Bakgrunn

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utviding av Bergensprogrammet, med vidareføring av bompengeordninga i 10 år frå 2015 til 2025.

Første etappe av Bybanen og Ringveg vest er planlagt opna for trafikk i 2010. Med dagens bompengeordning vil bompengeinntektene til og med 2015 gå til å tilbakebetala lån som er tatt opp til å finansiera første etappe av dei to prosjekta. Det er ikkje rom for å gjennomføra andre etappe av Ringveg vest, andre etappe av Bybanen eller Skansentunnelen.

For å få best mogleg nytte av investeringane i første etappe av Bybanen og Ringveg vest, har Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune gått inn for at andre etappe av begge prosjekta blir ferdigstilte snarast råd, jf. St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019. For å komma raskt i gang med anleggsarbeida på andre etappe av Bybanen og Ringveg vest har Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune gått inn for å finansiera førebuande arbeid i 2009 og 2010 gjennom auka låneopptak, innsparingar og omprioriteringar innafor Bergensprogrammet. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2008–2009) er det gitt løyve til å auka låneopptaket for å finansiera nødvendig planlegging og prosjektering i 2009 og 2010.

Finansieringa av Bergensprogrammet frå 2010 er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar.

Bergen har store utfordringar knytt til framkomst og lokal luftkvalitet. For å bøta på desse utfordringane vil Samferdselsdepartementet sjå positivt på ei eventuell innføring av verkemiddel som køprising og tidsdifferensierte bompengetakstar. Innføring av denne type verkemiddel må imidlertid baserast på lokale initiativ. Samferdselsdepartementet vil støtta ein eventuell slik søknad frå Bergen.

Bybanen er eit viktig ledd i ein framtidsretta og miljøvenleg strategi for eit betre transportsystem i Bergen. I den grad Bergen oppfyller vilkåra for midlar frå Belønningsordninga, kan desse midlane nyttast til delfinansiering av forlenging av Bybanen. Samferdselsdepartementet vil imidlertid stilla strenge krav til trafikkregulerande tiltak for tildeling av belønningsmidlar.

Tidlegare behandling

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 118 (1984–1985) slutta Stortinget seg til at det blei etablert ei bompengeordning i Bergen der hovudmålet var å byggje ut eit tenleg hovudvegnett. Ordninga blei etablert i 1986 og skulle opphavleg gjelde fram til utgangen av 2000. Avtalen om innkrevjing av bompengar blei forlenga til utgangen av 2002, jf. St.prp. nr. 45 (1998–1999) og St.prp. nr. 1 (2001–2002). Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 76 (2001–2002), jf. Innst. S. nr. 45 (2002–2003), slutta Stortinget seg til hovudlinjene i Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 75 (2004–2005), jf. Innst. S. nr. 94 (2005–2006), slutta Stortinget seg til ei revidert bompengeordning for Bergensprogrammet. Rabattstruktur og innkrevjingsordning inkludert talet på bomstasjonar blei endra, bompengeperioden blei utvida med fire år fram til utgangen av 2015, og det blei gitt løyve til låneopptak for å sikra parallell utbygging av første etappe av Bybanen og rv 557 Ringveg vest. Det blei vidare gitt løyve til å nytta bompengar til finansieringa av Bybanen. I St.prp. nr. 24 (2007–2008) blei det varsla kostnadsaukar på bybaneprosjektet. Det blei òg rekna med auka bompengeinntekter.

Status for Bergensprogrammet

I finansieringsplanen i St.prp. nr. 75 (2008–2009) var det lagt til grunn 5 300 mill. kroner i 2005-prisnivå til investeringar i perioden 2002–2015. Omrekna til 2010-prisnivå var dette 6 570 mill. kroner. Av dette var det lagt til grunn 880 mill. kroner i perioden 2010–2015. Finansieringsplanen i St.prp. nr. 75, omrekna til 2010-prisnivå, er vist i tabell 2.1 i proposisjonen.

Investeringsplanen som var lagt til grunn, med parallell utbygging av Bybanen og Ringveg vest og med gjennomføring av mindre investeringstiltak, er i hovudsak følgt opp. Til og med 2009 er om lag 2,9 mrd. kroner av investeringar på om lag 5,9 mrd. kroner gått til dei to store prosjekta.

Bergen kommune har søkt om fritak for inngåande meirverdiavgift for bybaneprosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009), side 101–102. Finansdepartementet har gjort vedtak om eit slikt fritak for første etappe og grunngjeve det med at ei slik ekstrarekning ville ha vore ei urimeleg belastning for Bergen kommune.

Bompengesøknad og lokalpolitisk behandling

Forslaget som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling omfattar finansiering av andre etappe av Bybanen og Ringveg vest, Skansentunnelen og tiltak innafor programområda. I tillegg inngår fullfinansiering av første etappe av Bybanen og Ringveg vest. Det var lagt opp til ei fylkeskommunal løyving på 200 mill. 2009-kroner pr. år til prosjekt og tiltak i Bergensprogrammet i perioden 2010–2025, til saman 3 200 mill. kroner. Det var vidare lagt til grunn 3 042 mill. kroner i bompengar til investeringar i perioden 2010–2025. Forslaget til investeringsplan som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling våren 2009, er vist i tabell 3.1 i proposisjonen.

Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtalt i pkt. 3 i proposisjonen.

Bergen Bompengeselskap AS har gjennom bompengesøknad av 17. juni 2009 søkt om å få forlenga dagens bompengeordning med 10 år fram til 2025 og gjere endringar i takst- og rabattsystemet i tråd med dei nye vedtaka i bystyret.

Omtale av utbygginga

Prosjektet Bybanen skal utgjera hovudstamma i kollektivtransportsystemet i sørkorridoren i Bergen. Bybanen blir bygd med dobbeltspor og skal gå frå Kaigaten i sentrum til Nesttun og vidare til Rådal og Bergen lufthamn Flesland. Heile strekninga er om lag 20 km lang. Andre etappe omfattar den om lag 3,6 km lange strekninga frå Nesttun til Rådal (ved Lagunen kjøpesenter). I tillegg skal det gjennomførast tiltak på eksisterande vegnett med m.a. trafikksikringstiltak og bygging av gang- og sykkelvegar. Tredje etappe omfattar strekninga frå Rådal til Flesland. Omrekna til 2010-prisnivå er styringsramma 1 530 mill. kroner og kostnadsramma 1 620 mill. kroner. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for andre etappe av prosjektet er rekna til ‑790 mill. kroner. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til ‑0,6.

Prosjektet Ringveg vest omfattar bygging av om lag 10 km ny firefelts veg mellom rv 580 Flyplassvegen ved Birkeland i sør og Vestre Innfartsåre ved Liavatnet i nord. Andre etappe omfattar den om lag 4,3 km lange strekninga Sandeide–Liavatnet i tunnel. Nytt toplanskryss ved Liavatnet, ramper i tunnel mot Sandeide og rundkjøring ved kollektivterminal på Sandeide inngår i andre etappe. Omrekna til 2010-prisnivå er styringsramma 1 530 mill. kroner og kostnadsramma 1 810 mill. kroner. Dette er i tråd med kvalitetssikraren si tilråding. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for andre etappe av prosjektet er rekna til ‑200 mill. kroner. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til ‑0,1.

Tiltak innafor programområda omfattar i hovudsak mindre tiltak langs eksisterande vegar, miljøtiltak i sentrum, gang- og sykkelvegar og mindre kollektiv- og trafikksikringstiltak. I tillegg kjem midlar til planlegging av nye prosjekt/tiltak. I perioden 2010–2025 er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg årleg ramme på 154 mill. 2010-kroner til tiltak innafor programområda, til saman 2 460 mill. 2010-kroner. Det er lagt opp til at dei konkrete prioriteringane vil skje i samband med seinare revisjonar av handlingsprogrammet, årsbudsjett og årlege byggeprogram.

Prosjektet Skansentunnelen går ut på å byggje ein tofelts tunnel frå Bergen sentrum til området nord for Bryggen. Hovudmålet med prosjektet er å avlasta sentrum for biltrafikk, først og fremst over Torget og Bryggen. Kostnadene er usikre, og i finansieringsplanen er det førebels lagt til grunn om lag 500 mill. kroner til prosjektet i perioden 2015–2025.

Endringar i bompengeordninga

Bompengeordninga er nærare omtalt i pkt. 5 i proposisjonen.

I forslaget til revidert bompengeordning er det lagt opp til to endringar:

  • Innkrevjingsperioden blir forlenga med 10 år.

  • Passeringstaket blir endra frå 50 til 60 passeringar i løpet av ein kalendermånad.

Vidareføring av bompengeordninga i 10 år vil gi rom for å finansiere parallell utbygging av andre etappe av Bybanen og Ringveg vest, bygging av Skansentunnelen og satsing på tiltak innafor programområda. Endringa i taket på passeringar pr. månad frå 50 til 60 vil føra til ein mindre auke i inntektene.

Samferdselsdepartementet viser til at etter hovudregelen for nye bompengeringar i by skal det vere flat rabatt, avgrensa til brikkebrukarar. Denne regelen skal nyttast ved framtidige endringar av rabattsystemet i Bergen.

Det er rekna med at den samla effekten av å redusere maksimalrabatten til 20 pst. og eventuelt innføre 10 pst. for kundar i andre bompengeselskap vil auka gjennomsnittleg inntekt pr. passering frå om lag 7,40 kroner til i underkant av 9 kroner og dei årlege netto bompengeinntektene med 70–80 mill. kroner.

Ved den lokale behandlinga er det lagt til grunn at det skal vurderast å redusere maksimalrabattane. Samferdselsdepartementet er positiv til ei slik endring som vil gi betre økonomi i Bergensprogrammet. Departementet vil orientere Stortinget om saka når forslag til nytt takst- og rabattsystem har vore på høyring i Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune, og Statens vegvesen har fatta takstvedtak.

Trafikk- og inntektsgrunnlag

Det er gjennomført utvida ekstern kvalitetssikring som også omfattar trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget. Etter dette er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1 pst. fram mot 2025.

Ekstern kvalitetssikring av inntekter, finansiering og portefølje

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av trafikkgrunnlag, føresetnader for finansieringsopplegget og porteføljesamansetninga i Bergensprogrammet. I rapporten frå kvalitetssikringa rettar konsulenten eit kritisk søkjelys på gjennomføringsstrategien i Bergensprogrammet. Konsulenten trekkjer særleg fram problemstillinga knytt til låneopptak.

I vurderinga av finansieringsplanen trekkjer konsulenten òg fram at det er knytt vesentleg uvisse til dei føresetnader som ligg til grunn for finansieringa av Bergensprogrammet, og at det av den grunn er sannsynleg at programmet vil vere underfinansiert.

Konsulenten trekkjer òg fram behovet for at det blir etablert avklarte styringsprinsipp som kan handtere endringar i føresetnadene for finansieringsopplegget, og konsekvensane det vil kunne få for prioriteringane i Bergensprogrammet.

Utbyggings- og finansieringsopplegg

I St.prp. nr. 75 (2004–2005) var det lagt til grunn at finansieringa av Bergensprogrammet skulle skje med både statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar i tillegg til bompengar.

Finansieringa av Bergensprogrammet frå 2010 er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Det er lagt til grunn 6 820 mill. 2010-kroner til investeringar i perioden 2010–2025, fordelt med 3 280 mill. kroner av fylkeskommunale midlar og 3 540 mill. kroner av bompengar.

Frå 2010 har fylkeskommunane ansvaret for hovuddelen av tidlegare øvrige riksvegar. Desse er omklassifiserte til fylkesvegar, og statlege løyvingar til fylkeskommunane ved overtaking av øvrig riksvegnett skjer gjennom rammetilskotsordninga.

Det er lagt til grunn 3 540 mill. kroner i bompengar til investeringar i perioden 2010–2025. Bompengar til å dekkje renter på bompengelån er rekna til 1 850 mill. kroner. I tillegg kjem bompengar til å dekka innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet med om lag 38 mill. kroner pr. år eller om lag 610 mill. kroner i perioden 2010–2025. Akkumulert gjeld i 2013/2014, når andre etappe av Bybanen og Ringveg vest er gjennomførte, er førebels rekna til i storleiksorden 4,1 mrd. kroner (løpande kroner). Pr. 31. desember 2009 var akkumulert gjeld om lag 1 660 mill. kroner.

I hovudsak som følgje av at delar av investeringane ved første og andre etappe av Bybanen og Ringveg vest vil skje seinare enn tidlegare lagt til grunn, er bompengemidlar til investeringar i perioden 2010–2025 auka med om lag 420 mill. kroner samanlikna med den lokale behandlinga.

Planlagt bompengeuttak i 2010 er om lag 1 000 mill. kroner.

Ved den lokale behandlinga er det lagt til grunn ei lånerente på 4,75 pst.,basert på ei låneordning som Bergen Bompengeselskap har i dag. Statens vegvesen viser til at 8 pst. rente er ein standardføresetnad i bompengeprosjekt.

I proposisjonen er det lagt til grunn 4,75 pst. lånerente. Dersom den faktiske lånerenta blir høgare enn 4,75 pst., må investeringane reduserast.

Bergensprogrammet er ei bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. All kostnadsauke må følgjeleg løysast innafor dei økonomiske rammene for pakka. Det er framleis lagt opp til parallell utbygging av Bybanen og Ringveg vest, med anleggsstart for andre etappe av begge prosjekta hausten 2010. Ved eventuell kostnadsauke for eitt, eventuelt begge prosjekta, må først kuttlista takast i bruk. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, er det føresett å nytta midlar som er planlagt til tiltak innafor programområda og/eller Skansentunnelen.

For første etappe av Bybanen og Ringveg vest har Bergen kommune stilt garanti for 1 750 mill. kroner (sjølvskuldnargaranti). For å oppnå best mogleg lånevilkår oppmodar Samferdselsdepartementet om at det også blir stilt garantiar i samband med andre etappe av dei to prosjekta.

Avtale

Etter at Stortinget har gjort vedtak om utviding av Bergensprogrammet, vil det bli inngått ei tilleggsavtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.