Meldinga gjeld Noreg si deltaking i FN si
generalforsamling, som kvar haust finn stad i organisasjonen sitt
hovudsete i New York. Meldinga, som illustrerer det omfattande norske
engasjementet i FN, er samansett av fire delar: generalforsamlinga
med dei seks faste komiteane, Tryggingsrådet og styrking av FN,
reform og aktørar. For ei nærare skildring av dei ulike aktivitetane
og sakene under generalforsamlinga vert det vist til meldinga. I
det følgjande vert nokre av dei mest sentrale attgjevne.
Opninga av FNs 70. generalforsamling
starta med høgtidsstemning og optimisme. 70-årsjubileet til FN gav
opninga eit historisk preg. Talet på statsleiarar frå dei 193 medlemslanda
som tok del, var rekordstort. Dei nye berekraftsmåla var vedtekne
av FNs medlemsland på eit toppmøte veka før. For å sikre oppfølginga
etablerte generalsekretæren i FN ei pådrivargruppe der den norske
statsministeren er den eine av to leiarar.
Bakteppet til den 70. generalforsamlinga
i FN var utanrikspolitisk turbulens og aukande akutte kriser. Samstundes
var hausten 2015 i FN òg prega av viktige diplomatiske gjennombrot:
Inngåing av atomavtalen med Iran, semje om finansiering
for utvikling i Addis Abeba, vedtaking av dei nye berekraftsmåla
og ein mogleg klimaavtale i Paris. Men konfliktane imellom anna
Syria og Libya hadde forverra seg. Situasjonen i Ukraina var fastlåst.
Den humanitære krisa i Jemen var veksande, valdsnivået var høgt
i Israel og Palestina, fredsprosessen i Sør-Sudan halta, og Burundi
utvikla seg i negativ retning. Behovet for å førebyggje valdeleg
ekstremisme, setje inn tiltak mot framandkrigarverksemd og kjempe mot
terroristorganisasjonar som ISIL var svært tydeleg. Omfanget av
asyl- og migrasjonsutfordringane, og dei dramatiske humanitære konsekvensane
av rekordmange menneske på flukt, var òg ein del av den utfordrande
utanriks- og tryggingspolitiske situasjonen.
Med dei alvorlege utfordringane verda
står overfor, er det behov for eit sterkt og effektivt FN.
Etter at FN-pakta vart forhandla fram
våren 1945, har Noreg vore ein konsekvent forsvarar av multilaterale
løysingar og internasjonalt samarbeid. Dei viktige mellomstatlege
avtalane om finansiering for utvikling, berekraftsmåla og klima
som medlemslanda i FN forhandla fram i 2015, viser at FN er den nødvendige
aktøren og arenaen som verda treng for å fremje utvikling og menneskerettar
og for å finne felles løysingar knytte til globale utfordringar.
I Addis Abeba sommaren 2015 vart det internasjonal semje om finansiering
for utvikling. Her hadde Noreg ei hovudrolle i forhandlingane. Denne
semja gav ein positiv giv i forhandlingane om berekraftsmåla. Vedtaket
om berekraftsmåla var ein milepæl for FN, verda og Noreg. Høgnivåveka
gav eit politisk løft i prosessen fram mot det som seinare skulle
bli eit vellukka klimatoppmøte i Paris i desember. Heile 187 land
hadde meldt inn nasjonale klimamål då Paris-avtalen vart inngått.
Desse suksessane styrkte FN som den sentrale globale arenaen for
felles løysingar, særleg når det gjeld utfordringar som gjeld miljø
og utvikling.
Men trass i desse gode resultata i
2015 er FN og den multilaterale ordenen som vi kjenner, under press.
FN utformar og held ved lag køyrereglar som er i vår interesse,
mellom anna folkeretten og havretten. Vi må investere i FN. FN må
styrkjast som ein mellomstatleg arena og som ein aktør i arbeidet
med å løyse globale utfordringar. For å styrkje FN si evne til å
oppfylle mandatet sitt er det naudsynt å reformere organisasjonen.
Dette vert nettopp aktualisert av dei store felles utfordringane
verda står overfor på alle hovudområda til FN: fred og tryggleik,
menneskerettar og utvikling.
Noreg har arbeidd for at FN skal fungere
betre og verte ein meir effektiv og moderne organisasjon. Dette
gjeld særleg gjennom prosjektet FN70: Ein ny dagsorden, som Noreg
sette i gang, der målet er å påverke – og støtte – den neste generalsekretæren
i FN i arbeidet med å styrkje organisasjonen når det gjeld saker
som ho eller han har innverknad på. Vi har òg spelt ei sentral rolle
i å støtte initiativet til den noverande generalsekretæren om å
gjere FNs fredsoperasjonar betre i stand til å løyse utfordringane som
dei står overfor. Utgangspunktet er framlegga frå det uavhengige
reformpanelet, som la fram rapporten sin i juni 2015, supplert av
ekspertgjennomgangen av FNs fredsbyggingsarkitektur og studien om
gjennomføringa av resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik.
Noreg har prioritert arbeidet for å styrkje den operasjonelle kapasiteten
til FN, mellom anna gjennom bidrag til FNs fredsoperasjonar, til førebyggjande
diplomati og konfliktløysing, til styrkt koordinering og samordna
innsats på landnivå og støtte til Generalsekretæren sitt initiativ
Human Rights Up Front. Valdeleg ekstremisme, det høge talet på flyktningar
og dei mange konfliktane har medverka til at merksemda i stadig
større grad vert retta mot dei grunnleggjande årsakene til at samfunn bryt
saman. Her står samanhengane mellom respekt for menneskerettane,
tryggleik og stabilitet sentralt. Vi har òg spelt ei framståande
rolle i å styrkje FN si rolle i kampen mot framandkrigarverksemd
og valdeleg ekstremisme.
Konfliktane i Syria, Sør-Sudan, Burundi,
Libya, Israel og Palestina prega dagsordenen til Tryggingsrådet
hausten 2015. Tryggingsrådet til FN var framleis prega av det kjølege
tilhøvet mellom Russland og vestlege land. Trass i dette klarte
Tryggingsrådet å verte samde på viktige område, til dømes om tiltak mot
internasjonal terrorisme/ISIL, skiping av ei gruppe som granskar
bruken av kjemiske våpen i Syria og oppfølging av FNs fredsoperasjonar.
Resolusjonen om eit politisk vegkart for å løyse konflikten i Syria
var eit viktig vedtak. Hausten 2015 markerte vi dessutan at det
er 15 år sidan FNs tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred
og tryggleik vart vedteken. Det vart sett rekord i talet på innlegg
i ein open debatt i Tryggingsrådet.
I september 2015 vart det vedteke
å ha ein ny og meir open prosess for val av ny generalsekretær.
Presidentane for Generalforsamlinga og Tryggingsrådet tok i fellesskap
initiativet til å starte prosessen med val av ny generalsekretær
ved å sende ut eit ope, felles brev der dei inviterte kandidatar
til å søkje. Våren 2016 vart kandidatane inviterte til opne høyringar som
både medlemslanda og sivilsamfunnet tok del i. Av enkeltståande
hendingar er nok dette eit av dei viktigaste reformtiltaka for å
fornye Generalforsamlinga i FN dei siste åra.
Hausten 2015 var 1. komité om nedrusting
prega av eit krevjande forhandlingsklima etter at tilsynskonferansen
for ikkje-spreiingsavtalen (NPT) ikkje kom fram til semje året før.
Arbeidet i 2. komité for utvikling, miljø og økonomiske spørsmål
var på mange måtar ein nedtur etter dei utviklingspolitiske suksessane
som gjekk føre sjølve komitéarbeidet, med vedtak av Addis Abeba-agendaen
for finansiering av utvikling og dei nye berekraftsmåla. Komiteen vart
avslutta fleire veker på overtid etter krevjande forhandlingar,
der særleg gruppa av utviklingsland hadde store interne samarbeidsproblem.
Gjennom hausten markerte Noreg seg sterkt i 3. komité om menneskerettar,
ikkje minst ved å føre fram to viktige resolusjonar om menneskerettsforkjemparar
og internt fordrivne til positive utfall. 4. komité, som behandlar
særskilte politiske spørsmål som Palestina og fredsbevarande og
politiske operasjonar, var prega av splitting. Mange resolusjonar
vart det ikkje full semje om, og dei vart tekne til avrøysting.
I behandlinga av desse resolusjonane i plenum la Noreg i sitt innlegg
vekt på den rolla vi har i gjevarlandsgruppa for Palestina, og streka
under behovet for at partane må løyse dei uteståande økonomiske spørsmåla.
5. komité klarte for første gong på lenge å kome i hamn med forhandlingane
av FNs toårige budsjett før julekvelden. Dette er i seg sjølv ein
milepæl og eit tydeleg teikn på eit betre forhandlingsklima. Fordelinga
av bidrag frå medlemslanda til FN for dei neste tre åra er som før,
utan nemneverdige endringar, trass i ein skjerpa debatt. I 6. komité, som
behandlar rettslege spørsmål, var det høg aktivitet og mange resolusjonar,
som alle vart vedtekne ved konsensus.