I lov 21. juni 1963
om vegar blir det gjort følgjande endringar:
Nytt kapittel II A skal
lyde:
Kap. II A. Tilsyn med riksveg.
§ 11 a Vegtilsynet
Vegtilsynet skal føre tilsyn med at
Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg oppfyller
dei pliktar som følgjer av § 11 b.
Departementet fastset instruks for
Vegtilsynet.
§ 11 b Plikt til å ha og bruke styringssystem
m.m.
Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet
for veg skal ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem
for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane.
Departementet kan i forskrift gi utfyllande
reglar om plikta etter fyrste ledd.
§ 11 c Opplysingsplikt
Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet
for veg skal innanfor fastsett frist gi dei opplysingane og dokumenta
som Vegtilsynet krev. Det same gjeld entreprenørar, konsulentar
og andre som utfører oppgåver eller som elles samhandlar med Statens
vegvesen eller det statlege utbyggingsselskapet for veg. Vegtilsynet
kan bestemme i kva for form opplysingane skal bli gitt.
Opplysingsplikten gjeld berre dei
opplysningane som Vegtilsynet finn naudsynte for å kunne utføre oppgåvene
sine etter lova.
§ 11 d Pålegg om retting
Vegtilsynet kan pålegge retting innan
ein fastsett frist dersom tilsynet viser avvik frå plikta til å
ha og bruke styringssystem i medhald av § 11 b.
Kostnadene ved å gjennomføre pålegget
skal dekkast av den ansvarlege verksemda.
§ 11 e Tvangsmulkt
Dersom pålegg etter § 11 d ikkje
er følgt innan fristen, kan Vegtilsynet treffe vedtak om tvangsmulkt.
Tvangsmulkta kan fastsettjast som
ei laupande mulkt eller som eit beløp som forfell ved kvart brot. Tvangsmulkt
lauper ikkje dersom etterleving blir umogeleg og årsaka til dette
ikkje ligg hos den ansvarlege.
Tvangsmulkta si storleik kan fastsetjast
med omsyn til kor viktig det er at pålegget blir gjennomført, og
kva for kostnader det truleg fører med seg.
Ilegging av tvangsmulkt kan påklagast
særskilt.
Departementet kan gi utfyllande reglar
om fastsetting av tvangsmulkt.
II
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.