Søk

Sammendrag

Det blir i meldinga vist til at Datatilsynet og Personvernnemnda er uavhengige forvaltningsorgan som ikkje kan instruerast om behandlinga av einskildsaker eller den faglege verksemda elles. Kvart år sender dei sin årsrapport til departementet, som legg rapportane fram for Stortinget. Rapportane er vedlagde meldinga.

I punkt 1 i meldinga går merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Datatilsynets årsrapport for 2022 fram. I meldinga blir det vist til at Datatilsynet i meldingsåret særleg har prioritert arbeidet med saksbehandling og kontroll (punkt 3.1), regulatorisk sandkasse (punkt 1.1), internasjonalt arbeid (punkt 1.3) og personverntematikk knytt til skule, born og unge (punkt 1.2). I tillegg har Datatilsynet hatt andre vesentlege aktivitetar i 2022, som arbeid med personvernproblemstillingar i arbeidslivet (punkt 1.4) og i justissektoren (punkt 1.5). Det går òg fram at dei har prioritert personverntematikk som har oppstått som følgje av krigen i Ukraina.

Det blir i meldinga vist til at prioriteringane er baserte på desse tre delmåla i hovudstrategien til tilsynet:

  • Å arbeide for ein meir rettferdig maktbalanse mellom individet og kommersielle/offentlege aktørar.

  • Å fremje personvernvenleg digitalisering, innovasjon og utvikling.

  • Å vere eit kompetent, fleksibelt og framtidsretta tilsyn.

Departementet gir sine vurderingar undervegs i kapittelet.

I punkt 2 i meldinga går merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport for 2022 fram. I kapittelet er blant anna følgjande tema omtalte: talet på saker, vedtak og møte, overgangen til personvernforordninga, saksbehandlingstid, vedtak som rettleiing, tema for sakene (m.a. kameraovervaking, sletting av søkjetreff i søkjemotoren Google, arbeidsgjevar sin rett til innsyn i e-postkasse og om rettsleg grunnlag for kredittvurdering), framtidsutsikter (digitalisering, datainnbrot, auka medvit om personvernregelverket og meir kompleksitet) og vurderinga til departementet om arbeidet i nemnda.

I punkt 3 i meldinga er det eit kapittel om administrasjon og ressursar. I punkt 3.1 blir det gitt ein omtale av budsjettet og rammevilkåra til Datatilsynet. Her blir det mellom anna gitt ein omtale av budsjett og bruken av tildelte budsjettmidlar, om leiinga og organiseringa av tilsynet (ny direktør, Line Coll, tiltredde 1. august 2022), om saksmengda og om tema for sakene (bl.a. personvern i kundeforhold, bruk av helseopplysningar, personvern på arbeidsplassen, ulovleg behandling av personopplysningar ved hjelp av digitale system eller tenester). Det går vidare fram at i tillegg til auke i saker blir dei òg stadig meir komplekse og tidkrevjande. Det blir gitt ein omtale av talet på og tema for avviksmeldingar, talet på vedtak og om avgjerder om gebyr og om markant auke i krav om innsyn etter offentleglova og framtidsutsiktene knytte til dette. I punkt 3.2 blir budsjettet og rammevilkåra til Personvernnemnda omhandla. Det blir gitt ein omtale av organiseringa og leiinga av organet, av sekretariatet og om budsjettet og bruken av budsjettmidlane.

I begge desse kapitla vurderer departementet korleis løyvinga er brukt og oppgåvene gjennomførte i 2022.