Søk

Innhold

1. Samandrag

1.1 Del I - Innleiing og utviklingstrekk

1.1.1 Innleiing og samandrag

1.1.1.1 Innleiing – politiske målsetjingar

Det skal førast ein offensiv likestillingspolitikk som gjer at alle blir inkluderte i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. Politikken skal fremje menneskerettane og dermed likeverd, likestilling, medverknad og respekt for det frie valet til den enkelte og skal bidra til å få slutt på diskriminering, ufridom og urettvise.

Personar med utviklingshemming utgjer ei stor og ueinsarta gruppe. Det er store individuelle forskjellar knytte til kor godt personar med utviklingshemming meistrar kvardagen, og kor stort behov dei har for hjelp og assistanse. Folk skal kunne leve frie liv, uavhengig av funksjonsnedsetjing. Ein politikk som vernar om rettane til og løftar marginaliserte grupper, og som sikrar at den enkelte sjølv kan meistre eigne livsutfordringar og leve i tråd med eigne verdiar og interesser, kjem heile samfunnet til gode.

FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) ligg til grunn for politikken. Det er nødvendig å rette ekstra merksemd mot menneskerettssituasjonen for personar med utviklingshemming som kan skape eit sterkare tryggingsnett og ein betre politikk for alle med funksjonsnedsetjing. Meldinga er ein del av oppfølginga av FNs anbefalingar til Noreg om CRPD, og skal bidra til eit løft for menneskerettane til personar med funksjonshemming.

Det er eit mål at meldinga skal bidra til auka debatt og merksemd rundt situasjonen for menneske med utviklingshemming. Meldinga er òg ein del av Noregs oppfølging av FNs berekraftsmål.

Ein viser til kapittel 1.2, der bakgrunnen for meldinga er nærare gjort greie for.

I arbeidet med meldinga har personar med utviklingshemming og representantane deira vore involverte.

Meldinga forklarer det menneskerettslege grunnlaget for politikken for personar med utviklingshemming. Ho utdjupar og konkretiserer kva det menneskerettslege grunnlaget, irekna prinsippa om sjølvråderett, likestilling og deltaking, fordrar på dei ulike menneskerettsområda. Meldinga skal brukast som plattform for ein framtidig politikk der ein ønskjer at tiltak og tenester for personar med funksjonsnedsetting skal vere best mogleg koordinert og samordna. Meldinga bidreg til heilskaplege beskrivingar og analysar av utfordringane på feltet i dag.

Personar med utviklingshemming skal oppleve at dei har dei same rettane og moglegheitene som alle andre i Noreg. Personar med utviklingshemming skal kunne bestemme over sitt eige liv, noe som skal reflekterast tydeleg i lovgjevinga.

Vidare skal meldinga bidra til auka merksemd om rettssituasjonen til personar med utviklingshemming, og at kunnskapen om menneskerettsutfordringar skal auke.

1.1.2 Grunnlaget for politikken: menneskerettane

1.1.2.1 Innleiing

Plikta myndigheitene har til å respektere og sikre menneskerettane, er forankra i Grunnlova. Menneskerettane gjeld for alle, men det er behov for å utdjupe kva menneskerettane inneber for personar med funksjonsnedsetjing, slik at rettane deira kan sikrast på lik linje med andres. FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) er ei erkjenning av dette.

Kapittelet utdjupar og konkretiserer kva det menneskerettslege grunnlaget, irekna prinsippa om sjølvråderett, likestilling og deltaking, fordrar for politikken for personar med funksjonsnedsetjing. Ved å utdjupe og konkretisere det menneskerettslege grunnlaget for politikken gjev meldinga ei tydeleg retning for den framtidige politikken. Kva det menneskerettslege grunnlaget fordrar på dei ulike rettsområda, blir ytterlegare utdjupa og konkretisert i kapittel 5 til 12.

I kapittel 2 blir det gjort nærmere greie for:

  • Menneskerettane er rettar som gjeld alle

  • CRPD og likestillings- og diskrimineringslova

  • Ei menneskerettsleg forståing av utviklingshemming

  • Eit sterkt og velfungerande demokrati

  • Grunnleggjande prinsipp som:

    • Likestilling

    • Sjølvråderetten

    • Deltaking og inkludering som:

      • Ytringsfridom

      • Valdeltaking

    • Forhindre samansett diskriminering, som:

      • Respekt for forskjellar og mangfald

      • Barn med funksjonsnedsetjing

      • Kvinner med funksjonsnedsetjing

      • Innvandrarar med utviklingshemming

    • Universell utforming og tilgjengeleggjering

  • Iverksetjing av og vern om menneskerettane, som:

    • Det nasjonale ansvaret for menneskerettane

    • Statlege verkemiddel for styring, som:

      • Den sentrale rolla kommunane og fylkeskommunane har som utøvar av nasjonal politikk.

1.1.3 Situasjonen i dag – utfordringsbiletet

I kapittel 3 følgjer ein analyse av korleis situasjonen er i dag for personar med utviklingshemming, saman med ei beskriving av tidlegare politikk. Vidare utdjupar kapittelet nokon av dei overordna utfordringane på feltet, og kritikk som har blitt retta mot noverande politikk på enkeltområde.

I kapitlet blir det, i tillegg til eit kort historisk riss, nærare gjort greie for:

  • Behov for meir merksemd om rettane, som:

    • Plikter for offentlege myndigheiter

    • Statistikk og anna systematisk kartlegging

    • Medverknad

    • Kunnskap

  • Behov for rettstryggleik, som:

    • Tolkningsfråsegner

    • Mangelfull praksis og lovbrott

    • Universell utforming av skulebygg

    • Rettstryggleiken

    • Risiko for overgrep

    • Tvang

    • Ein menneskerettsleg inngang til tvangsregelverket

    • Prinsippet om sjølvråderett gjev føringar for førebygginga av og grunngjevinga for tvang

    • Kompetanse i tenestene

    • Tvangslovutvalet

  • Sikring av sjølvråderett, som:

    • Prinsippet om sjølvråderett

    • Verjemål

    • BankID

  • Samordning og einskapleg styring, som:

    • Samordning på tvers av sektorar

    • Koordinering av tenester

    • Regionale forskjellar.

Avslutningsvis i kapittel 3 blir det gjort greie for at det under koronapandemien har vore nødvendig med omfattande og inngripande tiltak, og at mange personar med funksjonsnedsetjing i denne perioden opplevde reduserte eller stengde tilbod og aktivitetar.

1.1.4 Overordna innsatsar

1.1.4.1 Målsetjingar

Det skal førast ein offensiv likestillingspolitikk som gjer at alle blir inkluderte i samfunnet, uavhengig av funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering og etnisitet.

Det skal arbeidast målretta for større mangfald og betre representasjon. Meldinga skal brukast som plattform for ein framtidig politikk der ein ønskjer at tiltak og tenester for personar med utviklingshemming skal vere best mogleg koordinerte og samordna.

Det er ein menneskerett å kunne delta i samfunnslivet, og ein vil derfor styrkje den universelle utforminga på fleire område. Personar med utviklingshemming skal kunne bestemme over eige liv, og dette skal reflekterast tydeleg i lovgjevinga. Personar med utviklingshemming skal oppleve at rettane deira blir infridde, og at dei har same moglegheiter som alle andre i Noreg.

Det er eit mål at meldinga skal bidra til auka merksemd om rettssituasjonen til personar med utviklingshemming, og at kunnskapen om menneskerettsutfordringar skal auke.

Det blir i kapittelet gjort nærare greie for:

  • Bli gjort meir synleg og få meir merksemd, herunder:

    • Menneskerettsseminar og rettleiing om tilrettelegging for deltaking

    • Organisasjonane til funksjonshemja

    • Råd for personar med funksjonsnedsetjingar

    • Valdeltaking

    • Utvikling og innhenting av statistikk

    • Likestillings- og mangfaldsutvalet

    • Rettstryggleik

  • Aktivitets- og utgreiingsplikta, irekna:

    • Auke kunnskapen om CRPD

    • Inkorporering av CRPD i norsk lov

    • Kommunal rapportering og internkontroll

    • Nasjonal strategi for eID

    • Rettleiing om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett

  • Tydeleggjering av sjølvråderett i regelverket, irekna:

    • Verjemålsordninga, om:

      • Ordinært verjemål

      • Tvungent verjemål med avgrensing av rettsleg handleevne

      • Valet av verje

      • nærare om sjølvråderett i verjemåla

Praksis etter tolkningsfråsegna nemnd over viste at det var behov for ytterlegare klargjering av prinsippet om sjølvråderett i verjemåla. Formålet med endringane er først og fremst å tydeleggjere at alminneleg verjemål skal vere eit frivillig støttetiltak. Det er foreslått ei presisering i lova av at verja ikkje kan gjere disposisjonar på vegner av ein person utan samtykkekompetanse i strid med viljen til vedkommande. Omgrepsbruken i regelverket bør òg gje uttrykk for at verjemål er eit støttetiltak som byggjer på kva personen ønskjer og vil.

Det foreslås å tydeleggjere i lova at det ikkje kan opprettast alminneleg verjemål for ein person som ikkje ønskjer det. Vidare foreslås det mellom anna ei tydelegare regulering av at verja i eit alminneleg verjemål ikkje kan handle i strid med viljen til personen. Det foreslås også at nære pårørande skal ha rett til å krevje at ei oppnemnd verje skal bli fråteken vervet dersom personen ikkje sjølv er i stand til å setje fram krav om byte av verje, og at statsforvaltaren skal kunne la vere å underrette nærståande om verjemålssaka dersom personen som saka gjeld, ønskjer det. For å fremje sjølvråderetten foreslås dette også mellom anna å leggje til rette for digitalisering på verjemålsområdet og senke aldersgrensa for når barn har rett til å bli høyrde, til sju års alder.

Det blir i kapittel 4 og gjort greie for tvangsregelverket, irekna Tvangslovutvalet, samt om samordning og einskapleg styring, mellom anna om:

  • Kultur- og likestillingsdepartementets koordineringsansvar

  • Bufdirs koordinerande rolle

  • Samarbeid mellom Helsedirektoratet og Bufdir

  • Handlingsplan for universell utforming

  • Kommunal planlegging

  • Tillitsreform.

1.1.5 Retten til personleg assistanse

1.1.5.1 Målsetjingar

Målet er eit samfunn der alle kan delta og leve eit fritt og sjølvstendig liv. Personar med utviklingshemming skal kunne leve eigne liv og vere ein del av samfunnet på lik linje med andre. For at personar med utviklingshemming skal ha denne moglegheita, har dei rett til ulike støttetenester i eigen heim, personleg assistanse.

Tenesta personleg assistanse er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 3-2. Personleg assistanse omfattar praktisk hjelp, opplæring og støttekontakt.

Den personlege assistansen må støtte opp under retten personen har til å bestemme sjølv. Sjølvråderetten inneber at tilbodet må vere individuelt tilrettelagt, og at tenestemottakaren aktivt har medverka i utarbeidinga av mål og delmål.

Kommunane skal ha tilbod om praktisk hjelp og opplæring organisert som brukarstyrt personleg assistanse. Helse- og omsorgstenestene skal vere fagleg forsvarlege.

Habiliterings- og rehabiliteringstilbodet må styrkjast for å gje folk moglegheiter til å meistre kvardagen og delta i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.

I kapittel 5 blir det gjort nærare greie for:

  • Situasjonen i dag – utfordringsbiletet, irekna:

    • Standardiserte tilbod om personleg assistanse

    • Behov for betre medverknad og innverknad

    • Mangelfull kompetanse i tenestene

    • Behov for betre styring og kontroll med tenesteutøvinga.

1.1.5.2 Innsatsar og tiltak

Kvart enkelt menneske skal ta i bruk ressursane sine og halde ved lag sjølvstenda så langt som mogleg. Målet er eit samfunn der alle kan delta og leve eit fritt og sjølvstendig liv.

Kvar og ein skal kjenne seg trygge på at gode offentleg finansierte helse- og omsorgstenester er der for seg og familien når ein treng det.

Ein vil bidra til å sikre tilstrekkeleg og individuelt tilpassa helseoppfølging, irekna:

  • å følgje opp nasjonal rettleiing om kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming

  • å leggje til rette for utvikling og bruk av digitale løysingar og velferdsteknologi, leggje til rette for å arbeide meir tverrfagleg og få til eit betre samarbeid gjennom samlokalisering og arbeid i team

  • å følgje opp handlingsplanen for allmennlegetenesta

  • å styrkje tilbodet om lindrande behandling og omsorg med å følgje opp Meld. St. 24 (2019–2020) Lindrende behandling og omsorg

  • å følgje opp krava til dei regionale helseføretaka om å gå gjennom ressursane til habiliteringstenesta i sjukehusa og sjå til at dei kan gje tenester i samsvar med rettleiinga frå Helsedirektoratet om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

  • styrkje medverknad og innverknad, irekna

    • å utvikle ei nasjonal brukar- og pårørandeundersøking

  • sikre rett og tilstrekkeleg kompetanse, irekna

    • å bidra til ei berekraftig omsorgsteneste med tilstrekkeleg årsverk med relevant utdanning gjennom Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten. Planen består av ei rekke tiltak og blir følgd opp gjennom Kompetanseløft 2025

    • å følgje opp overfor dei regionale helseføretaka med tanke på behovet for tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i habiliteringstenesta

    • å stimulere til at helse- og omsorgstenestene deler kompetanse seg imellom ved å utvikle og spreie gode modellar for hospitering

    • å styrkje fag- og tenesteutviklinga og kompetansehevinga hos personell som yter tenester til personar med utviklingshemming, ved å støtte arbeidet NAKU gjer på området

    • å leggje til rette for utdanning og etterutdanning av helsearbeidarar

    • å følgje opp Demensplan 2025 ved å føre vidare satsinga på informasjon og kunnskapsformidling om personar med utviklingshemming som utviklar demens, og å følgje opp utfordringa med manglande identifisering og kartlegging av personar med demens

  • leggje til rette for betre leiing, planlegging og styring, irekna

    • å arbeide med gjennomføringa av nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta og styrkje leiarane i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og dei fylkeskommunale tannhelsetenestene

    • å følgje opp lovpålagde samhandlingsavtalar mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta.

I kapittel 5 blir det og gjort nærare greie for:

  • Tilrettelagd personleg assistanse, irekna:

    • Personleg assistanse

    • Dagaktivitetstilbod

    • Rettleiing om kommunale helse- og omsorgstenester

    • Utval om brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

    • Velferdsteknologi.

  • Medverknad og innverknad, herunder brukarinvolvering og bruk av tolk

  • Rett og tilstrekkeleg kompetanse, mellom anna:

    • Kompetanseløft 2025

    • Habiliteringstenesta

    • Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU)

    • Kontinuitet i tenestene.

  • Leiing, planlegging og styring, mellom anna om leiarutdanning, individuell plan og leiing og kvalitetsforbetring.

1.1.6 Retten til bustad

1.1.6.1 Målsetjingar

Alle skal bu godt og trygt. Ein aktiv bustadpolitikk er viktig. Våren 2024 vil det bli lagt fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk.

CRPD artikkel 19 seier at personar med utviklingshemming, og andre som kan ha behov for ulike former for støtte og oppfølgingstenester, ikkje skal måtte bu i ei bestemt buform. Det å kunne velje bustad, og kvar og kven ein skal bu med, er grunnleggjande for å kunne leve eit fritt og sjølvstendig liv og delta i samfunnet. Strategien «Alle trenger et trygt hjem – Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021–2024)», vart lagd fram av regjeringa Solberg hausten 2020 og er vidareført under regjeringa Støre.

Personar med utviklingshemming skal kunne bu i ordinære bumiljø og ha dei same moglegheitene som andre til å leve sjølvstendige og aktive liv.

I kapittel 6 blir det i tillegg til Situasjonen i dag – utfordringsbiletet nærare gjort greie for:

  • Dei bustadsosiale verkemidla

    • Lovverket

    • Bustøtte

    • Startlån

    • Lån til utleigebustader

    • Meirverdiavgiftskompensasjon

  • Vurderingar.

1.1.6.2 Innsatsar og tiltak

Det å kunne velje bustad, kvar og kven ein skal bu med, er grunnleggjande for å kunne leve eit fritt og sjølvstendig liv og delta i samfunnet. Personar med utviklingshemming skal på lik linje med andre kunne velje kor og korleis dei bur. Det er difor viktig å:

  • klargjere ansvaret som kommunane har på det bustadsosiale feltet i ei ny lov

  • hjelpe fleire personar med utviklingshemming frå leige til eige

  • bidra til å auke kunnskapen i kommunane om korleis dei i større grad kan hjelpe personar med utviklingshemming som ønskjer det, slik at dei kan etablere seg i eigd bustad

  • auke kunnskapen om busituasjonen for personar med utviklingshemming.

Det er i kapittel 6 også gjort greie for andre tiltak som:

  • Forslag om ny bustadsosial lov som klargjer ansvaret til kommunane, jf. Prop. 132 L (2021–2022).

  • Hjelpe fleire personar med utviklingshemming til å kjøpe eigen bustad, irekna startlån.

  • Auke kunnskapen om busituasjonen for personar med utviklingshemming.

1.1.7 Retten til utdanning

1.1.7.1 Målsetjingar

Inkluderande fellesskap

Inkludering i barnehage og skule handlar om at alle barn og elevar skal oppleve at dei har ein naturleg plass i fellesskapet. CRPD artikkel 24 seier at menneske med nedsett funksjonsevne har rett til utdanning. Partane skal sikre eit inkluderande utdanningssystem på alle nivå og livslang læring.

Eit overordna mål for kunnskapssektoren er at alle skal setjast i stand til å delta i arbeids- og samfunnsliv.

Alle elevar skal behandlast likeverdig, og ingen skal bli utsette for diskriminering. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsel i skule og samfunn. Barn og unge har ulike føresetnader og lærer i ulikt tempo og på ulike måtar. Barn og elevar med utviklingshemming vil ofte ha behov for varige tiltak, men det kan variere over tid.

Rettar for barn og unge

Barn og unge har rett og plikt til plass i barnehage og grunnskuleopplæring. Elevar som har fullført grunnskulen, har rett til vidaregåande opplæring.

Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve å høyre til i skule og samfunn.

Skulen har plikt til å gje alle elevar tilpassa opplæring. Retten til tilrettelegging, spesialundervisning, transport osv. er knytt til dei konkrete behova eleven har, og er ikkje knytt til diagnose.

Personar med utviklingshemming skal vere inkluderte i det ordinære utdanningssystemet på lik linje med andre. I CRPD står det at retten til utdanning omfattar livslang læring som skal bidra til at respekten for menneskerettane blir styrkt. Retten til utdanning inneber òg at alle menneske med utviklingshemming «får utvikle sin personlighet, sine anlegg og sin kreativitet, så vel som sine psykiske og fysiske evner, fullt ut», og at dei blir i stand til å delta effektivt i samfunnet. Opplæringslova har òg dette siktemålet.

I kapittel 7 blir det gjort greie for:

  • Situasjonen i dag – utfordringsbiletet, mellom anna:

    • Tidleg innsats

    • Læringsmiljøet

    • CRPD-komiteens merknader

    • Nordahl-rapporten – Inkluderende fellesskap for barn og unge

    • NOU 2016:17

    • Rapportar om situasjonen i vidaregåande skule

    • Opplæringslov

    • Det fysiske skulemiljøet.

  • Vurderingar, irekna:

    • Å meistre og bli utfordra

    • Å kunne vere med på å påverke sin eigen barnehage- og skulekvardag

    • Å ha ein god og trygg barnehage- og skulekvardag utan mobbing

    • Fullføringsreforma og vegen vidare.

1.1.7.2 Innsatsar og tiltak

At barnehagen og skulen skaper inkluderande fellesskap er avgjerande for trivselen og meistringa til barn og unge og for å kunne delta i samfunnet seinare i livet. For å klare dette må det fokuserast nærare på å:

  • styrkje kompetansen rundt barna og elevane ved å satse på kompetanseutvikling i barnehagar og skular og i PP-tenesta og på å betre samarbeidet mellom barnehagane, skulane, SFO og det lokale støttesystemet

  • vurdere å endre reglane om PPT i ny opplæringslov for å gjere det tydeleg at PPT skal støtte skulane i det førebyggjande arbeidet og i arbeidet med å setje inn tiltak så raskt som råd er. Tilsvarande endringar vil vurderast for PP-tenesta i barnehagelova.

  • greie ut moglege tiltak for å betre informasjonsoverføringa mellom utdanningsnivåa og tenestene for å gje barn og elevar best moglege overgangar og vurdere å innføre tiltak for å betre samarbeidet mellom ungdomsskulen og den vidaregåande skulen

  • at barn og unge med behov for særskild tilrettelegging skal få eit godt, inkluderande og likeverdig tilbod i skulefritidsordninga (SFO) òg. Inkludering er òg eit eige tema i den nye nasjonale rammeplanen for SFO som vart innført hausten 2021.

  • styrkje tidleg innsats i barnehagen og skulen, mellom anna ved å leggje til rette for fleire spesialpedagogar og annan spesialkompetanse som kan gje barn og elevar rask og ubyråkratisk oppfølging.

I tillegg blir det gjort greie for:

  • Ein meir inkluderande barnehage og skule

  • Laget rundt barna og elevane. Det lokale støttesystemet

  • God kompetanse nær barn og unge med utviklingshemming

  • Meir kunnskap om inkluderande praksis i barnehagar og skular

  • Gode overgangar

  • Digitalisering, herunder digitale læremiddel og universell utforming av IKT

  • Ei skulefritidsordning for alle

  • Fagfornyinga og nytt læreplanverk LK20.

1.1.8 Retten til arbeid

1.1.8.1 Målsetjingar

Alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheita til det. Det skal bli lettare for fleire å delta i opplæring og kompetanseheving. Gjennom CRPD har Noreg forplikta seg til å tryggje og fremje verkeleggjeringa av retten til arbeid for personar med nedsett funksjonsevne.

Det er eit mål at personar med utviklingshemming får høve til å vere i arbeid ut frå dei føresetnadene dei har, på lik linje med andre. Personar med utviklingshemming har ulik arbeidsevne, men med den rette tilrettelegginga kan truleg fleire delta i ordinært arbeidsliv enn det som er tilfellet i dag.

Eit løft i moglegheita personar med utviklingshemming har til å vere i arbeid, vil krevje at verkemiddelbruken ein har i dag, blir forbetra.

Utviklingshemja er ein ressurs, og gjennom ein meiningsfull jobb og meiningsfulle oppgåver kan den enkelte ta i bruk og utvikle ferdigheitene sine og bidra til fellesskapet.

Arbeid er ein viktig sosial arena, og arbeid har mange positive ikkje-økonomiske effektar. Dette kan vere spesielt viktig for mange med funksjonsnedsetjing, som elles risikerer å bli isolerte. Arbeidsdeltakinga speler derfor ei rolle på fleire livsområde og er ein viktig premiss for den generelle samfunnsdeltakinga.

I kapittel 8 blir det under Situasjonen i dag – utfordringsbiletet nærare gjort greie for:

  • Låg sysselsetjingsandel

  • Personar med utviklingshemming i varig tilrettelagt arbeid

  • Behovet for plassar i VTA

  • «Supported Employment» for personar med utviklingshemming

  • Saumlaus overgang frå skule til arbeid.

Når det gjeld vurderingar, er det i kapittel 8 gjort nærare greie for:

  • Arbeidsevnevurdering, uføretrygd og arbeid, irekna verkemiddel og uføretrygd

  • Tilrettelegging for arbeidsdeltaking, irekna ansvarsreforma.

1.1.8.2 Innsatsar og tiltak

Målet er full sysselsetjing. Alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheit til det. Folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er opent og inkluderande.

For å klare dette vil det fokuserast nærare på å:

  • gjennomføre eit forsøk med arbeidsorientert uføretrygd for nye mottakarar av uføretrygd under 30 år. Forsøket skal omfatte unge som gjennom perioden med arbeidsavklaringspengar har fått avklart at dei ikkje har realistisk moglegheit til å få arbeid med ordinære lønnsvilkår

  • evaluere arbeidsmarknadstiltaket arbeidsførebuande trening (AFT)

  • vurdere korleis tiltaket varig tilrettelagt arbeid (VTA) kan utviklast vidare mellom anna gjennom

    • å gjennomføre eit forsøk med tettare oppfølging av deltakarane i varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd

    • å leggje til rette for at deltakarane i varig tilrettelagt arbeid i førehandsgodkjende verksemder kan hospitere i ordinære verksemder, gjennom endring av forskrift om arbeidsmarkedstiltak (gjeldande frå 1.1.23).

Punkta over er nærare gjort greie for i kapittel 8 i meldinga.

1.1.9 Retten til helse

1.1.9.1 Målsetjingar

God helse og livskvalitet i befolkninga og å redusere sosial ulikskap i helse er viktig. Alle skal ha eit likeverdig tilbod om helse- og omsorgstenester uavhengig av diagnose, bustad, personleg økonomi, kjønn, etnisk bakgrunn eller livssituasjonen.

Retten til helse blir slått fast i fleire menneskerettskonvensjonar, som i FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, kvinnekonvensjonen, barnekonvensjonen og CRPD.

Lik rett til helse inneber òg ein rett til dei helse- og omsorgstenestene som ein treng på grunn av funksjonsnedsetjinga si (CRPD artikkel 25). Personar med utviklingshemming har relativt ofte samansette helseproblem, og dei har derfor eit særleg behov for tverrfaglege, koordinerte tenestetilbod med ein heilskapleg tilnærmingsmåte.

Utviklingshemja kan ha vanskar med å identifisere og formidle helsebehovet sitt og å oppsøkje og skaffe seg nødvendig helsehjelp. Det er derfor viktig med eit proaktivt tenesteapparat. For å sikre ein lik rett til helse er det viktig at helsepersonell er merksame på og har kunnskap om situasjonen til utviklingshemja.

Behandlinga i helse- og omsorgstenesta skal skje på grunnlag av fritt og informert samtykke. For å realisere dette vektlegg CRPD artikkel 25 kompetanse, opplæring og iverksetjing av etiske standardar for å auke medvitet i tenestene om menneskerettane, verdigheita, sjølvråderetten og behova til menneske med utviklingshemming. Personar med utviklingshemming skal tilbydast helse- og omsorgstenester så nær heimstaden som mogleg.

Noreg ønskjer å vere ein del av og bidra til det internasjonale arbeidet for inkludering av personar med funksjonsnedsetjing, i tråd med prinsippet om at ingen skal utelatast. Mellom anna blir det bidrege inn i WHO Europas arbeid med oppfølginga av vedteken resolusjon om å sikre høgast oppnåeleg helsestandard for personar med funksjonsnedsetjingar.

I kapittel 9 blir det under Situasjonen i dag – utfordringsbiletet nærare gjort greie for følgjande hovudutfordringar:

  • Behov for betre helseoppfølging, irekna psykiske lidingar og ruslidingar, medisinbruk, tannhelse og fastlegeordninga

  • Behov for betre medverknad og innverknad

  • Behov for auka kompetanse

  • Behov for betre planlegging, styring og kontroll med tenesteutøvinga.

1.1.9.2 Innsatsar og tiltak

Likeverd og likestilling, god helse og livskvalitet i befolkninga er viktig for at alle kan ha ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag.

Kvar og ein skal kjenne seg trygg på at gode offentleg finansierte helse- og omsorgstenester er der når ein treng det.

For å klare dette må det fokuserast nærare på å bidra til å sikre tilstrekkeleg og individuelt tilpassa helseoppfølging, irekna:

  • å følgje opp nasjonal rettleiing om kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming

  • å leggje til rette for utvikling og bruk av digitale løysingar og velferdsteknologi, leggje til rette for å arbeide meir tverrfagleg og få til eit betre samarbeid gjennom samlokalisering og arbeid i team

  • å styrkje allmennlegetenesta for å sikre stabil tilgang til lege for alle

  • å leggje fram ein opptrappingsplan for psykisk helse

  • å leggje fram ei stortingsmelding om ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet

  • å leggje fram ei stortingsmelding om folkehelsepolitikken, der det vil inngå ein nasjonal strategi for å jamne ut sosiale helseforskjellar

  • å styrkje tilbodet om lindrande behandling og omsorg med å følgje opp eiga stortingsmelding lagd fram våren 2020

  • styrkje medverknad og innverknad, irekna

    • å gjennomføre årleg ei nasjonal brukar- og pårørandeundersøking

  • sikre rett og tilstrekkeleg kompetanse, irekna

    • å bidra til ei berekraftig omsorgsteneste med tilstrekkeleg årsverk med relevant utdanning gjennom Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten. Planen består av ei rekke tiltak og blir følgd opp gjennom Kompetanseløft 2025

    • å følgje opp overfor dei regionale helseføretaka med tanke på behovet for tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i habiliteringstenesta

    • å styrkje fag- og tenesteutvikling og kompetanseheving hos personell som yter tenester til personar med utviklingshemming, ved å støtte arbeidet NAKU gjer på området

    • å leggje til rette for utdanning og etterutdanning av helsearbeidarar

    • å følgje opp Demensplan 2025 ved å føre vidare satsinga på informasjon og kunnskapsformidling om personar med utviklingshemming som utviklar demens, og følgje opp utfordringa med manglande identifisering og kartlegging av personar med demens

  • leggje til rette for betre leiing, planlegging og styring, irekna

    • å arbeide med gjennomføringa av nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta og styrkje leiarane i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og dei fylkeskommunale tannhelsetenestene

    • å følgje opp lovpålagde samhandlingsavtalar mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta

    • å følgje opp samhandlingsavtalar mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene og den fylkeskommunale tannhelsetenesta.

I tillegg blir det gjort greie for:

  • Helseoppfølging

  • Medverknad og innverknad

  • Rett og tilstrekkeleg kompetanse

  • Leiing, planlegging og styring.

1.1.10 Retten til vern mot utnytting, vald og misbruk

1.1.10.1 Målsetjingar

Det er viktig å føre ein einskapleg og offensiv politikk, og å prioritere arbeidet med å få slutt på vald og overgrep, valdtekt, tvangsekteskap, negativ sosial kontroll og vald i nære relasjonar, irekna å sikre tryggleik, god rettstryggleik og tilgjengelege tenester.

Dette er alvorleg kriminalitet som vil bli prioritert høgare i heile straffesakskjeda.

I kapittel 10 blir det under Situasjonen i dag – utfordringsbiletet nærare gjort greie for følgjande:

  • Vald og overgrep, irekna lovverk, omfanget, kunnskap:

    • Personar med utviklingshemming er særleg utsette

    • Arbeidet kommunane gjer for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep

    • Personar med utviklingshemming på krisesenter

    • Hatkriminalitet, irekna definisjon og lovverk, og omfang, utfordringar og tiltak og hatytringar.

  • Personar med utviklingshemming i strafferettargangen:

    • Mistenkte og innsette med utviklingshemming

    • Tilrettelagde avhøyr ved Statens barnehus

    • Møte med rettssystem

    • Mangel på rutinar

1.1.10.2 Innsatsar og tiltak

Arbeidet med å kjempe mot vald og overgrep blir prioritert høgt. Personar med utviklingshemming skal ha det same effektive vernet mot vald og overgrep som andre. Det er behov for eit tett samarbeid mellom departementa for å sikre ein einskapleg og samordna politikk.

For å klare dette vil det fokuserast nærare på å:

  • ta vare på utsette og sårbare vaksne gjennom vidareføring og vidareutvikling og implementering av TryggEst

  • auke kompetansen blant tilsette på krisesenter om varetaking av personar med funksjonsnedsetjingar

  • leggje fram eit høyringsnotat med forslag til lovendringar og drøfting av kvalitetsutfordringar i krisesentertilbodet

  • styrkje kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i helse- og omsorgstenesta

  • gjennomføre eit forskingsprosjekt om korleis helse- og omsorgstenestene tek i vare rettane til barn med funksjonsnedsetjingar

  • utgreie førebyggjande lågterskeltiltak til barn og unge som har kognitive funksjonsnedsetjingar og står i fare for å utøve problematisk eller skadeleg seksuell åtferd mot andre barn og unge

  • sikre at foreldre som har behov for å snakke med nokon, får hjelp med ein gong gjennom vidareføring av Foreldresupport – ein lågterskeltelefon for foreldre

  • leggje fram ein opptrappingsplan om vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar

  • vidareføre arbeidet mot hatefulle ytringar

  • arbeide for å sikre at progresjon og tilrettelagde aktivitetar for personar med utviklingshemming som sit i fengsel, blir prioriterte

  • tydeleggjere at tilsynsråd for kriminalomsorga skal føre tilsyn med institusjonar og kommunale bustader der forvaringsdømte gjennomfører lauslating på prøve

  • følgje opp utgreiinga om omsorgsbehov for innsette med utviklingshemming.

Punkta over er nærare gjort greie for i kapittel 10 i meldinga.

1.1.11 Retten til familieliv

1.1.11.1 Målsetjingar

Å arbeide for alle barn og unge sin rett til ein trygg og god oppvekst er prioritert. Målet er å komme tidleg inn med hjelp til familiar som har behov for ekstra støtte, og familiar med barn som har særskilde behov skal få tilpassa støtte.

I kapittel 11 blir det under Situasjonen i dag – utfordringsbiletet nærare gjort greie for følgjande:

  • Rettar

  • Utfordringar med samliv

  • Foreldre med utviklingshemming

  • Foreldre til barn med utviklingshemming

  • Kunnskap om utviklingshemming innan barnevern.

1.1.11.2 Innsatsar og tiltak

Alle barn og unge har rett til ein trygg og god oppvekst. Familiepolitikken skal vere bygd på premissane til familiane og behovet deira.

For å klare dette vil det fokuserast nærare på å:

  • føre vidare arbeidet med heimebasert foreldrerettleiing gjennom Parenting Young Children (PYC) med mål om å styrkje relasjonen og samspelet mellom foreldre og barn

  • halde fram med arbeidet med foreldrerettleiingsprogrammet Hva med oss? og sjå på moglegheita for å lage eit eige tilbod til søsken av barn med funksjonsnedsetjing

  • sikre likeverdig tilgang til International Child Development Programme gjennom stabil implementering

  • sikre retten utviklingshemja har til god seksuell helse gjennom å føre vidare tilbod om kurs i seksuell helse gjennom habiliteringstenestene.

Punkta over er nærare gjort greie for i kapittel 11 i meldinga.

1.1.12 Retten til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar og til trus- og livssynsutøving

1.1.12.1 Målsetjingar

Personar med utviklingshemming har rett til å delta i kulturlivet og i fritids-, fornøyelses- og idrettsaktivitetar på lik linje med andre. Retten til å delta i trus- og livssynsaktivitetar er omfatta av dette. Alle skal kunne delta på disse aktivitetane utan å bli hindra av fysiske forhold, omgjevnader, korleis tenesta er organisert, eller tekniske løysingar.

I kapittel 12 blir det under Situasjonen i dag – utfordringsbiletet nærare gjort greie for følgjande:

  • Tilgang til å delta, irekna innskrenka moglegheit, deltakinga avheng av bemanninga, og ferie og moglegheita til å reise.

    • Deltaking

    • Barn og unge

    • Følgjeperson

  • Idrett

  • Tru og livssyn, irekna trusfridom og utfordringar knytte til trus- og livssynsutøving.

1.1.12.2 Innsatsar og tiltak

Personar med utviklingshemming har rett til å delta i kulturlivet og i fritids-, fornøyelses-, idretts-, trus- og livssynsaktivitetar på lik linje med andre. Arenaene skal vere tilgjengelege for alle, og alle skal kunne delta utan å bli hindra av fysiske forhold, omgivnader, korleis tenesta er organisert, eller tekniske løysingar.

For å klare dette vil det fokuserast nærare på å:

  • arbeide for å fremje at kunst- og kulturlivet, frivilligheita og idretten blir opplevde som inkluderande, mangfaldige og representative, der alle har moglegheita til å delta

  • halde fram med arbeidet for at alle med behov for det kan ta med seg ein følgjeperson på kultur- og fritidsarrangement gjennom å digitalisere følgjepersonbevisordninga

  • arbeide for at alle barn og unge får høve til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre gjennom oppfølging av den fornya Fritidserklæringa frå 2022

  • arbeide for at alle skal ha tilgang til litteratur og bibliotektenester gjennom å gjere tilbodet frå NLB meir kjent

  • støtte opp om Leser søker boks arbeid for å sikre at alle skal ha tilgang til bøker

  • prøve ut alternative turnusordningar

  • fortsette arbeidet med tilrettelegging for livssynsutøving i helse- og omsorgstenestene.

Punkta over er nærare gjort greie for i kapittel 12 i meldinga.

1.1.13 Økonomiske og administrative konsekvensar

Oppfølginga av stortingsmeldinga vil følgje dei fastlagde prinsippa for oppgåvedeling mellom departementa og vil bli handtert innanfor gjeldande budsjettrammer.