Representantforslag
120 S (2018–2019) om at mållova skal gjelde for studentsamskipnader
Studentsamskipnader
er teneste- og velferdsleverandør for eit stort mangfald av studentar
ved dei ulike lærestadane. Dei fleste utdanningsinstitusjonane rekrutterer
studentar frå heile landet, og det skapar også eit språkleg mangfald.
Men det følgjer klart av studentsamskipnadslova at mållova ikkje
gjeld for studentsamskipnadene. I studentsamskipnadslova § 11 første punktum
om forholdet til anna lovgiving heiter det:
"Forvaltningsloven,
arkivloven og lov om målbruk i offentlig teneste gjelder ikke for
studentsamskipnadene."
Unntaket for mållova
vart lovfesta i studentsamskipnadslova i 2012. I forarbeida til
lovendringa, Prop. 92 L (2011–2012) punkt 9.2, heiter det:
"I lov om målbruk om offentleg teneste
§ 1 står det at: "Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og
skal sikre jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune
og kommune. Når privat rettssubjekt gjer vedtak eller gjev føresegn
på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, skal det i denne
samanhengen reknast for slikt organ."
Etter departementets vurdering fatter
ikke studentsamskipnadene vedtak på vegne av departementet, og skal
dermed ikke omfattes av denne loven."
Lovfestinga var ei
kodifisering av det som allereie var gjeldande rett på området,
og møtte ikkje motbør i høyringa. Under Stortinget si handsaming
fekk det tilslutnad frå alle partia på Stortinget.
I Ot. prop. nr. 52
(1978–1979) om mållova, sitert ovanfor, heiter det om § 1 i mållova
at denne lovføresegna tek utgangspunkt i det generelle verkeområdet
til forvaltningslova. Forvaltningslova gjeld for eitkvart organ
for stat eller kommune og private rettssubjekt som gjer enkeltvedtak
eller utferdar forskrifter.
Studentsamskipnadene
fell, som eg ovanfor har gjort greie for, utanfor verkeområdet til
både forvaltningslova og mållova. Ei oppheving av unntaket i studentsamskipnadslova
vil heller ikkje i seg sjølv føre til at studentsamskipnader fell
inn under verkeområdet til mållova. Som forslagsstillarane er inne
på, finst det likevel døme på særlovsselskap som er underlagde mållova utan
at dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrifter.
Kulturministeren
har varsla at Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei heilskapleg
språklov og ei ny stortingsmelding om språk. Lovforslaget og meldinga
skal etter planen leggjast fram for Stortinget våren 2020. Dette
er ei oppfølging av Granavoll-plattforma om å "fremje forslag om
ei ny heilskapleg språklov som fører vidare prinsippa i lovverket
i dag knytt til jamstilte målformer, teiknspråk og minoritetsspråk".
KD meiner det vil vere naturleg å vurdere om den særlege lovreguleringa
i vår sektor passar inn i overordna lovgjeving på språkområdet først
etter at Stortinget har hatt høve til å handsame den heilskaplege
språkpolitikken.