Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå
Høgre, Laila Davidsen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik,
frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten Ørsal
Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet,
leiaren Geir Pollestad, frå Venstre, Pål Farstad, og frå Sosialistisk
Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, syner til Dokument 8:7
S (2016–2017) med framlegg om å utvide områdetilgangen i det kvoteregulerte
fisket etter kongekrabbe.
Komiteen syner til at det har
vore brei politisk semje om kongekrabbeforvaltninga over tid. Komiteen peikar
vidare på at dagens todelte forvaltning av kongekrabba har vore
ein suksess, og at dette synet vert delt av eit samla fagmiljø,
noko som òg vart slått fast då Stortinget våren 2015 handsama regjeringa
Solberg si melding om evaluering av kongekrabbeforvaltninga, jf.
Meld. St. 17 (2014–2015). Komiteen støttar prinsippet
om kongekrabbeforvaltning slik det er formulert i Meld. St. 17 (2014–2015) og
Innst. 350 S (2014–2015).
Komiteen har merka seg at representantforslaget
foreslår å vidareføre dagens grense for det kommersielle fisket
ved 26 grader aust, og støttar dette.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, har merka
seg at fiskarar frå andre delar av Finnmark også er plaga av kongekrabba,
men at graden av ulempe minkar jo lenger vest ein kjem. Fleirtalet merkar
seg at fiskarane i Måsøy kommune over tid har vore plaga av kongekrabba.
Fleirtalet gjer følgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa gje fiskarane i Måsøy full adgang til fisket etter
kongekrabbe frå og med kvoteåret 2017.»
Fleirtalet har
merka seg at representantframlegget foreslår å innlemme heile Finnmark
fylke i kongekrabbefisket.
Fleirtalet strekar under at
før ei eventuell vidare utviding av kven som får delta i kongekrabbefisket,
er det naudsynt å fyrst få greidd ut konsekvensane.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, peikar vidare på
at det i Meld. St. 17. (2014–2015) vart innført eit aktivitetskrav
i anna fiskeri for å kvalifisere for deltakartilgang i
kongekrabbefisket, og at grensa for omsetning frå anna fiskeri vart
sett til 100 000 kroner, jf. Innst. 350 S (2014–2015). Dette vart
gjort for å sikre at det i større grad var aktive fiskarar som skulle
ta del i kongekrabbefisket.
Fleirtalet vil understreke
at det er naudsynt å få ei oversikt over konsekvensane av ei opptrapping av
aktivitetskravet, før eventuelle endringar kan vurderast.
Fleirtalet viser vidare til
prinsippa om kongekrabbeforvaltning og Innst. 350 S (2014–2015)
og gjer følgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa komme attende til Stortinget med ei sak vedrørande
konsekvensar av endring i aktivitetskravet og eventuell utviding
av adgangen til kongekrabbefisket.»
Komiteen peikar
på at Sametinget skal konsulterast i slike saker og føreset at konsultasjon
vert gjennomført.
Medlemene i komiteen
frå Høgre og Framstegspartiet peikar på at aktivitetskravet for
deltakartilgjenge i kongekrabbefisket vart innførd for å sikra at
det i større grad er aktive fiskarar som deltek i fisket etter kongekrabbe.
Det har vore ein betydeleg auke i totalkvoten av kongekrabbe det
siste året, noko som gjev grunnlag for utvida deltaking i fisket.
Samstundes meiner desse
medlemene at det vil vera uheldig om ein ender opp med ein
fartøykvote som er så liten at mange ikkje ser seg tente med å delta
i fisket. Desse
medlemene meiner difor at aktivitetskravet bør aukast framover,
slik at ein sikrar at retten til å medverke i fisket av kongekrabbe
tilkjem aktive fiskarar.
Desse medlemene gjer følgjande
framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa presentera ein opptrappingsmodell for aktivitetskravet
slik at ein i løpet av tre år set taket til 300 000 kroner. Endringa
bør gjerast gjeldande frå 2017.»
Desse medlemene har
merka seg at òg fiskarane i resten av Finnmark over tid har vorte
aukande plaga av kongekrabba. Sjølv om denne plaga er minkande desto
lenger vest i Finnmark ein kjem, meiner desse medlemene at fiskarar
frå heile Finnmark bør få medverke i fisket etter kongekrabbe.
Desse medlemene gjer følgjande
framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa endre vilkåra for å kunna medverke i open gruppe
i kystfartøygruppa sin fangst av kongekrabbe innanfor kvoteregulert
område, slik at òg fartøy som er registrerte i resten av Finnmark
kan medverke på same vilkår som fartøy frå Aust-Finnmark.»
Brev frå
fiskeriministeren dagsett 27. oktober 2016, og 14., 16. og 22. desember
2016 er lagt ved innstillinga.