1.1.1.1 Innleiing – politiske målsetjingar
Det skal førast ein
offensiv likestillingspolitikk som gjer at alle blir inkluderte
i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne
og etnisitet. Politikken skal fremje menneskerettane og dermed likeverd,
likestilling, medverknad og respekt for det frie valet til den enkelte
og skal bidra til å få slutt på diskriminering, ufridom og urettvise.
Personar med utviklingshemming
utgjer ei stor og ueinsarta gruppe. Det er store individuelle forskjellar knytte
til kor godt personar med utviklingshemming meistrar kvardagen,
og kor stort behov dei har for hjelp og assistanse. Folk skal kunne
leve frie liv, uavhengig av funksjonsnedsetjing. Ein politikk som
vernar om rettane til og løftar marginaliserte grupper, og som sikrar
at den enkelte sjølv kan meistre eigne livsutfordringar og leve
i tråd med eigne verdiar og interesser, kjem heile samfunnet til
gode.
FN-konvensjonen om
rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) ligg til grunn
for politikken. Det er nødvendig å rette ekstra merksemd mot menneskerettssituasjonen
for personar med utviklingshemming som kan skape eit sterkare tryggingsnett
og ein betre politikk for alle med funksjonsnedsetjing. Meldinga
er ein del av oppfølginga av FNs anbefalingar til Noreg om CRPD,
og skal bidra til eit løft for menneskerettane til personar med
funksjonshemming.
Det er eit mål at
meldinga skal bidra til auka debatt og merksemd rundt situasjonen
for menneske med utviklingshemming. Meldinga er òg ein del av Noregs oppfølging
av FNs berekraftsmål.
Ein viser til kapittel
1.2, der bakgrunnen for meldinga er nærare gjort greie for.
I arbeidet med meldinga
har personar med utviklingshemming og representantane deira vore
involverte.
Meldinga forklarer
det menneskerettslege grunnlaget for politikken for personar med
utviklingshemming. Ho utdjupar og konkretiserer kva det menneskerettslege
grunnlaget, irekna prinsippa om sjølvråderett, likestilling og deltaking,
fordrar på dei ulike menneskerettsområda. Meldinga skal brukast
som plattform for ein framtidig politikk der ein ønskjer at tiltak
og tenester for personar med funksjonsnedsetting skal vere best mogleg
koordinert og samordna. Meldinga bidreg til heilskaplege beskrivingar
og analysar av utfordringane på feltet i dag.
Personar med utviklingshemming
skal oppleve at dei har dei same rettane og moglegheitene som alle andre
i Noreg. Personar med utviklingshemming skal kunne bestemme over
sitt eige liv, noe som skal reflekterast tydeleg i lovgjevinga.
Vidare skal meldinga
bidra til auka merksemd om rettssituasjonen til personar med utviklingshemming, og
at kunnskapen om menneskerettsutfordringar skal auke.