Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Kari-Anne Opsal, Nina Sandberg og Torstein Tvedt Solberg, frå Høgre, Kent Gudmundsen, Turid Kristensen, Marianne Synnes og Mathilde Tybring-Gjedde, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og leiaren Roy Steffensen, frå Senterpartiet, Marit Arnstad og Marit Knutsdatter Strand, frå Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, frå Venstre, Guri Melby, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, viser til representantforslaget. Forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø har uttalt seg om forslaget i brev til komiteen av 7. mai 2019. Brevet følgjer som vedlegg til innstillinga.

Det har kome inn eitt skriftleg høyringsinnspel frå Samskipnadsrådet.

Komiteen vil vise til lov om målbruk i offentleg teneste (mållova), som slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ i stat, fylkeskommune og kommune. Noreg er eit lite språkområde, og det norske språket er under eit konstant press. Det er difor naudsynt med ein offensiv språkpolitikk. Komiteen er kjend med at regjeringa har sett i gang eit arbeid med ei heilskapleg språklov og ei ny stortingsmelding om språk, og ser fram til at desse skal leggjast fram for Stortinget våren 2020. I dette arbeidet er komiteen oppteken av det verdfulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar. Nynorsk og bokmål er formelt jamstilte, men reelt sett har nynorsk vanskelegare vilkår enn bokmål. Reglane for språkleg jamstilling må difor følgjast opp med konkrete tiltak.

Komiteen vil vidare vise til dei pålegga offentleg sektor har i samband med å sikre at folk får svar på eiga målform, og dei måla som er sette for kor stor del av informasjon frå statlege instansar som skal vere på kvar målform. Det er viktig å følgje opp at desse vert nådde. Komiteen støttar difor intensjonen i representantforslaget og meiner at regjeringa i utarbeidinga av det komande forslaget om ei heilskapleg språkmelding bør greie ut om studentsamskipnadane skal vere omfatta av mållova.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, understrekar at det er viktig at dei to norske målformene er jamstilte, slik det går fram av mållova. Mållova gjeld for stat, fylkeskommune og kommune, og for private rettssubjekt som gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av desse. Det betyr at det skal vera mogeleg og enkelt å bruka hovudmålet sitt gjennom heile utdanningsløpet. Samstundes anerkjenner fleirtalet at det er ei utfordring at mange vel å byte målform når dei byrjar å studera.

Fleirtalet meiner at det bør leggjast aktivt til rette for at båe målformene er levande og i bruk. Det føreset at det finst eit språkleg mangfald i tekst, også i det som ikkje vert ramma av mållova – som mange medium og litteratur. Ei målform kan ikkje haldast i live av ei lov aleine, det krev også medvit hos brukarane og hos dei som produserer ulike former for norsk tekst. Det bør oppmuntrast til språkleg mangfald, også der det ikkje er eit juridisk krav.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, meiner ikkje det er naturleg at studentsamskipnadane vert lagde under mållova slik ho er i dag. Dei gjer ikkje vedtak eller gjev føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, og dei kan ikkje instruerast av eit departement. Det er heller ikkje naturleg å jamstille studentsamskipnadane med offentlege organ, all den tid dei i hovudsak er finanserte av studentane sjølve. Fleirtalet er likevel positive til at nokre samskipnadar nyttar nynorsk eller båe målformer allereie i dag, og vil oppmuntre fleire til å gjera det same.

Fleirtalet ser fram til regjeringa sitt komande forslag om ei heilskapleg språkmelding som skal leggjast fram for Stortinget våren 2020, og meiner det er føremålstenleg at mållova og dei unnataka som finst i dag, vert gjennomgåtte i samband med dette. Studentsamskipnadane bør takast med i vurderinga.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er kjende med at berre to av fjorten studentsamskipnadar brukar noko nynorsk i dag. Desse medlemene viser til at studentsamskipnadane er synlege i studiekvardagen gjennom at dei driv barnehagar, kafear, treningssenter og leiger ut studentbustadar. Om studentsamskipnadane var plikta til å fylgje mållova, ville det ført til meir nynorsk i kvardagen på studiestadane og gje studentane fleire språklege rettar. Til dømes vil det føre til at studentsamskipnadane må svara på nynorsk om dei vert kontakta på nynorsk, at ulike skjema, som til dømes husleigekontraktar, må vera på begge skriftspråka, og at samskipnadane skal bruka minst 25 pst. nynorsk i skilting, på nettsida og på sosiale medium.

Desse medlemene meiner at studentsamskipnadane er til for studentar frå heile landet, både nynorsk- og bokmålsbrukarar. Difor er det eit problem at studentsamskipnadane mest berre brukar bokmål. Desse medlemene meiner difor at studentsamskipnadane lyt fylgje mållova, og at ei lovendring vil gjera det lettare å vera ung nynorskbrukar.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å endra § 11 i studentsamskipnadslova slik at samskipnadane vert underlagde mållova, eller på anna vis sikra at studentsamskipnadane vert plikta til å bruke både nynorsk og bokmål.»