1. Sammendrag

1.1 Føremål og hovudoversikt

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2010.

Omgrupperingsproposisjonen for 2010 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert lønnskompensasjonen for 2010 og meirinntekter for 2010 foreslått formalisert samt at regjeringa foreslår ei tilleggsløyving. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 512,628 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke einskilde bestillingsfullmakter.

1.1.1 Tilleggsløyvingar

Etableringa av den særskilte kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar, innebar ei tildeling i forsvarsbudsjettet for 2010 på 50 mill. kroner for å dekkje utgiftene knytte til ordninga. Røynslene med ordninga så langt har synt at både omfanget av utgiftene, og periodiseringa av desse, er blitt annleis enn det ein tidlegare la til grunn med tanke på samla kompensasjon, jf. handsaminga i Stortinget av Innst. O. nr. 113 (2008–2009) til Ot.prp. nr. 67 (2008–2009). Totalkostnadene som vart omtala i Ot.prp. nr. 67 (2008–2009) var som presisert eit anslag. Regjeringa informerte om dette i Prop. 1 S (2009-2010) og dei endelege utgiftene knytte til erstatningsordninga vil først kunne bli fastsett når alle krava er behandla. På denne bakgrunnen gjer regjeringa framlegg om ein auke i løyvinga for 2010 med 100 mill. kroner for å dekkje dei utgiftene som vert knytte til ordninga.

1.1.2 Grunnlaget for omgrupperinga

Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er saldert budsjett for 2010, midlar ført over frå 2009 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2010 (328,114 mill. kroner).

Inntekter i 2010

I høve til saldert budsjett for 2010, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, er det ei meirinntekt på 412,628 mill. kroner som vert foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2009–2010) under romartalsvedtak II.

Utgifter

Den totale utgiftsramma vert foreslått auka med 512,628 mill. kroner.

1.2 Forslag til utgifts- og inntektsendringane på postnivå

Utgifter

Den totale utgiftsramma vert foreslått auka med 512,628 mill. kroner. Driftsbudsjettet vert totalt foreslått auka med 572,628 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet vert foreslått redusert med 60 mill. kroner.

Nedanfor er dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.

Post 1 Driftsutgifter

Post 1 vert foreslått auka med totalt 586,590 mill. kroner.

Post 1 vert foreslått tilført 472,628 mill. kroner i meirinntekter frå dei ulike inntektskapitla. Posten vert vidare foreslått auka med 100 mill. kroner til kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar. Grunna lågare utgifter enn budsjettert vert det vidare foreslått å omdisponere 14,5 mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, og 0,7 mill. kroner frå post 73 Forsking og utvikling til post 1.

Det vert vidare foreslått å auke post 21 (0,999 mill. kroner) og post 72 (0,239 mill. kroner) av budsjettekniske grunnar.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

Posten vert foreslått redusert med 5,789 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat

Post 1 vert foreslått redusert med netto 88,623 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (143,1 mill. kroner).

Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan

Post 1 vert foreslått redusert med 0,400 mill. kroner som gjeld ein teknisk korrigering av løyvinga i 2010.

Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

Post 1 vert foreslått auka med netto 130,720 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (1,2 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 100 mill. kroner knytt til løyvinga for kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar.

Auken gjeld vidare høgare kostnader til utanlandsstillingar enn opphavleg budsjettert for i 2010 (16,1 mill. kroner) samt justering av rutinene for avlønning av befal og sivile utan fast stilling (15 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 5,1 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4725 post 1. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på 0,4 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. omdisponeringar til kap. 1720 som følgje av teknisk omdisponering for gjennomføring av øving Gemini (5 mill. kroner) samt gjennomføring av «felles opptak og seleksjon» (2,1 mill. kroner).

Kap. 1731 Hæren

Post 1 vert foreslått auka med netto 49,032 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. 13 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4731 post 1. Auken knytter seg vidare til tekniske omdisponeringar som følgje av gjennomføring av vintertenestekurs (1,7 mill. kroner). Posten vert også foreslått auka med 50,3 mill. kroner for å skaffe meir øvingsammunisjon. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på om lag 0,5 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (16,5 mill. kroner).

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Post 1 vert foreslått auka med netto 27,248 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (24,3 mill. kroner). Auken vert vidare knytt til at uttak av personleg utrusting til Luftforsvarets rekruttar ved KNM Harald Haarfagre (15 mill. kroner) som vert skrive på Sjøforsvaret. I tillegg vert posten foreslått auka med 5,6 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4732 post 1.

Reduksjonen på posten vert knytt til forskuva innføring av Skjold-klasse fartøy (16,1 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 1,6 mill. kroner.

Kap. 1733 Luftforsvaret

Post 1 vert foreslått auka med netto 84,386 mill. kroner.

Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (49,9 mill. kroner). I tillegg vert posten foreslått auka med 58,7 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4733 post 1.

Reduksjonen på posten vert knytt til at uttak av personleg utrusting til Luftforsvarets rekruttar ved KNM Harald Haarfagre som vert skrive på Sjøforsvaret (15 mill. kroner). Reduksjonen knytter seg vidare til at utdanning av utskrive befal for Luftforsvaret vert utført og skrive på Heimevernet (6,3 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 2,9 mill. kroner.

Kap. 1734 Heimevernet

Post 1 vert foreslått redusert med netto 0,521 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (11,7 mill. kroner).

Auken på posten vert knytt til at utdanning av utskrive befal for Luftforsvaret vert utført og belasta Heimevernet (6,3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 2,5 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4734 post 1. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ei netto auke på 2,4 mill. kroner.

Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Post 1 vert foreslått auka med netto 226,816 mill. kroner.

Auken på posten vert m.a. knytt til meirinntekter (246,5 mill. kroner). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4740 post 1.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (13,3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått redusert som følgje av teknisk omdisponering til kap. 1720 for gjennomføring av vakthald på Kolsås (3 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 3,4 mill. kroner.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Post 1 vert foreslått auka med 116,384 mill. kroner.

Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (114,3 mill. kroner). I tillegg vert posten foreslått auka med 2,1 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4760 post 1.

Kap. 1790 Kystvakta

Post 1 vert foreslått redusert med 17,508 mill. kroner.

Reduksjonen på posten vert i all hovudsak knytt til fritak for meirverdiavgift for leigde fartøy (18 mill. kroner). Det vert vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på 0,5 mill. kroner.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

Post 1 vert foreslått redusert med 3,737 mill. kroner.

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (6,1 mill. kroner).

Auken på posten gjeld meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4791 post 1 (2,4 mill. kroner).

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Post 1 vert foreslått auka med 44,674 mill. kroner.

Auken på posten gjeld meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4792 post 1 (32,9 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka knytt til betalingsutsetting av Latvia sin del av fellesutgifter i PRT Meymaneh (10 mill. kroner). Det vert vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein auke på 1,8 mill. kroner.

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål

Post 1 vert foreslått auka med 23,908 mill. kroner.

Auken på posten vert m.a. knytt til høgare kostnader enn budsjettert ved Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon (FAKT) (3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått tilført 12 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 4795 post 1. Det vert vidare foreslått å styrkje vedlikehaldet på dei nasjonale festningsverka (10,5 mill. kroner). Dette vil bidra til å nå målsettinga om ordinært vedlikehaldsnivå for forsvarssektorens kulturminne innan 2020.

Det vert vidare foreslått mindre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 1,6 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Kap. 1735 Etterretningstenesta, post 21, vert foreslått auka med 0,999 mill. kroner.

Post 43 Til disposisjon for Forsvars-departementet

Posten representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2010 vert posten nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna kostnader i samband med vinterklede til den afghanske spesialpolitieininga Crisis Response Unit (CRU) samt økonomisk stønad til nytt ungdomens hus i Ørland kommune.

Posten vert foreslått redusert med 14 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Posten vert foreslått redusert med 27 mill. kroner grunna noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC).

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg, post 47 Nybygg og nyanlegg, vert foreslått redusert med 9,8 mill. kroner. Dette kjem av ei teknisk omdisponering til kap. 1792 Norske styrkar i utlandet, post 47 Nybygg og nyanlegg. Omdisponeringa er knytt til å dekkje kostnader relatert til investeringsaktivitet i Afghanistan, hovudsakleg for å ivareta tryggleiken til dei norske soldatane (9,8 mill. kroner).

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Posten vert foreslått redusert med 83,000 mill. kroner.

Reduksjonen kjem av noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC), og må sjåast i samanheng med reduserte inntekter på kap. 4760 post 48.

Post 72 Overføring til andre

Posten vert foreslått auka med 0,239 mill. kroner grunna ei teknisk korrigering av løyvinga i 2010.

Post 73 Forsking og utvikling

Post 73 vert foreslått redusert med 0,700 mill. kroner grunna mindrebehov på posten i 2010.

Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik

Post 75 vert foreslått auka med 50 mill. kroner.

Auken vert mellom anna knytt til høgare investeringsaktivitet innanfor NATO sitt investeringsprogram for tryggleik.

1.2.2 Inntekter

Det vert registrert netto meirinntekter på 412,628 mill. kroner i 2010.

Post 1 Driftsinntekter

Post 1 driftsinntekter vert foreslått auka med 422,328 mill. kroner.

Kap. 4720 Felles leiings- og kommandoapparat

Post 1 vert foreslått auka med 41,003 mill. kroner.

Auken vert knytt til refusjon av utgifter i samband med at allierte og andre samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg (31,2 mill. kroner). Auken gjeld vidare høgare inntekter enn varsla på budsjetteringstidspunktet knytte til verksemda ved Forsvarets Høgskole (9 mill. kroner) og ved Forsvarets sanitet (3 mill. kroner).

Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering av omdisponeringar som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2,2 mill. kroner).

Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan

Posten vert foreslått auka med 0,4 mill. kroner grunna ei teknisk korrigering av løyvinga i 2010.

Kap. 4725 Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben

Post 1 vert foreslått auka med 5,128 mill. kroner.

Auken gjeld refusjon av utgifter knytte til tenester Forsvaret har utført for Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet (2,4 mill. kroner). Auken gjeld vidare teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2,7 mill. kroner).

Kap. 4731 Hæren

Post 1 vert foreslått auka med 13,001 mill. kroner.

Auken gjeld ikkje-budsjetterte inntekter knytte til drift av fritidsmesser (1 mill. kroner), sal av enkeltmåltider (9 mill. kroner) samt refusjonar av oppsamla kostnader knytte til ein samarbeidsavtale med Nederland, Army Cooperation Initiative (5 mill. kroner).

Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2 mill. kroner).

Kap. 4732 Sjøforsvaret

Post 1 vert foreslått auka med 5,593 mill. kroner.

Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (0,4 mill. kroner) samt ikkje-budsjetterte inntekter knytte til drift av fritidsmesser og sal av enkeltmåltider (5,2 mill. kroner).

Kap. 4733 Luftforsvaret

Post 1 vert foreslått auka med 58,719 mill. kroner.

Auken på posten vert knytt til samhandling med Rygge sivile lufthamn og samhandlingsavtalen med AVINOR (62 mill. kroner).

Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (3,3 mill. kroner).

Kap. 4734 Heimevernet

Post 1 vert foreslått auka med 2,545 mill. kroner.

Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon.

Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Post 1 vert foreslått auka med 246,545 mill. kroner.

Auken på posten vert knytt til sal av drivstoff til allierte og andre samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (90 mill. kroner), sal av materiell gjennom Forsvarets avhendingsprosjekt (118,8 mill. kroner) samt sal av materiell (telt, sovekabinar, konteinarar m.m.) til det danske forsvaret i Afghanistan (13,6 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka fordi avtalen om refusjon frå Norsk Medisinaldepot opphøyrar (12,5 mill. kroner), sal av ammunisjon til politiet (1,7 mill. kroner), sal av renovert kvartermateriell til Forsvarsbygg (1,6 mill. kroner) samt teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (1,8 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre mindre endringar som samla gir ein auke på 6,5 mill. kroner.

Kap. 4760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Post 1 vert foreslått auka med 2,088 mill. kroner. Auken gjeld tilbakebetaling av utlegg i samband med at Noreg drifter eit felles nordisk prosjektkontor knytt til Nordisk Standard Helikopter Program (HSHP).

Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta

Post 1 vert foreslått auka med 2,423 mill. kroner som vert knytt til lønnsoppgjeret i 2010 for Justisdepartementet sin del Redningshelikoptertenesta.

Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet

Post 1 vert foreslått auka med 32,883 mill. kroner.

Auken på posten gjeld refusjonar som følgje av forvaltingsavtalar som regulerer kostnadsdeling mellom andre samarbeidsnasjonar.

Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål

Post 1 vert foreslått auka med 12 mill. kroner.

Auken på posten gjeld meirinntekter knytt til «Norsk Militær Tattoo» (6 mill. kroner), Forsvarets musikk (2 mill. kroner) samt inngangspengar ved Forsvarets museum og Forsvarets kommandantskap (4 mill. kroner).

Post 45 Store nyskaffingar

Post 45 vert foreslått auka med 50 mill. kroner.

Auken vert knytt til royalties (15,8 mill. kroner) og konvensjonalbøter (1 mill. kroner), tilbakebetaling av utlegg for oppsamla kostnader knytte til investeringsprosjekta «Multinational Geospatial Co-production» (26,8 mill. kroner) og «Multisensor Aerospace/Ground Joint Interoperability Coalition» (4,8 mill. kroner) samt kampflyprogrammet (1,9 mill. kroner). Midlane vert foreslått tilført kap. 1731 Hæren for kjøp av øvingsammunisjon.

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Post 48 vert foreslått redusert med 60,000 mill. kroner.

Reduksjonen kjem av noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC).

1.3 Bestillingsfullmakter

Regjeringa foreslår ei intern omfordeling av bestillingsfullmakter mellom kapitla.

Bestillingsfullmakter under kap. 1720 Felles leiings-- og kommandoapparat, post 1 driftsutgifter, vert foreslått auka med 60 mill. kroner, frå 0 til 60 mill. kroner. Auken gjeld endra ansvarsforhold mellom kapittel 1720 og 1725, jf. omtale i Prop. 1 S (2009–2010).

Bestillingsfullmakter under kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben, post 1 driftsutgifter, vert foreslått redusert med 60 mill. kroner, frå 80 mill. kroner til 20 mill. kroner. Reduksjonen gjeld endra ansvarsforhold mellom kap. 1720 og 1725, jf. omtale i Prop. 1 S (2009–2010).