Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Utanriksdepartementet
Dette dokument
- Innst. 143 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 37 S (2010–2011)
- Dato: 08.12.2010
- Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Forslag til løyvingar
- 2.1 Programområde 02 Utanriksforvaltning
- 2.2 Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp
- 2.3 Andre forslag
- 3. Komiteens merknader
- 4. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Det blir gjort framlegg om å auke ulike postar med til saman 9 mill. kroner og redusere andre postar med 2 mill. kroner. Endringane har i hovudsak samanheng med endra kontingentar til internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i (m.a. FNs freds-operasjonar og andre FN-organisasjonar, NATO, Nordisk ministerråd, OECD, EFTA), og mindre endringar i departementet sine administrasjonsutgifter.
Innanfor budsjettet for ODA-godkjend utvik-lingshjelp blir det gjort framlegg om auka løyvingar på enkelte postar med til saman 230 mill. kroner og reduksjonar på andre postar med tilsvarande beløp.
Framlegget om auka løyvingar er i hovudsak knytta til kap. 150 post 78 Regionløyving for Afrika (75 mill. kroner), kap. 163 post 70 Naturkatastrofar (90,23 mill. kroner) og post 71 Humanitær hjelp (59,24 mill. kroner).
Utgiftene til flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp, blir i denne proposisjonen foreslått redusert med 197,47 mill. kroner.
Det er etablert ei stilling som næringslivsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk for styrking av det norsk-russiske næringssamarbeidet i nord, jf. omtale i St.prp. nr. 59 (2007–2008). I samband med dette blir det foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå kap. 118 post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til kap. 100 post 1 Driftsutgifter.
Løyvinga blir foreslått auka med 1 mill. kroner.
Utgiftene til kongefamilien sine reiser til utlandet i 2010 blir noko mindre enn tidlegare budsjettert.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner.
Reviderte overslag over norske utgifter til kontingentar i internasjonale organisasjonar i 2010 viser eit netto meirbehov på 8 mill. kroner.
Endringane er i hovudsak knytta til FNs freds-operasjonar. Den norske kontingenten til FNs freds-operasjonar i 2010 aukar med 101 mill. kroner (m.a. Darfur og Haiti) i høve til tidlegare overslag, jf. Prop. 1 S (2009–2010). Dette har samanheng med at lengda for mandatet varierer for den enkelte operasjon, basert på ei vurdering frå Tryggingsrådet si side. Kravet til innbetaling er dermed ikkje samstemt med det norske budsjettåret med omsyn til når kravet kjem og kva periode kravet gjeld for. Årsaka til meirforbruket har samanheng med Haiti-operasjonen etter jordskjelvet i januar i år og operasjonen i Sudan i samband med avviklinga av valet i april.
Dette meirbehovet blir i hovudsak dekka opp av eit mindrebehov til diverse FN-organisasjonar, NATO, Nordisk ministerråd, OECD og EFTA, i hovudsak grunna endra valutakursar.
Løyvinga på posten blir dermed foreslått auka med netto 8 mill. kroner.
Det blir foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå denne posten til finansiering av stilling som næringsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk, jf. omtale under kap. 100 post 1 ovanfor.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner.
Det er funne rom for å omfordele 230,5 mill. kroner under budsjettet for utviklingshjelp, på bakgrunn av mindreutgifter til flyktningtiltak i Noreg (kap. 167) og justeringar under andre postar på budsjettet for utviklingshjelp, jf. omtale nedanfor.
Utgiftene i 2010 blir noko mindre enn tidlegare budsjettert.
Løyvinga blir foreslått redusert med 4,1 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka for å kunne oppskalere satsinga på tiltak for klimatilpassing og rein energi i Afrika. I tillegg vil noko av midlane gå til utdanningstiltak. Auken vil såleis vera i samsvar med satsinga som også er foreslått i budsjettet for 2011.
Løyvinga på posten blir foreslått auka med 75 mill. kroner.
Etter avviklinga av Norsk senter for demokratistøtte og etablering av ny ordning i år, underlagt Norad, er partia forseinka med å utarbeide nye prosjektforslag. Disponibel løyving på posten i 2010 utgjer 12,865 mill. kroner, inkl. overført beløp frå 2009.
Løyvinga blir foreslått redusert med 7,0 mill. kroner.
6 mill. kroner avsett på denne posten til samarbeid med Clinton Foundation blir foreslått omfordelt til kap. 170 post 76 til hiv- og aidstiltak gjennom ILO, jf. omtale under kap. 170 post 76 nedanfor.
Mindreforbruket er knytta til samarbeid med Clinton Foundation om hiv-forebygging.
Løyvinga blir foreslått redusert med 6,0 mill. kroner.
Løyvinga på posten blir foreslått auka med 90,23 mill. kroner for hjelp til naudlidande etter naturkatastrofar.
I år er det særleg hjelp til naudlidande etter jordskjelvet i Haiti, flaumen i Pakistan og turke i Vest-Afrika som er prioritert.
Den omfattande humanitære innsatsen etter jordskjelvet i Haiti, flaumen i Pakistan og turken i Vest-Afrika har krevd store ressursar både i Noreg og internasjonalt. Det blir normalt sett av ein reserve frå denne posten til uforutsette kriser gjennom året. På grunn av dei mange krisene i 2010 er denne reserven brukt opp. Erfaringsmessig vil det oppstå nye kriser både i Afrika, i Asia og Latin-Amerika i løpet av året. Det er dessutan behov for å bygge opp att den internasjonale responskapasiteten.
Løyvinga på posten blir foreslått auka med 59,24 mill. kroner.
Også under denne posten er hjelp etter jordskjelvet i Haiti og flaumen i Pakistan prioritert i 2010. Den omfattande humanitære innsatsen etter jordskjelvet i Haiti og den norske innsatsen etter flaumen i Pakistan seinast i sommar har lagt beslag på store ressursar også over denne posten. Det er i utgangspunktet store utfordringar på dette området, og det gjenstår no liten fleksibilitet til å møte akutte kriser gjennom året.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5,9 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Det blir vist til Prop. 1 S (2009–2010) om bruk av midlene på denne posten.
Det er mindre behov for midlar til internasjonale konferansar enn tidlegare budsjettert.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 10 mill. kroner.
Dei ODA-godkjende utgiftene til flyktningtiltak i Noreg har minka i 2010.
Dette er omtalt under respektive proposisjonar under Justisdepartementet (kap./post 3490/1, 3490/3 og 3490/4), Kunnskapsdepartementet (kap./post 3225/4) og Barne og likestillingsdepartementet (kap./post 3821/1, 3822/1, 3854/4 og 3856/4).
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 197,47 mill. kroner.
Posten blir foreslått auka med 6 mill. kroner til tiltak mot hiv og aids i regi av ILO, jf. omtale under kap. 160 post 75 ovanfor.
Det vert gjort framlegg om å innføre ei gjelds-brevordning for samarbeid med Brasil under den norske klima- og skogsatsinga. Ei gjeldsbrevordning inneber at løyvingane til Brasil under kap. 166 Miljø- og berekraftig utvikling, post 73 Klima og skogsatsinga blir utgiftsførde i takt med oppnådde avskogingsresultat og sette inn på konto i Noregs Bank.
Forslaget om etablering av ei slik ordning blir lagt fram for å ivareta målet om resultatbasert betaling relatert til nedgang i avskoginga. Dette inneber at midlane i samsvar med inngått avtale blir forplikta på grunnlag av oppnådde resultat, men blir utbetalt til mottakarlandet først når konkrete utviklingsprosjekt blir sette i verk. Etablering av gjeldsbrevordninga aukar ikkje dei norske forpliktingane overfor Brasil, men gjeldsbrevordninga er ein ny måte å organisere overføring av midlane på.
Noreg underteikna i 2009 ein avtale med Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES), som forvaltar Amazonasfondet. Norsk samla bidrag til Brasil for perioden 2009/2010 er på 1,55 mrd. kroner. Midlane til Brasil blir forplikta på grunnlag av oppnådde resultat, men blir utbetalt til Brasil først når konkrete utviklingsprosjekt blir sett i verk. Fordi det har tatt tid å byggje opp ein prosjekt- og investeringsportefølje i Brasil, står ein overfor ein situasjon der differansen mellom inngåtte avtalar og faktiske utbetalingar er stor. Hittil er om lag 292 mill. kroner av forplikta midlar utbetalte.
Ei gjeldsbrevordning for Brasil bør vere gjeldande frå og med 2010, slik at midlane som er forplikta, men ikkje utbetalt, kan overførast konto i Noregs Bank og bli utgiftsførde i løyvingsrekneskapen for 2010. Den samla summen som vil bli overført til konto i Noregs Bank under den nye gjeldsbrevordninga for 2010 vil vere om lag 1,3 mrd. kroner. Midlar på konto i Noregs Bank vil framstå i kapitalrekneskapen under Utanriksdepartementet. Etablering av ei gjeldsbrevordning inneber at løyvde midlar det enkelte året blir utgiftsførde i løyvingsrekneskapen i samsvar med inngått avtale, og overført konto i Noregs Bank. På den måten vil uteståande forpliktingar vere lett tilgjengelege for utbetaling i seinare budsjetterminar.
Storleiken på tilsagnsfullmakta under denne ordninga vil bli vurdert i samband med dei årlege budsjettforslaga i lys av årlege løyvingar og utbetalingar under gjeldsbrevordninga.
For å synleggjere at midlane blir utgiftsførde i budsjettet i takt med oppnådde avskogingsresultat i Brasil, er det nødvendig å fråvike løyvingsreglementet § 3 andre ledd, jf. forslag til vedtak II.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, fung. leder Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre, Kari Storstrand og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og Afshan Rafiq, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Arvid Svendsen, viser til den fremlagte proposisjonen. I proposisjonen foreslås det en økning på 9 mill. kroner under programområde 02, Utenriksforvaltning, hovedsakelig til dekning av økte kontingenter til internasjonale organisasjoner, men også 1 mill. kroner til finansiering av stillingen som næringsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk.
Komiteen viser videre til forslaget til omfordeling av 230 mill. kroner innen programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp. Der foreslås det blant annet å øke regionstøtten til Afrika med 75 mill. kroner samt støtten ved naturkatastrofer og til humanitær hjelp med henholdsvis 90,23 mil.l kroner og 59,24 mill. kroner.
Komiteen registrerer at utgiftene til flyktningetiltak – såkalte ODA-godkjente utgifter – er redusert i 2010 og at bevilgningene til dette formålet derfor foreslås redusert med 197,47 mill kroner.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringer
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
100 | Utanriksdepartementet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 1 711 618 000 til kr 1 712 618 000 | |||
104 | Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 1 000 000 | |
frå kr 8 413 000 til kr 7 413 000 | |||
116 | Deltaking i internasjonale organisasjonar | ||
70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med | 8 000 000 | |
frå kr 1 312 037 000 til kr 1 320 037 000 | |||
118 | Nordområdetiltak m.m. | ||
70 | Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast, blir redusert med | 1 000 000 | |
frå kr 300 151 000 til kr 299 151 000 | |||
144 | Fredskorpset | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 4 100 000 | |
frå kr 50 801 000 til kr 46 701 000 | |||
150 | Hjelp til Afrika | ||
78 | Regionløyving for Afrika, kan overførast, blir auka med | 75 000 000 | |
frå kr 2 693 500 000 til kr 2 768 500 000 | |||
160 | Sivilt samfunn og demokratiutvikling | ||
72 | Demokratistøtte/parti, kan overførast,blir redusert med | 7 000 000 | |
frå kr 7 000 000 til kr 0 | |||
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk, kan overførast,blir redusert med | 6 000 000 | |
frå kr 172 500 000 til kr 166 500 000 | |||
163 | Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar | ||
70 | Naturkatastrofar, kan overførast,blir auka med | 90 230 000 | |
frå kr 490 000 000 til kr 580 230 000 | |||
71 | Humanitær hjelp, kan overførast, blir auka med | 59 240 000 | |
Frå kr 2 122 600 000 til kr 2 181 840 000 | |||
166 | Miljø og bærekraftig utvikling m.m. | ||
70 | Ymse tilskudd, kan overførast,blir redusert med | 5 900 000 | |
frå kr 7 300 000 til kr 1 400 000 | |||
71 | Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m.,kan overførast, blir redusert med | 10 000 000 | |
frå kr 33 000 000 til kr 23 000 000 | |||
167 | Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA) | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, blir redusert med | 197 470 000 | |
frå kr 2 224 538 000 til kr 2 027 068 000 | |||
170 | FN-organisasjonar m.m. | ||
76 | Tilleggsmidlar via FN-systemet m.m., kan overførast, blir auka med | 6 000 000 | |
frå kr 1 449 200 000 til kr 1 455 200 000 |
II
Bruk av gjeldsbrevStortinget samtykkjer i at Utanriksdepartementet i 2010 kan fråvike løyvingsreglementet § 3 andre ledd ved å skrive ut gjeldsbrev i samband med overføring av midlar til Den brasilianske utviklingsbanken for klima- og skogsatsinga i Brasil.
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 8. desember 2010
Svein Roald Hansen |
fung. leder og ordfører |