Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2013 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 47 S (2013–2014)
- Kildedok: Prop. 8 S (2013–2014), unntatt kap. 820, 821, 822, 823, 3821 og 3822
- Dato: 03.12.2013
- Utgiver: familie- og kulturkomiteen
- Sidetall: 6
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Samandrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Endringsforslag
- 1.2.1 Kap. 800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
- 1.2.2 Kap. 840 Krisetiltak
- 1.2.3 Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
- 1.2.4 Kap. 844 Kontantstøtte
- 1.2.5 Kap. 845 Barnetrygd
- 1.2.6 Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
- 1.2.7 Kap. 852 Adopsjonsstønad
- 1.2.8 Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
- Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
- Post 50 Forsking og utvikling
- Post 61 Utvikling i kommunane
- Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
- Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21
- 1.2.9 Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
- 1.2.10 Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
- 1.2.11 Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
- 1.2.12 Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
- 1.2.13 Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
- 1.2.14 Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid
- 1.2.15 Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
- 1.2.16 Kap. 2530 Foreldrepengar
- 2. Merknader frå komiteen
- 3. Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
I proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2013 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
Løyvinga på posten skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet.
BLD føreslår å flytte 500 000 kroner for å dekkje meirbehovet på kap. 823 post 1, jf. omtale under denne posten.
BLD føreslår å redusere kap. 800 post 1 med 0,5 mill. kroner.
Utgiftene til tilskot til incest- og valdtektssenter i 2013 er anslått til 76,6 mill. kroner, som er 4,4 mill. kroner meir enn løyvinga. Meirbehovet skuldast auka aktivitet ved incest- og valdtektssentra samanlikna med det som blei lagt til grunn ved fastsetting av løyvinga for 2013.
BLD føreslår å auke kap. 840 post 61 med 4,4 mill. kroner.
Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle er 1,7 mill. kroner lågare enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 841 post 21 med 1,7 mill. kroner.
Utgiftene til kontantstøtte i 2013 er anslått til 1 230 mill. kroner, som er 30 mill. kroner høgare enn løyvinga i Prop. 149 S (2012–2013).
Meirbehovet kjem av at ein forventar fleire barn med kontantstøtte gjennomsnittleg kvar månad enn tidlegare føresett. Auken har vore særleg stor frå mai månad, og særleg for den eldste aldersgruppa, barn 19–23 månader.
BLD føreslår å auke kap. 844 post 70 med 30 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2013 er anslått til 15 130 mill. kroner, som er 90 mill. kroner høgare enn løyvinga i Prop. 149 S (2012–2013).
Anslåtte meirutgifter kjem av auka anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar, som følgje av etterbetalingar (restansenedbygging) og omlegging av rekneskapsrutinar i Arbeids- og velferdsetaten.
BLD føreslår å auke kap. 845 post 70 med 90 mill. kroner.
BLD føreslår å sette ned løyvinga på posten med 277 000 kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 846 post 70.
Det er eit meirbehov på 277 000 kroner på posten knytt til tilskot i samband med Stemmerettsjubileet 2013. BLD føreslår å auke løyvinga for kap. 846 post 70 mot tilsvarande reduksjon under post 21.
Nye prognosar viser at det vil komme om lag 180 adoptivbarn frå andre land til Noreg i 2013. Dette er ein lågare prognose enn i saldert budsjett 2013.
BLD føreslår å redusere kap. 852 post 70 med 7,7 mill. kroner.
Posten skal dekkje utgifter til ulike førebyggande tiltak og kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. Det er eit meirbehov på 1,9 mill. kroner på posten som blir føreslått dekka inn ved å flytte 1,9 mill. kroner frå kap. 854 post 50.
BLD føreslår å auke kap. 854 post 21 med 1,9 mill. kroner.
Posten blir mellom anna nytta til forsking på barne- og ungdomsfeltet.
Bufdir er tildelt 3 mill. kroner til mentorordninga Nattergalen på posten. Basert på tidlegare erfaringar går 10 prosent av løyvinga til mentorordninga til å dekkje driftsutgifter og prosjektleiing knytt til gjennomføringa av prosjektet. Det blir føreslått å flytte 0,3 mill. kroner til kap. 858 post 1 for å gjere postbruken korrekt.
Det er vidare eit mindrebehov på 1,9 mill. kroner på posten som følgje av nedjustering av tiltak. Desse blir føreslått flytta til kap. 854 post 21.
BLD føreslår å redusere kap. 854 post 50 med 2,2 mill. kroner.
Posten dekkjer tilskot til prosjekt og program i regi av kommunar og fylkeskommunar. Det er eit mindrebehov på posten på 0,5 mill. kroner. Beløpet blir føreslått flytta til kap. 854 post 71.
BLD føreslår å redusere kap. 854 post 61 med 0,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette, kor stor del av alle einslege, mindreårige som treng tiltak i barnevernet, og kor store utgiftane for kvart tiltak er.
Grunna ei auke i talet på busette einslege, mindreårige flyktningar er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett.
BLD føreslår å auke kap. 854 post 65 med 55 mill. kroner.
Løyvinga på posten går hovudsakleg til to tilskotsordningar: Tilskudd til organisasjoner i barne- og ungdomsvernet og Tilskudd til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Det er eit meirbehov på 500 000 kroner på posten som blir føreslått dekka inn ved å flytte 500 000 kroner frå kap. 854 post 61 til kap. 854 post 71.
BLD føreslår å auke kap. 854 post 71 med 0,5 mill. kroner.
Det statlege barnevernet fekk i Prop. 149 S (2012–2013) ei tilleggsløyving på 174 mill. kroner for å kompensere for aktivitetsvekst i 2012 og 2013.
Det er eit større behov for kjøp av private institusjons- og fosterheimsplassar enn det som blei lagt til grunn i Prop. 149 S (2012–2013). Auka kjøp av private barneverntenester skuldast mellom anna ein større nedgang i bruken av statlege institusjonsplassar enn tidlegare lagt til grunn, og utfordringar med å rekruttere tilstrekkeleg med kommunale fosterheimar. BLD føreslår å flytte 25 mill. kroner frå kap. 856 post 1 til posten.
BLD føreslår å auke kap. 855, post 22 med 25 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for einslege, mindreårige asylsøkjarar og eventuelt kjøp av plassar i private tiltak, og til arbeidet med busetjing av einslege, mindreårige flyktningar under 15 år med vedtak om opphald.
Bufetat har klart å tilpasse kapasiteten i omsorgssentera i tråd med reduksjonen i talet på barn. Etaten har dermed redusert utgiftene til drift av sentera. BLD føreslår å flytte 25 mill. kroner til kap. 855 post 22 frå posten.
BLD føreslår å redusere kap. 856 post 1 med 25 mill. kroner.
Nokre innanlandske utgiftar til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Ifølgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt vere 60 barn i omsorgssentera i 2013. Dette er ti færre enn føresett i saldert budsjett 2013. BLD føreslår derfor å redusere kap. 3856 post 4 med 15 mill. kroner.
Midlane på posten blir mellom anna nytta til konferansar, informasjonsmateriale, utgreiingar, forsking, statistikk og andre tiltak som inngår i arbeidet med å betre oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Nokre av tiltaka på posten har eit mindreforbruk som samla utgjer 0,8 mill. kroner i 2013. Midla blir føreslått flytta til kap. 857 post 79.
BLD føreslår å redusere kap. 857 post 21 med 0,8 mill. kroner.
Hovuddelen av posten blir nytta til Noreg sitt bidrag til deltaking i EU-programmet Aktiv Ungdom, og til delar av kostnadene som er knytt til deltaking i EU-programma Sikrare Internett og DAPHNE III, som alle varer fram til 31. desember 2013. Grunna kursendring er kontingentforpliktingane høgare enn først lagt til grunn.
BLD føreslår å auke kap. 857 post 79 med 3,4 mill. kroner for å dekke auka utgifter knytt til deltaking i desse EU-programma.
BLD føreslår at midlar til administrasjon av Nattergalen, tilsvarande 0,3 mill. kroner, blir flytta til kap. 858 post 1, jf. omtale under kap. 854 post 50.
BLD føreslår at kap. 858 post 1 blir auka med 0,3 mill. kroner.
Posten dekkjer utbetaling til pensjonskassar der tilsette i Bufetat var medlemmar før staten tok over det fylkeskommunale barne- og familievernet i 2004.
Tildelinga dekkjer utgifter til ordinær reguleringspremie og eingangspremiar for tidlegpensjon. I tillegg skal det reknast arbeidsgjevaravgift av premiebeløpa. Reguleringspremiane er i hovudsak basert på utvikling i grunnbeløpet i folketrygda, og blir kravd inn i etterkant av lønns- og trygdeoppgjeret. Utgiftene på posten blir anslått til 53,1 mill. kroner i 2013.
BLD føreslår å auke kap. 858 post 22 med 21 mill. kroner.
Løyvinga på posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og informasjonstiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. For å dekkje meirutgifter under kap. 867 post 1, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten.
BLD føreslår å redusere kap. 865 post 21 med 1,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 867 post 1.
Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet har i 2013 eit meirbehov på 1,2 mill. kroner som følgje av flytting til nye lokale og auka driftskostnader. Departementet føreslår å dekkje dette meirbehovet gjennom å redusere løyvinga på kap. 865 post 21 med 1,2 mill. kroner.
BLD føreslår å auke kap. 867 post 1 med 1,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 865 post 21.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2013 er anslått til 16 430 mill. kroner, som er 455 mill. kroner lågare enn løyvinga. Mindrebehovet kjem hovudsakleg av eit lågare anslag på talet på barn i aktuell alder, enn det som blei lagt til grunn ved fastsetting av løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 2530 post 70 med 455 mill. kroner.
Utgiftene til eingongsstønad i 2013 er anslått å bli 350 mill. kroner, som er 8 mill. kroner lågare enn løyvinga. Dette skuldast lågare anslag på talet på fødslar i 2013.
BLD føreslår å redusere kap. 2530 post 71 med 8 mill. kroner.
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2013 er rekna ut til å bli 430 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 72 med 15 mill. kroner.
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2013 er rekna ut til å bli 70 mill. kroner, som er 15 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett.
Den årlege nedgangen i talet på familiar med foreldrepengar ved adopsjon held fram i 2013. Nytt utgiftsanslag byggjer på ein reduksjon i familietalet på 25 prosent frå 2012 til 2013.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 15 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Hege Haukeland Liadal, Sonja Mandt, Terje Sørvik og Rigmor Aasrud, frå Høgre, leiaren Svein Harberg, Kårstein Eidem Løvaas og Mette Tønder, frå Framstegspartiet, Morten Stordalen og Ib Thomsen, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, syner til regjeringas forslag og støttar dette.
Tilrådinga vert fremma av ein samla komité.
Komiteen syner til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
800 | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 500 000 | |
frå kr 158 708 000 til kr 158 208 000 | |||
840 | Krisetiltak | ||
61 | Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, blir auka med | 4 400 000 | |
frå kr 72 240 000 til kr 76 640 000 | |||
841 | Samliv og konfliktløysing | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, blir redusert med | 1 700 000 | |
frå kr 12 332 000 til kr 10 632 000 | |||
844 | Kontantstøtte | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving, blir auka med | 30 000 000 | |
frå kr 1 200 000 000 til kr 1 230 000 000 | |||
845 | Barnetrygd | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving, blir auka med | 90 000 000 | |
frå kr 15 040 000 000 til kr 15 130 000 000 | |||
846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, blir redusert med | 277 000 | |
frå kr 31 618 000 til kr 31 341 000 | |||
70 | Tilskot, blir auka med | 277 000 | |
frå kr 20 980 000 til kr 21 257 000 | |||
852 | Adopsjonsstønad | ||
70 | Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, blir redusert med | 7 700 000 | |
frå kr 15 865 000 til kr 8 165 000 | |||
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71, blir auka med | 1 900 000 | |
frå kr 69 956 000 til kr 71 856 000 | |||
50 | Forsking og utvikling, blir redusert med | 2 200 000 | |
frå kr 24 948 000 til kr 22 748 000 | |||
61 | Utvikling i kommunane, blir redusert med | 500 000 | |
frå kr 26 446 000 til kr 25 946 000 | |||
65 | Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med | 55 000 000 | |
frå kr 1 177 000 000 til kr 1 232 000 000 | |||
71 | Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21, blir auka med | 500 000 | |
frå kr 31 555 000 til kr 32 055 000 | |||
855 | Statleg forvalting av barnevernet | ||
22 | Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1, blir auka med | 25 000 000 | |
frå kr 1 666 047 000 til kr 1 691 047 000 | |||
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 25 000 000 | |
frå kr 199 591 000 til kr 174 591 000 | |||
857 | Barne- og ungdomstiltak | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71, blir redusert med | 800 000 | |
frå kr 7 556 000 til kr 6 756 000 | |||
79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast, blir auka med | 3 390 000 | |
frå kr 34 499 000 til kr 37 889 000 | |||
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 1, blir auka med | 300 000 | |
frå kr 226 306 000 til kr 226 606 000 | |||
22 | Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar, blir auka med | 21 000 000 | |
frå kr 32 059 000 til kr 53 059 000 | |||
865 | Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med | 1 200 000 | |
frå kr 6 571 000 til kr 5 371 000 | |||
867 | Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 1 200 000 | |
frå kr 8 265 000 til kr 9 465 000 | |||
2530 | Foreldrepengar | ||
70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir redusert med | 455 000 000 | |
frå kr 16 885 000 000 til kr 16 430 000 000 | |||
71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, blir redusert med | 8 000 000 | |
frå kr 358 000 000 til kr 350 000 000 | |||
72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, blir auka med | 15 000 000 | |
frå kr 415 000 000 til kr 430 000 000 | |||
73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving, blir redusert med | 15 000 000 | |
frå kr 85 000 000 til kr 70 000 000 |
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Inntekter | |||
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | ||
4 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 15 000 000 | |
frå kr 104 874 000 til kr 89 874 000 |
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 3. desember 2013
Svein Harberg |
leiar og ordførar |