Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre,
Laila Davidsen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå
Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten
Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal,
frå Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, frå Venstre, Pål Farstad,
og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
viser til Dokument 8:138 S (2016–2017).
Komiteen viser til at det frå
2012 har vore forbod mot å halde høns i «nakne bur». Det er i dag
to tillatne driftssystem for produksjon av egg i Noreg: lausdriftssystem
og bur med miljøinnreiing.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Venstre og Sosialistisk Venstreparti,
viser til brev frå Landbruks- og matministeren dagsett 9. mai 2017
(lagt ved innstillinga). Det går her fram at det ikkje er mogleg
å slå fast at det eine driftssystemet gjer betre dyrevelferd enn
det andre. Fleirtalet vil
difor ikkje støtte framlegget om å forby sal og produksjon av buregg
innan 2025.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Venstre og Sosialistisk
Venstreparti viser til at det ble innført nye regler for hold
av høns fra 2012. Disse
medlemmer mener regelverk for produksjonsdyr skal ivareta
god dyrevelferd. Det er nødvendig med oppdateringer av slikt regelverk
etter hvert som ny teknologi og ny kunnskap om dyrs behov foreligger.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Venstre og Sosialistisk Venstreparti,
viser til at produsentar kan merke eggkartongar med produksjonsform
om dei ynskjer det. Det er vanleg at det vert gjort for økologiske
egg og egg frå frittgåande høner. Det er difor fullt ut mogleg for
forbrukarane å velje kva type egg dei vil kjøpa. Ei obligatorisk
merkeordning vil vera byråkratisk, og fleirtalet syner til at statsråden
er tvilande til om regelverket gjer rom for ei slik merking som
ein tek til orde for.
Fleirtalet registrerer at fleire
av daglegvarekjedene vil slutte å selje egg produsert i miljøinnreiing.
Dette gjer dei til trass for at det ikkje kan dokumentarast at dyrevelferden
er lågare i denne produksjonsforma. Fleirtalet erkjenner at dette
er val som kjedene står fritt til å gjere, men vil understreke at
faglege vurderingar bør ligge til grunn for å ekskludere jordbruksprodukt
produsert i tråd med regelverket.
Fleirtalet viser elles til
vurderingane som er gjorde i brevet frå statsråden og sluttar seg
til desse.
Komiteens medlemmer
fra Venstre og Sosialistisk Venstreparti støtter forslaget om
en merkeordning. Disse
medlemmer fremmer følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen så raskt som mulig innføre en merkeordning der buregg,
og matvarer som inneholder buregg, merkes tydelig med: 'Egg fra burhøns/inneholder
egg fra burhøns.'»
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti mener hensynet til dyrevelferden
er en god grunn til å utrede forslaget om forbud mot egg fra burhøns
nærmere. En slik utredning bør samtidig se på hvordan dyrevelferden
under produksjon og transport av fjørfe kan bli bedre. På denne
bakgrunn fremmer dette
medlem følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen komme tilbake med en utredning av konsekvensene
av et forbud mot egg fra burhøns og forslag til styrking av dyrevelferden
i produksjon og transport av fjørfe.»