Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen framlegg til lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova), og det vert presentert eit framlegg for ein strategi for utvikling av næringsliv og energiressursar knytt til havbasert fornybar energi. Framlegget svarer til framlegget i Ot.prp. nr. 107 (2008–2009) Om lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova), som blei satt fram for Odelstinget i den førre sesjonen.

Framlegg til lov om fornybar energiproduksjon til havs skal gi det rettslege rammeverket for å gi konsesjonar og på annan måte regulere forhold knytt til planlegging, utbygging, drift og nedlegging av anlegg for produksjon av fornybar energi og anlegg for omforming og overføring av elektrisitet til havs. Lovframlegget er basert på arealvurderingar med tilhøyrande prosedyre for konsekvensutgreiingar.

Strategi for fornybar energiproduksjon til havs

Regjeringa vil at Noreg skal utviklast vidare som ein miljø- og klimavennleg energinasjon, og å vere leiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi. Ein viser til Stortingets handsaming av St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Som del av ein klimaavtale der òg andre industriland tek på seg store pliktar, var partane i klimaforliket einige om at Noreg skal ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal sørgje for utslippsreduksjonar svarande til norske utslepp i 2030. Satsing på energieffektivisering, varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder er sentrale element i regjeringas klimapolitikk. Det er mogleg å auke energiproduksjonen monaleg, og energien kan nyttast meir effektivt.

Samanlikna med andre land har Noreg ein spesiell energisituasjon. – Noregs elektrisitetsproduksjon er basert på fornybar energi, og det er framleis god tilgang på fornybare energiressursar på land som kan takast i bruk, og som er rimelegare enn havbasert fornybar energi. Regjeringa meiner likevel det er viktig at Noreg medverkar til å utvikle konkurranseevna for havbasert energi, og ein visar til at det er fire element i dette: Kompetanse, fornybare energiressursar til havs, infrastruktur og regulerbar vasskraft.

Regjeringa vil prioritere arbeid med å utfylle regelverket slik at alle vesentlege forhold er avklart når det er aktuelt å opne havareal for konsesjonssøknader. I første omgang vil ein særleg prioritere arbeid med arealvurderingar, tryggleiksspørsmål og kvalifikasjonskrav til konsesjonærar. Det vises til at det vil straks bli sett i gang eit arbeid med å vurdere havareal som kan vere eigna for utbygging av vindkraft til havs, og dermed for eventuell avgjerd om opning for konsesjonssøknader.

Utviklinga av fornybar energiproduksjon og infrastruktur til havs må sjåast i samanheng med utviklinga av overføringsnettet på land. Moglege løysningar for infrastruktur vil inngå i vurderinga av havareal som kan vere eigna for utbygging av vindkraft til havs. Eit framtidig kraftnett i Nordsjøen kan bli utvikla stegvis, for eksempel ved at kablar frå vindkraftanlegg i havet til lands over tid blir knytt saman i eit meir omfattande nett. I samband med dette vil det vere ein vesentleg fordel om val av teknologiske løysingar blir harmoniserte slik at det er lagt til rette for ei seinare samankopling. Framlegget til ei havenergilov legg til rette for ei stegvis utvikling av kraftnett til havs.

Departementet viser til at spørsmål om føresegner om den økonomiske reguleringa av produksjon og overføring, mellom anna regelverk knytt til nettregulering, vil krevje nærare utgreiingar for å sikre at ei slik regulering blir føremålstenleg utforma. Man vil prioritere høgt å utarbeide slikt regelverk, slik at lovføresegner og forskrifter ligg føre i god tid før det er aktuelt med store investeringar innan lova sitt verkeområde. Man meiner vidare det er viktig at kostnadene ved slik nettutbygging blir gjort synlege for produsentar og andre som tek avgjerder.

Departementet viser og til at ei vidareutvikling av norsk regulerbar vasskraft kan medverke til å leggje til rette for utbygging av vindkraft og annan uregulerbar fornybar energiproduksjon. Ei vidareutvikling av norsk regulerbar vasskraft må skje innan miljømessig forsvarlege rammer, og miljøkonsekvensane må vurderast opp mot nytten av tiltaka. Ein viser til at NVE no gjennomfører arbeid med å vurdere korleis vasskrafta sine reguleringseigenskapar kan utviklast vidare på ein miljømessig forsvarleg måte. Vidare viser ein til at forskingsinnsatsen òg skulle bli styrkt ved at det i 2009 blei etablert eit forskingssenter der samspelet mellom vass- og vindkraft og miljøverknader av vasskraftreguleringar vil vere sentrale forskingstema.

Havenergi internasjonalt

Behovet for å redusere utsleppa av klimagassar frå energiproduksjon utan å svekkje forsyningstryggleiken kan bli ein vesentleg faktor i å utvikle ei meir klimavennleg energiforsyning i Nord-Europa og i andre land med høvelege havareal. Ei årsak til dette er at tilgjengeleg areal for produksjon av fornybar energi på land er avgrensa, og det teoretiske potensialet for fornybar energiproduksjon til havs er svært stort.

Utbygging av havbasert energi i stor skala vil medføre vesentlege utfordringar og krav til internasjonal koordinering. EU-kommisjonen har i 2008 gjeve ei fråsegn om ein handlingsplan for havbasert vindenergi, som er ein del av EUs oppfølging av den framlagte energi- og klimapakken frå januar 2008, og der fornybardirektivet inngjekk. EUs mål er at 20 prosent av energibruken kjem frå fornybar energi i 2020. Fornybardirektivet inneber at landa skal ta på seg nasjonale mål og levere handlingsplanar for gjennomføringa av måla.

Teknologi

Departementet viser til at vindkraft til havs har eit svært stort ressursgrunnlag i Noreg. Teknologistatus, teknologiutfordringar og høva framover til å utvikle ulike teknologiar for havbasert fornybar energi, med særleg merksemd på vindkraft til havs, er presentert i proposisjonen. Andre teknologiar for fornybar energi til havs som er omtala er knytt til bølgje- og tidvasskraft og saltkraft.

Teknologi for havbasert kraftproduksjon er framleis i ein tidleg fase, og det er eit stort potensial for kostnadsreduksjonar. Ein viser til at det fram til og med 2008 var installert totalt 200 vindturbinar fordelte på 18 vindkraftverk i Noreg, og totalt har om lag 1300 MW vindkraft motteke endeleg konsesjon i Noreg. Om lag 430 MW av desse er sette i drift. Om lag 870 MW har fått endeleg konsesjon, men er ikkje sette i drift eller er under byggjing.

Viktige utviklingsområde dei næraste åra er utviklinga av store vindkraftverk tilpassa tøft klima på land og til havs, med sterk vind, turbulent vind, ising og kaldt klima. Auka bruk av kraftelektronikk, ny generatorteknologi, betre system for styring og kontroll, og vidare utvikling mot lettare konstruksjonar (materialteknologi) vil medverke til reduserte kostnader. Betre vindvarslingsteknikkar kan auka verdien av vindenergien ved å varsle vindtilhøva for eksempel 6 til 48 timar på førehand.

Det er i proposisjonen gjort rede for investeringskostnader og kostnader knytt til drift og vedlikehald for vindkraftproduksjon på land og til havs.

Regjeringa meiner både styresmakter og næringslivet vil ha nytte av betre kunnskap og kompetanse om dei samfunnsmessige premissa som ligg til grunn for at nye energiløysingar vert utvikla og tekne i bruk. Fagmiljøa innafor feltet må styrkast, og det må stimulerast til nærare samarbeid.

Norsk vindkraftbransje er i ein oppstartfase, og regjeringa meiner det er nødvendig å utvikle teknologi, kunnskap, kapasitet i nett og generell bransjekompetanse for å leggje grunnlaget for ein framtidig storskala norsk vindkraftproduksjon. Dette krev auka investeringar og auka innsats.

For å få til dette er erfaring frå landbasert vindkraft nødvendig, og man vil sjå til at det blir gjort ein grundig analyse av dei førebelse erfaringane med til drift av norske landbaserte vindkraftverk.

Nettinfrastruktur og infrastruktur for overføring av kraft til havs

Energi som skal matast inn i eit kraftnett må tilpassast normer, standardar og kapasitetsgrenser i nettet. Vindkraft til havs har ein fordel i forhold til landbasert vindkraft, ved at vinden er meir stabil. Det gjeld særleg langt til havs. Men vindkraft til havs har andre utfordringar knytt til kabelteknologi under vatn og transport av kraft over lange avstandar. I tillegg til at det må leggjast overføringskablar på havbotnen, må det etablerast omformaranlegg til havs.

Vindkraftproduksjon til havs har kjenneteikn som medfører at det er særskilt påkravd at dette står sentralt i vurderinga. Det finst knapt infrastruktur for overføring av kraft til havs, og vurdering av forhold knytt til slik infrastruktur må gå hand i hand med vurdering av havareal for vindkraftproduksjon. Etablering av slik infrastruktur er dyrt, og overføring av krafta medfører krafttap. Investeringskostnader og krafttap avheng av overføringsavstand, overføringskapasitet og spenningsnivå, og om elektrisiteten blir overførd som likestraum eller vekselstraum.

Utfordringane knytt til stabilitet i kraftsystemet og forsterking av linjenett på land kan påverke dei fysiske høva til å mate vindkraft frå norske havområde inn i andre land sine kraftsystem, og dermed omfanget av framtidig utbygging i norske havområde. Det kan òg ha betyding for kor framtidig utbygging i norske havområde bør lokaliserast, og dermed for arbeidet med arealavgrensing.

Arealvurderingar

I forslaget til havenergilov er det lagt opp til at etablering av fornybar energiproduksjon til havs i utgangspunktet berre kan skje etter at staten har opna nærare bestemte geografiske område for søknader om konsesjon. I medhald av lovforslaget skal det gjennomførast konsekvensutgreiing før opning av areal i statleg regi.

Norske havområde dekkjer eit svært stort areal, og det tekniske potensialet for fornybar energi i norske havområde er derfor svært stort. Ei konsekvensutgreiing i statleg regi må avgrensast til areal som ut frå ei heilskapleg vurdering kan synast mest aktuelle for utbygging. Før konsekvensutgreiingar kan setjast i verk, må det såleis gjerast eit arbeid med arealavgrensing. Den skal ta utgangspunkt i ei vurdering av tekniske og økonomiske forhold som vil vere avgjerande for kor vidt utbygging vil vere aktuelt. Dette inkluderer blant anna vindressursar, havdjup, kraftoverføring, forsynings- og marknadsmessige forhold.

Miljøforhold og andre arealbruksinteresser til havs må vidare vurderast i arealavgrensinga. I proposisjonen er omtala dei viktigaste faktorane – biologisk mangfald, visuelle verknader, kulturminne, fiskeri, sjøtransport, petroleumsverksemd og forsvarsinteresser. Det er òg gjeve ei omtale av heilskaplege forvaltningsplanar for norske havområde.

Forholdet mellom arealavgrensing, strategisk konsekvensutgreiing og prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar er drøfta i proposisjonen, og det er gjeve ein omtale av korleis arbeid med arealavgrensing og konsekvensutgreiingar er lagt opp i Danmark og Storbritannia. Vidare er det beskrive korleis departementet vil setje i verk arbeid med arealavgrensing og konsekvensutgreiing utanfor grunnlinjene.

Arealvurderingane for vindkraft til havs må sjåast i samanheng med lokalisering og vidareutvikling av regulerbar vasskraft og utvekslingskapasitet.

I tillegg til innmating i kraftsystemet på land i Noreg eller utlandet, kan vindkraft til havs òg medverke til å forsyne petroleumsinstallasjonar med elektrisitet. Fordi vindkraft ikkje er regulerbar kan ikkje dette vere den einaste kraftforsyninga til slike installasjonar. Det vil vere nødvendig med annan krafttilgang i tillegg, anten i form av gassturbinar eller ved tilknyting til kraftsystemet på land. I ei arealvurdering vil det vere relevant å vurdere tekniske, kostnadsmessige og andre forhold knytt til slike løysingar.

Miljøkonsekvensar

Eventuelle miljøkonsekvensar av etablering og drift av offshore vindkraft forventes i hovedsak for miljøverdier lokalt i nærområdene til anleggene og eventuelle skader på enkeltindivider. Det er imidlertid en del usikkerhet knyttet til konsekvenser av offshore vindkraft for sjøfugl. Usikkerheten er relatert til kollisjonsrisiko for lokale og trekkende fugler, samt eventuelle barriereeffekter. Med hensyn til fisk og sjøpattedyr er det noe manglende kunnskap om eventuelle adferdsmessige virkninger av støy fra vindturbinene.

St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplanen) peika ikkje ut særskilde område for vindkraft. Planen nemnde heller ikkje særskilde område der vindkraft utan vidare er uaktuelt.

Fiskeri og havbruk

Departementet viser til at det i utgangspunktet er eit potensial for konflikt mellom energiproduksjon til havs og fiskeriverksemd. Etableringar av vindkraftverk eller bølgjekraftverk kan, avhengig av storleik og plassering, hindre fiske dersom installasjonane blir plasserta i fiskeområde. Ved etablering av botnfaste vindturbinar er det område grunnare enn 100 meter som er aktuelle. Slike bankar kan samtidig vere viktige område for fiske, og arealkonflikt med fiskeflåten kan oppstå. Dialog med fiskerinæringa vil såleis vere ein viktig del av ein prosess for å identifisere eigna område for havbasert vindkraft.

Sjøkablar vil føre energien frå vind- eller bølgjekraftverk til havs inn til land. I område der det er fare for at reiskap skal setje seg fast i straumkablane, kan kabelen anten gravast ned eller dekkjast over med stein. Nedgravne kablar vil medføre små problem for fisket.

Ein visar og til at dersom verkeområdet til havenergilova blir utvida i dei indre farvatn, vil potensialet for arealkonflikt med akvakulturverksemd auke. I vurderinga av moglege areal for energiproduksjon til havs må det takast omsyn til noverande og framtidige område med potensial for akvakultur.

Arbeid med arealavgrensing i Noreg

Departementet vil setje i gang arbeid med å vurdere havareal som kan vere eigna for utbygging av vindkraftanlegg. Norske havområde er store og ei konsekvensutgreiing av heile det norske havarealet vil vere svært ressurs- og tidkrevjande. Ein skal først gjere ei avgrensing av kva havområde som skal omfattast av ei strategisk konsekvensutgreiing, deretter skal strategisk konsekvensutgreiing gjennomførast i medhald av lovforslaget. Avhengig av utviklinga i teknologi, kostnader, etterspørsel, kunnskapsutvikling mv. vil det i åra framover vere aktuelt å gjennomføre fleire slike rundar for å opne areal for søknadar.

Arbeidet med arealavgrensing skal ta utgangspunkt i at havområde som er venta å vere mest aktuelle for utbygging på grunnlag av faktorar som vindressursar, havdjup, kraftoverføring, forsynings- og marknadsmessige forhold. Dette tilseier at det er særleg relevant å vurdere område i den sørlege delen av Nordsjøen. For andre norske havområde (midtre og nordlege del av Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet) kan utbygging av eit kraftnett til havs liggje lengre fram i tid. Vindkraft til havs i desse områda må tilknytast nettet på land, og ei slik utbygging må vurderast opp mot utbygging av fornybar elektrisitetsproduksjon på land.

Mange stader langs kysten er det avgrensingar i overføringsnettet, og ei utbygging av vindkraft til havs med ilandføring kan då redusere høva til å auke fornybar elektrisitetsproduksjon på land. Dette kan endrast, blant anna ved ei eventuell framtidig utbygging av petroleumsverksemd. I ei vurdering av elektrifisering av slike anlegg kan kostnadsbiletet endrast, og havbasert kraftproduksjon vil då vurderast opp mot landbasert kraftproduksjon. Forholda er annleis i Midt-Noreg, med underskot på kraft og avgrensingar i overføringsnettet. Utanfor kysten er det her òg havareal som er eigna for botnfaste installasjonar. Ei eventuell utbygging til havs skal likevel vurderast opp mot at det ligg føre betydelege planer for utbygging av landbasert kraftproduksjon i området og forsterking av overføringsnettet.

Departementet finn det føremålstenleg at man òg gjennomfører vurderingar av utvalte havområde nord for sørlege Nordsjøen som synest særleg aktuelle for framtidig utbygging, og at man inkluderer havareal innafor grunnlinja.

Vidare skal ein gjere ei særskilt vurdering av tekniske, økonomiske og andre relevante forhold vedrørande utbygging av vindkraft til havs i tilknyting til eksisterande og nye petroleumsinstallasjonar i alle havområda.

Departementet viser til at ei gruppe samansett av medlemer frå ulike direktorater (direktoratgruppe) skal leggje fram resultat av det vidare arbeidet andre halvår 2010. Det kan bli aktuelt å gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing for utvalte havareal i 2011. Status og plan for det vidare arbeidet vil bli lagt fram for Stortinget ved oppdatering av strategien i 2012.

Konsesjonshandsaming innafor grunnlinjene

Framlegg til havenergilov vil mellom anna gje grunnlag for å handsame energianlegg utafor grunnlinjene. Vindkraftanlegg og andre fornybare energikjelder som er lokaliserte i sjø innafor grunnlinjene, blir i dag konsesjonshandsama etter energilova.

Ein visar til at NVE i samråd med departementet har utarbeidd kriterium for korleis sakene bør prioriterast. Formålet er å leggje til rette for snøggare handsaming av dei mest realistiske prosjekta, samtidig som planlegginga av dei minst realistiske prosjekta kan bli avslutta. Dette kan over noko tid medverke til snøggare utbygging av vindkraft og redusert konfliktnivå.

Departementet meiner det er føremålstenleg at NVE inntil vidare ikkje prioriterer å handsame nye meldingar om større vindkraftprosjekt innafor grunnlinjene. NVE skal likevel framleis gi høg prioritet til handsaming av mindre prosjekt som er ledd i utvikling og utprøving av teknologi.

Infrastruktur

Tekniske og kostnadsmessige forhold ved overføringssamband mellom havbasert elektrisitetsproduksjon og forbruk på land og prinsippa for ei føremålstenleg utbygging av overføringskapasiteten er presentert i proposisjonen. Vidare er det gjeve ei oversikt over planar og prosjekt for havvind i andre land rundt Nordsjøen som kan vere aktuelle for tilknyting til eit eventuelt nett til havs. Ein visar til at overføringsnettet til utanlandet gjer det mogleg å utveksle kraft med nabolanda og slik halde ein høg forsyningstryggleik med mindre total produksjonskapasitet.

Departementet meiner at det er nødvendig å få på plass nokre prinsipp for infrastrukturen som gjer utvikling mogleg i den første fasen, og man vil arbeide vidare med dei prinsippa som bør gjelde. Nærare avklaringar og prinsipp vil bli presenterte i den vidareutvikla nasjonale strategien for fornybar energi til havs.

Overføringsnettet til havs vil på sikt kunne sjåast på som ein heilskap der kablar for alle former for fornybar kraftproduksjon til havs og elektrifisering av petroleumsverksemda inngår. I den tidlege fasen vil enkeltkablar bli utbygde etter behov. Vurdering av behovet og utbygging av utanlandskablar må halde fram uavhengig av utviklinga av vindkraft til havs.

Overføringsnettet til havs vil skilje seg frå det på land ved at det blant anna har ein annan funksjon og i større grad blir nytta til eksport. Nettkundar på land skal ikkje dekkje kostnadene for eit overføringsnett til havs. Aktøren pliktar ved tilkopling til overføringsnettet på land, å halde seg til dei vilkåra som gjeld for kraftmarknaden og tilknyting til overføringsnettet.

Ein meiner vidare at det førebels ikkje er nødvendig å ta standpunkt til om nett- og systemverksemda knytt til havenergi bør samlast i eitt selskap. Dette spørsmålet vil ein komme tilbake til ved framlegginga av oppdatert strategi. Ved etablering av ein eventuell systemoperatør til havs vil det vere naturleg å vurdere om Statnett skal få utvida si rolle til også å omfatte systemoperatør til havs.

Ved eit framtidig overføringsnett til havs der for eksempel både forbrukarar og produsentar kan vere tilknytta den same kabelen, vil det òg vere behov for utforming av eit regelverk for tariffering. Det vil i den samanhengen vere naturleg å vurdere føremålstenleg utforming av tarifferingsprinsipp.

Lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova)

Det er i dag ikkje noko fullstendig konsesjonslovverk for etablering av vindkraftanlegg utafor grunnlinjene. Enkelte slike anlegg vil truleg kunne falle inn under petroleumslovgivinga. Andre lover som tek vare på spesielle interesser kan i noko grad òg komme inn, utan at dette dekkjer heilskapen i ei etablering av vindkraftanlegg til havs. Omsynet til effektive og føreseielege prosessar for etablering av fornybar energiproduksjon med tilhøyrande infrastruktur tilseier at det blir lagt opp til ein heilskapleg og koordinerande konsesjonsprosess for nye energiproduksjonsanlegg til havs.

Hovudtrekk ved lova

Regjeringa vil ved lovforslaget leggje til rette for utvikling av ny fornybar energiproduksjon til havs, og å ha samfunnsmessig kontroll med arealbruk og produksjons- og overføringsanlegg. Den foreslåtte havenergilova skal regulere planlegging, utbygging, drift og nedlegging av anlegg for fornybar energiproduksjon og anlegg for omforming og overføring av elektrisk energi til havs.

Det er foreslått ei føresegn som slår fast at retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten.

Forslaget inneheld ei føresegn om opning av areal med sikte på tildeling av konsesjon til fornybar energiproduksjon. Føresegna sikrar at planlegging og utbygging av fornybar energiproduksjon og overføringsanlegg skjer i eit heilskapleg perspektiv der alle relevante interesser og tilhøve blir vurderte.

Lovforslaget fastset konsesjonsplikt for å byggje, eige og drive anlegg for fornybar energiproduksjon og anlegg for omforming og overføring av elektrisk energi til havs. I konsesjonen kan det stillast vilkår som tek vare på omsynet til mellom anna energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser ved utbygging, drift og nedlegging av slike anlegg. Lovforslaget inneheld òg andre føresegner som tek vare på desse omsyna.

Lovforslaget inneheld førebels ikkje føresegner om økonomisk regulering av selskapa. På eit seinare tidspunkt vil føresegner om fleire av dei forholda som er omtalte under bli tekne inn i lov eller forskrift.

Lovforslaget gir departementet heimel til å bestemme at delar av lova i enkelte tilfelle kan gjelde for ikkje-fornybar elektrisitetsproduksjon til havs. Dette kan for eksempel vere aktuelt ved eventuell planlegging av storskala gasskraftverk til havs for leveransar til kraftsystemet på land.

Lovforslaget inneheld føresegner om systemansvar som skal handtere den fortløpande drifta av eit framtidig kraftsystem til havs.

Departementet har funne det nødvendig å ha lovføresegner som slår fast sentrale prinsipp, men som samtidig er fleksible slik at det er mogleg raskt å kunne regulere ulike problemstillingar som oppstår. Dette inneber at loven må utfyllast med forskrifter. Over tid kan det vere nødvendig å revidere lovverket i takt med utviklinga.

I arbeidet med lovforslaget har departementet òg vurdert føresegner knytt til nettregulering, marknadsplass, funksjonelt og selskapsmessig skilje mellom produsent og nettoperatør, kraftforsyningsberedskap mv. Desse spørsmåla krev nærare utgreiingar for å sikre at ei slik regulering blir utforma på ein føremålstenleg måte. Man vil prioritere å utarbeide eit slikt regelverk, slik at lovføresegner og forskrifter ligg føre i god tid før det er aktuelt med store investeringar innan lova sitt verkeområde.

Det er i proposisjonen gjeve rede for gjeldande rett innafor havenergiområdet og om forholdet til folkeretten. Folkerettslege rammer for kyststatane sin jurisdiksjon i tilliggjande havområde følgjer av folkerettsleg sedvane og av traktatar Noreg er bunde av, så som Havrettskonvensjonen av 1982.

Man viser til at norsk sjøterritorium omfattar området innanfor 12 nautiske mil utanfor grunnlinjene, jf. lov om norsk territorialfarvann og tilstøtende sone frå 2003. Innanfor denne grensa har den norske staten høve til reguleringar som er nesten like omfattande som på land.

Formål

Forslaget til formålsføresegn legg opp til at energiproduksjon til havs skal skje etter ei avveging av samfunnsmessige målsetjingar og at energianlegg blir planlagde, bygde og disponerte slik at omsynet til energiforsyning, miljø, næringsverksemd og andre interesser blir teke vare på.

Energianlegg skal planleggjast, byggjast og disponerast slik at omsynet til energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser blir teke vare på. «Miljø» er i denne samanhengen eit samleomgrep for alle miljøtema, under dette naturvern, biologisk mangfald, klima, kulturminne og kulturmiljø. Denne forståinga av omgrepet er i samsvar med miljøforvaltninga av i dag.

Verkeområde

Departementet foreslår at lova utan vidare skal gjelde generelt i territorialfarvatnet utanfor fastlandet og på kontinentalsokkelen. Kongen kan vidare bestemme at føresegner i lova skal gjelde for soner oppretta i medhald av lov om Norges økonomiske sone og for sjøterritoriet og indre farvatn ved Svalbard og Jan Mayen.

Departementet meiner delar av havenergilova kan gjerast gjeldande i dei indre farvatna òg, ein foreslår ei tilføying i verkeområdeføresegna som opnar for å utvide det stadlege verkeområdet til dei indre farvatna. I energilova er foreslått ei tilføying som opnar for å ikkje bruke einskilde føresegner i saker som blir handsama etter havenergilova.

Departementet foreslår ei føresegn som gir anledning til å setje heile eller delar av lova til side i forskrift eller vedtak. Føresegna kan nyttast der tiltak omfatta av § 1-2 første ledd kan handsamast etter anna lovverk, typisk for energianlegg som utgjer en integrert del av petroleumsverksemda, skipsfart eller tilsvarande.

Det er ikkje føreslått å opne for generelt å nytte lova på ikkje-fornybar energiproduksjon til havs.

Opning av areal

Etablering av fornybar energiproduksjon til havs kan i utgangspunktet berre finne stad etter at staten har opna nærare bestemte stadlege område for søknader om konsesjon. Formålet er å sikre staten kontroll med at planlegging og utbygging av fornybar energiproduksjon med tilhøyrande infrastruktur skjer i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, der alle relevante interesser og forhold blir høyrde og vurderte i ein tidleg fase. Det vil òg leggje til rette for at den påfølgjande konsesjonsprosessen blir meir føreseieleg. Tal, storleik og lokalisering av utlyst areal må vurderast som ledd i ein kartleggings- og konsesjonsprosess.

Departementet finn at vedtak om opning av areal er ei så vidtgåande avgjerd for samfunnet at myndet bør liggje hos Kongen i statsråd.

Ved opning av areal vil det elles normalt følgje ein tidsfrist for innsending av konsesjonssøknad. Har det ikkje komme inn søknader ved utgangen av fristen, står styresmaktene i utgangspunktet fritt til å vurdere om området bør lysast ut på nytt.

Nettanlegg vil bli omfatta av den arealplanlegginga lovforslaget legg opp til. Nettkapasitet, høve til avsetning og andre forhold knytte til nett vil ha betyding for kva område det er aktuelt å vurdere for opning. Departementet finn det ikkje nødvendig å slå fast at nettanlegg generelt skal omfattast av reglane om opning av areal. Nettanlegg til havs vil berre bli planlagt når det er trong for overføring av elektrisk energi.

Konsesjon på anlegg mv.

Departementet foreslår nærare føresegner om retten til å søkje om og få konsesjon for energianlegg til havs, og lovforslaget opnar blant anna for at det kan etablerast ei form for prekvalifisering eller for at gjennomføringsevne blir lagt vekt på ved handsaming av søknad om konsesjon. Regionale verknader må òg vurderast.

Staten skal stå for kartlegging og opning av areal. Departementet foreslår at det overfor konsesjonæren kan stillast tidsfristar for ulike steg i utviklinga av prosjektet, og at det kan fastsetjast sanksjonar ved avvik. Konsesjonsstyresmakta kan ved avvik trekkje konsesjonen tilbake. Konsesjonen kan i slike høve gis til annan aktør på nærare gitte vilkår.

Departementet legg til grunn at konsesjon for energianlegg etter lova kan givast for inntil 30 år, konsesjonstida skal gjelde frå anlegget blir sett i drift. Lovframlegget opnar for fornying av konsesjonen ved utløp av konsesjonstida, og konsesjonær kan søkje om forlenga konsesjon.

I konsesjonsprosessen må det vurderast kor vidt konsesjonæren skal få einerett på å utnytte det aktuelle havarealet til fornybar energiproduksjon, eller om departementet på visse vilkår skal kunne gi konsesjon til annan part til å installere supplerande produksjon innan området.

Lovframlegget gir heimel til å kunne fastsetje vilkår om tilrettelegging for eller tilkopling til andre anlegg eller system innan verkeområdet for lova.

Konsekvensutgreiingar

Lovframlegget inneheld føresegner om konsekvensutgreiingar, som skal vere ein del av ein open og offentleg prosess der blant anna utgreiingsprogrammet blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Kva omfang konsekvensutgreiingar skal ha før ei opning, er ikkje regulert i detalj i lovforslaget.

Skadebot til fiske

Lovframlegget føreset at eventuelle konsekvensar for fiske blir vurderte før areal blir opna for konsesjonshandsaming. Ein har føresegner som svarar til føresegnene i petroleumsloven, og foreslår at tilsvarande ordning som for petroleumsverksemd blir etablert for verksemd som blir omfatta av denne lova.

Arealavgift

Departementet viser til at ei arealavgift kan sjåast på som leige for bruk av areal, og kan bidra til framdrift i planlegging og utbygging. Ei arealavgift kan òg medverke til at areal blir effektivt utnytta. Departementet legg til grunn at arealavgift ikkje er aktuelt i ein innleiande fase i utvikling og etablering av vindkraft til havs i Noreg, men man finn det likevel rett å ta inn heimel for å kunne innføre arealavgift seinare.

Det er teke inn ei presisering i lovteksten om at arealavgift kan påleggjast ved tildeling av konsesjon eller seinare.