Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i lø­yvingar o.a. i forsvarsbudsjettet for 2005

Innhold

Til Stortinget

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2005. Siktemålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2005 vart utarbeidd.

Gitt den komplekse samansetjinga av kapittel med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, kan såleis verte handsama samla og formalisert på rett måte.

Omgrupperingsproposisjonen formaliserer lønnskompensasjonen for 2005, innsparing i samla utgiftsramme, tilpassing av løyvinga i samsvar med endringar i føresetnadene og oppdatering og formalisering av tekniske endringar mellom kapitla. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 82,6 mill. kroner.

Proposisjonen sikrar vidare at endringane i budsjettføresetnadene også vert handsama i tråd med dei overordna omstillingsmåla Stortinget har lagt for utviklinga i forsvarssektoren. Justeringane i denne proposisjonen ivaretek dette slik at justeringane som her vert skisserte, tilrettelegg for ei vidare utvikling mot oppnåing av omstillingsmåla for perioden 2002-2005.

På bakgrunn av innføring av meirverdiavgift på kjøp av tenester frå AVINOR, foreslår Regjeringa ei tilleggsløyving på 17,4 mill. kroner over forsvarsbudsjettet for å kompensere for auka utgifter for Luftforsvaret.

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2005, dei seinare endringane gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendringar under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2004. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2005 (119,9 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2005, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2005

30 388 943

Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 112,8 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 29,574 mill. kroner, jf. Budsjett-innst. S. nr. 1 (2004-2005)

-29 574

St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 (RNB), jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005)

-560 000

St.prp. nr. 37 (2004-2005) Om endringer under enkelte kapitler på statsbudsjettet for 2005 under Utenriksdepartementet, Kultur- og kirkedepartementet, Justis- og politidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Forsvarsdepartementet som følge av flodbølgekatastrofen i Sør-Asia, jf. Innst. S. nr. 157 (2004-2005)

11 100

St.prp. nr. 70 (2004-2005) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap og om endring i gradsnivå for militære embete ("soldatproposisjonen"), jf. Innst. S. nr. 274 (2004-2005)

6 750

Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005). Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 20,211 mill. kroner

-20 211

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

119 931

= Faktisk løyving før omgruppering

29 916 939

Midlar ført over frå 2004

287 630

Disponible midlar i 2005 før omgrupperinga

30 204 569

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2005 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2005

969 602

= Løyvingar før omgruppering

969 602

I høve til vedtatt budsjett for 2005 er det ei mindreinntekt på 100 mill. kroner som er foreslått trekt frå utgiftssida.

Det vert vist til Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt (jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005), vedtak II Meirinntektsfullmakt). Det er forventa meirinntekter som skuldast tilsvarande utgift i 2005. Meirinntektene vil bli tatt omsyn til ved årets overføringsforslag til Finansdepartementet.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Reduksjon på utgiftssida grunna mindreinntekt trekt frå utgiftssida

-100 000

+ Tilleggsløyvingar

17 400

= Sum behov ved omgrupperinga

-82 600

+ Løyvingar før omgrupperinga

29 916 939

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

29 834 339

= Samla disponible midlar i 2005 etter omgrupperinga

30 121 969

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga

969 602

Mindreinntekter

-100 000

= Løyvingar etter omgrupperinga

869 602

Departementet foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 82,6 mill. kroner og at inntektsramma vert redusert med 100 mill. kroner.

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av mindreinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutg.-/Meirutg.+

1

Driftsutgifter

99 628

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-20 000

45

Store nyskaffingar

-291 000

47

Nye bygg og anlegg

170 800

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

-100 000

50

Overføringar Statens Pensjonskasse

60 000

60

Tilskot til kommunar

-1 273

70

Renter låneordning

-755

Sum

 -82 600

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt. -/Meirinnt.+

1

Driftsinntekter

0

45

Store nyskaffingar

0

47

Sal av eigedom

0

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter

-100 000

90

Lån til bustadføremål

0

Sum

- 100 000

Den totale utgiftsramma er redusert med 82,6 mill. kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 137,6 mill. kroner, mens investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 220,2 mill. kroner.

Nedanfor er dei største og viktigaste endringane forklart på post/kapittelnivå.

Post 1 er foreslått auka med totalt 99,6 mill. kroner.

Post 1 er foreslått tilført 43 mill. kroner i samband med forsering av samarbeidet i Provincial Reconstruction Team (PRT) i Nord-Afghanistan, 60 mill. kroner i teknisk justering i samband med nye retningsliner for kva som skal posterast på respektive drift og investering i samband med gjennomføring av investeringsprosjekt, 33 mill. kroner for å halde transportflyet C-130 i operativ stand, 10 mill. kroner til restaurering av KNM ALTA og 2,5 mill. kroner til Forsvarets musikk. Vidare foreslår Regjeringa at posten vert tilført 17,4 mill. kroner i tilleggsløyving grunna kompensasjon for auka meirverdiavgift i Luftforsvaret. I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre postar som samla gir ein auke på 9,5 mill. kroner.

Omdisponeringane frå posten gjeld 60 mill. kroner til finansiering av utgifter over post 50 Statens Pensjonskasse og 15,8 mill. kroner for å ivareta tilpassing av dei gamle bygningane ved Fredriksvern verft i Stavern til bruk for justissektoren.

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar. Ein vesentleg del av endringane mellom kapitla skuldast tekniske justeringar for å oppnå ei reindyrking av kap. 1725 Fellesinstitusjoner og utgifter under Forsvarsstaben , for å reflektere dei nye felles­avdelingane som er oppretta og underlagt Forsvarsstaben og ny organisering av Forsvarsstaben.

Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei ein­skilde kapitla:

Kapitlet er foreslått redusert med 40,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast omdisponeringar frå kapitlet for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar, som å tilpasse bygningane ved Fredriksvern verft i Stavern til bruk for justissektoren (15,8 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein reduksjon på 24,8 mill. kroner.

Kapitlet vert foreslått redusert med 16 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak overføring av lønsmidlar i samband med vertslandsstøtte til NATO på Ørland (3 mill. kroner), finansiering av stillingar til regional støttefunksjon i Heimevernet (4 mill. kroner), og auka kostnader knytte til allierte treningssentra (32 mill. kroner).

Kapitlet vert foreslått tilført midlar i samband med naudsynt styrking av tenesta ved Joint Warfare Centre (JWC) (22 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått auka med 500,3 mill. kroner. Auka skuldast i hovudsak tekniske justeringar for å oppnå ei reindyrking av kapitlet for å reflektere dei nye fellesavdelingane som er oppretta og underlagt Forsvarsstaben og ny organisering av Forsvarsstaben.

Kapitlet er m.a. tilført 370 mill. kroner i samband med at ansvar for drift av Forsvarets kompetansesentra for logistikk og kommando-, kontroll- og informasjonssystem (FKL og FK KKIS), er overført til kap. 1725 (jf. Innst. S. nr. 234 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003-2004)), 22 mill. kroner er overført frå forsvarsgreinene til Forsvarets sanitet til sentral drift av tannlegetenester, 56 mill. kroner i samband med at kapitlet overtar kostnader for elevar på hovudstudiet ved Forsvarets skolesenter og 5 mill. kroner i samband med flytting av midlar til drift av Forsvarets arkivadministrasjon. 123 mill. kroner er tilført frå andre kapittel i samband med finansiering av auka ammunisjons- og drivstofflager (dette ved gevinstrealisering grunna pålagt reduksjon av administrative utgifter på dei andre kapitla), 89 mill. kroner i samband med sentralisering av IT-driftskostnader og 45 mill. kroner i samband med sentralisering av rabatterte vernepliktsreiser. Det er òg gjort tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein auke på 5 mill. kroner.

Omdisponeringane frå posten gjeld finansiering av stillingar ført over til kap. 1740 Forsvarets logistikk­organisasjon (24 mill. kroner), 22 mill. kroner er overført til kap. 1720 grunna meirbehov ved Joint Warfare Centre (JWC) og 5 mill. kroner er overført til kap. 1795 grunna meirbehov i samband med musikk og museumsverksemd. 11 mill. kroner er overført til kap. 1790 Kystvakta grunna høgare drivstoffutgifter enn forventa, 93 mill. kroner er overført kap. 1740 grunna meirbehov i samband med sikring av ammunisjon og våpenlager og 60 mill. kroner er omdisponert i samband med finansieringa av meirutgifter til Statens Pensjonskasse.

Kapitlet er foreslått redusert med 468,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar til kap. 1725 for å reindyrke kapitlet og for å reflektere dei nye fellesavdelingane som er oppretta og underlagt Forsvarsstaben og ny organisering av Forsvarsstaben.

Kapitlet er m.a. redusert i samband med oppretting av Forsvarets kompetansesentra (FKL og FK KKIS) (335 mill. kroner), drift av tannlegetenestene som er overført til Forsvarets sanitet (11 mill. kroner), kostnader for elevar på hovudstudiet ved Forsvarets skolesenter (23 mill. kroner), oppretting av Forsvarets arkivadministrasjon (1 mill. kroner) og at Forsvarets sanitet overtar ansvaret for Ridderrennet (1,5 mill. kroner). Vidare er kapitlet redusert med 47 mill. kroner i samband med sentralisering av IT-driftskostnader, 24 mill. kroner i samband med sentralisering av rabatterte vernepliktsreiser, 24 mill. kroner grunna reduksjon av administrative utgifter og 23 mill. kroner i samband med finansiering av stillingar overtatt av kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon. I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kap. som samla gir ein reduksjon på 4 mill. kroner.

Kapitlet er tilført midlar i samband med finansiering av stillingar til regional støttefunksjon (25 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått redusert med 77,9 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar til kap. 1725 for å reindyrke kapitlet og å reflektere dei nye fellesavdelingane som er oppretta og underlagt Forsvarsstaben og ny organisering av Forsvarsstaben. Kapitlet er m.a. redusert i samband med oppretting av Forsvarets kompetansesentra (FKL og FK KKIS) (19 mill. kroner), drift av tannlegetenestene som er overført til Forsvarets sanitet (6 mill. kroner), kostnader for elevar på hovudstudiet ved Forsvarets skolesenter (16 mill. kroner), og oppretting av Forsvarets arkivadministrasjon (3 mill. kroner). Vidare er kapitlet redusert med 3 mill. kroner i samband med sentralisering av IT-driftskostnadar, 11 mill. kroner i samband med sentralisering av rabatterte vernepliktsreiser og 20 mill. kroner grunna reduksjon av administrative utgifter.

Kapitlet er foreslått redusert med 70,7 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak tekniske flyttingar til kap. 1725 for å reindyrke kapitlet for å reflektere dei nye fellesavdelingane som er oppretta og underlagt Forsvarsstaben og ny organisering av Forsvarsstaben.

Kapitlet er m.a. redusert vedrørande oppretting av Forsvarets kompetansesentra (FKL og FK KKIS) (15 mill. kroner), drift av tannlegetenestene som er overført til Forsvarets sanitet (4 mill. kroner), kostnader for elevar på hovudstudiet ved Forsvarets skolesenter (16 mill. kroner) og oppretting av Forsvarets arkivadministrasjon (1 mill. kroner). Vidare er kapitlet redusert med 22 mill. kroner i samband med sentralisering av IT-driftskostnader, 9 mill. kroner i samband med sentralisering av rabatterte vernepliktsreiser, 27 mill. kroner grunna reduksjon av administrative utgifter og 13 mill. kroner i samband med finansiering av stillingar til regional støttefunksjon på andre kap.. I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kap. som samla gir ein reduksjon på 14 mill. kroner.

Kapitlet er tilført 33 mill. kroner i samband med naudsynt vedlikehald av transportflyet C-130 for å halde det i operativ stand og 17,4 mill. kroner grunna innføring av meirverdiavgift på tenester frå AVINOR.

Kapitlet er foreslått redusert med 35,2 mill. kroner. Reduksjonen skuldast tekniske flyttingar til kap. 1725 for å reindyrke kapitlet for å reflektere dei nye fellesavdelingane som er oppretta og underlagt Forsvarsstaben og ny organisering av Forsvarsstaben.

Kapitlet er m.a. redusert i samband med oppretting av Forsvarets kompetansesentra (FKL og FK KKIS) (0,8 mill. kroner), drift av tannlegetenestene som er overført til Forsvarets sanitet (1,5 mill. kroner) og oppretting av Forsvarets arkivadministrasjon (0,5 mill. kroner). Vidare er kapitlet redusert i samband med reduksjon av administrative kostnader (6 mill. kroner) og med 1,4 mill. kroner i samband med sentralisering av rabatterte vernepliktsreiser. I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kap. som samla gir ein reduksjon på 25 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått auka med 182 mill. kroner. Auken skuldast finansiering av stillingar overtatt av Forsvarets logistikkorganisasjon (24 mill. kroner), auka kostnader i hovudsak knytt til allierte treningssentra (45 mill. kroner) og meirbehov i samband med sikring av ammunisjon og våpenlager (93 mill. kroner). Vidare er kapitlet tilført midlar i samband med teknisk justering etter tidlegare omorganiseringar mellom Forsvarets logistikkorganisasjon og kompetansesentra (24 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kap. som samla gir ein auke på 50 mill. kroner.

Omdisponeringane frå kapitlet gjeld i hovudsak reduksjon av administrative kostnader (37 mill. kroner) og sentralisering av IT-driftskostnader (17 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått auka med 60 mill. kroner som skuldast eit meirbehov grunna justerte retningsliner for budsjettering og rekneskapsføring mellom postane 45 og 1 på kap. 1760.

Kapitlet er foreslått auka med 4 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak høgare drivstoffutgifter (11 mill. kroner) og høgare leigekostnader for KV Harstad (2 mill. kroner) enn budsjettert. I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kap. som samla gir ein reduksjon på 9 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått auka med 3,5 mill. kroner som skuldast høgare driftskostnader enn budsjettert.

Kapitlet er foreslått auka med 46,7 mill. kroner som i hovudsak gjeld forsering av samarbeidet i Provincial Reconstruction Team (PRT) i Nord-Afghanistan for å søkje å styre unna klimatiske problem (43 mill. kroner). Utgiftene var opprinneleg planlagde for 2006. I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kap. som samla gir ein auke på 4 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått auka med 11,5 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov i samband med restaurering av KNM ALTA (10 mill. kroner) og styrking av Forsvarets musikk (7,5 mill. kroner). I tillegg er det gjort tekniske justeringar mot andre kap. som samla gir ein auke på 6 mill. kroner.

Posten er foreslått redusert med 20 mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som er foreslått nytta til å dekkje ymse meirbehov på andre kap. og postar, mellom anna midlar til restaurering av KNM ALTA og styrking av Forsvarets musikk (jf. endringane i post 1).

Posten er foreslått redusert med 291 mill. kroner. Reduksjonen gjeld m.a. 43 mill. kroner til kap. 1792 i samband med forsering av samarbeidet i Provincial Reconstruction Team (PRT) i Nord-Afghanistan. Utgiftene var opprinneleg planlagde for 2006, og beløpet vil såleis bli søkt omgruppert tilbake til post 45 hausten 2006. Vidare skuldast 60 mill. kroner tekniske justeringar grunna justerte retningsliner for kva som skal posterast på høvesvis drift og investering og 33 mill. kroner til vedlikehald av transportflyet C-130 for å halde det i operativ stand. Regjeringa foreslår vidare å overføre 155 mill. kroner til investeringar i eigedomar, bygg og anlegg (EBA) (kap. 1710, post 47). Bakgrunnen er eit behov for best mogeleg å periodisere investeringsporteføljene på høvesvis materiell- og eigedoms- og bygg- og anleggssida (EBA). Periodiseringa er planlagd å bli utlikna i løpet av 2006 og 2007. Beløpet vil bli nytta på EBA-investeringsområdet til omstillingskritiske investeringsprosjekt, driftseffektiviserande tiltak og fornying av nedslite og lite tidsmessig EBA.

Posten er foreslått auka med 170,8 mill. kroner. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til investeringar i eigedomar, bygg og anlegg (EBA) med 155 mill. kroner i 2005. Bakgrunnen er eit behov for best mogeleg å periodisere investeringsporteføljene på høvesvis materiell- og eigedoms- og bygg- og anleggssida (EBA). Periodiseringa er planlagd å bli utlikna i løpet av 2006 og 2007. Beløpet vil bli nytta på EBA-investeringsområdet til omstillingskritiske investeringsprosjekt, driftseffektiviserande tiltak og fornying av nedslite og lite tidsmessig EBA.

Vidare skuldast auken tilpassing av dei gamle bygningane ved Fredriksvern verft i Stavern til bruk for justissektoren (15,8 mill kroner).

Posten er foreslått auka med 60 mill. kroner i samband med finansieringa av meirutgifter til Statens Pensjonskasse.

Posten er foreslått redusert med 1,3 mill. kroner i samband med eit mindrebehov på posten.

Posten er foreslått redusert med 0,8 mill. kroner i samband med eit mindrebehov for rentestønad til Befalets låneordning.

Det er registrert mindreinntekter på 100 mill. kroner.

Endringar på posten er av teknisk karakter, og endrar ikkje det totale inntektsnivået. Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:

Kapitlet er auka med 0,4 mill. kroner. Auken skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Kapitlet er redusert med 26,8 mill. kroner. Reduksjonen skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Kapitlet er redusert med 5,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Kapitlet er redusert med 1,5 mill. kroner. Reduksjonen skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Kapitlet er redusert med 0,7 mill. kroner. Reduksjonen skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Kapitlet er auka med 34 mill. kroner. Auken skuldast teknisk flytting av inntekter mellom kapitla.

Posten er foreslått redusert med 100 mill. kroner. Dette skuldast lågare framdrift i NATO-prosjekta enn det ein la til grunn ved utarbeidinga av 2005-budsjettet. Reduksjonen vert dekt gjennom nedtrekk på kap. 1760, post 48.

Regjeringa foreslår å endre bestillingsfullmaktene slik at Forsvarsdepartementet i 2005 kan gjere bestillingar utover dei gitte løyvingane. Den samla ramma for nye bestillingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:

Kap.

Post

Samla ramme

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter

1 545 mill. kroner

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter

50 mill. kroner

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter

5 mill. kroner

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Per Ove Width, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen, er enig i at omgrupperingsproposisjonen er et nødvendig verktøy i økonomiforvaltningen. Komiteen har merket seg at departementet legger vekt på at dette vil gi muligheter for en samlet og riktig formalisering av endrede forutsetninger.

Komiteen vil imidlertid peke på at viktige endringer i budsjettforutsetningene må forelegges på et tidspunkt hvor konsekvensene er styrbare.

Komiteen har merket seg at budsjettendringene er omfattende, men at mange er av teknisk art.

Komiteen viser til vedlagt brev fra statsråden datert 12. desember 2005. I brevet vises det til en trykkfeil i tabellen over bestillingsfullmakter for kap. 1733 Luftforsvaret, på side 7 og 11 i St.prp. nr. 17 (2005-2006). Rettelsene er utført i denne innstillingen.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

47

Nye bygg og anlegg, kan overførast, vert auka med

170 800 000

frå kr 1 224 000 000 til kr 1 394 800 000

1719

Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

40 594 000

frå kr 382 743 000 til kr 342 149 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, vert redusert med

20 000 000

frå kr 20 000 000 til kr 0

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert redusert med

16 060 000

frå kr 1 261 317 000 til kr 1 245 257 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert auka med

500 337 000

frå kr 2 634 951 000 til kr 3 135 288 000

50

Overføringar til statsinstitusjonar, kan overførast, vert auka med

60 000 000

frå kr 130 871 000 til kr 190 871 000

70

Renter låneordning, kan overførast,vert redusert med

755 000

frå kr 8 127 000 til kr 7 372 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert redusert med

468 560 000

frå kr 3 820 944 000 til kr 3 352 384 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

77 866 000

frå kr 2 872 381 000 til kr 2 794 515 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

70 686 000

frå kr 3 650 968 000 til kr 3 580 282 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

35 221 000

frå kr 1 106 032 000 til kr 1 070 811 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med

182 545 000

frå kr 1 469 332 000 til kr 1 651 877 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45,

vert auka med

60 000 000

frå kr 821 922 000 til kr 881 922 000

45

Større utstyrskaffingar, kan overførast,

vert redusert med

291 000 000

frå kr 7 354 789 000 til kr 7 063 789 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid,

fellesfinansiert del, kan overførast,

vert redusert med

100 000 000

frå kr 181 828 000 til kr 81 828 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert auka med

4 016 000

frå kr 743 032 000 til kr 747 048 000

1791

Redningstenesta

1

Driftsutgifter, vert auka med

3 500 000

frå kr 34 021 000 til kr 37 521 000

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter, vert auka med

46 730 000

frå kr 795 197 000 til kr 841 927 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, vert auka med

11 487 000

frå kr 155 643 000 til kr 167 130 000

60

Tilskott til kommunar, kan overførast,

vert redusert med

1 273 000

frå kr 39 500 000 til kr 38 227 000

Inntekter

4720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert auka med

400 000

frå kr 32 464 000 til kr 32 864 000

4725

Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben

1

Driftsinntekter, vert redusert med

26 871 000

frå kr 87 701 000 til kr 60 830 000

4731

Hæren

1

Driftsinntekter, vert redusert med

5 409 000

frå kr 40 792 000 til kr 35 383 000

4732

Sjøforsvaret

1

Driftsinntekter, vert redusert med

1 488 000

frå kr 16 215 000 til kr 14 727 000

4733

Luftforsvaret

1

Driftsinntekter, vert redusert med

700 000

frå kr 56 161 000 til kr 55 461 000

4740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsinntekter, vert auka med

34 068 000

frå kr 117 082 000 til kr 151 150 000

4760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter, vert redusert med

100 000 000

frå kr 204 340 000 til kr 104 340 000

II

Bestillingsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2005 kan gjere bestillingar utover dei gitte løyvingane. Den samla ramme for nye bestillingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:

Kap.

Post

Samla ramme

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter

1545 mill. kroner

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter

50 mill. kroner

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter

5 mill. kroner

Det vises til St.prp. nr. 17 (2005-2006) om endringar i løyvingar o.a. i forsvarsbudsjettet for 2005. Det er en trykkfeil i tabellen over bestillingsfullmakter på side 7 og 11. Feilen gjelder bestillingsfullmaktene til kap. 1733 Luftforsvaret. Riktig tall er gjengitt i tabellen under:

Kap.

Post

Samla ramme

1733

Luftforsvaret

01

Driftsutgifter

1 545 mill. kroner

1734

Heimevernet

01

Driftsutgifter

50 mill. kroner

1792

Norske styrkar i utlandet

01

Driftsutgifter

5 mill. kroner

Oslo, i forsvarskomiteen, den 12. desember 2005

Jan Petersen

leder og ordfører