Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1998 under kapitler administrert av Miljøverndepartementet.

Innhold

Til Stortinget.

Miljøverndepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i budsjettet for 1998 som gjeld:

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 3,84 mill. kroner mot likeins auke på kap. 1465 post 21.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,281 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner for å dekkje framlegg om auka utgifter på andre postar.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å å redusere løyvinga med 2 mill. kroner for å dekkje framlegg om auka utgifter på andre postar.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Ordninga er avvikla i statsbudsjettet for 1998, og resterande beløp er ført over frå 1997. Departementet legg til grunn at 3,5 mill. kroner av midlane som er ført over til 1998 ikkje blir nytta.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Ordninga er avvikla i statsbudsjettet for 1998 og resterande beløp er ført over frå 1997. Det vert lagt til grunn at 0,6 mill. kroner av det overførte beløp ikkje blir nytta.

Det blir gjort framlegg om å auke utgiftsløyvinga under kap. 1442 post 01 og nyoppretta kap. 4442 post 01 med 3,934 mill. kroner, som er stilt til disposisjon for gruppa «Reinare teknologi» under Nordisk Ministerråd.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 7 mill. kroner.

Ordninga med å gi statlege garantiar for miljøvernlån vart avvikla frå og med 1997. Departementet har fullmakt til å oppretthalde tidlegare gjevne garantiar for miljøvernlån i Statens distrikts- og utviklingsfond og private bankar innanfor ei samla ramme på om lag 603 mill. kroner ved utgangen av 1997.

Det er ikkje avsett løyving til å dekkje dei tapa som oppstår på denne typen garantiar. Departementet har likevel fullmakt til å utgiftsføre utan løyving dei tapa som staten er juridisk forplikta til å dekkje, jf. St.prp. nr. 1 (1997-98). Føresetnaden er at ein så snart det er mogeleg gjer framlegg for Stortinget om løyving til å dekkje tapa. I tråd med dette blir det gjort framlegg om løyving i ettertid for utgiftsført beløp i perioden 01.01.98 t.o.m. 31.10.98, som utgjer 22,732 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner.

Ordninga er avvikla i statsbudsjettet for 1998, og resterande beløp er ført over frå 1997. 0,9 mill. kroner av det overførte beløpet blir ikkje nytta.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, og å redusere tilsegnsfullmakta med 3 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3,84 mill. kroner mot likeins reduksjon av løyvinga på kap. 1400 post 01.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,403 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Departementet viser til at inntektene til Statens fiskefond no blir kalkulert til ca. 29,3 mill. kroner, som svarer til den samla refusjonen som kan inntektsførast på dei to aktuelle postane. Det er budsjettert med ein samla refusjon på 32,314 mill. kroner, dvs. ei inntektssvikt på omlag 3 mill. kroner. Dette fører til for lite inntekter i Statens fiskefond i 1998 til å dekkje refusjonskravet på 2,268 mill. kroner under kap. 4410 post 50, og det vil bli ei mindreinntekt på om lag 0,132 mill. kroner på kap. 4425 post 52. Det blir gjort framlegg om å redusere løyvingane i samsvar med dette.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, øyving Korsberg og øyvind Vaksdal, fra Kristelig Folkeparti, Bror Yngve Rahm og Lars Rise, fra Høyre, Jan Johnsen og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, fra Senterpartiet, John Dale og fra Venstre, Gunnar Kvassheim, viser til at kuttet på 2,0 mill. kroner til Aksjon Jærvassdrag henger sammen med at det i en periode har vært problemer med å få den ønskede framdrift i aksjonen. Resten av den avsatte bevilgningen på 5 millioner kroner på 1998-budsjettet er nå brukt til godkjente prosjekter i henhold til den vedtatte handlingsplanen, og det er betydelig vilje lokalt til å bidra til at aksjonen kan gjennomføres som forutsatt. I den forbindelse vises det til at Aksjon Jærvassdrag er oppført med 3,462 mill. kroner i budsjettet for 1999.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Olav Akselsen, Aud Blattmann, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Torny Pedersen og lederen Jens Stoltenberg, viser til merknadene i budsjettinnstillingen for 1998 om Jærvassdraget. Disse medlemmer mener at det ikke ligger til komiteen å vurdere ulike prosjekter opp imot hverandre, men at dette må avgjøres i departementet. Disse medlemmer viser også til brev til komiteen fra Miljøverndepartementet ved miljøvernministeren av 6.11.98, der det gjøres oppmerksom på at det dersom ordningen legges ned, kan «søkes finansiering under andre eksisterende tilskuddsordninger».

Komiteen har for øvrig ingen merknader til de foreslåtte endringa, viser til proposisjonen, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak :

I.

På statsbudsjettet for 1998 vert det gjort følgande endringar:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter:

1400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

01

Driftsutgifter, vert r e d u s e r t med

3 840 000

1406

Miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta (jf. kap. 4406)

01

Driftsutgifter, vert a u k a med

1 281 000

1410

Miljøvernforsking (jf. kap. 4410)

50

Basisløyvingar og andre tilskott til miljøinstitutta, vert r e d u s e r t med

1000000

1427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

33

Statleg erverv, barskogvern, vert r e d u s e r t med

10 000 000

67

Lokal Agenda 21, tilskott til Aksjon Vannmiljø, vert r e d u s e r t med

2 000 000

73

Erstatningar og førebyggjande tiltak mot rovviltskadar, kan overførast, vert a u k a med

5 000 000

1441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

39

Ryddingstiltak, vert a u k a med

2 500 000

64

Aksjon Jærvassdraget, vert r e d u s e r t med

2 000 000

1442

Vannmiljø-, avfalls- og spesialavfallstiltak

01

Driftsutgifter, vert a u k a med

3 934 000

70

Tilskott til kompetanseformidling og informasjon om miljøvenleg produksjon og forbruk, vert a u k a med

7 000 000

73

Verkeleggjering av garantiansvar for miljøvernlån, vert a u k a med

22 732 000

1443

Miljøovervaking og akutt ureining

45

Kjøp av større utstyr og vedlikehald, vert r e d u s e r t med

3 500 000

1449

Refusjonsordningar for spesialavfall - bilvrak og spillolje (jf. kap. 4449)

76

Refusjon av smøreoljeavgifta, vert r e d u s e r t med

4 000 000

1463

Regional og lokal planlegging (jf. kap. 4463)

63

Lokal agenda 21, utvikling av miljøbyer, kan overførast, vert r e d u s e r t med

1 000 000

72

Tilskott til kartlegging av rasutsette fareområder, vert r e d u s e r t med

500 000

74

Lokal Agenda 21 Tilskott til tiltak i regi av organisasjonar, vert b e v i l g a med

10 000 000

1465

Statens kjøp av tenester i Statens Kartverk

21

Betaling for statsoppdrag, vert a u k a med

3 840 000

2465

Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

45

Kjøp av utstyr, samt vedlikehald, kan overførast,

vert r e d u s e r t med

1 500 000

1470

Internasjonalt samarbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 4470)

71

Internasjonale organisasjonar, vert a u k a med

1 403 000

1471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

01

Driftsutgifter, vert a u k a med

2 000 000

Inntekter:

4410

Miljøvernforskning (jf. kap. 1410)

50

Tilskott frå diverse fond, vert r e d u s e r t med

2 868 000

4425

Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)

52

Statens fiskefond, vert r e d u s e r t med

132 000

4442

Vannmiljø-, avfalls- og spesialavfallstiltak (jf. kap. 1442)

(NY)

01

Ymse inntekter, vert b e v i l g a med

3 934 000

4449

Refusjonsordningar for spesialavfall, bilvrak og spillolje (jf. kap. 1449)

08

Inntekter frå sal av bilvrak, vert r e d u s e r t med

2 000 000

II.

Tilsegnsfullmakter

Stortinget samtykker i at ramma for tilsegn utover løyvinga for 1998 blir redusert med 3,0 mill. kroner frå kroner 11000000 til kroner 8000000 under kap. 1463 post 63 Lokal Agenda 21, utvikling av miljøbyer.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 2. desember 1998.

Jens Stoltenberg,

Aud Blattmann,

leder og ordfører.

sekretær.