Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar
2015 vart det avgjort å endre vedlegg XVII til EØS-avtala ved å
innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU om ein viss
tillaten bruk av hitteverk.
Føremålet med direktiv 2012/28/EU er å lage
eit felles europeisk system for å klarere såkalla hitteverk, det
vil seie åndsverk der rettshavarane er ukjende eller ikkje kan lokaliserast.
Direktivet skal fremje bruk av hitteverk som eit ledd i spreiinga
og styrkinga av den europeiske kulturarven, og samstundes tryggje
interessene til rettshavarane til hitteverk.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald
om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett
gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre leddet.
I fortalen til direktivet vert det lagt vekt
på at kulturarvinstitusjonar over heile Europa er i gang med å digitalisere
samlingane sine for å kunne lage europeiske digitale bibliotek.
Desse medverkar til å ta vare på og spreie den europeiske kulturarven,
noko som òg er viktig for å lage europeiske digitale bibliotek,
som til dømes Europeana. Teknologien som gjer det mogleg med massedigitalisering
av trykt materiale og med søk og indeksering, aukar forskingsverdien
til samlingane i biblioteka. Det å ha store bibliotek tilgjengelege
på nettet fremjar elektroniske søk, og gjev oppdagingsverktøy til
forskarar som elles hadde måtta nytte tradisjonelle analoge metodar.
Det å finne løysingar for klarering av hitteverk
er difor ein viktig del av den europeiske digitale agendaen.
Ulike løysingar som gjeld hitteverk, hindrar
den frie marknaden, og det er behov for ei felles tilnærming til
hitteverk for å sikre brukarane av slike verk eit høgare nivå for
presisjon og planlegging.
For å kunne fremje tilgangen til kulturarven
for borgarane er det naudsynt å sikre at hitteverk som er digitaliserte
og stilte til rådvelde i ein medlemsstat, òg kan stillast til rådvelde
for ålmenta i andre medlemsstatar.
I dag finst det inga særleg regulering av klarering av
hitteverk i norsk rett. Etter gjeldande rett kan hitteverk klarerast
gjennom reglane for avtalelisens i åndsverklova, noko som har medverka
til at klarering av hitteverk ikkje har vore noko stort problem
i Noreg.
Føresegnene om avtalelisens kan berre nyttast som
heimel for bruk av eit hitteverk i Noreg. Hitteverkdirektivet har
eit vidare verkeområde enn det regelverket vi har i dag, ettersom
hitteverk etter direktivet vert klarerte for heile EØS-området,
og ikkje berre for Noreg.
Kulturdepartementet har i Prop. 69 L Endringer
i åndsverkloven (gjennomføring av EUs hitteverkdirektiv og innføring
av generell avtalelisens mv.) gjort framlegg om å gjennomføre direktivet
ved endringar i åndsverklova (lov om opphavsrett til åndsverk mv. av
12. mai 1961 nr. 2).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Arild Grande, Hege Haukeland Liadal, Sonja Mandt og Rigmor Aasrud, fra
Høyre, lederen Svein Harberg, Kjartan Berland og Kårstein Eidem Løvaas,
fra Fremskrittspartiet, Morten Stordalen og Ib Thomsen, og fra Kristelig
Folkeparti, Hanne Thürmer, viser til direktiv 2012/28/EU
om en viss tillatt bruk av hitteverk. Formålet er å lage et felles
europeisk system for klarering av hitteverk, åndsverk hvor opphavsperson eller
rettshaver ikke er kjent eller kan oppspores. EØS-komiteens beslutning
om innlemming av direktivet er avhengig av Stortingets samtykke,
jf. Grunnloven § 26 andre ledd. Komiteen viser også
til Prop. 69 L (2014–2015) hvor gjennomføringen av EUs hitteverkdirektiv
er omfattet og hvor det vises til at dette fikk bred støtte i høringen
til den saken. Etter at Stortinget gir samtykke til EØS-komiteens
beslutning vil det, etter komiteens syn, bli enklere
med klarering av hitteverk for norske kulturarvinstitusjoner.
Komiteens utkast til innstilling
har blitt forelagt utenriks- og forsvarskomiteen som i brev av 3. juni
2015 uttaler:
«Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter
seg til familie- og kulturkomiteens utkast til innstilling til Prop.
126 S (2014-2015) og har ingen ytterligere merknader.»
Komiteen viser til
proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Stortinget gir samtykke til godkjenning
av beslutning i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om
innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2012/28/EU om en viss tillatt
bruk av hitteverk.
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den
4. juni 2015
Svein Harberg | Kårstein Eidem Løvaas |
leder | ordfører |