Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Økt skattefradrag i pensjonsinntekt

Sammendrag

Overslaga for pris- og lønsvekst for 2025 og 2026 har auka samanlikna med overslaga til Nasjonalbudsjettet 2026. Det inneber at minste pensjonsnivå òg aukar meir enn det som tidlegare er lagt til grunn. Auken i minste pensjonsnivå gjer at einslege med minste pensjonsnivå vil måtte betale skatt på pensjon med vedtekne skattereglar for 2026.

Pensjonsskattefrådraget er eit skattefrådrag som reduserer skatten på pensjon. Frådraget har vorte tilpassa slik at minste pensjonsnivå for einslege skal vere skattefritt.

I det vedtekne budsjettet for 2026 er pensjonsskattefrådraget 37 100 kroner. Skattefrådraget vert trappa ned med aukande pensjonsinntekt. Innslagspunktet for nedtrappinga i trinn 1 er 284 950 kroner, og frådraget vert trappa ned i dette trinnet med 16,7 pst. Det betyr at for kvar krone med pensjon utover innslagspunktet vert skattefrådraget trappa ned med 16,7 øre. Innslagspunktet for nedtrappinga i trinn 2 er 436 050 kroner, og satsen for nedtrappinga er seks pst. Frådraget vert dimed fasa ut ved ei pensjonsinntekt på 634 000 kroner med reglane i dag.

Skattefrådraget medfører at det ikkje vert rekna skatt av ei pensjonsinntekt på inntil 286 411 kroner i 2026. Dette er under det oppdaterte overslaget på minste pensjonsnivå for einslege på 288 686 kroner i 2026.

I tråd med tidlegare praksis legg departementet til grunn at minste pensjonsnivå for einslege skal vere skattefritt. For å unngå at minstepensjonistane skal betale skatt i 2026, foreslår departementet difor å auke pensjonsskattefrådraget. For å gje ein god sosial profil på skatteletten foreslår departementet å målrette han mot lave pensjonsinntekter ved å

  • auke pensjonsskattefrådraget til 37 600 kroner,

  • auke innslagspunktet for avtrappinga i trinn 1 til 288 700 kroner,

  • auke innslagspunktet for avtrappinga i trinn 2 til 436 850 kroner,

  • auke satsen for avtrappinga i trinn 1 til 17,4 pst.

Framlegget vil gje skattelette opp til ei pensjonsinntekt på 436 850 kroner. Ein går ut frå at framlegget vil redusere provenyet med ein heilårsverknad på 265 mill. kroner i 2026. På usikkert grunnlag legg departementet til grunn at heile beløpet vert bokført i 2027.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 16-1 tredje ledd tredje punktum og framlegg om endringar i Stortinget sitt skattevedtak for inntektsåret 2026 § 6-5. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå og med inntektsåret 2026.

Komiteens merknader

Komiteen viser til at Stortingets skattevedtak for 2026 § 6-5 om skattefradrag for pensjonsinntekt behandles i Innst. 450 S (2025–2026) punkt 4.2.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt og Miljøpartiet De Grønne, viser til forliket om å opprettholde skattefriheten for minstepensjon ved økt ytelsesnivå. For å unngå at minstepensjon for enslige beskattes etter økningen av minstepensjonen i budsjettforliket, foreslår flertallet at skattefradraget for pensjonsinntekt justeres med virkning fra 1. januar 2026. Endringen skjer ved å

  • øke pensjonsskattefradraget til 39 100 kroner,

  • øke innslagspunktet for nedtrappingen i trinn 1 til 294 200 kroner,

  • øke innslagspunktet for nedtrappingen i trinn 2 til 437 100 kroner,

  • øke satsen for nedtrapping i trinn 1 til 19,1 pst.

Endringene gjennomføres i skatteloven § 16-1 tredje ledd tredje punktum og i statsskattevedtaket § 6-5.

Flertallet fremmer her følgende forslag til erstatning for regjeringens lovforslag:

«I

I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt vert det gjort følgjande endring

§ 16-1 tredje ledd tredje punktum skal lyde:

Fradraget nedtrappes med 19,1 prosent av pensjonsinntekt mv. som overstiger beløpsgrensen i trinn 1, og med 6 prosent av pensjonsinntekt mv. som overstiger beløpsgrensen i trinn 2.

II

Endringa under I tek til å gjelde straks.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre støtter regjeringens lovforslag i proposisjonen om endring av skatteloven § 16-1.