Forslag frå Høgre og Framstegspartiet:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
presentera ein opptrappingsmodell for aktivitetskravet slik at ein
i løpet av tre år set taket til 300 000 kroner. Endringa bør gjerast
gjeldande frå 2017.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
endra vilkåra for å kunna delta i open gruppe i kystfartøygruppa
sin fangst av kongekrabbe innanfor kvoteregulert område, slik at
òg fartøy som er registrerte i resten av Finnmark kan medverke på
same vilkår som fartøy frå Aust-Finnmark.