Vidareføring
av kapasitetar knytte til maritime patruljeringsfly og etterretning,
overvaking og oppklaring
I Prop. 151 S (2015–2016)
Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for forsvarssektoren blei
Stortinget informert om eit framtidig investeringsprosjekt om anskaffing
av nye maritime patruljefly i samband med utfasing av dei seks aldrande
P-3 Orion og tre DA-20 Jet Falcon.
Noreg har sidan andre
verdskrigen lagt stor vekt på å etablere nasjonal og alliert situasjonsforståing
i nordområda. Sidan 1960-talet har Noreg prioritert denne kapasiteten
høgt ved å satse på maritime patruljefly.
I dei siste tiåra
har Noreg operert med fire avanserte patruljefly av typen P-3C for
overvaking og antiubåtoperasjonar, og to patruljefly av typen P-3N med
utstyr til overflateovervaking for kystvaktoppdrag. P-3N har også
blitt nytta til oppøving av besetningar. Flya har også viktige sivile
oppgåver som til dømes søk og redning. I tillegg har Noreg operert
tre DA-20 Jet Falcon til elektroniske operasjonar. Operativ og teknologisk
levetid til alle dei noverande flya med sensorar og våpensystem
nærmar seg slutten. Vidareføring av kapasitetane for overvaking
og antiubåtoperasjoner er viktige både nasjonalt, og for NATO og
nære allierte. Kapasiteten for overvaking av havområda i våre omgjevnader
vil medverke til å sikre at tilhøva i nord, Noreg sitt fremste strategiske satsingsområde,
blir føreseielege og stabile.
Føremålet med Prosjekt
2047 «Vidareføring av MPA- og ISR-kapasitet» er å føre vidare kapasitetane til
overvaking over og under havoverflata og til antiubåtoperasjonar.
Det er gjennomført ein moglegheitsstudie for å identifisere moglege
og relevante alternativ som kan vidareføre kapasitetane. Prosjektet omfattar
anskaffing av fem maritime patruljefly av typen P-8A Poseidon, inkludert
mellom anna ekstra overvakings- og støttesystem. Dei nye maritime
patruljeflya har moderne sensorar, antiubåtvåpen og støttesystem,
samstundes som dei bidreg til at andre kapasitetar i Forsvaret blir
styrka og får auka tilgjengelegheit og uthald.
Anskaffinga blir
gjennomført som ei direkte anskaffing frå amerikanske myndigheiter
gjennom ordninga for «Foreign Military Sales». Det vil andsynes leverandøren
av flya bli stilt krav om ei avtale om industrisamarbeid. Levering
av flya er planlagd i perioden 2021–2022.
Den tilrådde kostnadsramma
for prosjektet på kap. 1760 er 9 825 mill. 2016-kroner (inkl. mva., gjennomføringskostnadar
og ei avsetting for uvisse). I tillegg vil ein del av kostnadene
bli belasta kap. 1735.