1.4.1.2 Ved usemje om fordelinga
Dersom foreldra ikkje
blir samde om fordelinga av foreldrepengane, går departementet ut
frå at dette i mange tilfelle skuldast usemje om omfanget av samværsordninga.
Det er viktig å understreke at Nav fattar avgjerd om foreldrepengar
på bakgrunn av kven som på det aktuelle tidspunktet har den faktiske omsorga
for barnet. Nav skal ikkje ta stilling til ei konflikt mellom foreldra
om samværsrett. Usemje mellom foreldra om samvær må løysast ved
foreldresamtalar ved familievernkontoret, mekling eller eventuelt
ved domstolane. Departementet foreslår ingen endringar i føresegnene
om samværsrett i barnelova.
Departementet foreslo
i høyringsnotatet at ei avgjerd om samværsrett frå domstolane kan
brukast som grunnlag til å krevje uttak av foreldrepengar etter
folketrygdlova § 14-15.
Arbeids- og velferdsdirektoratet
meiner dette forslaget er uheldig, fordi det er vanskeleg for Nav
å ta stilling til innhaldet i ei avgjerd frå domstolane og at det
kan føre til meirarbeid for Nav, sjå punkt 5. Direktoratet viser
til at foreldra også i dag kan krevje uttak av foreldrepengar dersom
dei kan dokumentera at dei har omsorga for barnet.
Departementet foreslår
på denne bakgrunn, og for å få ein meir einskapleg ordbruk i folketrygdlova, å
endre føresegna slik at den forelderen som har «omsorgen for barnet
på hverdagene», kan krevje uttak av foreldrepengar dersom vilkåra
i kapittel 14 er oppfylte. Forslaget vil gje fedrar større høve
til å leggje fram dokumentasjon på at dei faktisk har samvær med
barnet som kan gje dei rett til uttak av foreldrepengar, samanlikna
med forslaget som blei sendt på høyring. Endringa inneber at det
ikkje berre er ei avgjerd om samværsrett frå domstolane som kan
gje rett til uttak av foreldrepengar. Også ein avtale om samvær
mellom foreldra, eller faktiske tilhøve, kan etter denne føresegna
brukast som grunnlag for å krevje uttak av foreldrepengar dersom
dei andre vilkåra er oppfylte. Det er foreldra som må synleggjere at
vilkåra for å ta ut foreldrepengar er oppfylte.
For å gjere føresegna
lettare å forstå for brukaren, står det at omsorga for barnet må
vere «på hverdagene». Foreldrepengar vert ytt for alle dagar i veka, unntatt
laurdag og søndag, jf. folketrygdlova § 14-7 fjerde ledd. Å ha omsorga
for barnet på laurdag og søndag gir derfor ikkje rett til uttak
av foreldrepengar. Samvær med barnet på ein heilag- eller høgtidsdag,
som ikkje er på ein laurdag eller søndag, gir rett til uttak av
foreldrepengar. Ein far som har samvær med barnet frå måndag til
onsdag, vil kunne krevje uttak av foreldrepengar for desse dagane.
Dette gjeld såframt dei andre føresegnene i kapittel 14 er oppfylte.
Dette inneber mellom anna at mottakaren av foreldrepengar ikkje
er i arbeid, med mindre gradert uttak er tillate, jf. folketrygdlova
§ 14-10 femte ledd og § 14-16. Dersom far skal ta ut permisjon frå
fellesdelen, er det også eit krav om at mor er i aktivitet, jf. folketrygdlova
§ 14-13.
Departementet meiner
forslaget kan styrke fedrar sine moglegheiter til å ta ut fedrekvoten
etter eit samlivsbrot. Departementet legg til grunn at dette vil gjelde
få tilfelle kvart år, og at meirarbeidet for Nav derfor ikkje vil
vere vesentleg. Når Nav skal ta stilling til kven som har omsorga
for barnet på kvardagane, kan dei mellom anna leggje til grunn ei
avtale om samvær mellom foreldra, faktiske tilhøve eller ei avgjerd
frå domstolane. Det er foreldra som må dokumentere at vilkåra er
oppfylte.
Dersom den eine forelderen
etter samlivsbrotet er «alene om omsorgen» for barnet, kan denne
fortsatt overta den attverande delen av stønadsperioden. Føremålet
med foreldrepengane er å sikre god omsorg for barnet. Dersom foreldra
ikkje blir samde om korleis dei skal dele stønadsperioden, er det
viktig å sikre ein stabil og trygg omsorgssituasjon for barnet. Etter
departementet si vurdering vil det i desse tilfella vere til det
beste for barnet at den barnet bur saman med, og som har omsorga
for barnet, overtek den attverande delen av stønadsperioden.
Departementet legg
etter dette avgjerande vekt på at forslaget vil styrke fedrar sine
moglegheiter til å ta ut fedrekvoten etter eit samlivsbrot og leggje
til rette for ein god dialog mellom foreldra, noko som har fått
klar støtte frå dei fleste høyringsinstansane.
Departementet opprettheld
difor innhaldet i lovforslaget, og viser til omtale av behov for
lovendring i punkt 1.2. På bakgrunn av innspel frå høyringsinstansane
foreslår departementet nokre lovtekniske endringar for å gjere føresegna
klårare.