13.1 Sammendrag
Lov 9. desember
2016 nr. 88 om folkeregistrering tok til å gjelde 1. oktober 2017.
Med den nye lova må heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret
som er omfatta av teieplikt, stå i regelverket som gjeld for dei
ulike saksområda. Vedtak om utlevering av opplysningar etter tidlegare
folkeregisterlov gjeld likevel fram til eitt år etter at den nye
lova tok til å gjelde. Dersom tilgangen til opplysningar som er
omfatta av teieplikt, skal vidareførast, må ny lovheimel vere på plass
før dette. Dette er det gjort greie for i Prop. 164 L (2015–2016)
Lov om folkeregistrering, sjå særleg kap. 18 (punkt 18.4.4) og kap.
23. Samstundes med at ny folkeregisterlov vart vedteke, vart det
difor vedteke endringar i ei rekkje lover for å sikre framleis tilgang
til opplysningar underlagde teieplikt.
I samråd med Kunnskapsdepartementet,
Arbeids- og sosialdepartementet, Utanriksdepartementet, Barne- og
likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet
og Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår Finansdepartementet
å gjere enkelte lovendringar som er naudsynte for å sikre framleis
tilgang til opplysningar som er omfatta av teieplikt i folkeregisterloven,
og som ikkje vart gjorde då folkeregisterloven vart fremja. Vurderingane av
behovet for slik heimel er gjort i dei einskilde departementa, og
vert fremja samla her av praktiske omsyn. Finansdepartementet foreslår
òg endringar i skatteforvaltningsloven og a-opplysningsloven for
å klårgjere at skattemyndigheitene framleis har tilgang til opplysningar
frå Folkeregisteret når dei utfører oppgåver etter desse lovene.
Dei foreslåtte lovendringane
er alle ei vidareføring av gjeldande rett og teknisk oppfølging
av ny folkeregisterlov, jf. omtale i nemnde proposisjon. Departementa har
difor lagt til grunn at det openbert ikkje er naudsynt å sende desse
framlegga på allmenn høyring, jf. punkt 3-3 i utgreiingsinstruksen.
Departementa har
vidare lagt til grunn at endringane er ei vidareføring av gjeldande
rett og difor ikkje får økonomiske eller administrative konsekvensar.
Departementet foreslår
heimlar i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å vidareføre
offentlege styresmakter sin tilgang til dei opplysningane frå Folkeregisteret
som er naudsynte for å utføre oppgåver etter desse lovene.
Departementet foreslår
endringar i lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonstrygd for
sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskere og lov om sosiale tjenester i
arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven). Formålet
med endringane er å sikre tilgang til Folkeregisteret for visse
etatar m.m. under Arbeids- og sosialdepartementet.
Departementet gjer
framlegg om endringar i utenrikstjenesteloven for å sikre utanrikstenesta
(Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane) naudsynt lovheimel
for å innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikta,
jf. folkeregisterloven § 10-2 første leddet.
Departementet foreslår
endringar i lov om utenlandske skilsmisser, barnelova, ekteskapslova
og gjeldsordningsloven. For å kunne utføre oppgåvene dei er pålagde,
treng offentlege styresmakter enkelte opplysningar frå Folkeregisteret
som er omfatta av teieplikt etter folkeregisterloven. Formålet med
dei foreslåtte lovendringane er å vidareføre den moglegheita offentlege myndigheiter
i dag har til å hente opplysningar som er omfatta av teieplikt,
frå Folkeregisteret. Dette gjeld til dømes opplysningar om sivilstand,
ektefelle, barn og foreldreansvar, som dei fram til no har hatt
tilgang til etter den tidlegare folkeregisterloven.
Norsk pasientskadeerstatning
(NPE) og klageinstansen Pasientskadenemnda treng tilgang til opplysningar
som er underlagt teieplikt i Folkeregisteret. Opplysningane vert
nytta til å behandle krav om erstatning for pasientskadar etter
pasientskadeloven. Det gjeld opplysningar om foreldre, barn og ektefelle
eller registrert partnar, og særleg i saker der pasienten er død
og det er naudsynt å finne ut kven som er rett person til å tre
inn i kravet, eller kven som har rett til å fremje søknad om erstatning.
Det kan òg vere aktuelt å be om opplysningar om foreldreansvar,
elektronisk kontaktinformasjon og kontaktopplysningar for dødsbu.
Norsk pasientskadeerstatning
og Pasientskadenemnda har i dag tilgang til opplysningane med grunnlag
i vedtak. Framlegget om å ta inn ein ny § 10 a i pasientskadeloven
som sikrar naudsynt lovheimel for å innhente opplysningar frå Folkeregisteret
utan hinder av teieplikta, fører vidare denne tilgangen.
Det vert vist til
framlegg om ny § 10 a i pasientskadeloven.
Departementet gjer
framlegg til endring i lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon
og gravferd (gravferdsloven). Lova vert foreslått endra slik at
kyrkjelege fellesråd og kommunar får heimel i lova for framleis
å kunne innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av
teieplikt når dette er naudsynt for å utøve pliktene dei har etter
gravferdsloven, jf. folkeregisterloven § 10-2.
Det vert gjort framlegg
til endringar i lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner (eierseksjonsloven)
og lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).
Dei to lovene vert foreslått endra slik at kommunen får heimel i
lov for framleis å kunne innhente opplysningar frå Folkeregisteret
utan hinder av teieplikt når dette er naudsynt for å utøve pliktene
dei har etter eierseksjonsloven og matrikkellova, jf. folkeregisterloven
§ 10-2. Det same gjeld for Kartverket som sentral matrikkelstyresmakt.
I samband med ny
folkeregisterlov vart det teke inn ein heimel i skatteforvaltningsloven
§ 10-5 andre ledd bokstav i om at folkeregisterstyresmakta etter
krav frå skattestyresmaktene skal gje dei opplysningane som er naudsynte
for skattestyresmaktenes fastsetting av skatt. Heimelen er plassert
i skatteforvaltningsloven kapittel 10 om kontroll. Etter ei fornya
vurdering har departementet kome til at heimelen høyrer betre heime
i kapittel 7 om opplysningsplikta til tredjepartar. Departementet
foreslår difor ein ny heimel i skatteforvaltningsloven § 7-9 nytt
tredje ledd om at skattestyresmaktene utan hinder av teieplikt skal
ha tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er naudsynte
for fastsetting av skatt. Skatteforvaltningsloven § 10-5 andre ledd
bokstav i vert foreslått oppheva. Forslaget inneber ei vidareføring
av den tilgangen til Folkeregisteret skattestyresmaktene har i dag.