Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 91 S (2014–2015)
- Kildedok: Prop. 21 S (2014–2015), unnateke kap. 821, 822, 3821 og 3822
- Dato: 03.12.2014
- Utgiver: familie- og kulturkomiteen
- Sidetall: 6
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Samandrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Endringsforslag
- 1.2.1 Kap. 840 Krisetiltak
- 1.2.2 Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
- 1.2.3 Kap. 844 Kontantstøtte
- 1.2.4 Kap. 845 Barnetrygd
- 1.2.5 Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
- 1.2.6 Kap. 852 Adopsjonsstønad
- 1.2.7 Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
- 1.2.8 Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
- 1.2.9 Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
- 1.2.10 Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
- 1.2.11 Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
- 1.2.12 Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
- 1.2.13 Kap. 2530 Foreldrepengar
- 2. Merknader frå komiteen
- 3. Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
I proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2014 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
Utgiftene til tilskot til incest- og valdtektssenter i 2014 er anslått til 76 mill. kroner, som er 1,5 mill. kroner mindre enn løyvinga. Mindrebehovet skuldast lågare utbetalingar av tilskot samanlikna med det som blei lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2014.
BLD føreslår å redusere kap. 840 post 61 med 1,5 mill. kroner.
Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle til meklarar utanfor familievernet er 1,4 mill. kroner lågare enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 841 post 21 med 1,4 mill. kroner.
Utgiftene til kontantstøtte i 2014 er anslått til 1 390 mill. kroner, som er 10 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Talet på barn med kontantstøtte synest å bli noko høgare enn føresett i Prop. 93 S (2013–2014). Mindrebehovet kjem av lågare gjennomsnittleg utbetaling per barn.
BLD føreslår å redusere kap. 844 post 70 med 10 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2014 er anslått til 15 230 mill. kroner, 5 mill. kroner lågare enn løyvinga. Mindrebehovet kjem av eit lågare tal på barn det blir utbetalt stønad for enn føresett i anslaget i Prop. 93 S (2013–2014).
BLD føreslår å redusere kap. 845 post 70 med 5 mill. kroner.
BLD føreslår å setje ned løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 858 post 1, jf. nærmare omtale under kap. 858 post 1. Mindreforbruk kjem av seinare oppstart av forskingsprosjekt enn planlagt.
Nye prognosar viser at det vil komme 145 adoptivbarn til Noreg i 2014, om lag halvparten av det anslaget som låg til grunn for løyvinga i saldert budsjett.
BLD føreslår å redusere kap. 852 post 70 med 5,9 mill. kroner.
Det er løyvd 172,2 mill. kroner på posten. Løyvinga skal dekkje lønnsutgifter, saksutgifter som ikkje omfattast av Lov om fri rettshjelp, og diverse andre mindre utgifter. Det er eit meirbehov på 2 mill. kroner på posten som følgje av høgare utgifter til fagkunnige. Departementet føreslår å flytte 2 mill. kroner frå kap. 854 post 21 til kap. 853 post 1 for å dekkje meirbehovet, jf. nærmare omtale under kap 854 post 21.
BLD føreslår vidare å flytte 1,2 mill. kroner frå kap. 853 post 45 til kap. 853 post 1, jf. nærmare omtale under post 45.
Samla føreslår BLD å auke kap. 853 post 1 med 3,2 mill. kroner.
Det er løyvd 19,1 mill. kroner på posten. Løyvinga skal gå til å kjøpe eit nytt saksbehandlingssystem. For å få på plass det nye systemet har det vore naudsynt å bruke interne personalressursar. BLD føreslår derfor å flytte 1,2 mill. kroner frå post 45 til post 1, for å dekkje vikarutgifter og andre ekstra driftskostnadar i fylkesnemndene i samband med prosjektet.
BLD føreslår å redusere kap. 853 post 45 med 1,2 mill. kroner.
Det er løyvd 77 mill. kroner på posten. Løyvinga skal gå til ulike førebyggjande tiltak og kjøp av tenester i samband med utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. I budsjettet for 2014 blei det løyvd 8,5 mill. kroner på posten for å prøve ut eit program for foreldreveiledning, «Nurse Family Partnership», i Noreg. Tiltaket inngår i tiltaksplanen «En god barndom varer livet ut» og vert administrert av Bufdir. Naudsynt utgreiing og forsvarleg forankring av Nurse Family Partnership, mellom anna inngåing av lisensar, har ført til at igangsetjinga av prosjektet har tatt lengre tid enn venta. Det er derfor 7,5 mill. kroner i ubrukte midlar avsett til prosjektet inneverande år.
I tillegg er det noko mindreforbruk til utvikling av masterutdanning om barnevernleiing og utgreiing av sentre for foreldre og barn. Samla er mindreforbruket 8,7 mill. kroner. BLD føreslår å omdisponere delar av midlane.
BLD føreslår at inntil 2 mill. kroner blir nytta til ein konferanse om vern av barn mot vald og seksuelle overgrep. Bufdir skal arrangere konferansen.
BLD føreslår vidare at 2 mill. kroner blir flytta til kap. 853 post 1, for å dekke eit meirbehov i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.
BLD føreslår i tillegg å flytte 1,2 mill. kroner frå posten til post 22 for å dekkje eit meirbehov i Barnesakkunnig kommisjon.
Samla føreslår BLD å redusere kap. 854 post 21 med 6,7 mill. kroner.
Det er løyvd 6,5 mill. kroner på posten. Løyvinga på posten går til drift av Barnesakkunnig kommisjon (BSK). Det er eit meirbehov på 1,2 mill. kroner på posten som følgje av at kommisjonsmedlemmane si godtgjersle er gjort om til lønsinntekt og dermed blir også arbeidsgjevaravgift lagt til. I tillegg er det innført ei meir nøyaktig registrering av saksbehandlingstida, som viser at denne er høgare enn tidlegare registrert. BLD føreslår å dekke inn meirutgiftene ved å flytte 1,2 mill. kroner frå post 21.
BLD føreslår å auke kap. 854 post 22 med 1,2 mill. kroner.
Det er løyvd 665 mill. kroner på posten i inneverande år. Løyvinga på posten skal dekke refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette, kor stor del av alle einslege, mindreårige som treng tiltak i barnevernet, og kor store utgiftene er for kvart tiltak.
Grunna ei auke i talet på einslege, mindreårige flyktningar i ordninga og ei auke i dagprisane, er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett. På bakgrunn av nye prognosar føreslår BLD å auke løyvinga på posten med 132,4 mill. kroner.
Løyvinga på posten er 1 724 mill. kroner. Prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet har eit meirbehov i inneverande år på 53 mill. kroner. Meirbehovet kjem mellom anna av at etaten ikkje klarer å redusere utgiftene i same grad som føresett i den delen av etaten som har nedgang i aktiviteten.
BLD føreslår å flytte 35 mill. kroner frå kap. 856 post 1 til posten for å dekkje noko av meirbehovet. I tillegg føreslår BLD å auke posten med 18 mill. kroner, jf. meirinntekter på kap. 3855.
Samla føreslår BLD å auke kap. 855 post 22 med 53 mill. kroner.
I Saldert budsjett 2014 blei det anslått at inntektene på posten ville vere 13,9 mill. kroner. Prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet vil ha meirinntekter på 9 mill. kroner på posten.
BLD føreslår å auke kap. 3855 post 1 med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855 post 22.
I Saldert budsjett 2014 blei det anslått at inntektene på posten ville vere 1 079 mill. kroner. Posten viser inntekter frå kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og tiltak i heimen. Nye prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet vil ha meirinntekter på 9 mill. kroner på posten.
BLD føreslår å auke kap. 3855 post 60 med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855 post 22.
Løyvinga på posten er 204,2 mill. kroner. Løyvinga på posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, eventuelt kjøp av plassar i private tiltak, og utgifter til arbeidet med å busetje einslege, mindreårige flyktningar under 15 år med vedtak om opphald. Prognosar for 2014 viser ei mindreutgift på 35 mill. kroner. Mindreutgifta skuldast at det er komen færre einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år enn føresett i saldert budsjett. BLD føreslår å flytte 35 mill. kroner til kap. 855 post 22 frå posten.
BLD føreslår å redusere kap. 856 post 1 med 35 mill. kroner.
Løyvinga på posten er 234,2 mill. kroner. Det er behov for å styrke Bufdir for å sikre god forvalting av tilskotsordningane direktoratet har ansvar for. Forvaltinga krev meir ressursar enn ein tidlegare har lagt til grunn. Dette har mellom anna samanheng med endringane som blei gjort i Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom ved behandlinga av Prop. 93 S (2013–2014).
BLD føreslår å auke kap. 858 post 1 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 846 post 21.
Løyvinga på posten er 53,7 mill. kroner. Posten dekkjer utbetaling til pensjonskassar der tilsette i Bufetat var medlem før staten tok over det fylkeskommunale barne- og familievernet i 2004.
Tildelinga dekkjer utgifter til ordinær reguleringspremie og eingangspremiar for tidlegpensjon. I tillegg skal det reknast arbeidsgjevaravgift av premiebeløpa. Reguleringspremiane er i hovudsak basert på utvikling i grunnbeløpet i folketrygda, og blir kravd inn etter lønns- og trygdeoppgjeret. Til fråtrekk kjem bruken av avkastninga på premiefond i pensjonskassen. Reguleringspremien varierer difor kvart år. Bruken av premiefond i 2014 er 18 mill. kroner høgare enn i 2013. Dette gjer at utbetalinga til pensjonskassa vil vere lågare enn løyvinga på posten for inneverande år.
BLD føreslår å redusere kap. 858 post 22 med 17,1 mill. kroner.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2014 er anslått til 17 200 mill. kroner, som er 10 mill. kroner meir enn løyvinga. Dette kjem hovudsakleg av høgare vekst i foreldrepengegrunnlaget enn føresett i Prop. 93 S (2013–2014).
BLD føreslår å auke kap. 2530 post 70 med 10 mill. kroner.
Utgiftene til eingongsstønad i 2014 er anslått å bli 390 mill. kroner, 5 mill. kroner mindre enn løyvinga. Dette kjem av lågare anslag på talet på fødslar i 2014 enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjing av løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 2530 post 71 med 5 mill. kroner.
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2014 er ut frå utbetalte beløp anslått til 445 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga.
BLD føreslår å auke kap. 2530 post 72 med 15 mill. kroner.
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2014 er anslått til 57 mill. kroner, som er 4 mill. kroner meir enn løyvinga. Dette kjem hovudsakleg av at venta nedgang i talet på familiar med foreldrepengar ved adopsjon inneverande år er redusert frå 25 til 20 prosent.
BLD føreslår å auke kap. 2530 post 73 med 4 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Arild Grande, Hege Haukeland Liadal, Sonja Mandt og Rigmor Aasrud, frå Høgre, leiaren Svein Harberg, Kårstein Eidem Løvaas og Mette Tønder, frå Framstegspartiet, Morten Stordalen og Ib Thomsen, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, syner til forslaget frå regjeringen, og støtter dette.
Komiteen syner til proposisjonen og til sine merknadar og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
840 | Krisetiltak | ||
61 | Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, blir redusert med | 1 500 000 | |
frå kr 77 500 000 til kr 76 000 000 | |||
841 | Samliv og konfliktløysing | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, blir redusert med | 1 400 000 | |
frå kr 12 764 000 til kr 11 364 000 | |||
844 | Kontantstøtte | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med | 10 000 000 | |
frå kr 1 400 000 000 til kr 1 390 000 000 | |||
845 | Barnetrygd | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med | 5 000 000 | |
frå kr 15 235 000 000 til kr 15 230 000 000 | |||
846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, blir redusert med | 1 000 000 | |
frå kr 17 559 000 til kr 16 559 000 | |||
852 | Adopsjonsstønad | ||
70 | Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, blir redusert med | 5 900 000 | |
frå kr 12 694 000 til kr 6 794 000 | |||
853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 3 206 000 | |
frå kr 172 239 000 til kr 175 445 000 | |||
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med | 1 206 000 | |
frå kr 19 052 000 til kr 17 846 000 | |||
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71, blir redusert med | 6 700 000 | |
frå kr 77 033 000 til kr 70 333 000 | |||
22 | Barnesakkunnig kommisjon, blir auka med | 1 200 000 | |
frå kr 6 475 000 til kr 7 675 000 | |||
65 | Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med | 132 447 000 | |
frå kr 664 930 000 til kr 797 377 000 | |||
855 | Statleg forvalting av barnevernet | ||
22 | Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1, blir auka med | 53 000 000 | |
frå kr 1 724 359 000 til kr 1 777 359 000 | |||
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 35 000 000 | |
frå kr 204 157 000 til kr 169 157 000 | |||
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 1, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 237 906 000 til kr 238 906 000 | |||
22 | Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar, blir redusert med | 17 136 000 | |
frå kr 53 681 000 til kr 36 545 000 | |||
2530 | Foreldrepengar | ||
70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir auka med | 10 000 000 | |
frå kr 17 190 000 000 til kr 17 200 000 000 | |||
71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, blir redusert med | 5 000 000 | |
frå kr 395 000 000 til kr 390 000 000 | |||
72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, blir auka med | 15 000 000 | |
frå kr 430 000 000 til kr 445 000 000 | |||
73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving, blir auka med | 4 000 000 | |
frå kr 53 000 000 til kr 57 000 000 | |||
Inntekter | |||
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | ||
1 | Diverse inntekter, blir auka med | 9 000 000 | |
frå kr 13 873 000 til kr 22 873 000 | |||
60 | Kommunale eigendelar, blir auka med | 9 000 000 | |
frå kr 1 078 864 000 til kr 1 087 864 000 |
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 3. desember 2014
Svein Harberg |
leiar og ordførar |