Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jorodd Asphjell, Kari-Anne Opsal, Nina Sandberg og Torstein Tvedt
Solberg, frå Høgre, Kent Gudmundsen, Turid Kristensen, Marianne
Synnes og Mathilde Tybring-Gjedde, frå Framstegspartiet, Carl I.
Hagen og leiaren Roy Steffensen, frå Senterpartiet, Marit Arnstad
og Marit Knutsdatter Strand, frå Sosialistisk Venstreparti, Mona
Fagerås, frå Venstre, Guri Melby, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans
Fredrik Grøvan, viser til representantforslaget. Forskings-
og høgre utdanningsminister Iselin Nybø har uttalt seg om forslaget
i brev til komiteen av 7. mai 2019. Brevet følgjer som vedlegg til
innstillinga.
Det har kome inn
eitt skriftleg høyringsinnspel frå Samskipnadsrådet.
Komiteen vil vise til lov om
målbruk i offentleg teneste (mållova), som slår fast at bokmål og
nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i
alle organ i stat, fylkeskommune og kommune. Noreg er eit lite språkområde,
og det norske språket er under eit konstant press. Det er difor
naudsynt med ein offensiv språkpolitikk. Komiteen er kjend med at regjeringa
har sett i gang eit arbeid med ei heilskapleg språklov og ei ny
stortingsmelding om språk, og ser fram til at desse skal leggjast
fram for Stortinget våren 2020. I dette arbeidet er komiteen oppteken
av det verdfulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar. Nynorsk
og bokmål er formelt jamstilte, men reelt sett har nynorsk vanskelegare
vilkår enn bokmål. Reglane for språkleg jamstilling må difor følgjast
opp med konkrete tiltak.
Komiteen vil vidare vise til
dei pålegga offentleg sektor har i samband med å sikre at folk får
svar på eiga målform, og dei måla som er sette for kor stor del
av informasjon frå statlege instansar som skal vere på kvar målform.
Det er viktig å følgje opp at desse vert nådde. Komiteen støttar difor intensjonen
i representantforslaget og meiner at regjeringa i utarbeidinga av
det komande forslaget om ei heilskapleg språkmelding bør greie ut
om studentsamskipnadane skal vere omfatta av mållova.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre
og Kristeleg Folkeparti, understrekar at det er viktig at
dei to norske målformene er jamstilte, slik det går fram av mållova.
Mållova gjeld for stat, fylkeskommune og kommune, og for private
rettssubjekt som gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av desse. Det
betyr at det skal vera mogeleg og enkelt å bruka hovudmålet sitt
gjennom heile utdanningsløpet. Samstundes anerkjenner fleirtalet at
det er ei utfordring at mange vel å byte målform når dei byrjar
å studera.
Fleirtalet meiner at det bør
leggjast aktivt til rette for at båe målformene er levande og i
bruk. Det føreset at det finst eit språkleg mangfald i tekst, også
i det som ikkje vert ramma av mållova – som mange medium og litteratur.
Ei målform kan ikkje haldast i live av ei lov aleine, det krev også
medvit hos brukarane og hos dei som produserer ulike former for
norsk tekst. Det bør oppmuntrast til språkleg mangfald, også der
det ikkje er eit juridisk krav.
Eit anna fleirtal,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti,
meiner ikkje det er naturleg at studentsamskipnadane vert lagde
under mållova slik ho er i dag. Dei gjer ikkje vedtak eller gjev
føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, og dei
kan ikkje instruerast av eit departement. Det er heller ikkje naturleg
å jamstille studentsamskipnadane med offentlege organ, all den tid
dei i hovudsak er finanserte av studentane sjølve. Fleirtalet er likevel positive
til at nokre samskipnadar nyttar nynorsk eller båe målformer allereie
i dag, og vil oppmuntre fleire til å gjera det same.
Fleirtalet ser fram til regjeringa
sitt komande forslag om ei heilskapleg språkmelding som skal leggjast fram
for Stortinget våren 2020, og meiner det er føremålstenleg at mållova
og dei unnataka som finst i dag, vert gjennomgåtte i samband med
dette. Studentsamskipnadane bør takast med i vurderinga.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er kjende med at
berre to av fjorten studentsamskipnadar brukar noko nynorsk i dag. Desse medlemene viser
til at studentsamskipnadane er synlege i studiekvardagen gjennom
at dei driv barnehagar, kafear, treningssenter og leiger ut studentbustadar.
Om studentsamskipnadane var plikta til å fylgje mållova, ville det
ført til meir nynorsk i kvardagen på studiestadane og gje studentane fleire
språklege rettar. Til dømes vil det føre til at studentsamskipnadane
må svara på nynorsk om dei vert kontakta på nynorsk, at ulike skjema,
som til dømes husleigekontraktar, må vera på begge skriftspråka,
og at samskipnadane skal bruka minst 25 pst. nynorsk i skilting,
på nettsida og på sosiale medium.
Desse medlemene meiner at studentsamskipnadane
er til for studentar frå heile landet, både nynorsk- og bokmålsbrukarar.
Difor er det eit problem at studentsamskipnadane mest berre brukar
bokmål. Desse medlemene meiner
difor at studentsamskipnadane lyt fylgje mållova, og at ei lovendring
vil gjera det lettare å vera ung nynorskbrukar.
Desse medlemene fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa fremje forslag om å endra § 11 i studentsamskipnadslova
slik at samskipnadane vert underlagde mållova, eller på anna vis
sikra at studentsamskipnadane vert plikta til å bruke både nynorsk
og bokmål.»