Søk

Innhold

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, frå Venstre, Grunde Almeland, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Lan Marie Nguyen Berg, viser til Dokument 7 (2023–2024) Årsmelding fra Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) for 2023. EOS-utvalet er Stortinget sitt kontrollorgan for dei hemmelege tenestene i Noreg. Føremålet med kontrollen er å sjå til at borgarane sine rettar ikkje vert krenkte, og at lover og reglar vert følgde. EOS-utvalet skal sjå til at dei hemmelege tenestene balanserer omsynet til privatlivet til den einskilde opp mot samfunnet og borgarane sin trong til tryggleik. I dette arbeidet er EOS-utvalet eit verkemiddel i Stortinget sin kontroll, jf. Innst. 392 S (2020–2021).

Komiteen viser til at EOS-utvalet kvart år skal sende ei melding til Stortinget om resultatet av kontrollen. I tillegg kan EOS-utvalet sende særskilde meldingar dersom det vert naudsynt. Komiteen viser til at EOS-utvalet den 30. januar 2024 overleverte Stortinget ei særskild melding om Etterretningstenesta si rolle i 25. juni-saka, jf. Dokument 7:1 (2023–2024). I tillegg har utvalet gjort eit omfattande arbeid med 25 inspeksjonar, 20 saker av eige tiltak og har avslutta 33 klagesaker.

Komiteen viser til at den internasjonale tryggingssituasjonen vert stadig meir alvorleg og set dei hemmelege tenestene under stort press. I denne situasjonen er EOS-utvalet sin kontroll grunnleggjande for å sikre tilliten til tenestene sitt arbeid. Samstundes må kontrollen verte innretta slik at han er til minst mogeleg ulempe for den fortløpande verksemda i tenestene. Komiteen legg vekt på at samspelet mellom tenestene og EOS-utvalet sin kontroll må fungere godt i alle tryggingspolitiske situasjonar. Det gode samarbeidet og balansen mellom tenestene sitt arbeid og EOS-utvalet sin kontroll er grunnleggjande for demokratiet.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet merker seg at kritikk og forslag til tiltak ikke alltid følges opp. I noen tilfeller synes det som om den kritiserte virksomheten eller overordnet myndighet (departement) ikke nødvendigvis er enig i kritikken eller de foreslåtte tiltakene, og derfor ikke følger opp. Dette medlem mener det er uheldig hvis forslag til tiltak blir hengende i løse luften. Det kan være grunn til å vurdere en lignende ordning som for eksempel Riksrevisjonen har, hvor det gjennomføres etterkontroll noen år etter første rapport.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Rødt fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen foreslå en ordning hvor det fremgår hvilke av EOS-utvalgets forslag til tiltak i rapporter som er gjennomført, hvilke som skal gjennomføres, og hvilke det er uenighet om hvorvidt de er hensiktsmessige tiltak.»

Kontrollen med Etterretningstenesta

Komiteen viser til at kontrollen med Etterretningstenesta mellom anna har omfatta bruk av innhentingsmetodar som kan føre med seg inngrep overfor den einskilde, tenesta si handsaming av opplysningar og informasjonsutveksling med innanlandske og utanlandske samarbeidspartnarar. I 2023 har utvalet gjennomført fem inspeksjonar av Etterretningstenesta.

Komiteen registrerer at Etterretningstenesta i 2022 fatta avgjerd om å nytte inngripande metodar mot eit ukjent antal ikkje-identifiserte norske personar i utlandet. Utvalet har stilt spørsmål om grunnlaget for innhenting mot ein av dei norske personane som det vart henta inn opplysningar om, av di det ikkje var gjort ei tilstrekkeleg konkret forholdsmessig vurdering før innhentinga vart sett i verk. Vurderinga var heller ikkje tilstrekkeleg dokumentert. Komiteen registrerer at utvalet har kritisert Etterretningstenesta for dette, og at tenesta ikkje er einig i utvalet sine vurderingar og konklusjonar. Komiteen legg til grunn at det vert gjennomført naudsynt avklaring av lovtolking på området, og registrerer at utvalet arbeider vidare med spørsmål knytte til om Etterretningstenesta angjev tilstrekkeleg konkret kva som er mål for innhenting på generelt grunnlag.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt viser til at utvalget kritiserte også E-tjenesten for å ha iverksatt innhenting mot personen mens vedkommende befant seg i Norge, og at utvalget fant at

«[b]ruken av metodene utgjorde et brudd på territorialforbudet i etterretningstjenesteloven § 4-1».

Disse medlemmer vil understreke at territorialforbudet står sentralt for befolkningens tillit til Etterretningstjenesten, og at det må få håndgripelige konsekvenser når tjenesten bryter forbudet som Stortinget har fastsatt i lov.

Komiteen registrerer at utvalet har kritisert Etterretningstenesta for å ha nytta inngripande metodar overfor ein person utan å ha etablert sannsynleg overvekt for at vedkommande var i utlandet.

Komiteen viser til at utvalet skal drive fortløpande kontroll med at Etterretningstenesta følgjer regelverket for tilrettelagd innhenting av grenseoverskridande kommunikasjon. Komiteen registrerer at utvalet har bedt Etterretningstenesta om å utvikle kontrollfunksjonalitet i systema for å leggje til rette for kontrollen, og at Etterretningstenesta i 2023 har følgt dette opp. Komiteen registrerer at både utvalet og Etterretningstenesta følgjer opp trongen til å klargjere regelverket på området når kontrollen syner at det er naudsynt.

Kontrollen med Politiets tryggingsteneste (PST)

Komiteen viser til at kontrollen med PST mellom anna har omfatta handsaming av personopplysningar, førebyggjande saker, avverjande og andre etterforskingssaker og bruk av skjulte tvangsmiddel. I 2023 har utvalet gjennomført fem inspeksjonar av PST.

Komiteen meiner det er alvorleg at utvalet har funne manglande sletting i PST sine register. I 2019 tok PST i bruk eit analyse- og samanstillingsverktøy. Då vart ikkje den tidlegare tekniske løysinga som avgrensa mogelegheita til å søke etter opplysningar om personar som er sletta som objekt, ført vidare. Innføringa av verktøyet førte til at 44 893 objekt, som det i følgje PST ikkje var naudsynt å handsame opplysningar om, vart tilgjengelege for tilsette i PST. Komiteen støttar utvalet sin kritikk av at PST sidan innføringa av verktøyet ikkje har sett i verk ei løysing som sikrar at slettereglane vert følgt. Komiteen legg til grunn at PST får på plass prosedyrar i tråd med reglane raskt.

Komiteen registrerer at utvalet ser positivt på at PST har informert utvalet om at tenesta arbeider med føringar for korleis retten skal verte informert om ulovfesta metodebruk.

Kontrollen med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

Komiteen viser til at kontrollen med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har omfatta handsaming av saker der klarering er nekta, og sakshandsamingstid i klareringssaker. I 2023 har utvalet tatt 12 klager retta mot NSM opp til handsaming og avslutta 15 klagesaker. Seks av sakene som vart avslutta med kritikk, gjaldt sikkerheitsklarering. Dei andre sakene gjaldt lang sakshandsamingstid. Komiteen støttar utvalet sin uttale om at det er svært kritikkverdig at ei klagesak har lege utan å verte handsama i over eitt år og ti månader, og ei anna sak i over to år og fire månader.

Komiteen viser til at i Innst. 432 S (2021–2022) delte komiteen EOS-utvalet si bekymring om at sakshandsamingstida i klareringssaker hos NSM på nesten alle område hadde gått opp i 2021 samanlikna med 2020. Komiteen føresette i innstillinga at NSM tok grep for å redusere sakshandsamingstida, men sakshandsamingstida både i klareringssaker og i klagesaker i andreinstansen hadde gått opp frå 2021 til 2022. Komiteen støtta i Innst. 456 S (2022–2023) utvalet si vurdering av at det var ei urovekkjande utvikling. Komiteen viste då til statsråd Emilie Mehls skriftlege svar til representanten Nils T. Bjørke den 28. april 2023 om at som ei følge av utviklinga i restansar hadde departementet gjeve NSM eit eige oppdrag om å sette i verk naudsynte prosessar for å få restansane på klagesaker ned, og at sakshandsamingstida for klagehandsaminga burde vere mellom 90 og 120 dagar, og at denne tilstanden skulle vere oppnådd i løpet av sommaren 2023.

Komiteen bad i Innst. 456 S (2022–2023) utvalet vurdere om rapporteringa om sakshandsamingstid i klareringssaker i større grad kan syne utviklinga over tid og dei omstenda som er knytte til borgarane sine rettar, slik som i kva grad forseinkingane er skulda tilhøve ved dei som ber om klarering, eller tilhøve ved handsaminga i tenestene. Komiteen har stor nytte av at utvalet i Dokument 7 (2023–2024) har vist utviklinga av sakshandsamingstida for ulike sakskategoriar frå 2019 til 2023. Komiteen deler utvalet si vurdering av at sakshandsamingstida i NSM sine klagesaker framleis er uakseptabelt lang, og at det er urovekkjande at sakshandsamingstida for negative avgjerder hos FSA og SKM er aukande.

Komiteen viser til at utvalet den 23. januar 2024 har orientert Justis- og beredskapsdepartementet i eige brev om den uakseptabelt lange sakshandsamingstida i klareringssaker, om utfallet av klagesakene utvalet har handsama i 2023, og kritikken frå utvalet. Komiteen viser til at representanten Bjørke i skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Emilie Mehl den 19. april 2024 spurde kva tiltak departementet har sett i verk i etterkant av EOS-utvalet sitt brev. Statsråden skriv i svarbrevet den 25. april 2024:

«Per april 2023 hadde NSM 160 klagesaker til behandling/ i restanse. 22. april 2024 hadde virksomheten 66 saker til behandling. Antall vedtak truffet februar og mars i år er doblet sammenliknet med tidligere måneder. Dette er en positiv utvikling.

Justis – og beredskapsdepartementet følger opp EOS-utvalgets rapport. Saksbehandlingstiden i den spesielle sakstypen representanten sikter til er særlig tema i styringsdialogen med NSM.

NSM har en positiv utvikling i saksbehandlingstiden og har opplyst at de jobber målrettet med nedarbeidelse av restanser. Justis – og beredskapsdepartementet har uttrykt en klar forventing om at NSM når målene for saksbehandlingstid raskt.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Rødt viser til Innst. 456 S (2022–2023):

«Komiteen viser til statsråd Mehls skriftlege svar til representanten Bjørke den 28. april 2023 om at som ei følge av utviklinga i restansar har departementet gjeve NSM eit eige oppdrag om å iverksette naudsynte prosessar for å få restansane på klagesaker ned, og at sakshandsamingstida for klagehandsaminga bør være mellom 90 og 120 dagar, og at denne tilstanden skal vere oppnådd i løpet av sommaren 2023.»

Disse medlemmer merker seg at saksbehandlingstiden for klagebehandling fortsatt er langt over det mål statsråden satte i sitt svar av 28. april 2023. Gjennomsnittlig behandlingstid for klage i første instans er 360 dager og for klage i andre instans 453 dager. Disse medlemmer påpeker at hvis oppdrag gitt av statsråden ikke følges opp, er det statsrådens ansvar at saksbehandlingstiden ikke når målet.

Komiteen legg vekt på at i ljos av det stadig meir alvorlege tryggingspolitiske biletet har samfunnet større trong til klarert personell. Avgjerd om klarering har stor betyding for den som skal klarerast. Det er grunnleggjande at klareringsarbeidet vert gjennomført innan rimeleg tid med god kvalitet og vert opplevd som føreseieleg for dei som søkjer klarering. Komiteen legg til grunn at oppfølginga frå departementet varetek dette.

Komiteen registrerer at EOS-utvalet gjer gode vurderingar av kva risiko som ligg til grunn for kontrollarbeidet, og meiner utvalet har fridom til å prioritere mellom kontrolloppgåvene med utgangspunkt i desse vurderingane.