil fyrst verte tilgjengelege for kommunane i november 2027 og få verknad for inntektene frå eigedomsskatt i 2028. I Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 vart det på usikkert grunnlag rekna ut at kommunane sine inntekter frå eigedomsskatten vil kunne auke med i underkant av 300 mill. kroner samla i dei kommunane som nyttar formuesgrunnlag for å skrive ut eigedomsskatt.
Departementet har oppdatert og kvalitetssikra overslaget for eigedomsskatteinntektene til kommunane i 2028 i lys av oppdateringane i verdsetjingsmodellen, og med oppdatert informasjon om bruken av eigedomsskattereglane i 2026.
Overslaga for eigedomsskatten i 2028 vil framleis vere særs usikre. Dette kjem av fleire grunnar. Fram mot fastsetjinga for 2026 vert verdsetjingsmodellen oppdatert med nye omsetjingstal for bustader. Desse tala vert brukte til å rekne ut nye bustadsverdiar som Skatteetaten legg inn i den førehandsutfylte skattemeldinga for 2026. Dessutan kan skattytar endre dei fastsette verdiane i fastsetjinga for 2026. Endelege verdiar vert sende kommunane mot slutten av 2027. Vidare står kommunane fritt til å endre skattesats og eventuelt botnfrådrag samanlikna med 2026-reglane, når dei skriv ut eigedomsskatt for 2028. Difor kan fleire (eventuelt færre) kommunar velje å nytte formuesgrunnlag ved utskrivinga av eigedomsskatt i 2028, og fleire (færre) kommunar kan skrive ut eigedomsskatt på bustader i 2028 enn i 2026.
I 2026 er det 123 kommunar som nyttar formuesgrunnlag for bustad når dei skriv ut eigedomsskatt. Bustadverdiane og dimed eigedomsskattegrunnlaget aukar i nokre kommunar med den oppdaterte modellen, og går ned i andre.
Om ingen kommunar endrar reglane i 2028, vert det, med all uvissa som er skildra ovanfor i mente, gått ut frå at samla eigedomsskatt vil auke med om lag 120 mill. kroner som følgje av den reviderte modellen for verdsetjing av bustader. Overslaget i Prop. 1 LS for 2026 var 300 mill. kroner. Oslo kommune, som har sett ned skattesatsen frå 2,35 til 1,7 promille (knapt 30 pst. reduksjon) frå 2025 til 2026, veg relativt tungt i denne samanhengen. Overslaget er usikkert.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre, slutter seg til regjeringens lovforslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at regjeringen i statsbudsjettet for 2026 oppdaterte modellen for verdsetting av boliger i formuesskatten. Disse medlemmer viser til at et stort antall boligeiere med dette fikk betydelig økte ligningsverdier på sine boliger og dermed økt formuesskatt. For å dempe de store utslagene regjeringens nye verdsettelsesmodell har medført foreslår disse medlemmer at alle primærboliger verdsettes til 25 pst. av omsetningsverdi, og at grensen for høy verdsettelse fjernes.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
«I
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal § 4-10 andre ledd lyde:
Verdien av primærbolig settes til 25 prosent av en beregnet omsetningsverdi. Hvis skattyter krever det, skal verdien settes ned til 25 prosent av eiendommens dokumenterte omsetningsverdi.
II
Endringen under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2026.»
Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre fremmer følgende forslag:
«I
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal § 4-10 andre ledd tredje punktum lyde:
Prosentandelen skal likevel være 70 for den delen av den beregnede eller dokumenterte omsetningsverdien som overstiger 20 000 000 kroner.
II
Endringen under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2026.»
Komiteens medlemmer fra Høyre foreslår at grensen for vanlig verdsettelsesrabatt for primærbolig i formuesskatten heves til 20 mill. kroner. Dette vil motvirke de uheldige utslagene av regjeringens nye verdsettelsesmodell for bolig, og dessuten kunne gi mange pensjonister uten boliglån bedre økonomi. Grensen har stått fast på 10 mill. kroner siden 2023, og innebærer at vanlige boliger i pressområder i dag er definert som dyre boliger med økt skatt.
Regjeringen anslo i høst at ny boligmodell ville øke inntektene fra formuesskatt med 435 mill. kroner. Endringen ble beskrevet som primært en teknisk omlegging, hvor de fleste ville få om lag uendret skatt. For å kompensere for endringen ble bunnfradraget i formuesskatten økt. Disse medlemmer foreslo også ytterligere lettelser, blant annet et enda høyere bunnfradrag og kraftige lettelser i skatten på inntekt.
I ettertid har det kommet frem at regjeringens anslag var feil. Beregningene var gjort på gamle data. Statistisk sentralbyrå (SSB) offentliggjorde 23. januar 2026 nye anslag som viser at skatteinntektene vil øke med nærmere én mrd. kroner. I mediene har mange eiere av vanlige boliger fortalt om store økninger i formuesskatten. Totalt har 318 900 personer fått økt skatt, mens 229 300 personer har fått lavere skatt, ifølge de nye anslagene fra SSB.
Disse medlemmer mener skattesystemet må være forutsigbart. Det er ikke rimelig at folk med vanlige inntekter og hjem får store, uventede skatteøkninger.
Disse medlemmer viser ellers til Representantforslag 94 S (2025–2026) fra Høyre om å heve grensen for vanlig verdsettelsesrabatt for bolig i formuesskatten.
Komiteens medlem fra Venstre viser til at regjeringen i forbindelse med framleggelse av statsbudsjettet for 2026 foreslo å legge til grunn en oppdatert modell for beregning av formuesverdier for bolig basert på et forslag fra SSB (Nye beregningsområder i boligformuesmodellen. SSB-notater 2023/3). Dette for å få mer treffsikre anslag på boligenes markedsverdi enn modellversjonen som ble brukt for formuesskatteformål fra 2010.
Ifølge omtalen i Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 ville om lag like mange boliger få redusert som økt beregnet verdi med den reviderte modellen. Det ble videre anslått at den samlede formuesverdien på boligene ville øke noe.
I etterkant av Stortingets behandling viste det seg at informasjonen regjeringen hadde gitt i Prop. 1 LS (2025–2026), i beste fall var misvisende. Det har ført til betydelig høyere formuesskatt enn forventet, særlig for boliger over ca. 10 mill. kroner, og at de samlede skatteinntektene øker med 550 mill. kroner ut over det som ble anslått i Prop. 1 LS (2025–2026).
Dette medlem mener at det riktige i denne situasjonen hadde vært at de gamle beregningsmetodene for formuesverdier av bolig skulle gjelde for hele 2026, jf. Venstres Representantforslag 97 S (2025–2026), og at de nye beregningsmetodene eventuelt skulle gjelde fra 2027, men da med en betydelig økning i definisjonen av «dyr bolig». Dette medlem registrerer at det ikke er flertall for en slik løsning, og at regjeringen foreslår å heve grensen fra 10 til 14 mill. kroner. Dette medlem mener at en slik heving er et skritt i rett retning, men endringen vil fortsatt innebære at mange vil få en uforholdsmessig høy økning av formuesskatt i 2026. Dette medlem foreslår derfor at grensen settes til 20 mill. kroner.
Merverdiavgift ved internasjonal handel er omtalt i kapittel 4 i proposisjonen, jf. forslag om endringar i lov om endringer i merverdiavgiftsloven del II § 3-30 tredje ledd andre punktum, med ikrafttredelse 1. juli 2026.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.
Tolletaten arbeider med å digitalisere innhentinga av informasjon i samband med den grensekryssande vareførselen. Som ein del av dette arbeidet er det vedteke at føraren frå hausten 2026 skal oppfylle melde- og opplysingsplikta si digitalt når han kjem fram til tollområdet. Frå våren 2027 skal i tillegg alle varer verte deklarerte for ein tollprosedyre seinast ved passeringa av grensa. Dette inneber at det ikkje lenger vil vere unntak for å deklarere varer som vert innførte under prosedyren tollager. I tillegg vert ordninga med direktekøyring avvikla. Denne ordninga går ut på at haldarar av tollager kan køyre varer direkte frå grensa til mottakaren av varene. Føresetnaden er at varene er deklarerte for fri disponering innan ti dagar etter at varene er registrerte i rekneskapen for tollageret.
Som ein del av digitaliseringa av melde- og opplysingsplikta foreslår departementet å utvide plikta slik at førar må oppgje ei referanse til tolldeklarasjonen for varene som vert frakta med transportmiddelet. Framlegget vil gjere Tolletaten i stand til å kople sendinga av varene til deklarasjonen for varene digitalt. Dette er naudsynt for at Tolletaten skal kunne vurdere risiko og behovet for kontroll når transportmiddelet kjem til tollområdet.
Tolletaten sende framlegget om å utvide opplysingsplikta for førar på høyring 5. mai 2025. Høyringsfristen gjekk ut 19. juni 2025. Fleire høyringssvar peiker på utfordringar i samband med korleis informasjon skal delast mellom ulike aktørar før grensa vert passert. Ein føresetnad for framlegget er difor at det vert lagt til rette for at føraren kan kople sendinga mot tolldeklarasjonen på ein effektiv måte. Tolletaten tilbyr ei løysing for samhandling (Digitoll Portal) som legg til rette for å dele og kople informasjon som i dag vert kravd etter melde- og opplysingsplikta. Denne løysinga vil verte utvida til òg å kunne støtte koplinga av sendinga mot deklarasjonen.
På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om at føraren av transportmiddelet får plikt til å oppgje referanse til deklarasjonen for varene som vert frakta som last på transportmiddelet.
Det vil vere behov for ei overgangsordning fram til deklarasjonsfritaket for varer som vert innførte under prosedyren tollager, og ordninga med direktekøyring, opphøyrer. Førar vil då oppgje godsregistreringsnummeret til haldaren av tollager i staden for referansen til deklarasjonen for varene. Departementet legg til grunn at ein i forskrift kan fastsetje unntak frå plikta til å oppgje referanse til deklarasjonen for varene.
Utvida opplysingsplikt for førar vil, saman med plikta til å levere opplysingane digitalt, krevje tilpassingar og medføre kostnader til omstillingar for næringslivet. For Tolletaten vil ei utvida opplysingsplikt berre ha mindre administrative og økonomiske konsekvensar.
Departementet syner til framlegg om endringar i vareførselsloven § 2-3 fyrste ledd andre punktum.
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset, då funksjonaliteten for å kople sendinga til tolldeklarasjonen framleis er under utvikling.
Gjeldande rett, digitoll, høyringa, vurderingar og framlegg, og økonomiske og administrative konsekvensar, er omtala i proposisjonens kapitel 5.
Funksjonaliteten som gjer at føraren kan kople sendinga til tolldeklarasjonen, er framleis under utvikling. Difor vert det foreslått at endringane tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.
Departementet foreslår ei ny føresegn i vareførselsloven som gjeld aktørar i Noreg som må ha eit identifikasjonsnummer. Behovet for eit identifikasjonsnummer følgjer av EU-rettsakter som vert innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett. I fyrste omgang gjeld dette CBAM-forordninga ((EU) 2023/956). Det er eit mål at denne forordninga skal gjelde i Noreg frå 1. januar 2027. Framlegget inneber at aktørar med behov for eit identifikasjonsnummer må registrere seg hos tollstyresmaktene. Tollstyresmaktene kan dele den registrerte informasjonen med EU.
EØS-relevant EU-sektorregelverk som stiller krav eller utløyser plikter ved inn- eller utførsel av varer, har som fellestrekk at aktørane som er omfatta av regelverket, vert identifiserte med eit EORI-nummer (Economic operators registration and Identification number). I EU er EORI verksemdene sin identifikator for tollføremål. EORI er regulert i EUs tollregelverk (The Union Customs Code – UCC). I EU kan ein nytte EORI-nummeret når aktørane skal ha tilgang til ulike IT-system. Dette kan skje gjennom EU sitt system UUM&DS (Uniform user management & digital signatures).
Noreg er ikkje ein del av EUs tollområde og er ikkje omfatta av EUs toll-lovgjeving – og dimed heller ikkje av EORI-ordninga. Når EU-rettsakter som stiller krav eller utløyser plikter ved inn- eller utførsel av varer, vert innlemma i norsk rett, er det behov for ein eigen identifikator som kan gjelde i staden for EORI. Aktørar omfatta av rettsaktene skal nytte denne identifikatoren når omfatta varer vert innførte til Noreg frå tredjeland. Det vert difor foreslått å etablere ei registreringsordning der aktørar i Noreg får tildelt eit identifikasjonsnummer frå Tolletaten. Ved registrering får aktørane eit identifikasjonsnummer som er basert på aktøren sitt organisasjonsnummer i Einingsregisteret, med prefikset NO.
Kravet om norsk identifikator vil gjelde sjølv om aktøren allereie er registrert med EORI-nummer for vareførsel til og frå EUs tollområde. Det vil framleis òg vere krav om EORI-nummer for aktørar som må varsle føreåt i ICS2 (EUs system for elektronisk førehandsvarsling).
Framlegget vart sendt på høyring 10. mars 2026, med høyringsfrist 13. april 2026. Det har kome inn 19 høyringssvar. Framlegget i proposisjonen vidarefører i hovudsak framlegget i høyringsnotatet.
Dei økonomiske konsekvensane av framlegget vert vurderte som låge for næringslivet. Kostnadene ved å utvikle og etablere registeret er av Tolletaten talfeste til om lag 19 mill. kroner (eks. mva.). Varige drifts- og forvaltingskostnader er talfeste til om lag 13 mill. kroner (eks. mva.).
Departementet syner til framlegg til vareførselsloven ny § 7-22. Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde 1. juli 2026.
Høyringa, gjeldande rett, vurderingar og framlegg, og økonomiske og administrative konsekvensar er omtala i proposisjonens kapitel 6.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.
Regjeringa vil innføre ei forsøksordning med aktivitetspengar for unge. Ytinga er nærare omtalt på s. 121 i Prop. 1 S (2025–2026) frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Ytinga høyrer under prosjektet Eit enklare Nav, som er eit samarbeid mellom Nav Falkenborg, Nav Lerkendal, Trondheim kommune, Statsforvaltaren i Trøndelag, Nav Trøndelag og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Forsøket skal prøve ut éin stønad til unge under 30 år med tett og individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet. Slik kjem unge raskare i gang med arbeidsretta oppfølging, mellom anna ved at dei får tilgang til inntektssikring utan eit helserelatert inngangsvilkår.
Ytinga vert skattlagd som løn og vert rekna som pensjonsgivande inntekt.
Departementet foreslår difor at «aktivitetspenger for unge» vert lagt til i opprekningane som finst i skatteloven § 5-42 bokstav a, § 6-32 bokstav a og § 12-2 fyrste ledd bokstav c, og dessutan folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav b. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå 1. juli 2026.
Ytinga vert rapporteringspliktig etter skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav b og trekkpliktig etter skattebetalingsloven § 5-6 fyrste ledd bokstav b.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.
Bakgrunn, økonomiske og administrative konsekvenser samt merknader til forslag om endringer i lov om kompenaasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar § 3 er omtalt i kapittel 8 i proposisjonen.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.
Priser på bensin og diesel i veitransport (kapittel 9.1), tiltak mot høye levekostnader (9.2), CO2-avgift på mineralske produkter (9.3), grunnrenteskatt og naturressursskatt for vannkraft – nedre grense (9.4) og avgift på mineralgjødsel (9.5) er omtalt i kapittel 9 i proposisjonen, og blir behandlet i Innst. 450 S (2025–2026) punkt 4.4.
Skatteloven § 2-37 første ledd, § 5-15 første ledd bokstav m og § 19-5 første ledd bokstav c, er i tillegg til innkrevingsloven § 23 femte ledd, omtalt i kapittel 10 i proposisjonen, der også stortingsvedtak om finansskatt på lønn for 2026 og stortingsvedtak om avgifter mv. til folketrygden for 2026 er omtalt.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag om endringer i skatteloven og innkrevingsloven.
Komiteen viser til at Stortingets vedtak om finansskatt på lønn og avgifter mv. til folketrygden for 2026 behandles i Innst. 450 S (2025–2026) punkt 4.3.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt og Miljøpartiet De Grønne, fremmer følgende forslag:
«I
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd vert det gjort følgjande endringar:
§ 12-2 tredje ledd bokstav a skal lyde:
a. beregnet av grunnlaget etter § 12-11 første ledd minst vil svare til halvparten av høy sats etter § 12-13 andre ledd tredje punktum, eller
§ 12-13 andre ledd skal lyde:
Minste årlige ytelse er 2,329 ganger grunnbeløpet (ordinær sats) for personer som lever sammen med en ektefelle (se § 1-5) eller med en samboer i et samboerforhold som har vart i minst 12 av de siste 18 månedene. Minste årlige ytelse er likevel 2,379 ganger grunnbeløpet dersom vedkommende mottar en uføretrygd som er en omregnet uførepensjon. For andre utgjør minste årlige ytelse 2,529 ganger grunnbeløpet (høy sats).
II
Endringane under I tek til å gjelde frå 1. oktober 2026 og får verknad frå 1. juli 2026.»
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt og Miljøpartiet De Grønne, viser til forliket om å reversere kutt i minstesats for gifte og samboende uføre med omregnet uførepensjon fra 1. juli 2026.
Komiteens medlem fra Venstre viser til Venstres samlede forslag til skatte- og avgiftsendringer i forbindelse med behandlingen av revidert nasjonalbudsjett for 2026, jf. Innst. 450 (2025–2026). For å stimulere sirkulærøkonomi og et grønnere skatte- og avgiftssystem foreslår dette medlem å innføre merverdiavgiftsfritak på reparasjon av klær, sko, sports- og turutstyr, møbler og elektronikk og tilsvarende fritak for salg og omsetning av brukte klær, sko, sports- og turutstyr, møbler og elektronikk.
Dette medlem foreslår videre å heve grensen for mva.-fritak for elbiler til 400 000 kroner for å gjøre det billigere for flere å kjøpe elbil, og å innføre momsfritak på bildeling og kortidsutleie av elbiler. Også dette for å gjøre bildeling billigere og til et mer relevant alternativ for flere. Dette medlem mener det er en langt mer målrettet og bærekraftig politikk enn å innføre midlertidige og vilkårlige fritak og reduksjoner i veibruksavgift og CO2-avgift.
Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
«I
I lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift gjøres følgende endringer:
§ 5-2 tredje ledd skal lyde:
(3) Som næringsmiddel anses ikke legemidler, tobakkvarer, alkoholholdige drikkevarer, vann fra vannverk og frukt og grønnsaker.
§ 6-8 første og andre ledd skal lyde:
(1) Omsetning av personkjøretøy som bare bruker elektrisitet til framdrift, og hvor elektrisiteten leveres fra batteripakke som kan lades fra ekstern strømkilde, er fritatt for merverdiavgift for vederlag til og med 400 000 kroner.
(2) Leasing av personkjøretøy som bare bruker elektrisitet til framdrift, og hvor elektrisiteten leveres fra batteripakke som kan lades fra ekstern strømkilde, er fritatt for merverdiavgift dersom leasingvirksomhetens kostpris for det leasede personkjøretøyet er 400 000 kroner eller lavere. Dersom kostprisen er høyere, skal det beregnes merverdiavgift av leien multiplisert med kostpris som overstiger 400 000 kroner dividert med kostpris. Med leasing menes utleie av personkjøretøy hvor leieperioden etter skriftlig avtale er minst 30 dager.
§ 6-8 tredje ledd skal lyde:
(3) Bildeling og korttidsleie av personkjøretøy som bare bruker elektrisitet til framdrift, og hvor elektrisiteten leveres fra batteripakke, er fritatt fra merverdiavgift. Med korttidsleie menes utleie av personkjøretøy hvor leieperioden etter skriftlig avtale er mindre enn 30 dager.
Nåværende tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
§ 6-17, 16-18, og 6-19 skal lyde:
§ 6-17 Reparasjon
Omsetning knyttet til reparasjon av klær, sko, sports- og turutstyr, møbler og elektronikk er fritatt for merverdiavgift.
§ 6-18 Brukthandel
Omsetning av brukte sko, sports- og turutstyr, møbler og elektronikk er fritatt for merverdiavgift.
§ 6-19 Frukt og grønt
(1) Omsetning av frukt og grønnsaker er fritatt for merverdiavgift.
(2) Departementet kan gi forskrift om hva som menes med frukt og grønnsaker.
Nåværende §§ 6-17 til 6-19 blir §§ 6-20 til 6-22.
II
Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra 1. juli 2026.»
Komiteens medlem fra Venstre viser til at innførsel av Norgespris på strøm har medført et dramatisk fall i etterspørsel etter solcelleanlegg og varmepumper i husholdningen. For å stimulere til enøk-tiltak i egen bolig og for å motvirke negative effekter på etterspørsel etter solcelle-anlegg, varmepumper mv. foreslår dette medlem at det innføres en forsøksordning med skattefradrag for ENØK-tiltak i egen bolig og fritidsbolig. Forsøksordningen skal pågå så lenge ordningen med Norgespris videreføres.
Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag.
«I
I lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven) gjøres følgende endring:
Ny § 6-87 skal lyde:
§ 6-87 Forsøksordning med særfradrag for ENØK-tiltak i egen bolig og fritidbolig
(1) Som forsøksordning gis et eget særfradrag i alminnelig inntekt for dokumenterte investeringer av ENØK-tiltak i egen bolig.
(2) Som ENØK-tiltak regnes akkumulatortank, balansert ventilasjonsanlegg, bio-ovn med vannkappe, biokjel, energieffektive vinduer og ytterdører, etterisolering av tak, loft og vegger, varmepumpe, energilagringssystem, smart varmtvannsbereder, solcelleanlegg og solfangeranlegg.
(3) Fradrag gis med et maksimalt årlig beløp fastsatt av Stortinget.
(4) Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av denne paragraf.
II
Endringene under I trer i kraft straks med virkning for inntektsåret 2026.»
Komiteens medlem fra Venstre viser til Venstres samlede forslag til skatte- og avgiftsendringer i forbindelse med behandlingen av revidert nasjonalbudsjett for 2026, jfr. Innst. 450 (2025–2026). Dette medlem viser til at arbeidsledigheten blant unge er sterkt økende og blant de yngste, i alderen 15 til 24 år, er ledigheten hele 15,4 pst.
For å bidra til at flere unge kommer i jobb og/eller får jobberfaring foreslår dette medlem både at arbeidsgiveravgiften reduseres med en tredjedel for inntekt under 35 000 kroner per måned for personer under 23 år (inkludert 23-åringer) etter svensk modell og at det gis fritak for arbeidsgiveravgift for unge under 16 år, for å stimulere til at flere kan får arbeidserfaring f.eks. gjennom sommerjobb eller mindre deltidsstillinger på ettermiddag/kveld eller helg.
Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
«I
I lov om folketrygd (folketrygdloven) gjøres følgende endring:
§ 23-2 sjette ledd skal lyde:
Det skal ikke svares arbeidsgiveravgift av lønn og feriepenger dersom arbeidstaker er 16 år eller yngre.
Nåværende sjette til trettende ledd blir syvende til nytt fjortende ledd.
II
Endringene under I trer i kraft straks med virkning for arbeidsgiveravgiftstermin 4/2026.»
I
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal § 4-10 andre ledd lyde:
Verdien av primærbolig settes til 25 prosent av en beregnet omsetningsverdi. Hvis skattyter krever det, skal verdien settes ned til 25 prosent av eiendommens dokumenterte omsetningsverdi.
II
Endringen under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2026.
I
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal § 4-10 andre ledd tredje punktum lyde:
Prosentandelen skal likevel være 70 for den delen av den beregnede eller dokumenterte omsetningsverdien som overstiger 20 000 000 kroner.
II
Endringen under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2026.
I
I lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift gjøres følgende endringer:
§ 5-2 tredje ledd skal lyde:
(3) Som næringsmiddel anses ikke legemidler, tobakkvarer, alkoholholdige drikkevarer, vann fra vannverk og frukt og grønnsaker.
§ 6-8 første og andre ledd skal lyde:
(1) Omsetning av personkjøretøy som bare bruker elektrisitet til framdrift, og hvor elektrisiteten leveres fra batteripakke som kan lades fra ekstern strømkilde, er fritatt for merverdiavgift for vederlag til og med 400 000 kroner.
(2) Leasing av personkjøretøy som bare bruker elektrisitet til framdrift, og hvor elektrisiteten leveres fra batteripakke som kan lades fra ekstern strømkilde, er fritatt for merverdiavgift dersom leasingvirksomhetens kostpris for det leasede personkjøretøyet er 400 000 kroner eller lavere. Dersom kostprisen er høyere, skal det beregnes merverdiavgift av leien multiplisert med kostpris som overstiger 400 000 kroner dividert med kostpris. Med leasing menes utleie av personkjøretøy hvor leieperioden etter skriftlig avtale er minst 30 dager.
§ 6-8 tredje ledd skal lyde:
(3) Bildeling og korttidsleie av personkjøretøy som bare bruker elektrisitet til framdrift, og hvor elektrisiteten leveres fra batteripakke, er fritatt fra merverdiavgift. Med korttidsleie menes utleie av personkjøretøy hvor leieperioden etter skriftlig avtale er mindre enn 30 dager.
Nåværende tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
§ 6-17, 16-18, og 6-19 skal lyde:
§ 6-17 Reparasjon
Omsetning knyttet til reparasjon av klær, sko, sports- og turutstyr, møbler og elektronikk er fritatt for merverdiavgift
§ 6-18 Brukthandel
Omsetning av brukte sko, sports- og turutstyr, møbler og elektronikk er fritatt for merverdiavgift.
§ 6-19 Frukt og grønt
(1) Omsetning av frukt og grønnsaker er fritatt for merverdiavgift.
(2) Departementet kan gi forskrift om hva som menes med frukt og grønnsaker.
Nåværende §§ 6-17 til 6-19 blir §§ 6-20 til 6-22.
II
Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra 1. juli 2026.
I
I lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven) gjøres følgende endring:
Ny § 6-87 skal lyde:
§ 6-87 Forsøksordning med særfradrag for ENØK-tiltak i egen bolig og fritidbolig
(1) Som forsøksordning gis et eget særfradrag i alminnelig inntekt for dokumenterte investeringer av ENØK-tiltak i egen bolig.
(2) Som ENØK-tiltak regnes akkumulatortank, balansert ventilasjonsanlegg, bio-ovn med vannkappe, biokjel, energieffektive vinduer og ytterdører, etterisolering av tak, loft og vegger, varmepumpe, energilagringssystem, smart varmtvannsbereder, solcelleanlegg og solfangeranlegg.
(3) Fradrag gis med et maksimalt årlig beløp fastsatt av Stortinget.
(4) Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av denne paragraf.
II
Endringene under I trer i kraft straks med virkning for inntektsåret 2026.»
I
I lov om folketrygd (folketrygdloven) gjøres følgende endring:
§ 23-2 sjette ledd skal lyde:
Det skal ikke svares arbeidsgiveravgift av lønn og feriepenger dersom arbeidstaker er 16 år eller yngre.
Nåværende sjette til trettende ledd blir syvende til nytt fjortende ledd.
II
Endringene under I trer i kraft straks med virkning for arbeidsgiveravgiftstermin 4/2026.
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité, med følgende unntak:
A (folketrygdloven) I (§ 12-2 tredje ledd bokstav a og § 12-13 andre ledd) fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt og Miljøpartiet De Grønne.
B (skatteloven) I (§ 16-1 tredje ledd tredje punktum) fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt og Miljøpartiet De Grønne. B (skatteloven) II (§ 4-10 andre ledd tredje punktum) fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
om endringar i folketrygdloven
I
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd vert det gjort følgjande endringar:
a. beregnet av grunnlaget etter § 12-11 første ledd minst vil svare til halvparten av høy sats etter § 12-13 andre ledd tredje punktum, eller
Minste årlige ytelse er 2,329 ganger grunnbeløpet (ordinær sats) for personer som lever sammen med en ektefelle (se § 1-5) eller med en samboer i et samboerforhold som har vart i minst 12 av de siste 18 månedene. Minste årlige ytelse er likevel 2,379 ganger grunnbeløpet dersom vedkommende mottar en uføretrygd som er en omregnet uførepensjon. For andre utgjør minste årlige ytelse 2,529 ganger grunnbeløpet (høy sats).
II
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd vert det gjort følgjande endringar:
b. arbeidsavklaringspenger etter folketrygdloven kapittel 11, ungdomsprogramytelse, aktivitetspenger for unge, uføretrygd etter kapittel 12 og uføreytelser fra andre ordninger,
III
Endringane under I tek til å gjelde frå 1. oktober 2026 og får verknad frå 1. juli 2026.
Endringane under II tek til å gjelde straks med verknad frå 1. juli 2026.
om endringar i skatteloven
I
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt vert det gjort følgjande endringar:
(1) Skatteplikt etter denne lov kan begrenses ved bestemmelse i avtale inngått i medhold av lov om adgang for Kongen til å inngå overenskomst med fremmede stater til forebyggelse av dobbeltbeskatning mv.
m. utbetalinger fra statens kompensasjons- og oppreisningsordning for pionerdykkere og utbetalinger fra kompensasjonsordningen for kjemikalieskadde oljepionerer.
Fradraget nedtrappes med 19,1 prosent av pensjonsinntekt mv. som overstiger beløpsgrensen i trinn 1, og med 6 prosent av pensjonsinntekt mv. som overstiger beløpsgrensen i trinn 2.
For driftsmidler som nevnt i § 19-6 første ledd bokstav c inntektsføres gevinsten i realisasjonsåret.
II
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt vert det gjort følgjande endring:
Prosentandelen skal likevel være 70 for den delen av den beregnede eller dokumenterte omsetningsverdien som overstiger 14 000 000 kroner.
III
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt vert det gjort følgjande endringar:
a. stønad, omsorgspenger og annen utbetaling fra omsorgs- og trygdeinnretning, herunder arbeidsavklaringspenger etter folketrygdloven kapittel 11, uføretrygd etter folketrygdloven kapittel 12, ungdomsprogramytelse, aktivitetspenger for unge, uføreytelser fra andre ordninger, overgangsstønad etter folketrygdloven § 15-5 og kapittel 17 A og omstillingsstønad etter folketrygdloven kapittel 17.
a. Minstefradrag i lønnsinntekt, jf. skatteloven § 6-31 første ledd bokstav a, c, d og annet ledd, gis med 46 prosent av summen av slik inntekt. Tilsvarende gjelder for minstefradrag i arbeidsavklaringspenger, ungdomsprogramytelse, aktivitetspenger for unge, uføretrygd etter folketrygdloven kapittel 12 og uføreytelser fra andre ordninger samt minstefradrag i overgangsstønad etter folketrygdloven § 15-5, omstillingsstønad etter folketrygdloven kapittel 17, kvalifiseringsstønad etter sosialtjenesteloven og introduksjonsstønad etter integreringsloven kapittel 5.
c. arbeidsavklaringspenger etter folketrygdloven kapittel 11, ungdomsprogramytelse, aktivitetspenger for unge og overgangsstønad etter folketrygdloven § 15-5 og kapittel 17 A.
IV
Endringane under I tek til å gjelde straks.
Endringa under II tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2026.
Endringane under III tek til å gjelde straks med verknad frå 1. juli 2026.
om endringar i vareførselsloven
I
I lov 11. mars 2022 nr. 9 om inn- og utførsel av varer vert det gjort følgjande endringar:
I meldingen skal det gis opplysninger om transportmiddelet, besetningen, varer som bringes med som last, og referanse til deklarasjonen for varene.
II
I lov 11. mars 2022 nr. 9 om inn- og utførsel av varer vert det gjort følgjande endringar:
(1) Aktører i Norge som må ha et identifikasjonsnummer som følge av bruk av EORI-nummer i EU-rettsakter som er innlemmet i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett, må registrere seg hos tollmyndighetene.
(2) Følgende opplysninger registreres:
a. organisasjonsnummer med prefikset NO
b. aktørens navn
c. organisasjonsform
d. adresse
e. næringskode.
Telefonnummer og andre elektroniske adresser kan registreres hvis opplysningene er registrert i Enhetsregisteret.
(3) Ved registreringen tildeler tollmyndighetene identifikasjonsnummeret.
(4) Tollmyndighetene kan dele de registrerte opplysningene med EU.
III
Endringane under I tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Endringane under II tek til å gjelde 1. juli 2026.
om endringar i innkrevingsloven
I
I lov 25. april 2025 nr. 12 om innkreving av statlige krav mv. vert det gjort følgjande endringar:
Avgjørelse om gebyr har tvangskraft.
Nåværende tredje punktum blir nytt fjerde punktum.
II
Endringane under I tek til å gjelde straks.
om endringar i lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar
I
I lov 22. desember 2025 nr. 116 om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar vert det gjort følgjande endringar:
d. non-Hodgkin lymfom
II
Endringane under I tek til å gjelde straks.
om endringar i lov om endringer i merverdiavgiftsloven
I
I lov 22. desember 2025 nr. 121 om endringer i merverdiavgiftsloven vert det gjort følgjande endringar:
Det samme gjelder dersom virksomheten kan dokumentere at det er beregnet merverdiavgift av tjenesten utenfor merverdiavgiftsområdet, og sannsynliggjøre at denne merverdiavgiften ikke kan fradragsføres eller refunderes.
II
Endringane under I tek til å gjelde 1. juli 2026.
|
Tuva Moflag |
|
leder og ordfører |