Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Tor Arne Bell Ljunggren, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, meiner at god maritim infrastruktur er viktig for effektiv sjøtransport og for verdiskaping og busetjing langs heile kysten.

Komiteen meiner at sjøvegen spelar ei viktig rolle for framtidige arbeidsplassar, og Noreg skal også i framtida vera ein viktig sjøfartsnasjon.

Komiteen registrerer at ansvaret for tryggleik til sjøs og beredskap mot akutt forureining er delt mellom fleire departement og etatar. Komiteen merkar seg at meldinga fokuserer på tiltak innanfor Samferdselsdepartementet sitt ansvarsområde, og at spørsmål knytt til fritidsbåtar ikkje blir omtala nærare i denne meldinga.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Framstegspartiet syner til at den førre stortingsmeldinga om sjøtryggleik, St.meld. nr. 14 (2004–2005) På den sikre siden, sjøsikkerhet og oljevernberedskap, blei fremma av regjeringa Bondevik II, og at det sidan den gong ikkje er fremma heilskaplege meldingar for Stortinget om dette før stortingsmeldinga som Stortinget no har til handsaming. Desse medlemene merkar seg at tiltak knytt til sjøtryggleik for fritidsbåtar ikkje er omtala i meldinga, men at det heller ikkje var varsla at det skulle vere del av meldinga. Desse medlemene syner vidare til høyringa som var held i saka den 16. oktober 2016, og merkar seg at fleire av høyringsdeltakarane, mellom anna Noregs Rederiforbund, framhevar at stortingsmeldinga gjev ein god og heilskapleg vurdering av dagens arbeid med førebyggande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining, og at den beskriv gode tiltak for å forbetre sjøtryggleiken langs norskekysten.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet beklagar at spørsmål knytt til sjøtryggleik ved bruk av fritidsbåtar ikkje er omtala i meldinga. Desse medlemene viser til at bruken av fritidsbåt er aukande, og at Grunnlagsdokumentet for NTP slår fast at det er opp mot seks gonger fleire som har døydd i ulukker knytt til bruk av fritidsbåt enn ved nyttefartøy.

Komiteen merkar seg at skipstrafikken i norske farvatn har auka sidan 2005. I dag er trafikken dominert av passasjerskip, stykkgodsskip og fiskefartøy. Målt i utsegla distanse, har Vestlandet den mest omfattande trafikken. Prognosen for utvikling i skipstrafikken fram mot 2040 tilseier ei samla auke i utsegla distanse på 41 pst. Analysane bygger på prognosar for skipstrafikken fram mot 2040. Komiteen registrerer at risikoen for ulukker er rekna ut frå trafikkmengd og føreliggjande ulukkesstatistikk. Dei fleste ulukkene får avgrensa konsekvensar, men enkelte ulukker resulterer i dødsfall eller akutt forureining. Komiteen merkar seg at talet på ulukker med akutt forureining internasjonalt har gått ned sidan 1970-talet.

Komiteen registrerer at den venta auken i skipstrafikken fram mot 2040 kan innebera auka miljørisiko og vil kunna føra til fleire ulukker, dersom det ikkje blir sett i verk nye førebyggande tiltak eller at eksisterande tiltak blir utvida. Den berekna ulukkesfrekvensen er høgast på Vestlandet, både i 2013 og i 2040. Vidare kan blant anna teknologiutvikling og endra krav til skipsfarten påverka kor sannsynleg det vil vera at det oppstår ulukker.

Komiteen merkar seg at analysen av årsaker til ulukker viser at menneskelege feil, som feilhandlingar eller feilvurderingar, ofte er den direkte årsaka til ulukker. Bildet av dei bakanforliggande årsakene er komplekst. Det er fleire faktorar som påverkar navigasjonsprosessen negativt, som mangelfull samhandling og koordinering på fartøya, for lite bruk av tilgjengeleg personell og mangelfulle rutinar og prosedyrar. I tillegg blir situasjonen ofte forverra av vanskelege ytre forhold som dårleg ver og sikt eller sterk straum.

Komiteen deler målet med nullvisjonen som seier at det ikkje skal førekome ulukker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren. Komiteen merkar seg at sjøtryggleiken har lagt til grunn eit hovudmål om at talet på transportulukker skal reduserast i tråd med nullvisjonen.

Komiteen registrerer at hovudmålet for den statlege beredskapen er å hindra og avgrensa miljøskade ved akutt forureining, eller fare for akutt forureining. Komiteen viser til at staten sitt ansvar for beredskap mot akutt forureining også inneber å følgja opp skipsvrak som utgjer ein risiko for akutt forureining.

Komiteen viser til at regelverk for internasjonal skipsfart blir utarbeidd i FN sin sjøfartsorganisasjon IMO. Vidare legg EU føringar for drift av norske hamner og trygg og framkomeleg ferdsel i norske farvatn. Arbeidet som pågår i organisasjonen IALA (International Association of Marine Aids to Navigation and Lighthouse Authorities) og Arktisk råd, er også viktig for Noreg sitt arbeid med førebyggande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining. Komiteen merkar seg at hendingar til sjøs også kan medføra så omfattande forureining at det er behov for internasjonal assistanse, og at Noreg derfor har fleire avtalar med naboland om bistand ved større hendingar med akutt forureining.

Komiteen merkar seg at meldinga i hovudsak omhandlar det som ligg under Samferdselsdepartementet sitt ansvarsområde, med hovudvekt på infrastruktur og transportsystem. Komiteen ber om at det som ei oppfølging blir utarbeidd ei ny melding som tek føre seg betre samhandling på tvers av sektorar og institusjonar og mellom alle aktørane når det gjeld førebyggande sjøtryggleik og kystberedskap. Ei slik melding må også omhandla ulukker knytt til bruk av fritidsbåt.

Komiteen fremmer følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa om å utarbeida ei stortingsmelding om betre samhandling mellom alle aktørane når det gjeld førebyggande sjøtryggleik og kystberedskap. Meldinga skal også omhandla ulukker knytt til bruk av fritidsbåt.»

Kapittel 2 Førebyggande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining

Komiteen syner til at stortingsmeldingas kapittel to gjev ein gjennomgang av relevante mål og reiskap for risikostyring innan sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining.

Komiteen meiner at ei god risikoforståing er avgjerande for å lykkast med sjøtryggleiksarbeidet og vil understreke at det både er viktig innanfor Samferdselsdepartementet og Kystverket, men også at forståing for mål og risiko er delt av øvrige departement, etatar samt frivillige og ideelle organisasjonar.

Kapittel 3 Status og prognosar for skipstrafikken og ulukker til sjøs

Komiteen syner til at det vert lagt til grunn eit anslag på vekst i utsegla distanse på 41 pst. fram mot 2040, og at dette er en formidabel vekst tatt i betraktning at sjøtransporten allereie står for det klart største transportarbeidet. Sjøtransporten står for om lag 50 pst. av innanlandsk transportarbeid. Komiteen syner vidare til at Stortinget i vår vedtok eit mål om at 30 pst. av godset som fraktas på veg over 300 km skal overførast til jernbane og sjø innan 2030, og at det talet skal være 50 pst. i 2050. Dette målet aukar ambisjonsnivået, og inneber at prognosane for sjøtransport kan bli enno høgare etter kvart som målet vert nådd.

Kapittel 4 Førebyggande sjøtryggleik

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre, syner til at det er grundig gjennomgått kva for tiltak som finst og som er vurderte framover.

Redningsselskapet

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, vil framheva Redningsselskapet si rolle både innan førebyggande og aktivt sjøtryggingsarbeid.

Fleirtalet syner til at Redningsselskapet vart styrka gjennom ei auka løyving på 20 mill. kroner for 2014-budsjettet gjennom regjeringa og samarbeidspartia si endring av budsjettet framlagt av regjeringa Stoltenberg II, og at det innebar ei auke i den statlege løyvinga til selskapet på over 30 pst.

Komiteen vil understreka at det betyr mykje å ha ei god søk- og redningsteneste og ber om at den omfattande kunnskapen som er opparbeidd gjennom SARiNOR blir lagt til grunn for det vidare arbeidet.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til innspel frå Redningsselskapet og deler deira bekymring for beredskapen langs kysten som også kom fram under høyringa på Prop. 1 S (2016–2017).

Desse medlemene understreker at det ikkje er tilstrekkeleg kapasitet i nord til å handtera den aukande trafikken.

Kapittel 5 Beredskap

Komiteen syner til at det er gjennomført mange riktige tiltak dei siste åra, mellom anna har statens oljevernutstyr blitt oppgradert og komplementert, fleire stillingar til beredskap er oppretta i Kystverket, fleire kystvaktfartøy har fått oljevernutstyr om bord m.m. Samstundes er vedlikehaldsetterslepet på infrastrukturen langs kysten redusert, slik at den infrastrukturen me allereie har, fungerer betre.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, vil vise til at maritim næring i stor grad betalar for tryggingskostnadane sine sjølve, gjennom sikkerheitsavgift, losberedskapsavgift m.m. Fleirtalet meiner at sjøtransporten sitt totale avgiftstrykk skal ned, og vil i den samanheng vise til at losberedskapsavgifta er senka med 86 mill. kroner som ein del av regjeringa og samarbeidspartia sin politikk for å styrke sjøtransporten sine konkurransevilkår.

Fleirtalet meiner at det er viktig at eit mål om lågare avgiftstrykk på sjøtransporten ikkje står i vegen for naudsynt grøn omstilling i næringa, og syner til at den senka losberedskapsavgifta har gjort det mulig å miljødifferensiere avgifta for å stimulere til ein grønare skipsfart. Fleirtalet vil vidare understreke at det i det vidare arbeidet med å styrke sjøtryggleiken er naudsynt å gjere det på ein slik måte at det ikkje aukar kostnadane for sjøtransporten, og at tiltak som både styrkar tryggleiken og aukar maritim næring si konkurransekraft, bør prioriterast.

Kapittel 8 Forsking og utvikling

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, syner til at det i regjeringa og samarbeidspartia sin samarbeidsavtale er semje om at det skal etablerast ein miljøbase/oljevernbase i Lofoten og Vesterålen. Fleirtalet syner til at denne prosessen er godt i gang, og at dette kan bli eit viktig bidrag til auka sjøtryggleik i nordområda, der det også er utsikter til stor auke i sjøtransporten i åra som kjem.