1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne- og likestillingsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova), for å styrke fedrar sine moglegheiter til å ta ut fedrekvoten og vere saman med barnet etter eit samlivsbrot.

Dersom ein av foreldra er aleine om omsorga for barnet etter eit samlivsbrot, har han eller ho i dag rett til å overta den attverande delen av stønadsperioden etter § 14-15 i folketrygdlova. Foreldra kan likevel avtale ei anna deling, men dette går ikkje tydeleg fram av lova i dag.

Departementet fremmar forslag om å endre lova og tydeleggjere at foreldra kan avtale å dele foreldrepengane. Føremålet er å leggje til rette for eit likestilt foreldreskap og ein god dialog mellom foreldre som ikkje bur saman, om korleis foreldrepermisjonen kan takast ut til beste for barnet. Det er som oftast best for barnet å ha kontakt med begge foreldra og at foreldra samarbeider.

Dersom foreldra ikkje blir samde om fordelinga av foreldrepengane, kan den som har omsorga for barnet på kvardagane krevje uttak av foreldrepengar for desse dagane. Ein føresetnad er at alle vilkåra for å krevje uttak av foreldrepengar er oppfylte. Den som er aleine om omsorga for barnet, kan fortsatt overta den attverande delen av foreldrepermisjonen.

Departementet foreslår i tillegg å gjere endringar i lov av 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova). Endringa er av teknisk karakter. Endringa medfører at politiattesten også skal vise om vedkommande har vore sikta, tiltalt, har vedteke førelegg eller er dømd for brot etter lov av 20. mai 2005 nr. 28 om straff.

1.2 Bakgrunn for lovforslaget

Foreldrepermisjonen er i dag delt i tre: Mor og far har ein del kvar, som i utgangspunktet ikkje kan overførast til den andre forelderen (mødrekvote og fedrekvote). I tillegg er det ein del som kan fordelast fritt mellom foreldra (fellesdelen).

Dersom ein av foreldra er «alene om omsorgen» for barnet etter eit samlivsbrot, har han eller ho i dag rett til å overta den attverande delen av foreldrepermisjonen etter § 14-15 i folketrygdlova.

Dersom barnet bur hos mor etter eit samlivsbrot, er ho «alene om omsorgen» for barnet etter folketrygdlova, sjølv om far har samværsrett med barnet. Mor vil i slike tilfelle ha rett til å overta fedrekvoten, jamvel om far har fått innvilga fedrekvote før samlivsbrotet og fortsatt ynskjer å ta ut kvoten. Foreldra kan likevel avtale ei anna fordeling, men dette går ikkje tydeleg fram av lova i dag.

Foreldrepermisjon kan takast ut inntil barnet er tre år. Statistikk viser at dei fleste barn under tre år bur hos mor etter eit samlivsbrot. I praksis medfører dette at mor får rett til å overta fedrekvoten etter eit samlivsbrot.

Den som er aleine om omsorga for barnet, og som ynskjer å overta den attverande stønadsperioden, skal sende ein søknad om dette til Nav. Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser om at når Nav skal vurdere om ein av foreldra er aleine om omsorga, legg dei mellom anna til grunn opplysningar om barnet sin bustad i folkeregisteret. Direktoratet opplyser om at Nav som oftast ikkje ber den andre forelderen om å uttale seg om saka før det vert fatta eit vedtak.

I Noreg blir om lag 60 000 barn fødd kvart år. Ifølgje Arbeids- og velferdsdirektoratet endra om lag 200 mødrer som fekk foreldrepengar i 2014, status til «aleineomsorg». Direktoratet går ut frå at endringane av status i dei fleste tilfelle skuldast samlivsbrot. Av dei 200 sakene var det om lag 20 fedrar som tok ut foreldrepengar i 2013/2014.

1.3 Høyringsforslaget

I høyringsnotatet foreslo Barne- og likestillingsdepartementet at foreldra avtaler korleis dei attverande foreldrepengane skal fordelast ved eit samlivsbrot.

Ved usemje om fordelinga foreslo departementet at ei avgjerd om samværsrett frå domstolane kan brukast som grunnlag til å krevje uttak av foreldrepengar etter folketrygdlova § 14-15. Dette føreset at alle vilkåra for å krevje foreldrepengar er oppfylte.

Dersom foreldra ikkje blir samde om korleis dei skal dele den attverande stønadsperioden, og det ikkje finst ei avgjerd om samvær frå domstolane, foreslo departementet at den som er «alene om omsorgen» for barnet fortsatt skal kunne overta den attverande stønadsperioden.

1.4 Vurderingar og forslag frå departementet

1.4.1 Endringar i folketrygdlova

1.4.1.1 Foreldra avtalar korleis permisjonen skal fordelast

Departementet foreslår å endre lova for å tydeleggjere at foreldra kan avtale å dele foreldrepengane ved eit samlivsbrot, slik at fedrar i større grad får moglegheit til å ta ut fedrekvote og vere saman med barnet. Føremålet med lovforslaget er å leggje til rette for eit likestilt foreldreskap og god dialog mellom foreldra om korleis foreldrepengane kan takast ut til beste for barnet etter eit samlivsbrot. Det er som oftast best for barnet å ha kontakt med begge foreldra og at foreldra samarbeider. Forslaget vil også vere i samsvar med systemet i barnelova om at foreldra avtaler samværsretten.

Avtalefridom sikrar familiane valfridom til å finne den løysinga som passer best for dei. Det kan til dømes vere best for barnet at far tek ut fedrekvoten gradert, at far er saman med barnet på dagtid, eller når barnet er eldre og mor ikkje ammar lenger. Familievernkontora kan hjelpe foreldra under den obligatoriske meklinga til å bli samde om korleis den attverande delen av foreldrepermisjonen kan fordelast, der det vert lagt vekt på kva som er best for det enkelte barnet.

Ein føresetnad for at foreldra skal kunne avtale fordeling av stønadsperioden, er at alle vilkåra for å få foreldrepengar etter kapittel 14 er oppfylte. Mellom anna kan mottakaren av foreldrepengane ikkje vere i arbeid og må ha omsorga for barnet i den aktuelle perioden, jf. folketrygdlova § 14-10 fjerde og femte ledd. Dersom far skal ta ut foreldrepengar frå fellesdelen, er det også eit krav om at mor er i aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-13. Foreldre som aldri har budd saman, har også fridom til å avtale korleis stønadsperioden skal fordelast, dersom vilkåra elles er oppfylte.

Departementet foreslår at føresegna omhandlar tilfelle der foreldra har budd saman, og det har oppstått eit samlivsbrot. Det vert presisert at også foreldre som aldri har budd saman kan avtale korleis foreldrepengane skal verte fordelte viss vilkåra i folketrygdlova er oppfylte.

1.4.1.2 Ved usemje om fordelinga

Dersom foreldra ikkje blir samde om fordelinga av foreldrepengane, går departementet ut frå at dette i mange tilfelle skuldast usemje om omfanget av samværsordninga. Det er viktig å understreke at Nav fattar avgjerd om foreldrepengar på bakgrunn av kven som på det aktuelle tidspunktet har den faktiske omsorga for barnet. Nav skal ikkje ta stilling til ei konflikt mellom foreldra om samværsrett. Usemje mellom foreldra om samvær må løysast ved foreldresamtalar ved familievernkontoret, mekling eller eventuelt ved domstolane. Departementet foreslår ingen endringar i føresegnene om samværsrett i barnelova.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at ei avgjerd om samværsrett frå domstolane kan brukast som grunnlag til å krevje uttak av foreldrepengar etter folketrygdlova § 14-15.

Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner dette forslaget er uheldig, fordi det er vanskeleg for Nav å ta stilling til innhaldet i ei avgjerd frå domstolane og at det kan føre til meirarbeid for Nav, sjå punkt 5. Direktoratet viser til at foreldra også i dag kan krevje uttak av foreldrepengar dersom dei kan dokumentera at dei har omsorga for barnet.

Departementet foreslår på denne bakgrunn, og for å få ein meir einskapleg ordbruk i folketrygdlova, å endre føresegna slik at den forelderen som har «omsorgen for barnet på hverdagene», kan krevje uttak av foreldrepengar dersom vilkåra i kapittel 14 er oppfylte. Forslaget vil gje fedrar større høve til å leggje fram dokumentasjon på at dei faktisk har samvær med barnet som kan gje dei rett til uttak av foreldrepengar, samanlikna med forslaget som blei sendt på høyring. Endringa inneber at det ikkje berre er ei avgjerd om samværsrett frå domstolane som kan gje rett til uttak av foreldrepengar. Også ein avtale om samvær mellom foreldra, eller faktiske tilhøve, kan etter denne føresegna brukast som grunnlag for å krevje uttak av foreldrepengar dersom dei andre vilkåra er oppfylte. Det er foreldra som må synleggjere at vilkåra for å ta ut foreldrepengar er oppfylte.

For å gjere føresegna lettare å forstå for brukaren, står det at omsorga for barnet må vere «på hverdagene». Foreldrepengar vert ytt for alle dagar i veka, unntatt laurdag og søndag, jf. folketrygdlova § 14-7 fjerde ledd. Å ha omsorga for barnet på laurdag og søndag gir derfor ikkje rett til uttak av foreldrepengar. Samvær med barnet på ein heilag- eller høgtidsdag, som ikkje er på ein laurdag eller søndag, gir rett til uttak av foreldrepengar. Ein far som har samvær med barnet frå måndag til onsdag, vil kunne krevje uttak av foreldrepengar for desse dagane. Dette gjeld såframt dei andre føresegnene i kapittel 14 er oppfylte. Dette inneber mellom anna at mottakaren av foreldrepengar ikkje er i arbeid, med mindre gradert uttak er tillate, jf. folketrygdlova § 14-10 femte ledd og § 14-16. Dersom far skal ta ut permisjon frå fellesdelen, er det også eit krav om at mor er i aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-13.

Departementet meiner forslaget kan styrke fedrar sine moglegheiter til å ta ut fedrekvoten etter eit samlivsbrot. Departementet legg til grunn at dette vil gjelde få tilfelle kvart år, og at meirarbeidet for Nav derfor ikkje vil vere vesentleg. Når Nav skal ta stilling til kven som har omsorga for barnet på kvardagane, kan dei mellom anna leggje til grunn ei avtale om samvær mellom foreldra, faktiske tilhøve eller ei avgjerd frå domstolane. Det er foreldra som må dokumentere at vilkåra er oppfylte.

Dersom den eine forelderen etter samlivsbrotet er «alene om omsorgen» for barnet, kan denne fortsatt overta den attverande delen av stønadsperioden. Føremålet med foreldrepengane er å sikre god omsorg for barnet. Dersom foreldra ikkje blir samde om korleis dei skal dele stønadsperioden, er det viktig å sikre ein stabil og trygg omsorgssituasjon for barnet. Etter departementet si vurdering vil det i desse tilfella vere til det beste for barnet at den barnet bur saman med, og som har omsorga for barnet, overtek den attverande delen av stønadsperioden.

Departementet legg etter dette avgjerande vekt på at forslaget vil styrke fedrar sine moglegheiter til å ta ut fedrekvoten etter eit samlivsbrot og leggje til rette for ein god dialog mellom foreldra, noko som har fått klar støtte frå dei fleste høyringsinstansane.

Departementet opprettheld difor innhaldet i lovforslaget, og viser til omtale av behov for lovendring i punkt 1.2. På bakgrunn av innspel frå høyringsinstansane foreslår departementet nokre lovtekniske endringar for å gjere føresegna klårare.