Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Olje- og energidepartementet

Innhold

Til Stortinget

Olje- og energidepartementet (OED) foreslår i proposisjonen endringar i statsbudsjettet 2014.

Med bakgrunn i avviklinga av Konsesjonsavgiftsfondet blir det i proposisjonen foreslått at Konsesjonsavgiftsfondets vedtekter blir oppheva når endringane i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova fremja i Prop. 4 L (2014–2015) trer i kraft.

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2013–2014).

I proposisjonen gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av enkelte av desse fullmaktene i 2014.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner, til 261,5 mill. kroner. Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 1 Gebyrinntekter.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, til 210,1 mill. kroner.

Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Den norske stat deltek gjennom Petoro Iceland AS med 25 prosent i tre utvinningsløyve på islandsk kontinentalsokkel.

Det blir foreslått ei fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover gitt løyving på inntil 30 mill. kroner knytte til fortløpande forretningsverksemd innanfor gjeldande deltakingsvedtak, jf. forslag til romartalsvedtak II. Tilsvarande fullmakt er foreslått for 2015, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Olje- og energidepartementet.

På vegner av offentlege verksemder har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) inngått avtale om leveranse av elektronisk ID (eID) frå private leverandørar.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 25 000 kroner, til 493,625 mill. kroner.

Flaumen som råka fleire kommunar på Vestlandet i slutten av oktober har ført til omfattande skadar og det har vore naudsynt å setje i verk tiltak straks for å rydde opp og avverje fare for ytterlegare skadar.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 24 mill. kroner, til 265,3 mill. kroner.

I samband med oppfølginga av Regjeringas strategi for det vidare arbeidet med CO2-handtering vil statsaksjeselskapet Gassco få i oppdrag å sjå på høve til transport av CO2 frå potensielle fangstprosjekt i Noreg, jf. kap. 1840, ny post 74 Transport av CO2.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 5 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande løyving under kap. 1840, ny post 74. Som følgje av usikkert kostnadsoverslag for ovannemnde arbeid blir det foreslått å tilføre posten stikkordet «kan nyttast under post 74».

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 9,5 mill. kroner, til 144,8 mill. kroner. Gassnova disponerer hovuddelen av midlane til kartlegging av høve til fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg. Det blir foreslått å tilføre posten stikkordet «kan nyttes under post 74» etter same forklaring som under post 21.

Løyvinga til kjøp av forskingstenester dekkjer driftsutgifter ved teknologisenteret på Mongstad og nedbetaling av selskapets lån og kapitalkostnader.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 32 mill. kroner, til 1 732 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 27,5 mill. kroner, til 0,5 mill. kroner.

I tråd med Prop. 1 S (2014–2015) blir det lagt opp til å føre vidare arbeidet med å kartleggje høve til fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg.

Utgiftene for studiane er førebels usikre, men første fasen av Gasscos arbeid med idéstudiar blir anslått til 10 mill. kroner. Regjeringa vil komme nærare tilbake til status og vidare planar i revidert budsjett 2015.

Det blir foreslått ei løyving på 10 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 21 Spesielle driftsutgifter. Arbeidet vil starte opp i 2014, og vil gå føre seg inn i 2015. Det blir derfor foreslått at posten blir tilføydd stikkordet «kan overførast».

Løyvinga under kap. 2440, post 30 Investeringar blir foreslått redusert med 1 000 mill. kroner, til 37 000 mill. kroner. Reduksjonen skuldast hovudsakleg forskyving av prosjekt og investeringar på fleire felt.

SDØEs berekna driftsresultat er redusert med 7 200 mill. kroner, til 118 900 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er redusert frå 116 900 mill. kroner til 109 900 mill. kroner, ein reduksjon på 7 000 mill. kroner frå gjeldande budsjett for 2014.

Endringane i underpostar fører ikkje til endring i NVE Anlegg sitt berekna driftsresultat.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, til 1,4 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner, til 19,2 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, til 131,4 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 37 mill. kroner, til 73 mill. kroner. Meirverdiavgift blir inntektsført under kap. 5521.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 84 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12 mill. kroner, til 1 099 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner, til 5,6 mill. kroner.

Statoil ASA vil i 2014 utbetale utbytte for heile 2013 og for to kvartal i 2014. Den norske stat eig i dag 2 136 393 559 aksjar i selskapet.

Det blir foreslått å auke løyvinga på post 85 med 7 691 mill. kroner, til 22 646 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Eva Kristin Hansen, Per Rune Henriksen, Anna Ljunggren og Terje Aasland, fra Høyre, Nikolai Astrup, Tina Bru, Odd Henriksen og Eirik Milde, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen og Oskar J. Grimstad, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, fra Senterpartiet, Marit Arnstad, fra Venstre, lederen Ola Elvestuen, fra Sosialistisk Venstreparti, Ingunn Gjerstad, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, viser til de foreslåtte endringene i statsbudsjettet for 2014 for Olje- og energidepartementet, og til forslag om at Konsesjonsavgiftsfondets vedtekter blir opphevet når endringene i industrikonsesjonsloven og vassdragsreguleringsloven trer i kraft.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

1810

Oljedirektoratet

1

Driftsutgifter, blir auka med

4 200 000

frå kr 257 300 000 til kr 261 500 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

60 000 000

frå kr 150 100 000 til kr 210 100 000

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

1

Driftsutgifter, blir auka med

25 000

frå kr 493 600 000 til kr 493 625 000

22

Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 60 og 72, blir auka med

24 000 000

frå kr 241 300 000 til kr 265 300 000

1840

CO2-handtering

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 74, blir nedsett med

10 000 000

frå kr 15 000 000 til kr 5 000 000

70

Gassnova SF, kan overførast, kan nyttast under postane 73 og 74, blir nedsett med

9 500 000

fra kr 154 300 000 til kr 144 800 000

71

Forskingstenester, TCM DA, kan overførast, blir nedsett med

32 000 000

frå kr 1 764 000 000 til kr 1 732 000 000

73

Fullskala CO2-handtering på Mongstad, kan overførast, kan nyttast under post 70, blir nedsett med

27 500 000

frå kr 28 000 000 til kr 500 000

74

(Ny) Transport av CO2, kan overførast, blir løyvd med

10 000 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar, blir nedsett med

1 000 000 000

frå kr 38 000 000 000 til kr 37 000 000 000

2490

NVE Anlegg

0

24

Driftsresultat

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

-85 000 000

Driftsutgifter

80 700 000

Avskrivingar

4 000 000

Renter av statens kapital

300 000

Investeringsformål

1 000 000

Reguleringsfond

- 1 000 000

0

Inntekter:

4800

Olje- og energidepartementet

70

Garantiprovisjon, Gassco, blir auka med

200 000

frå kr 1 200 000 til kr 1 400 000

4810

Oljedirektoratet

1

Gebyrinntekter, blir auka med

4 200 000

frå kr 15 000 000 til kr 19 200 000

2

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir auka med

60 000 000

frå kr 71 400 000 til kr 131 400 000

4

Sal av undersøkingsmateriale, blir auka med

37 000 000

frå kr 36 000 000 til kr 73 000 000

4840

CO2-handtering

80

Renter, TCM DA, blir nedsett med

5 000 000

frå kr 89 000 000 til kr 84 000 000

86

Avdrag, TCM DA, blir nedsett med

12 000 000

frå kr 1 111 000 000 til kr 1 099 000 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat, blir nedsett med

7 200 000 000

frå kr 126 100 000 000 til kr 118 900 000 000

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

180 800 000 000

Driftsutgifter

-31 600 000 000

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 300 000 000

Avskrivingar

-23 100 000 000

Renter av statens kapital

-4 900 000 000

118 900 000 000

80

Renter av statens kapital, blir nedsett med

800 000 000

frå kr 5 700 000 000 til kr 4 900 000 000

5582

Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

70

Bidrag til kulturminnevern, blir auka med

3 200 000

frå kr 2 400 000 til kr 5 600 000

5685

Aksjar i Statoil ASA

85

Utbytte, blir auka med

7 691 000 000

frå kr 14 955 000 000 til kr 22 646 000 000

II

Fullmakt til å inngå forplikting ut over gitt løyving

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet i 2014 kan pådra seg forpliktingar utover gitt løyving innanfor følgjande beløp:

Kap

Post

Formål

Samla ramme

1815

Petoro AS

73

Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel

30 mill. kroner

III

Oppheving av vedtektene til Konsesjonsavgiftsfondet

Stortinget samtykkjer i at Konsesjonsavgiftsfondets vedtekter, vedtekne av Stortinget 31. januar 1975, blir oppheva når endringane i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova fremja i Prop. 4 L (2014–2015) trer i kraft.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 2. desember 2014

Ola Elvestuen

leder og ordfører