Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 mv. under Samferdselsdepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Karita Bekkemellem, Eirin Faldet, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Truls Wickholm, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud, leiaren Per Sandberg og Arne Sortevik, frå Høgre, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Kristeleg Folkeparti, Jan Sahl, frå Senterpartiet, Jenny Klinge, og frå Venstre, Borghild Tenden, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen foreslår endringar i løyvingar i statsbudsjettet for 2008 mv.

Komiteen viser for øvrig til egen sak om sluttsaldering av statsbudsjettet for 2008 som behandles i finanskomiteen, og til merknader og forslag i den forbindelse.

Ordinær generalforsamling i Stor-Oslo Lokaltrafikk AS vedtok 3. april 2008 å oppløyse og avvikle selskapet. Aksjekapitalen er no tilbakebetalt til eigarane. Samferdselsdepartementet (eigar av 1/3 av aksjane) foreslår derfor å budsjettere med 667 000 kroner på kap. 4300, post 96 Aksjar.

Komiteen har ingen merknader og støttar Regjeringa sitt forslag.

Aktiviteten i luftfartssektoren er i 2008 høgare enn venta. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1313, post 1 Driftsutgifter, med 12 mill. kroner. Inntektene blir auka tilsvarande, jf. kap. 4313 post 1.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4313, post 1 Gebyrinntekter, med 12 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 1313, post 1 Driftsutgifter.

Fram til i dag har Luftfartstilsynet leigd lokale av Avinor AS på Bodø lufthamn. Luftfartstilsynet i Bodø har no blitt så stort at lokala er for små. Luftfartstilsynet arbeider derfor no med å skaffe nye lokale til verksemda i Bodø.

Samanlikna med i dag legg departementet til grunn ei auka årleg driftsutgift for leige av lokale på 12–15 mill. kroner frå og med budsjettåret 2011.

Dei auka kostnadene vil i stor grad bli dekt inn gjennom auka gebyrinntekter på kap. 4313, post 1 Gebyrinntekter.

Samferdselsdepartementet ber om at departementet kan gi Luftfartstilsynet fullmakt til å inngå avtale om leige av lokale som pådrar staten forpliktingar på inntil 15 mill. kroner ut over det som kan dekkjast innafor gjeldande løyvingsnivå under kap. 1313, post 1 Driftsutgifter, frå og med budsjettåret 2011.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har ingen merknader og støttar Regjeringa sitt forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Riksrevisjonen i Dokument nr. 1 (2008–2009) har merknader til utfakturering av gebyrinntekter, og forutsetter at nødvendige tiltak gjennomføres for å rette på dette.

Disse medlemmer har merket seg at flytting til nye lokaler vil gi økte leiekostnader for Luftfartstilsynet på 12 mill. kroner fra og med 2011. Disse medlemmer er enig i at Luftfartstilsynet bør ha bemanning og lokaler som sikrer utøvelse av tilsyn med luftfarten, men mener dette bør gjøres uten at gebyrinntektene økes kraftig.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med i alt 191 mill. kroner.

Av beløpet gjeld 15 mill. kroner kostnadene (førebels overslag) for Statens vegvesen for opprydding og utbetring av fanggjerdet etter steinras på Oppdølsstranda i Sunndal kommune.

176 mill. kroner gjeld endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., post 2 Diverse gebyr og post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap. Jf, omtalen under kap. 4320, postane 1, 2 og 3 og realistisk budsjettering av inntekter.

Kontrakt for OPS-prosjektet E18 Grimstad–Kristiansand i Aust-Agder og Vest-Agder blei inngått i juni 2006.

Ut frå praksis for dei to tidlegare OPS-prosjekta har det vore lagt til grunn at all meirverdiavgift for anleggsarbeidet vil bli fakturert når heile strekninga står ferdig. Skatteetaten ved Skatt sør meiner derimot at meirverdiavgifta skal betalast kontinuerleg i anleggsperioden. I løyvinga på post 29 for 2008 inngår ikkje utgifter til meirverdiavgift. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1320, post 29 Vederlag til OPS-prosjekt, med 175 mill. kroner.

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1330, post 30 Riksveginvesteringar, med 36 mill. kroner.

Statens vegvesen har inntekter frå m.a. tilbakebetaling frå bompengeselskapa av utlegg som Statens vegvesen har hatt i samband med kjøp av bompengebrikker, sal av kjennemerke. Det er knytt utgifter til desse inntektene.

Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., med 120 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., og post 30 Riksveginvesteringar.

Statens vegvesen har inntekter frå ulike gebyr som førarkortgebyr, gebyr for dagprøvekjennemerke, påskiltingsgebyr, kontrollgebyr og gebyr for myndigheitskontrollar. Det er knytt utgifter til desse inntektene.

Rekneskapen for dei to siste åra viser at inntektene har vore høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 2 Diverse gebyr, med 44 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Statens vegvesen mottek innbetalingar frå forsikringsselskap.

Rekneskapen for dei to åra posten har vore i bruk, viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 48 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Det er i 2008 behov for 9,3 mill. kroner til grunnerverv, etterarbeid og sluttoppgjer for den norske delen av prosjektet Svinesundsforbindelsen. I staden for å løyve nye midlar til lån meiner Samferdselsdepartementet det vil vere mest praktisk å dekkje utgiftene til etterarbeid mv. ved å nytte bompengar. Dette vil medføre at avdraget på det statlege lånet i 2008 vil bli tilsvarande lågare. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 9,3 mill. kroner.

Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2008–2009), er det lokalpolitisk tilslutning til å utvide bompengeprosjektet E6 Trondheim–Stjørdal til også å omfatte endeparsellane Nidelv bru–Grillstad i Trondheim kommune og Værnes–Kvithammar i Stjørdal kommune. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 24 (2007–2008) og St.prp. nr. 45 (2007–2008) har Stortinget slutta seg til å utvide eksisterande innkrevjingsordning for å finansiere prosjektering, grunnundersøkingar og innløysing av bustader i samband med prosjektet.

Eksisterande bompengelån vil vere nedbetalt rundt årsskiftet 2008/2009.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til opplegg med å vidareføre innkrevjinga fram til Stortinget har behandla forslaget om å utvide prosjektet. Regjeringa legg opp til å fremje ein proposisjon om utvidinga før årsskiftet 2008/2009, med sikte på anleggsstart i 2009.

Prosjektet Hitra–Frøya fastlandssamband er delfinansiert med bompengar, jf. St.prp. nr. 97/Innst. S. nr. 246 (1989–1990). Prosjektet er no nedbetalt etter ei samla innkrevjingstid, inkludert førehandsinnkrevjing, på 17 år. Hitra, Frøya og Snillfjord kommunar har gått inn for å vidareføre innkrevjinga av bompengar i sambandet i 14 månader, frå 1. november 2008 og ut 2009, for å finansiere ny vegløysing over Dolmøya.

Ny bru over Dolmsundet og vegløysing over Dolmøya var ein del av prosjektet Hitra–Frøya fastlandssamband. Hitra kommune la inn motsegn mot planane om ny bru over Dolmsundet. Kommunane er no samde om eit forslag om ny veg over Dolmøya og ønskjer å bruke bompengar frå eksisterande ordning til å delfinansiere og forskottere bygginga av vegen. Prosjektet kan med ei slik løysing opnast for trafikk i 2010, noko som er 4–5 år tidlegare enn det som er lagt til grunn i forslaget til handlingsprogram 2006–2015 for øvrige riksvegar i Sør-Trøndelag.

Prosjektet inkluderer bygging av ny bru over Vettastraumen. Byggekostnadene for prosjektet er kostnadsrekna til om lag 100 mill. kroner.

Det er lagt opp til å vidareføre innkrevjingsordninga i 14 månader. Det er rekna med at dette vil gi ei nettoinntekt på om lag 35 mill. kroner. I tillegg er det rekna med innkrevjingkostnader på om lag 4,5 mill. kroner. Det er ikkje foreslått å endre takst- og rabattsystemet.

Det er lagt opp til at bompengeselskapet forskotterer dei offentlege løyvingane mot refusjon i 2013 og 2014. Opplegget inneber at bompengeselskapet også må dekkje renter på lån av dei forskotterte midlane. Desse er vurdert til å utgjere om lag 20 mill. kroner. Det er da lagt til grunn at 35 mill. 2008-kroner i offentlege midlar blir refundert i 2013 og 50 mill. 2008-kroner i 2014. Dette gir denne finansieringsplanen for prosjektet:

Mill. kr

Bompengar

15

Offentlege midlar

85

Sum

100

Departementet tilrår at bompengeselskapet får løyve til å forlengje bompengeinnkrevjinga i tråd med omtalen i proposisjonen.

Komiteen meiner oppryddingsarbeid etter raset og satsing på rassikring ved Oppdølsstranda er viktig. Komiteen støttar difor forslaget til auke i løyving til dette arbeidet.

Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt forslag under post 23.

Komiteen støttar forslaget til auka løyving til auka vederlag i 2008 for OPS-prosjektet E18 Grimstad–Kristiansand i Aust-Agder og Vest-Agder.

Komiteen viser til at Regjeringa no evaluerer OPS-ordninga og vil komme tilbake til saka på en eigna måte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at Skatteetaten ved Skatt sør mener at merverdiavgift for anleggsarbeidet i OPS-prosjekter skal betales kontinuerlig, og ikke ved ferdigstillelse. Dette medfører høyere utgifter for anlegget og høyere inntekter for staten. Disse medlemmer mener dette er urimelig, og fordyrer slike prosjekter.

Disse medlemmer fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sørge for nødvendige endringer i lov- og regelverk slik at dersom det skal svares merverdiavgift for anleggsarbeid innenfor samferdselssektor, skal denne først betales når anlegget tas i bruk."

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene i Fremskrittspartiet, støttar Regjeringa sitt forslag om endra opplegg for å vidareføre innkrevjinga og dermed den vidare utbygginga av for E6 Trondheim–Stjørdal. Det føreslegne opplegget vil innebere at bompengeselskapet slepp å permittere dei som arbeider ved bomstasjonane. Vidare vil det sikre midlar til prosjekt og utarbeiding av konkurransegrunnlag slik at dette arbeidet kan gå som planlagt. Inntektene kan også gå til innløysing av bustader m.m.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet slutter seg ikke til videreføring av innkreving av bompenger på E6 mellom Trondheim og Stjørdal frem til Stortinget behandler forslaget om å utvide prosjektet.

Disse medlemmer viser til sine merknader i Innst. S. nr. 96 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 24 (2007-2008):

"E6 Trondheim - Stjørdal- behov for bompenger

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet avviser at 20 mill. kroner av bompenger fra eksisterende innkrevingsordning på E6 mellom Trondheim og Stjørdal skal brukes til prosjektering og annet forarbeid for andre bompengefinansierte prosjekter. Disse medlemmer har merket seg departementets opplysning om at det fortsatt arbeides med vurdering av ulike sider ved bompengefinansiering, og at departementet vil komme tilbake til Stortinget med dette. Disse medlemmer understreker at det er statens, fylkeskommunenes og kommunenes oppgave å finansiere veier i Norge. Disse medlemmer viser til at det likevel er en sterkt økende bompengebruk til vegfinansiering i Norge – særlig under denne regjeringen. Disse medlemmer mener det er svært nødvendig å få på plass et regelverk som kan medvirke til å begrense bompengebruken. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen forskottere 20 mill. kroner til prosjektering, grunnundersøkelser med mer for å bygge endeparsellene Nidelv bru-Grillstad i Trondheim kommune og Værnes-Kvithammar i Stjørdal kommune, og innarbeide dette i sluttsalderingen av statsbudsjettet for 2007.""

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene i Fremskrittspartiet, støttar Regjeringa sitt forslag om utviding av bompengeinnkrevjinga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband i Sør-Trøndelag. Vidareført innkrevjing i 14 månader som supplement til offentlege midlar, vil finansiere eit tiltak som var ein del av det opphavlege prosjektet. Utbygginga vil avløyse ein veg med dårleg standard der det har vore alvorlege trafikkulykker.

Fleirtalet meiner det er valt ei god løysing som vil styrke samferdsla i Hitra, Frøya og Snillfjord kommunar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet går imot forlengelse av bompengeinnkreving for å dekke investeringstilskudd fra bilistene på 15 mill. kroner med en samlet kostnad for bilistene på 39,5 mill. kroner. Disse medlemmer mener staten skal betale for utbyggingen av rv 714 mellom Vikstrøm og Stråmyra.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sørge for at prosjektet rv 714 mellom Vikstrøm og Stråmyra finansieres fullt ut med statlige midler."

Samferdselsdepartementet viser til tidlegare omtale av status for tingingane med Hurtigruten ASA om gjeldande avtale, seinast i St.prp. nr. 1 (2008-2009).

Tingingane mellom selskapet og departementet er nettopp avslutta. Ut frå ei samla vurdering blir det foreslått at Hurtigruten ASA får kompensasjon til å dekkje selskapet sine kostnader til betaling av NOx-avgifta for 2007 og innbetaling til næringslivet sitt NOx-fond i første halvår 2008. Kompensasjonsgraden er sett til 90 pst. Totalt utgjer dette 59 mill. kroner. Som følgje av den vanskelege økonomiske situasjonen selskapet har kome i, finn departementet det òg nødvendig å gjere framlegg om ein generell økonomisk kompensasjon på 66 mill. kroner for 2008 for å sikre at tenestetilbodet blir halde oppe på om lag same nivå som fastsett i gjeldande avtale.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga for 2008 på kap. 1330, post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes, med 125 mill kroner. Departementet vil kome tilbake med framlegg om tilleggsløyving for 2009.

På bakgrunn av at selskapet har varsla at det ikkje kan stå ved avtalen som gjeld til utgangen av 2012, vil departementet setje i gang arbeidet med å førebu utlysing av tenestekjøp av kystruta Bergen–Kirkenes for å etablere ein ny avtale. Gjeldande avtale blir avvikla frå det tidspunkt ny avtale med valt operatør kan setjast i drift.

Komiteen meiner Hurtigruta er ein viktig transportør for personar og gods langs kysten, samtidig som den er Noregs mest kjente reiselivsprodukt utanlands. For mange kystsamfunn er Hurtigruta ein livsnerve.

Komiteen ser det som viktig at ein ny avtale sikrar ein langsiktig transportstandard med utgangspunkt i det seglingsmønsteret Hurtigruta har i dag.

Komiteen støttar Regjeringa sitt forslag om ekstraløyving på 125 mill. kroner til Hurtigruten ASA som kompensasjon for betaling av NOx-avgift og innbetaling til næringslivet sitt NOx-fond , samt ein generell kompensasjon som følgje av selskapet sin vanskelege økonomiske situasjon.

Komiteen viser til at Hurtigruten ASA har opplyst at selskapet ikkje lenger kan stå ved avtalen med staten i si noverande form. Samferdselsdepartementet vil difor lyse ut kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes og etablere ein ny avtale, og avvikle den gjeldande avtalen med Hurtigruten ASA. Komiteen støttar Regjeringa sitt forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at formålet med statens kjøp av sjøtransporttjenesten, er å sikre et daglig og helårig seilingsmønster for Hurtigruta mellom Bergen og Kirkenes.

Disse medlemmer peker på Hurtigrutas betydning for gods- og persontransport, i tillegg til betydningen den har for både lokalsamfunn langs kysten og for turisme. Disse medlemmer tar til orientering at Regjeringen gir selskapet kompensasjon for selskapets kostnader for 2007 og første halvår 2008 knyttet til NOx-avgiften; en avgift innført av Regjeringen, og som er ett av flere forhold som gjør at selskapet har en vanskelig økonomisk situasjon.

Disse medlemmer har merket seg at Regjeringen viderefører en slik kompensasjonsordning for resten av avtaleperioden. Disse medlemmer peker på at dette bekrefter at NOx-ordningen har svært negativ kostnadseffekt for de berørte og i tillegg tvilsom miljøeffekt.

Disse medlemmer tar til orientering at Regjeringen har godkjent redusert seilingsopplegg fra og med november 2008 til og med mars 2009, at dette videreføres for resten av avtaleperioden, og at arbeid er satt i gang med å utlyse nytt tjenestekjøp av kystruten Bergen–Kirkenes.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 75 mill. kroner. Av beløpet gjeld 5 mill. kroner tilbygging av nytt snøoverbygg på Bergensbanen, og 70 mill. kroner realistisk budsjettering av salsinntekter, jf. endra inntektsoverslaga på kap. 4350, post 2 Sal av utstyr og tenester mv.

For å dekkje auka kostnader til grunnervervet på Ganddal godsterminal på grunnlag av rettskraftig dom foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, med 38,6 mill. kroner.

Samferdselsdepartementet har gitt Malmtrafikk AS medhald i at det var utrekna for høg avgift i 2005 og 2006 for LKAB/Malmtrafikk AS si "tomkøyring" frå Narvik til riksgrensa. På dette grunnlaget har Jernbaneverket i 2008 motrekna 8,2 mill. kroner til Malmtrafikk AS i form av redusert fakturering av avgift for 2008.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4350, post 1 Køyrevegsavgift, med 8,2 mill. kroner.

Jernbaneverket har inntekter frå m.a. sal av jernbanetekniske tenester, sal av utstyr, inntekter frå museumsdrifta. Det er knytt utgifter til desse inntektene.

Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 2 Sal av utstyr og tenester mv., med 70 mill. kroner, jf. kap. 1350 post 23.

Komiteen støttar Regjeringa sitt forslag og har elles ingen merknader.

I samband med lønsoppgjeret for 2008 er Post- og teletilsynet tildelt 4 638 000 kroner i lønskompensasjon på kap. 1380, post 1 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4380, post 1 Diverse gebyr, med 4 638 000 kroner.

Post- og teletilsynet er sjølvfinansierande. Forbruket for 2008 vil vere lågare enn den disponible løyvinga på kap. 1380, postane 1 og 45. Mindreforbruket vil bli på om lag 34 mill. kroner. Det vil ikkje vere behov for å be om å få overført dei unytta midlane til 2009.

Departementet foreslår at dei unytta løyvingane blir overførte til reguleringsfondet. Dei vil bli tilbakeført til brukarane ved at gebyra i dei nærmaste åra blir lågare enn det som er nødvendig for å dekkje utgiftene.

Samferdselsdepartementet har i 2008 fullmakt til å overføre inntil 10 mill. kroner til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond. Departementet foreslår å auke fullmakta for 2008 for å føre til eller frå reguleringsfondet til 35 mill. kroner.

Komiteen viser til at Post- og teletilsynet er finansiert med gebyr frå brukarane. Det vil difor vere i strid med prinsippa bak sjølvfinansiering å ikkje la eit mindreforbruk i tilsynet komme brukarane til gode. Komiteen støttar difor Regjeringa sitt forslag om å overføre unytta løyvingar til reguleringsfondet.

Forslag frå Fremskrittspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen sørge for nødvendige endringer i lov- og regelverk slik at dersom det skal svares merverdiavgift for anleggsarbeid innenfor samferdselssektor, skal denne først betales når anlegget tas i bruk.

Forslag frå Fremskrittspartiet:

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen sørge for at prosjektet rv 714 mellom Vikstrøm og Stråmyra finansieres fullt ut med statlige midler.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1313

Luftfartstilsynet

1

Driftsutgifter, blir auka med

12 000 000

frå kr 153 000 000 til kr 165 000 000

1320

Statens vegvesen

23

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72,blir auka med

191 000 000

frå kr 7 061 500 000 til kr 7 252 500 000

29

Vederlag for OPS-prosjekt, kan overførast, kan nyttast under post 23 og post 30,blir auka med

175 000 000

frå kr 285 000 000 til kr 460 000 000

30

Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31, post 60 og post 72,blir auka med

36 000 000

frå kr 5 785 300 000 til kr 5 821 300 000

1330

Særskilde transporttiltak

70

Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes, blir auka med

125 000 000

frå kr 287 900 000 til kr 412 900 000

1350

Jernbaneverket

23

Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30,blir auka med

75 000 000

frå kr 3 489 600 000 til kr 3 564 600 000

30

Investeringar i lina, kan overførast, kan nyttast under post 23,blir auka med

38 600 000

frå kr 2 372 900 000 til kr 2 411 500 000

Inntekter

4300

Samferdselsdepartementet

96 (ny)

Aksjar, blir løyvd med

667 000

4313

Luftfartstilsynet

1

Gebyrinntekter, blir auka med

12 000 000

frå kr 101 300 000 til kr 113 300 000

4320

Statens vegvesen

1

Salsinntekter m.m., blir auka med

120 000 000

frå kr 140 800 000 til kr 260 800 000

2

Diverse gebyr, blir auka med

44 0000 000

frå kr 255 500 000 til kr 299 500 000

3

Refusjonar frå forsikringsselskap, blir auka med

48 000 000

frå kr 41 700 000 til kr 89 700 000

4322

Svinesundsforbindelsen AS

90

Avdrag på lån, blir redusert med

9 300 000

frå kr 24 000 000 til kr 14 700 000

4350

Jernbaneverket

1

Køyrevegsavgift, blir redusert med

8 200 000

frå kr 21 800 000 til kr 13 600 000

2

Sal av utstyr og tenester mv., blir auka med

70 000 000

frå kr 108 300 000 til kr 178 300 000

4380

Post- og teletilsynet

1

Diverse gebyr, blir auka med

4 638 000

frå kr 174 500 000 til kr 179 138 000

II

Stortinget samtykkjer i at:

  • 1. Samferdselsdepartementet kan gi Luftfartstilsynet fullmakt til å inngå avtale om å leige lokale som pådrar staten forpliktingar på inntil 15 mill. kroner ut over det som kan dekkjast innafor gjeldande løyvingsnivå under kap. 1313 Luftfartstilsynet, post 1 Driftsutgifter, frå og med budsjettåret 2011.

  • 2. Bompengeselskapet får løyve til å vidareføre dagens ordning med å krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygging av E6 Øst på endeparsellane Nidelv bru–Grillstad i Trondheim kommune og Værnes–Kvithammar i Stjørdal kommune fram til Stortinget har behandla proposisjon om å utvide prosjektet.

  • 3. Bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygginga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband i tråd med vilkåra i St.prp. nr. 24 (2008–2009) og Innst. S. nr. 92 (2008–2009).

  • 4. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga for utbygginga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband.

  • 5. Samferdselsdepartementet i 2008 kan overføre inntil 35 mill. kroner til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 4. desember 2008

Per Sandberg

Hallgeir H. Langeland

leiar

ordførar