Innstilling fra utenrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2001 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 31 (2001-2002)
- Kildedok: St.prp. nr. 20 (2001-2002)
- Dato: 28.11.2001
- Utgiver: Utenrikskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det foreslått tilleggsløyvingar i samband med FNs fredsbevarande operasjonar og NATO (netto 98,555 mill. kroner) og Kronprinsbryllaupet (2 mill. kroner).
Utbetalingane til FNs fredsoperasjonar er avhengige av Tryggingsrådet sine vedtak om igangsetjing, utviding og terminering av operasjonane. På grunn av ei sterk utviding av MONUC i DR Kongo og igangsetjing av UNMEE i Etiopia/Eritrea er det behov for 106 mill. kroner i tilleggsløyving i år.
Det blir vidare foreslått ei tilleggsløyving på kr 555 000 til prosjektering m.m. av det nye NATO-hovedkvarteret i Brussel.
Innanfor budsjettet for utviklingshjelp under programområde 03 blir det foreslått omdisponeringar på til saman 127,4 mill. kroner. Desse omdisponeringane blir foreslått for å kunne nytte løyvingane mest mogeleg effektivt i budsjetterminen. Det er blitt ledige midlar til omfordeling på grunn av mindre ODA-godkjente utgifter til flyktningar i Noreg. Vidare blir utbetalingane knytta til næringslivsordningane og Den interamerikanske utviklingsgruppa mindre enn i saldert budsjett for 2001. Ymseposten på kap. 159 blir og redusert. Dei ledige midla blir i hovudsak foreslått omdisponert til humanitære tiltak i Asia og Afrika, og auka støtte til freds- og forsoningsarbeid.
Under låneordninga for utvikling av næringslivet i utviklingsland vart to lån avskrivne i 2000 utan at Stortinget er blitt orientert om dette. Enkelttiltak med avskrivningar over 3 mill. kroner skal, jf. vedtak X i Budsjett-innst. S. nr. 3 (1999-2000), leggjast fram for Stortinget.
Eit lån på 10,224 mill. kroner til Chain de Froid Regionale S.A. i Benin vart avskrive etter at selskapet tapte heile eigenkapitalen.
Eit lån på 4,43 mill. kroner til Noraf Consulting i Uganda vart avskrive då selskapet som følgje av ulønsam drift fekk økonomiske problem og misleghelt låneavtalen med NORAD.
Komiteen merker seg at et lån på 10,224 mill. kroner til Chain de Froid Regionale S.A. i Benin og et på 4,43 mill. kroner til Noraf Consulting i Uganda ble avskrevet uten at Stortinget ble orientert slik vedtak X i Budsjett-innst. S. nr. 3 (1999-2000) foreskriver.
Komiteen merker seg at behovet for reduksjon på 40 mill. kroner på kap. 157 post 72 skyldes manglende retningslinjer for bruk av blandede kreditter og et behov for gjennomgang av eksisterende garantiordninger.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
103 |
Regjeringas fellesløyving for representasjon |
||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
2 000 000 | |
frå kr 5 300 000 til kr 7 300 000 |
|||
116 |
Deltaking i internasjonale organisasjonar |
||
70 |
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med |
98 555 000 | |
frå kr 621 643 000 til kr 720 198 000 |
|||
140 |
Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa |
||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
750 000 | |
frå kr 119 840 000 til kr 120 590 000 |
|||
141 |
Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD) |
||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
1 000 000 | |
frå kr 161 860 000 til kr 162 860 000 |
|||
142 |
NORADs administrasjon av utanriksstasjonane |
||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
350 000 | |
frå kr 192 915 000 til kr 193 265 000 |
|||
143 |
Utanriksdepartementets administrasjon av utanriksstasjonane |
||
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
325 000 | |
frå kr 103 300 000 til kr 103 625 000 |
|||
150 |
Utviklingshjelp til prioriterte land og regionar |
||
71 |
Utviklingshjelp til Asia, kan overførast, blir auka med |
5 000 000 | |
frå kr 390 000 000 til kr 395 000 000 |
|||
72 |
Utviklingshjelp til Mellom-Amerika, kan overførast, blir auka med |
8 000 000 | |
frå kr 130 000 000 til kr 138 000 000 |
|||
157 |
Næringsutvikling og økonomisk utvikling |
||
72 |
Finansieringsordning for utviklingstiltak, kan overførast, blir redusert med |
40 000 000 | |
frå kr 412 000 000 til kr 372 000 000 |
|||
159 |
Tilskot til ymse hjelpetiltak |
||
70 |
Tilskot, kan overførast, blir redusert med |
24 286 000 | |
frå kr 24 286 000 til kr 0 |
|||
163 |
Generelle tilskot - finansinstitusjonar |
||
70 |
Innskot i finansinstitusjonar, kan overførast, blir redusert med |
8 000 000 | |
frå kr 1 038 500 000 til kr 1 030 500 000 |
|||
190 |
Humanitær hjelp ved naturkatastrofar |
||
70 |
Tilskot ved naturkatastrofar, kan overførast, blir auka med |
20 000 000 | |
frå kr 190 000 000 til kr 210 000 000 |
|||
191 |
Menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningtiltak |
||
70 |
Tilskot til menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningtiltak, kan overførast, blir auka med |
57 000 000 | |
frå kr 1 488 000 000 til kr 1 545 000 000 |
|||
192 |
Fred, forsoning og demokrati |
||
70 |
Tilskot til generelle tiltak for fred, forsoning og demokrati, kan overførast, blir auka med |
10 000 000 | |
frå kr 123 000 000 til kr 133 000 000 |
|||
71 |
Tilskot til ODA-godkjende land på Balkan og andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast, blir auka med |
25 000 000 | |
frå kr 775 000 000 til kr 800 000 000 |
|||
195 |
Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjent som utviklingshjelp (ODA) |
||
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir redusert med |
54 700 000 | |
frå kr 662 399 000 til kr 607 699 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at post 70 under kap. 198 Frivillige tilskot, FN-operasjonar får lagt til stikkordet "kan overførast".
Oslo, i utenrikskomiteen, den 28. november 2001
Thorbjørn Jagland leder |
Åslaug Haga ordfører og sekretær |