Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til endringar i veglova i eit nytt kap. II a som skal regulere det statlege tilsynet knytt til riksveg (Vegtilsynet).

Framlegget til nytt kapittel II a med nye §§ 11 a–11 e vil gi nærare føresegner om eit fristilt Vegtilsyn som skal føre tilsyn med at Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg har styringssystem som er implementert og tatt i bruk som føresett. Det vert vidare lagt opp til ein plikt for pliktsubjekta til å ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem m.m. som tek vare på tryggleiken på det vegnettet dei har ansvar for. Framlegget inneheld òg føresegn som pålegg pliktsubjekta og andre å gje opplysningar, og det vert føreslått heimel for Vegtilsynet til å gje pålegg og tvangsmulkt. Framlegget til lovendringar er etter departementet sitt syn føremålstenlege for å betre trafikktryggleiken ytterlegare i tråd med nullvisjonen og nasjonalt vedtekne mål. Endringane er også naudsynte for å sikre Vegtilsynet heimel til å føre tilsyn med utbyggingsselskapet for veg.

Departementet tek sikte på at dei framlagde endringane skal gjelde frå 1. januar 2017.

Bakgrunnen for lovframlegget

Endringsforslaga i denne proposisjonen skal sikre at Vegtilsynet får naudsynt heimel til å føre effektivt tilsyn både med Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg. Vegtilsynet vil med dette få myndigheit til å kontrollere og føre tilsyn med at Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg har og bruker naudsynte og effektive styringssystem for å ivareta tryggleik knytt til riksveg etter veglova.

I proposisjonens kap. 2 gjer ein greie for høyringa som er gjennomført, samt merknadane frå høyringsinstansane. I kap. 3 gjer departementet framlegg til lovendringar.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei endringar departementet har gjort framlegg om, vil ha nokre administrative og økonomiske konsekvensar.

Konsekvensar av å fristille Vegtilsynet

Vegtilsynet nytter i dag same administrative løysingar som andre avdelingar i Statens vegvesen. Prisen for dette er ca. 1,2 mill. kroner per 2015. Dette omfattar kjøp av alle administrative ressursar. Ved ei fristilling av Vegtilsynet frå Statens vegvesen er det viktig å sikre Vegtilsynet sitt sjølvstende og sin integritet. Vegtilsynet bør derfor ikkje kjøpe administrative tenester av og nytte administrative IKT-system hos vegvesenet som i dag. Vegtilsynet må dermed etablere nye løysingar for administrativ støtte. Dette medfører anskaffingar av nye system innan IKT, HR, økonomi, anskaffingar, arkiv og kontordrift, samt kompetanse og bemanning for å ivareta systema.

Vegtilsynet har i dag ei bemanning på 11 medarbeidarar og ein direktør. Vegtilsynet si vurdering er at det vil vera behov for tre nye administrative stillingar i samband med ei fristilling.

Ei anna usikker meirutgift er Vegtilsynet sitt behov for juridisk støtte i samband med anskaffingar, tvistar, rekruttering og personalspørsmål. Ei fristilling av Vegtilsynet inneber at dei juridiske støtteprosessane som tidlegare blei handtert av vegvesenet, framover skal utførast av Vegtilsynet.

Ved utskiljinga frå Statens vegvesen kan i tillegg tilgang på vegfaglig kompetanse bli noko meir krevjande enn i dagens situasjon, og vil vere ei utfordring det vil være naudsynt å følgje med på. Det er ein viktig føresetnad at tilsynsorganets kompetanse ikkje er dårlegare enn den tilsynsobjektet har til disposisjon, og at tilsynet er i stand til å møte fagleg argumentasjon (St.meld. nr. 17 (2002–2003)). Høg fagleg kompetanse gir tilsynsorganet ei meir uavhengig rolle og medverkar til naudsynt tillit og legitimitet (Innst. S. nr. 222 (2002–2003)).

Ved opprettinga av eit nytt pliktsubjekt i tillegg til Statens vegvesen reknast aukinga av ressursbruk hos Vegtilsynet å vere liten. Tilsynet skal som i dag føre risikobasert systemtilsyn med ansvarleg for riksveg. Dette inneber at Vegtilsynet fortsatt prioriterer sin innsats der risikoen for alvorlege ulykker er størst.

På den annan side vil innføring av nye tilsynsreaksjonar kunne medføre eit behov for noko økt ressursbruk hos Vegtilsynet.

Konsekvensar av tilsyn for Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg

Det vert rekna med at administrative konsekvensar for pliktsubjekta vil vere omtrentleg på same nivå som tidlegare, men det er vanskelig å anslå eit estimat for dette meirarbeidet og meirkostnaden.

Ved dei tilsyn der det vert avdekka avvik, vil dei administrative kostnadene for pliktsubjekta og Vegtilsynet vert større, blant anna som ein konsekvens av at forvaltningslovens reglar for sakshandsaming skal følgjast. I samband med dette vil det også kunne oppstå administrative konsekvensar for departementet som klageinstans.

Finansiering av tilsynsverksemda

Departementet anbefaler ikkje at kostnadane ved sakshandsaming og tilsyn med Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg skal gebyrfinansierast.

Spørsmålet om ilegging av gebyr for å finansiere tilsynsverksemda er noe departementet eventuelt anbefaler å komme tilbake til dersom Vegtilsynet på et seinare tidspunkt skulle få nye og fleire pliktsubjekt og oppgåver. Utgifter til etablering og drift knytt til eit fristilt Vegtilsyn bør dermed vert dekka innanfor gjeldande budsjettrammer.

I kap. 5 gjer departementet greie for merknader til dei enkelte føresegna i lovforslaget.