Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2017 under Barne- og likestillingsdepartementet – BERIKTIGET

Søk

Innhold

Til Stortinget

Sammendrag

I proposisjonen legg Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag til statsbudsjettet for 2017 i samsvar med punkt 2 nedanfor.

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

BLD føreslår å redusere posten med 0,2 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 873, post 50. Midlane skal nyttast til arbeidet med endringane i handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet.

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Sakshandsaming og utbetaling av tilskot for incest- og valdtektssenter er no gjennomført. Det er behov for 0,5 mill. kroner meir enn lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2017. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 840 post 61 med 0,5 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Prognosen for bruk av eksterne meklarar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 21 med 3,5 mill. kroner.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Utgiftene til adopsjonsstønad blir no rekna til 11,4 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843 post 70 med 2,4 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2017 blir no rekna til 15 050 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 80 mill. kroner.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

Post 71 Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

Rekrutteringa av deltakarar til utprøving av programmet Familie for første gang har gått noko seinare enn venta. BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 846 post 71 med 2,5 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Gjeldande løyving på posten har vore usikker, mellom anna som følgje av at kommunane kunne sende inn søknadar om refusjon for utgifter som oppstod inntil tre år tilbake i tid.

Alle søknadane frå kommunar er no ferdig handsama. BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 854 post 65 med 305,6 mill. kroner for å dekkje refusjonsutbetalingane.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Auken i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet i 2017 er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.

BLD føreslår å redusere kap. 855 post 1 med 72 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Diverse inntekter

Sal av bilar i samband med fornying av bilparken har gitt meirinntekter på 10 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke kap. 3855 post 1 med 10 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Nye prognosar på talet på oppholdsdagar i det statlege barnevernet viser ei mindreinntekt knytta til kommunale eigendelar i 2017 på 65 mill. kroner. Mindreinntektene skuldast aktivitetsutviklinga og ei dreiing frå bruk av institusjon til bruk av fosterheim. Sistnemnde har ein lågare eigendel.

BLD føreslår å redusere kap. 3855 post 60 med 65 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 1 Driftsutgifter

Gjeldande løyving er basert på at det ville bu i gjennomsnitt om lag 240 barn i omsorgssentera i 2017. Det er no venta at det vil bu i gjennomsnitt 176 barn i omsorgssentera i 2017.

BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 856 post 1 med 75,8 mill. kroner.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Summen som kan bli rapportert inn som utviklingshjelp, blir redusert som følgje av reduksjonen i løyvinga på kap. 856 post 1 og reduksjon i delen av barna i omsorgssenter som er venta å ha butid under eitt år i 2017.

BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 3856 post 4 med 100,3 mill. kroner.

Kap. 872 Nedsett funksjonsevne

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

BLD føreslår å redusere kap. 872 post 21 med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 873 post 50. Midlane skal nyttast i arbeidet med endringane i handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Sjå omtale under kap. 873 post 50.

Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet

Post 50 Basisløyving

BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 873, post 50 med 1,2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til arbeidet med omstillinga hos ombodet og tiltak som kan medverke til å vidareføre ombodet som eit sterkt fagmiljø. Løyvinga må sjåast i samband med oppmodingsvedtak nr. 873 av 12. juni 2017.

Departementet vil framleis følgje med på situasjonen og utviklinga til ombodet og nemnda etter omstillinga.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utbetalingane til foreldrepengar er hittil i år noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2017 blir no rekna til 18 880 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 770 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

På grunnlag av utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon hittil i år er utgiftene i 2017 no rekna til 58 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 73 med 1 mill. kroner.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Masud Gharahkhani, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Marianne Haukland, Tage Pettersen og lederen Tone Wilhelmsen Trøen, fra Fremskrittspartiet, Silje Hjemdal og Morten Wold, fra Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, viser til proposisjonen.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til proposisjonen og har ingen merknader til forslaget fra regjeringen.

Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombudet

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til Stortingets anmodningsvedtak nr. 873 av 12. juni 2017, jf. Prop. 80 L (2017–2018) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (Diskrimineringsombudsloven):

«Stortinget ber regjeringen utrede hva opprettingen og eventuell flytting av ny nemnd vil kreve av ressurser, forutsatt at både nemnd og ombud skal ivaretar som sterke faglige miljø, og dernest styrke ombudets budsjett for 2018 i henhold til beregningene.»

Disse medlemmer viser videre til at regjeringen i sitt forslag til statsbudsjett for 2018 uttrykker:

«BLD har i samband med handsaminga av opprettinga av ny nemnd vurdert ressursane til nemnda og ombodet. Departementet har konkludert med at ombodet og nemnda ikkje treng ytterlegare styrking i budsjetta sine for å vidareføre verksemdene som sterke faglege miljø. BLD vil følgje situasjonen og utviklinga til ombodet og nemnda framover.»

I Prop. 1 S (2017–2018) avviser regjeringen kategorisk at det er behov for styrking av budsjettet, slik flertallet i Stortinget tidligere har antydet. I Prop. 19 S (2017–2018) av 24. november 2017 viser det seg at regjeringen likevel er kommet til at det trengs økte bevilgninger, og at midlene tas fra ubrukte budsjettbevilgninger til arbeidet med samfunnets tilrettelegging for mennesker med nedsatt funksjonsevne.

Disse medlemmer vil uttrykke bekymring for håndteringen av endringene i håndhevingsapparatet på likestillings- og diskrimineringsområdet, og anmoder om en gjennomgang av status senest i revidert nasjonalbudsjett 2018.

Disse medlemmer viser også til at regjeringen velger å ta 1 mill. kroner fra kap. 872 post 21, som skal gå til informasjons-, forsknings- og utviklingstiltak til personer med nedsatt funksjonsevne. Det mener disse medlemmer er en uheldig omdisponering.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sitt alternative budsjett for 2017, der LDO ble foreslått styrket med 5 mill. kroner.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står ovenfor, og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2017 gjøres følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

800

Barne- og likestillingsdepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, blir redusert med

200 000

frå kr 9 726 000 til kr 9 526 000

840

Tiltak mot vald og overgrep

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, blir auka med

500 000

frå kr 88 617 000 til kr 89 117 000

841

Samliv og konfliktløysing

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, blir redusert med

3 500 000

frå kr 13 946 000 til kr 10 446 000

843

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, blir redusert med

2 400 000

frå kr 13 797 000 til kr 11 397 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med

80 000 000

frå kr 15 130 000 000 til kr 15 050 000 000

846

Familie- og oppveksttiltak

71

Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21, blir redusert med

2 500 000

frå kr 21 227 00 til kr 18 727 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med

305 600 000

frå kr 520 000 000 til kr 825 600 000

855

Statleg forvalting av barnevernet

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60, blir redusert med

72 000 000

frå kr 4 433 970 000 til kr 4 361 970 000

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

1

Driftsutgifter, blir redusert med

75 800 000

frå kr 486 190 000 til kr 410 390 000

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

50

Basisløyving, blir auka med

1 200 000

frå kr 53 907 000 til kr 55 107 000

2530

Foreldrepengar

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir redusert med

770 000 000

frå kr 19 650 000 000 til kr 18 880 000 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving, blir auka med

1 000 000

frå kr 57 000 000 til kr 58 000 000

Inntekter

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1

Diverse inntekter, blir auka med

10 000 000

frå kr 15 160 000 til kr 25 160 000

60

Kommunale eigendelar, blir redusert med

65 000 000

frå kr 1 434 736 000 til kr 1 369 736 000

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

4

Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir redusert med

100 300 000

frå kr 218 748 000 til kr 118 448 000

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 7. desember 2017

Tone Wilhelmsen Trøen

leder og ordfører