Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Forsvarsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 142 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 33 S (2010–2011)
- Dato: 08.12.2010
- Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 12
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Føremål og hovudoversikt
- 1.2 Forslag til utgifts- og inntektsendringane på postnivå
- Utgifter
- Post 1 Driftsutgifter
- Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet
- Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat
- Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan
- Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben
- Kap. 1731 Hæren
- Kap. 1732 Sjøforsvaret
- Kap. 1733 Luftforsvaret
- Kap. 1734 Heimevernet
- Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
- Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
- Kap. 1790 Kystvakta
- Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
- Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
- Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål
- Post 21 Spesielle driftsutgifter
- Post 43 Til disposisjon for Forsvars-departementet
- Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del
- Post 47 Nybygg og nyanlegg
- Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
- Post 72 Overføring til andre
- Post 73 Forsking og utvikling
- Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik
- Post 1 Driftsutgifter
- 1.2.2 Inntekter
- Post 1 Driftsinntekter
- Kap. 4720 Felles leiings- og kommandoapparat
- Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan
- Kap. 4725 Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben
- Kap. 4731 Hæren
- Kap. 4732 Sjøforsvaret
- Kap. 4733 Luftforsvaret
- Kap. 4734 Heimevernet
- Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon
- Kap. 4760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
- Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
- Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet
- Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål
- Post 45 Store nyskaffingar
- Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
- Post 1 Driftsinntekter
- Utgifter
- 1.3 Bestillingsfullmakter
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Til Stortinget
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2010.
Omgrupperingsproposisjonen for 2010 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert lønnskompensasjonen for 2010 og meirinntekter for 2010 foreslått formalisert samt at regjeringa foreslår ei tilleggsløyving. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 512,628 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke einskilde bestillingsfullmakter.
Etableringa av den særskilte kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar, innebar ei tildeling i forsvarsbudsjettet for 2010 på 50 mill. kroner for å dekkje utgiftene knytte til ordninga. Røynslene med ordninga så langt har synt at både omfanget av utgiftene, og periodiseringa av desse, er blitt annleis enn det ein tidlegare la til grunn med tanke på samla kompensasjon, jf. handsaminga i Stortinget av Innst. O. nr. 113 (2008–2009) til Ot.prp. nr. 67 (2008–2009). Totalkostnadene som vart omtala i Ot.prp. nr. 67 (2008–2009) var som presisert eit anslag. Regjeringa informerte om dette i Prop. 1 S (2009-2010) og dei endelege utgiftene knytte til erstatningsordninga vil først kunne bli fastsett når alle krava er behandla. På denne bakgrunnen gjer regjeringa framlegg om ein auke i løyvinga for 2010 med 100 mill. kroner for å dekkje dei utgiftene som vert knytte til ordninga.
Grunnlaget for omgrupperinga er saldert budsjett for 2010, midlar ført over frå 2009 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2010 (328,114 mill. kroner).
I høve til saldert budsjett for 2010, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, er det ei meirinntekt på 412,628 mill. kroner som vert foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2009–2010) under romartalsvedtak II.
Den totale utgiftsramma vert foreslått auka med 512,628 mill. kroner.
Den totale utgiftsramma vert foreslått auka med 512,628 mill. kroner. Driftsbudsjettet vert totalt foreslått auka med 572,628 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet vert foreslått redusert med 60 mill. kroner.
Nedanfor er dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.
Post 1 vert foreslått auka med totalt 586,590 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått tilført 472,628 mill. kroner i meirinntekter frå dei ulike inntektskapitla. Posten vert vidare foreslått auka med 100 mill. kroner til kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar. Grunna lågare utgifter enn budsjettert vert det vidare foreslått å omdisponere 14,5 mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, og 0,7 mill. kroner frå post 73 Forsking og utvikling til post 1.
Det vert vidare foreslått å auke post 21 (0,999 mill. kroner) og post 72 (0,239 mill. kroner) av budsjettekniske grunnar.
Posten vert foreslått redusert med 5,789 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
Post 1 vert foreslått redusert med netto 88,623 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (143,1 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått redusert med 0,400 mill. kroner som gjeld ein teknisk korrigering av løyvinga i 2010.
Post 1 vert foreslått auka med netto 130,720 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (1,2 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 100 mill. kroner knytt til løyvinga for kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar.
Auken gjeld vidare høgare kostnader til utanlandsstillingar enn opphavleg budsjettert for i 2010 (16,1 mill. kroner) samt justering av rutinene for avlønning av befal og sivile utan fast stilling (15 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 5,1 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4725 post 1. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på 0,4 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. omdisponeringar til kap. 1720 som følgje av teknisk omdisponering for gjennomføring av øving Gemini (5 mill. kroner) samt gjennomføring av «felles opptak og seleksjon» (2,1 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med netto 49,032 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. 13 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4731 post 1. Auken knytter seg vidare til tekniske omdisponeringar som følgje av gjennomføring av vintertenestekurs (1,7 mill. kroner). Posten vert også foreslått auka med 50,3 mill. kroner for å skaffe meir øvingsammunisjon. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på om lag 0,5 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (16,5 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med netto 27,248 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (24,3 mill. kroner). Auken vert vidare knytt til at uttak av personleg utrusting til Luftforsvarets rekruttar ved KNM Harald Haarfagre (15 mill. kroner) som vert skrive på Sjøforsvaret. I tillegg vert posten foreslått auka med 5,6 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4732 post 1.
Reduksjonen på posten vert knytt til forskuva innføring av Skjold-klasse fartøy (16,1 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 1,6 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått auka med netto 84,386 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (49,9 mill. kroner). I tillegg vert posten foreslått auka med 58,7 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4733 post 1.
Reduksjonen på posten vert knytt til at uttak av personleg utrusting til Luftforsvarets rekruttar ved KNM Harald Haarfagre som vert skrive på Sjøforsvaret (15 mill. kroner). Reduksjonen knytter seg vidare til at utdanning av utskrive befal for Luftforsvaret vert utført og skrive på Heimevernet (6,3 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 2,9 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått redusert med netto 0,521 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (11,7 mill. kroner).
Auken på posten vert knytt til at utdanning av utskrive befal for Luftforsvaret vert utført og belasta Heimevernet (6,3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 2,5 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4734 post 1. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ei netto auke på 2,4 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått auka med netto 226,816 mill. kroner.
Auken på posten vert m.a. knytt til meirinntekter (246,5 mill. kroner). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4740 post 1.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (13,3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått redusert som følgje av teknisk omdisponering til kap. 1720 for gjennomføring av vakthald på Kolsås (3 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 3,4 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått auka med 116,384 mill. kroner.
Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (114,3 mill. kroner). I tillegg vert posten foreslått auka med 2,1 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4760 post 1.
Post 1 vert foreslått redusert med 17,508 mill. kroner.
Reduksjonen på posten vert i all hovudsak knytt til fritak for meirverdiavgift for leigde fartøy (18 mill. kroner). Det vert vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på 0,5 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått redusert med 3,737 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (6,1 mill. kroner).
Auken på posten gjeld meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4791 post 1 (2,4 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med 44,674 mill. kroner.
Auken på posten gjeld meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4792 post 1 (32,9 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka knytt til betalingsutsetting av Latvia sin del av fellesutgifter i PRT Meymaneh (10 mill. kroner). Det vert vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein auke på 1,8 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått auka med 23,908 mill. kroner.
Auken på posten vert m.a. knytt til høgare kostnader enn budsjettert ved Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon (FAKT) (3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått tilført 12 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4795 post 1. Det vert vidare foreslått å styrkje vedlikehaldet på dei nasjonale festningsverka (10,5 mill. kroner). Dette vil bidra til å nå målsettinga om ordinært vedlikehaldsnivå for forsvarssektorens kulturminne innan 2020.
Det vert vidare foreslått mindre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 1,6 mill. kroner.
Kap. 1735 Etterretningstenesta, post 21, vert foreslått auka med 0,999 mill. kroner.
Posten representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2010 vert posten nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna kostnader i samband med vinterklede til den afghanske spesialpolitieininga Crisis Response Unit (CRU) samt økonomisk stønad til nytt ungdomens hus i Ørland kommune.
Posten vert foreslått redusert med 14 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
Posten vert foreslått redusert med 27 mill. kroner grunna noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC).
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg, post 47 Nybygg og nyanlegg, vert foreslått redusert med 9,8 mill. kroner. Dette kjem av ei teknisk omdisponering til kap. 1792 Norske styrkar i utlandet, post 47 Nybygg og nyanlegg. Omdisponeringa er knytt til å dekkje kostnader relatert til investeringsaktivitet i Afghanistan, hovudsakleg for å ivareta tryggleiken til dei norske soldatane (9,8 mill. kroner).
Posten vert foreslått redusert med 83,000 mill. kroner.
Reduksjonen kjem av noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC), og må sjåast i samanheng med reduserte inntekter på kap. 4760 post 48.
Posten vert foreslått auka med 0,239 mill. kroner grunna ei teknisk korrigering av løyvinga i 2010.
Post 73 vert foreslått redusert med 0,700 mill. kroner grunna mindrebehov på posten i 2010.
Post 75 vert foreslått auka med 50 mill. kroner.
Auken vert mellom anna knytt til høgare investeringsaktivitet innanfor NATO sitt investeringsprogram for tryggleik.
Det vert registrert netto meirinntekter på 412,628 mill. kroner i 2010.
Post 1 driftsinntekter vert foreslått auka med 422,328 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått auka med 41,003 mill. kroner.
Auken vert knytt til refusjon av utgifter i samband med at allierte og andre samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg (31,2 mill. kroner). Auken gjeld vidare høgare inntekter enn varsla på budsjetteringstidspunktet knytte til verksemda ved Forsvarets Høgskole (9 mill. kroner) og ved Forsvarets sanitet (3 mill. kroner).
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering av omdisponeringar som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2,2 mill. kroner).
Posten vert foreslått auka med 0,4 mill. kroner grunna ei teknisk korrigering av løyvinga i 2010.
Post 1 vert foreslått auka med 5,128 mill. kroner.
Auken gjeld refusjon av utgifter knytte til tenester Forsvaret har utført for Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet (2,4 mill. kroner). Auken gjeld vidare teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2,7 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med 13,001 mill. kroner.
Auken gjeld ikkje-budsjetterte inntekter knytte til drift av fritidsmesser (1 mill. kroner), sal av enkeltmåltider (9 mill. kroner) samt refusjonar av oppsamla kostnader knytte til ein samarbeidsavtale med Nederland, Army Cooperation Initiative (5 mill. kroner).
Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med 5,593 mill. kroner.
Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (0,4 mill. kroner) samt ikkje-budsjetterte inntekter knytte til drift av fritidsmesser og sal av enkeltmåltider (5,2 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med 58,719 mill. kroner.
Auken på posten vert knytt til samhandling med Rygge sivile lufthamn og samhandlingsavtalen med AVINOR (62 mill. kroner).
Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (3,3 mill. kroner).
Post 1 vert foreslått auka med 2,545 mill. kroner.
Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon.
Post 1 vert foreslått auka med 246,545 mill. kroner.
Auken på posten vert knytt til sal av drivstoff til allierte og andre samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (90 mill. kroner), sal av materiell gjennom Forsvarets avhendingsprosjekt (118,8 mill. kroner) samt sal av materiell (telt, sovekabinar, konteinarar m.m.) til det danske forsvaret i Afghanistan (13,6 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka fordi avtalen om refusjon frå Norsk Medisinaldepot opphøyrar (12,5 mill. kroner), sal av ammunisjon til politiet (1,7 mill. kroner), sal av renovert kvartermateriell til Forsvarsbygg (1,6 mill. kroner) samt teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (1,8 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre mindre endringar som samla gir ein auke på 6,5 mill. kroner.
Post 1 vert foreslått auka med 2,088 mill. kroner. Auken gjeld tilbakebetaling av utlegg i samband med at Noreg drifter eit felles nordisk prosjektkontor knytt til Nordisk Standard Helikopter Program (HSHP).
Post 1 vert foreslått auka med 2,423 mill. kroner som vert knytt til lønnsoppgjeret i 2010 for Justisdepartementet sin del Redningshelikoptertenesta.
Post 1 vert foreslått auka med 32,883 mill. kroner.
Auken på posten gjeld refusjonar som følgje av forvaltingsavtalar som regulerer kostnadsdeling mellom andre samarbeidsnasjonar.
Post 1 vert foreslått auka med 12 mill. kroner.
Auken på posten gjeld meirinntekter knytt til «Norsk Militær Tattoo» (6 mill. kroner), Forsvarets musikk (2 mill. kroner) samt inngangspengar ved Forsvarets museum og Forsvarets kommandantskap (4 mill. kroner).
Post 45 vert foreslått auka med 50 mill. kroner.
Auken vert knytt til royalties (15,8 mill. kroner) og konvensjonalbøter (1 mill. kroner), tilbakebetaling av utlegg for oppsamla kostnader knytte til investeringsprosjekta «Multinational Geospatial Co-production» (26,8 mill. kroner) og «Multisensor Aerospace/Ground Joint Interoperability Coalition» (4,8 mill. kroner) samt kampflyprogrammet (1,9 mill. kroner). Midlane vert foreslått tilført kap. 1731 Hæren for kjøp av øvingsammunisjon.
Post 48 vert foreslått redusert med 60,000 mill. kroner.
Reduksjonen kjem av noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC).
Regjeringa foreslår ei intern omfordeling av bestillingsfullmakter mellom kapitla.
Bestillingsfullmakter under kap. 1720 Felles leiings-- og kommandoapparat, post 1 driftsutgifter, vert foreslått auka med 60 mill. kroner, frå 0 til 60 mill. kroner. Auken gjeld endra ansvarsforhold mellom kapittel 1720 og 1725, jf. omtale i Prop. 1 S (2009–2010).
Bestillingsfullmakter under kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben, post 1 driftsutgifter, vert foreslått redusert med 60 mill. kroner, frå 80 mill. kroner til 20 mill. kroner. Reduksjonen gjeld endra ansvarsforhold mellom kap. 1720 og 1725, jf. omtale i Prop. 1 S (2009–2010).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, fung. leder Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre, Kari Storstrand og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og Afshan Rafiq, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Arvid Svendsen, viser til at regjeringen gjennom proposisjonen legger frem forslag om endringer i bevilgninger i forsvarsbudsjettet for 2010 med det siktemål å fange opp endringer i budsjettforutsetningene i løpet av året. Komiteen viser videre til at det legges opp til forholdsvis omfattende omgrupperinger, som totalt skal utgjøre en økning i bevilgningene til Forsvarsdepartementet på 512,628 mill. kroner.
Komiteen har merket seg at regjeringen i proposisjonen skriver at omfanget av omgrupperinger bør holdes på et så lavt nivå som mulig, og støtter dette prinsippet.
Komiteen har for øvrig ingen merknader og slutter seg til forslaget.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2010 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
1700 | Forsvarsdepartementet | ||
73 | Forsking og utvikling, kan overførast, vert redusert med | 700 000 | |
frå kr 15 794 000 til kr 15 094 000 | |||
1710 | Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg | ||
47 | Nye bygg og anlegg, kan overførast, vert redusert med | 9 800 000 | |
frå kr 1 585 630 000 til kr 1 575 830 000 | |||
1719 | Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 5 789 000 | |
frå kr 342 179 000 til kr 336 390 000 | |||
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast,vert redusert med | 14 500 000 | |
frå kr 16 500 000 til kr 2 000 000 | |||
1720 | Felles leiings- og kommandoapparat | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 88 623 000 | |
frå kr 2 565 479 000 til kr 2 476 856 000 | |||
1723 | Nasjonalt tryggingsorgan | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 400 000 | |
frå kr 116 960 000 til kr 116 560 000 | |||
1725 | Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 130 720 000 | |
frå kr 1 919 274 000 til kr 2 049 994 000 | |||
1731 | Hæren | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 49 032 000 | |
frå kr 5 050 742 000 til kr 5 099 774 000 | |||
1732 | Sjøforsvaret | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 27 248 000 | |
frå kr 3 184 447 000 til kr 3 211 695 000 | |||
1733 | Luftforsvaret | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 84 386 000 | |
frå kr 3 802 310 000 til kr 3 886 696 000 | |||
1734 | Heimevernet | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 521 000 | |
frå kr 1 028 725 000 til kr 1 028 204 000 | |||
1735 | Etterretningstenesta | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, vert auka med | 999 000 | |
frå kr 928 275 000 til kr 929 274 000 | |||
1740 | Forsvarets logistikkorganisasjon | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 226 816 000 | |
frå kr 2 810 236 000 til kr 3 037 052 000 | |||
1760 | Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45,vert auka med | 116 384 000 | |
frå kr 866 582 000 til kr 982 966 000 | |||
44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del, kan overførast, vert redusert med | 27 000 000 | |
frå kr 80 000 000 til kr 53 000 000 | |||
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del, kan overførast, vert redusert med | 83 000 000 | |
frå kr 209 000 000 til kr 126 000 000 | |||
75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760, post 44,vert auka med | 50 000 000 | |
frå kr 90 000 000 til kr 140 000 000 | |||
1790 | Kystvakta | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 17 508 000 | |
frå kr 957 520 000 til kr 940 012 000 | |||
1791 | Redningshelikoptertenesta | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 3 737 000 | |
frå kr 478 697 000 til kr 474 960 000 | |||
1792 | Norske styrkar i utlandet | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 44 674 000 | |
frå kr 1 531 594 000 til kr 1 576 268 000 | |||
47 | (NY) Nye bygg og anlegg, kan overførast,vert løyvd med | 9 800 000 | |
1795 | Kulturelle og allmennyttige føremål | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 23 908 000 | |
frå kr 258 339 000 til kr 282 247 000 | |||
72 | Overføring til andre, vert auka med | 239 000 | |
frå kr 1 766 000 til kr 2 005 000 | |||
Inntekter | |||
4720 | Felles leiings- og kommandoapparat | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 41 003 000 | |
frå kr 67 698 000 til kr 108 701 000 | |||
4723 | Nasjonalt tryggingsorgan | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 400 000 | |
frå kr 2 523 000 til kr 2 923 000 | |||
4725 | Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 5 128 000 | |
frå kr 41 446 000 til kr 46 574 000 | |||
4731 | Hæren | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 13 001 000 | |
frå kr 32 551 000 til kr 45 552 000 | |||
4732 | Sjøforsvaret | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 5 593 000 | |
frå kr 31 925 000 til kr 37 518 000 | |||
4733 | Luftforsvaret | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 58 719 000 | |
frå kr 114 634 000 til kr 173 353 000 | |||
4734 | Heimevernet | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 2 545 000 | |
frå kr 3 488 000 til kr 6 033 000 | |||
4740 | Forsvarets logistikkorganisasjon | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 246 545 000 | |
frå kr 141 104 000 til kr 387 649 000 | |||
4760 | Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg | ||
1 | (NY) Driftsinntekter, vert løyvd med | 2 088 000 | |
45 | (NY) Store nyskaffingar, vert løyvd med | 50 300 000 | |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del, vert redusert med | 60 000 000 | |
frå kr 209 000 000 til kr 149 000 000 | |||
4791 | Redningshelikoptertenesta | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 2 423 000 | |
frå kr 434 997 000 til kr 437 420 000 | |||
4792 | Norske styrkar i utlandet | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 32 883 000 | |
frå kr 10 177 000 til kr 43 060 000 | |||
4795 | Kulturelle og allmennyttige føremål | ||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 12 000 000 | |
frå kr 2 369 000 til kr 14 369 000 |
II
BestillingsfullmakterStortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2010 kan gjere bestillingar utover dei gjevne løyvingane. Den samla ramma for nye bestillingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:
Kap. | Post | Samla ramme | |
1720 | Felles leiings- og kommandoapparat | ||
1 | Driftsinntekter, vert løyvd med | 60 000 000 | |
1725 | Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben | ||
1 | Driftsinntekter, vert redusert med | 60 000 000 | |
frå kr 80 000 000 til kr 20 000 000 |
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 8. desember 2010
Svein Roald Hansen |
fung. leder og ordfører |