Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2017. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2017 blei vedtatt.
På grunn av den komplekse samansettinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å legge til rette for god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama, samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er opptatt av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering blir handsama.
Omgrupperingsproposisjonen for 2017 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2017 og tilbakelevering av midlar til statskassa. Totalt utgjer omgrupperinga for 2017 ei auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 103,357 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt samt å godkjenne eit nytt prosjekt med ei investeringsfullmakt.
Det er knytt investeringsprosjekt i eigedom, bygg og anlegg til kjøp av nye kampfly. Grunna endringar i framdrifta ved utbygginga på Ørland foreslår Forsvarsdepartementet ei tilbakeføring av midlertidig styrking som blei gitt i budsjettet for 2017. Endringane gjeld primært justeringar i framdriftsplanane for hangaretableringa, og det planleggast nå å bygge hangarane i fase med at flya kjem til Noreg. Denne endringa i framdriftsplanen er nødvendig av tryggingsmessige grunnar, i tillegg til ei ny vurdering av tidspunkta for når dei enkelte fasilitetane må være ferdige. Ved å forskyve den midlertidige styrkinga oppnår Forsvarsdepartementet ein utbetalingsplan som kjem i fase med utbyggingstakta. Forsvarsdepartementet ønskjer ein ryddig prosess knytt til bruken av dei midlertidige styrkingane, og vurderer tilbakeføringa som den beste løysinga. Det understrekast at endringar i framdrifta ved utbygginga på Ørland medfører at behov for desse midlane vil oppstå på eit seinare tidspunkt. Forsvarsdepartementet ønskjer å disponera den midlertidige styrkinga etter 2019.
Det er på denne bakgrunnen foreslått at forsvarsramma på kap. 1761 post 47 blir redusert med 368,8 mill. kroner i 2017.
Statens pensjonskasse (SPK) forvaltar den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar som følge av deltaking i operasjonar i utlandet. Basert på ei analyse av historiske data for kompensasjonsordninga og ei kvalitativ vurdering av saksportefølja forventar SPK at utbetalingane for 2017 vil kome på om lag 55 mill. kroner. Dette beløpet er monaleg lågare enn det som er disponibelt på posten for 2017, og Forsvarsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten.
Det er på denne bakgrunnen foreslått at forsvarsramma på 1700 post 21 blir redusert med 100 mill. kroner i 2017.
Hæren sitt eksisterande artillerisystem av typen M109G blei skaffa på slutten av 1960-talet. Skytsa er vedlikehaldskrevjande, lite fleksible og mindre effektive grunna mellom anna kort rekkevidde. Det er undervegs gjort mindre oppgraderingar for å halde kapasiteten operativ, samstundes som det er gjennomført ei avgrensa levetidsforlenging. Utan ei fornying av artillerisystema no vil kapasiteten innan få år bli svekka. Det er såleis behov for å skaffe eit moderne, effektivt artillerisystem til erstatning for det aldrande systemet.
Allereie ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 370 (2008–2009) om St.prp. nr. 70 (2008–2009) blei det vedtatt å skaffe 24 sjølvdrivne artilleriskyts med system for ammunisjonshandtering, logistikk og ei viss mengd ammunisjon. Dei nye skytsa skulle erstatte M109-skytsa, og anskaffinga blei planlagd gjennomført i samarbeid med Sverige. Leveransane skulle ha blitt avslutta i 2013. Grunna mellom anna store forseinkingar og tekniske utfordringar vedtok regjeringa i desember 2013 å terminere kontrakten med den svenske leverandøren. I etterkant av denne avgjersla blei det sett i gong eit nytt prosjekt for å skaffa eit anna artillerisystem.
Prosjektet skal skaffe 24 artilleriskyts med tilhøyrande ammunisjonskøyretøy, punktmålsammunisjon, røykammunisjon og materiell for utdanning og logistikk. Leveringa er planlagt å finne stad innan 2024.
Det nye systemet må ha evne til å levere eldstøtte på avstandar over 40 km og kunne gje støtte til operasjonar nasjonalt og internasjonalt på ein effektiv og sikker måte ved at systemet si operative tilgjengelegheit blir auka samanlikna med det eksisterande systemet.
Anskaffinga av det nye systemet har vore underlagt konkurranse mellom fleire leverandørar. Basert på innkomne tilbod blei det gjennomført omfattande vintertesting av skyts frå fire forskjellige leverandørar i 2016. Det er no gjennomført kontraktforhandlingar, og ei tilråding om val av leverandør er mottatt i Forsvarsdepartementet.
I Prop. 2 S (2017–2018) – Vidareutviklinga av Hæren og Heimevernet er det vist til at røyrartilleri er ein viktig kapasitet for landmakta uavhengig av konseptuell innretting, og at regjeringa vil kome attende til Stortinget med ei sak om kjøp av nytt artilleri i haustsesjonen 2017.
I samband med kjøpet vil det bli stilt krav om at det blir inngått ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten blir signert. Avtala om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten. Forsvarsdepartementet vil følgje nøye opp at avtala blir oppfylt.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Forsvarsdepartementet vil følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 3 193 mill. 2017-kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 2 900 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2017, midlar overførte frå 2016 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2017.
Disponible midlar på utgiftssida, før omgruppering 2017, kjem fram slik (i 1 000-kroner):
|
Saldert budsjett for 2017 |
51 248 190 |
|
Innst. 401 S (2016–2017) om Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 (RNB) |
735 782 |
|
Innst. 492 S (2016–2017) om Prop. 139 S (2016–2017) Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap» (Soldatproposisjonen) |
8 009 |
|
Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2017 |
159 978 |
|
= Løyvingar før omgrupperinga |
52 151 959 |
|
+ Midlar overførte frå 2016 |
1 780 188 |
|
= Disponible midlar i 2017 før omgrupperinga |
53 932 147 |
Løyvingar på inntektssida, før omgruppering 2017, kjem fram slik (i 1 000-kroner):
|
Saldert budsjett for 2017 |
5 050 241 |
|
Innst. 401 S (2016–2017) om Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 (RNB) |
622 209 |
|
= Løyvingar før omgrupperinga |
5 672 450 |
I høve til saldert budsjett for 2017, med endringane gjort av Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2017, er det ei meirinntekt på 572,157 mill. kroner. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt i Innst. 7 S (2016–2017) om Prop. 1 S (2016–2017) under romartalsvedtak II.0020
Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj i proposisjonen.
Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2017.
Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000-kroner):
|
Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida |
572 157 |
|
Tilbakelevering av midlar til statskassa |
-468 800 |
|
= Sum behov ved omgrupperinga |
103 357 |
|
+ Løyvingar før omgrupperinga |
52 151 959 |
|
= Løyvingar etter omgrupperinga |
52 255 316 |
|
+ Midlar overførte frå 2016 |
1 780 188 |
|
= Samla disponible midlar i 2017 etter omgrupperinga |
54 035 504 |
Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000-kroner):
|
Meirinntekter i omgrupperinga |
572 157 |
|
+ Løyvingar før omgrupperinga |
5 672 450 |
|
= Løyvingar etter omgrupperinga |
6 244 607 |
På bakgrunn av dette foreslår regjeringa under forslag til vedtak at utgiftsramma blir auka med 103,357 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 572,157 mill. kroner.
Det er foreslått auke i bestillingsfullmakter i 2017 for kap. 1740 post 1 med 30 mill. kroner, frå 1 160 mill. kroner til 1 190 mill. kroner. Auken er knytt til bestillingar for styrking av vedlikehald, reservedelar og beredskapsbehaldningar.
Forsvarsdepartementet foreslår at Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2017 kan starta opp eit nytt investeringsprosjekt som er omtala tidlegare i dette dokumentet, innanfor den kostnadsramma som der er omtalt.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anniken Huitfeldt, Kjell-Idar Juvik, Martin Kolberg, Marianne Marthinsen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Hårek Elvenes, Monica Carmen Gåsvatn Trond Helleland og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi, Christian Tybring-Gjedde og Kristian P. Wilsgård, fra Senterpartiet, Steinar Ness, fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, fra Venstre, Abid Q. Raja, og fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, viser til den fremlagte proposisjonen, der det søkes å skape samsvar mellom bevilgninger på kapittel og post og endrede budsjettforutsetninger siden forsvarsbudsjettet for 2017 ble vedtatt.
Komiteen understreker at omgrupperingsproposisjonen er et nødvendig verktøy for å sikre fortsatt god økonomistyring i forsvarssektoren, og at dette sammen med effektiviseringskrav som tilbakeføres til prioritert virksomhet i forsvarssektoren, har inngått som en nødvendig økonomisk planforutsetning for å kunne finansiere regjeringens og Stortingets ambisjoner for forsvarssektoren. Omgrupperingsproposisjonen for 2017 tar for seg nødvendige budsjettekniske endringer. I tillegg kommer forslag om merinntekter for 2017 og tilbakelevering av midler til statskassen. Totalt utgjør omgrupperingen for 2017 en økning i bevilgningene til Forsvarsdepartementet på 103,357 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringen en økning i en bestillingsfullmakt samt å godkjenne et nytt prosjekt med en investeringsfullmakt.
Komiteen merker seg at grunnet endringer i fremdriften ved utbyggingen på Ørland foreslår Forsvarsdepartementet en tilbakeføring av midlertidig styrking som blei gitt i budsjettet for 2017. Endringene gjelder primært justeringer i fremdriftsplanene for hangaretableringen, og det planlegges nå å bygge hangarene i fase med at flyene kommer til Norge. Komiteen noterer at det understrekes at endringer i fremdriften ved utbyggingen på Ørland medfører at behov for disse midlene vil oppstå på et seinere tidspunkt. Forsvarsdepartementet ønsker å disponere den midlertidige styrkingen etter 2019. Komiteen tar til etterretning at det på denne bakgrunnen er foreslått at forsvarsramma på kap. 1761 post 47 blir redusert med 368,8 mill. kroner i 2017.
Komiteen noterer at det er behov for å skaffe et moderne, effektivt artillerisystem til erstatning for det aldrende systemet. Prosjektet skal skaffe 24 artilleriskyts med tilhørende ammunisjonskjøretøy, presisjonsmålsammunisjon, røykammunisjon og materiell for utdanning og logistikk. Leveringen er planlagt å finne sted innen 2024. Komiteen merker seg at anskaffelsen av det nye systemet har vært underlagt konkurranse mellom flere leverandører, og at det nå er gjennomført kontraktforhandlinger, og at en tilråding om valg av leverandør er mottatt i Forsvarsdepartementet. Komiteen merker seg at det i sammenheng med kjøpet vil bli stilt krav om at det blir inngått en avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innen hovedkontrakten blir signert. Komiteen understreker viktigheten av at avtalen om industrisamarbeid skal minst ha en tilsvarende verdi og kvalitet som hovedkontrakten. Komiteen noterer at Forsvarsdepartementet vil følge nøye opp at avtalen blir oppfylt. Komiteen merker seg at den anbefalte kostnadsrammen for prosjektet er 3 193 mill. 2017-kroner medregnet merverdiavgift, en avsetning for usikkerhet samt gjennomføringskostnader. Prosjektets styringsramme blir satt til 2 900 mill. kroner medregnet merverdiavgift.
Medlemane i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til Innst. 50 S (2017–2018), jf. Prop. 2 S (2017–2018), der desse medlemene understreka behovet for å framskynde anskaffinga av røyrartilleri.
Desse medlemane fremjar på dette grunnlag følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa framskunde investeringa i nytt artilleri, med sikte på leveranse til Noreg i løpet av 2019».
Stortinget ber regjeringa framskunde investeringa i nytt artilleri, med sikte på leveranse til Noreg i løpet av 2019.
Komiteens tilråding I, II og III fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende
I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgande endringar:
|
Kap. |
Post |
Føremål |
Kroner |
|
Utgifter |
|||
|
1700 |
|
Forsvarsdepartementet |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
13 100 000 |
|
|
|
frå kr. 794 094 000 til kr. 780 994 000 |
|
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast, overslagsløyving, blir redusert med |
100 000 000 |
|
|
|
frå kr. 121 860 000 til kr. 21 860 000 |
|
|
|
43 |
Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast, blir redusert med |
12 500 000 |
|
|
|
frå kr. 12 510 000 til kr. 10 000 |
|
|
1710 |
|
Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, kan overførast, blir auka med |
137 500 000 |
|
|
|
frå kr. 3 646 776 000 til kr. 3 784 276 000 |
|
|
|
45 |
Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760, post 45, blir redusert med |
2 000 000 |
|
|
|
frå kr. 290 515 000 til kr. 288 515 000 |
|
|
|
47 |
Nybygg og nyanlegg, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761, post 47, blir auka med |
349 990 000 |
|
|
|
frå kr. 1 579 700 000 til kr. 1 929 690 000 |
|
|
1720 |
|
Felles leiings- og kommandoapparat |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
367 200 000 |
|
|
|
frå kr. 5 327 172 000 til kr. 5 694 372 000 |
|
|
1723 |
|
Nasjonalt tryggingsorgan |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
33 300 000 |
|
|
|
frå kr. 258 629 000 til kr. 291 929 000 |
|
|
1725 |
|
Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
5 919 000 |
|
|
|
frå kr. 723 150 000 til kr. 729 069 000 |
|
|
1731 |
|
Hæren |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
52 502 000 |
|
|
|
frå kr. 5 551 080 000 til kr. 5 498 578 000 |
|
|
1732 |
|
Sjøforsvaret |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
83 017 000 |
|
|
|
frå kr. 4 251 860 000 til kr. 4 168 843 000 |
|
|
1733 |
|
Luftforsvaret |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
144 961 000 |
|
|
|
frå kr. 4 826 293 000 til kr. 4 681 332 000 |
|
|
1734 |
|
Heimevernet |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
2 553 000 |
|
|
|
frå kr. 1 406 017 000 til kr. 1 408 570 000 |
|
|
1735 |
|
Etterretningstenesta |
|
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir redusert med |
1 370 000 |
|
|
|
frå kr. 1 747 599 000 til kr. 1 746 229 000 |
|
|
1740 |
|
Forsvarets logistikkorganisasjon |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
127 832 000 |
|
|
|
frå kr. 1 909 214 000 til kr. 2 037 046 000 |
|
|
1760 |
|
Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45, blir auka med |
40 051 000 |
|
|
|
frå kr. 1 703 566 000 til kr. 1 743 617 000 |
|
|
|
44 |
Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del, kan overførast, blir redusert med |
13 200 000 |
|
|
|
frå kr. 55 714 000 til kr. 42 514 000 |
|
|
|
45 |
Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761, post 45, blir redusert med |
131 324 000 |
|
|
|
frå kr. 5 172 925 000 til kr. 5 041 601 000 |
|
|
|
48 |
Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, kan overførast, blir auka med |
10 500 000 |
|
|
|
frå kr. 61 364 000 til kr. 71 864 000 |
|
|
|
75 |
Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760, post 44, blir redusert med |
25 200 000 |
|
|
|
frå kr. 90 000 000 til kr. 64 800 000 |
|
|
1761 |
|
Nye kampfly med baseløysing |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1761, post 45, blir auka med |
1 200 000 |
|
|
|
frå kr. 187 315 000 til kr. 188 515 000 |
|
|
|
47 |
Nybygg og nyanlegg, kan overførast, blir redusert med |
368 800 000 |
|
|
|
frå kr. 1 309 680 000 til kr. 940 880 000 |
|
|
1790 |
|
Kystvakta |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
1 534 000 |
|
|
|
frå kr. 978 706 000 til kr. 977 172 000 |
|
|
1791 |
|
Redningshelikoptertenesta |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
56 005 000 |
|
|
|
frå kr. 996 495 000 til kr. 940 490 000 |
|
|
1792 |
|
Norske styrker i utlandet |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
31 238 000 |
|
|
|
frå kr. 1 038 013 000 til kr. 1 069 251 000 |
|
|
1795 |
|
Kulturelle og allmennyttige føremål |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
1 587 000 |
|
|
|
frå kr. 259 117 000 til kr. 260 704 000 |
|
|
Inntekter |
|||
|
4710 |
|
Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
131 100 000 |
|
|
|
frå kr. 3 321 834 000 til kr. 3 452 934 000 |
|
|
|
47 |
Sal av eigedom, blir auka med |
40 000 000 |
|
|
|
frå kr. 630 025 000 til kr. 670 025 000 |
|
|
4720 |
|
Felles leiings- og kommandoapparat |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
1 926 000 |
|
|
|
frå kr. 120 629 000 til kr. 122 555 000 |
|
|
4723 |
|
Nasjonalt tryggingsorgan |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
32 700 000 |
|
|
|
frå kr. 11 392 000 til kr. 44 092 000 |
|
|
4731 |
|
Hæren |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir redusert med |
423 000 |
|
|
|
frå kr. 93 993 000 til kr. 93 570 000 |
|
|
4732 |
|
Sjøforsvaret |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir redusert med |
550 000 |
|
|
|
frå kr. 54 761 000 til kr. 54 211 000 |
|
|
4733 |
|
Luftforsvaret |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
298 724 000 |
|
|
|
frå kr. 109 250 000 til kr. 407 974 000 |
|
|
4740 |
|
Forsvarets logistikkorganisasjon |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
36 823 000 |
|
|
|
frå kr. 82 943 000 til kr. 119 766 000 |
|
|
4760 |
|
Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
33 700 000 |
|
|
|
frå kr. 87 343 000 til kr. 121 043 000 |
|
|
|
45 |
Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter, blir auka med |
1 061 000 |
|
|
|
frå kr. 98 156 000 til kr. 99 217 000 |
|
|
|
48 |
Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter, blir auka med |
24 415 000 |
|
|
|
frå kr. 71 536 000 til kr. 95 951 000 |
|
|
4791 |
|
Redningshelikoptertenesta |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir redusert med |
58 602 000 |
|
|
|
frå kr. 907 372 000 til kr. 848 770 000 |
|
|
4792 |
|
Norske styrker i utlandet |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
29 883 000 |
|
|
|
frå kr. 25 117 000 til kr. 55 000 000 |
|
|
4795 |
|
Kulturelle og allmennyttige føremål |
|
|
|
1 |
Driftsinntekter, blir auka med |
1 400 000 |
|
|
|
frå kr. 8 223 000 til kr. 9 623 000 |
|
Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2017 kan gjere tingingar ut over dei gjevne løyvingane. Den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgande beløp:
|
Kap. |
Post |
Føremål |
Samla ramme |
|
1740 |
|
Forsvarets logistikkorganisasjon |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter |
1 190 000 000 |
Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2017 kan sette i gong eit nytt investeringsprosjekt, nytt artillerisystem til Hæren, innanfor ei kostnadsramme på 3 193 mill. 2017-kroner, som er presentert som nytt prosjekt til godkjenning i Prop. 12 S (2017–2018).
|
Anniken Huitfeldt |
Hans Andreas Limi |
|
leder |
ordfører |