I grunnlagsdokumentet
for Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029 kjem det fram at 476
personar har omkome i samband med bruk av fritidsfartøy i perioden
frå 2002 til 2015. Berre i 2015 omkom 37, ein auke på ni personar
eller 32 pst. frå året før. Samanlikna med skipsulukker ved ferdsel
til sjøs i næring, er talet omtrent seks gonger høgare når det gjeld
drepne knytt til bruk av fritidsbåt. Forslagsstillarane viser til
at det gjennom fleire år til samanlikning har vore ein markant nedgang
i talet på drepne og hardt skadde i biltrafikken. For vegtrafikken
har ein fått ei halvering av talet på dødsfall den siste tiårsperioden,
men på sjøen har talet på drepne ikkje minka. Dette er etter forslagsstillarane
si meining urovekkjande.
Forslagsstillarane
meiner det er ei utfordring at tre ulike departement har kvart sitt
ansvarsområde. Til dømes ser Samferdselsdepartementet i hovudsak på
sitt eige ansvarsområde – infrastruktur. Førebyggande sjøtryggleik
ligg under Nærings- og fiskeridepartementet og beredskap under Justis-
og beredskapsdepartementet. For at ein skal få betre effekt av tiltak,
bør dette arbeidet samordnast langt betre enn det som er tilfellet
i dag. Forslagsstillarane meiner at det er naudsynt med fleire tiltak
for å redusera talet på drepne på sjøen. Dette gjeld også organisatoriske tiltak.
I dokumentet vert
det lagt fram slikt forslag:
«Stortinget
ber regjeringa styrka og samla den totale ressursinnsatsen innan
sjøtryggleik i ein eigen strategi, med hovudføremål å få ned talet
på omkomne og hardt skadde i fritidsbåtar. Stortinget ber regjeringa
om følgjande åtgjerder:
-
Etablera ei eiga
ulukkesgruppe som undersøker ulukker og brannar der fritidsbåtar
er involvert. Innsamling og bruk av data må ha som føremål å førebyggja
og hindra fleire ulukker og brannar.
-
Vurdera om andre
enn politiet skal vera meldeinstans med føremål å få fleire til
å rapportera uynskte hendingar og ulukker med fritidsbåtar til sjøs.
-
Vurdera åtgjerder
fartsreduksjon i ulukkesutsette farvatn.
-
Vurdera åtgjerder
som kan sikra at påbodet om flytevestar gir resultat.
-
Sikra at bransjeorganisasjonar
og Redningsselskapet blir viktige medspelarar i arbeidet med å utforma
ny strategi for å auka tryggleiken knytt til bruk av fritidsbåt.
-
Utarbeida særleg
navigasjonsstøtte for fritidsbåtar.»