Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1997 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet.

Innhold

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om å omdisponere 247  mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1997 for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret. Mindreforbruket har samanheng med at framdrifta for prosjekt og program av ulike årsaker er blitt utsett eller at planar og rammevilkår elles er endra.

       Mindreforbruket blir i hovudsak føreslege omfordelt til humanitære tiltak, gjeldslette, tiltak i palestinske område og auka støtte til internasjonale organisasjonar. Afrika vert tilgodesett ved auka tildelingar innanfor gjeldslette, humanitære tiltak og internasjonale organisasjonar.

       Det vert opplyst at budsjettet for utviklingshjelp for 1997 er på 9.685  mill. kroner, inklusive 481  mill. kroner i ubrukte midlar overførde frå 1996.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter alle forslagene i proposisjonen til utgiftsreduksjoner. Disse medlemmer går mot alle forslag til økninger med unntak for kap. 0140 Administrasjon av utviklingshjelpa, kap. 0141 Direktoratet for utviklingshjelp, kap. 0142 Lokale representasjonar, kap. 0143 Utanriksrepresentasjon/ 03 området, kap. 0190 Humanitær hjelp ved naturkatastrofer og kap. 0191 Hjelp til flyktningar og menneskerettar.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Regjeringen foreslår å øke utgiftene over bistandsbudsjettet for 1998 med 800 mill. kroner. Disse medlemmer viser til den omfattende debatt om norsk bistandspolitikk og den kritikk som har fremkommet gjennom et antall forsknings- og evalueringsrapporter. Det er bl.a. i Bistandskommisjonens rapport av 1995 vist til at norsk bistand i mange tilfeller har gitt få resultater, og at den snarere enn å bidra til utvikling har ført til bistandsavhengighet. Disse medlemmer viser til at NORAD har hatt problemer med å finne fornuftige måter å bruke opp de økende bevilgningene i bistandsbudsjettet de seneste år, og at det også i 1997 er igjen penger som må overføres til 1998. Disse medlemmer mener det er lite grunnlag for en ytterligere stor økning i budsjettet for 1998, og viser til at denne økningen synes utelukkende å være begrunnet i et ønske om å nå opp i én prosent av BNI. Disse medlemmer ønsker en mer resultatorientert bistandspolitikk, der vekten legges på kvalitet fremfor kvantitet. Disse medlemmer stiller seg kritisk til den spredning Regjeringen legger opp til i bistandspolitikken, og minner om at Stortinget tidligere har lagt konsentrasjonsprinsippet til grunn. Muligheten til å følge opp på en skikkelig måte og å føre kontroll med bistandsmidlene betinger en større grad av konsentrasjon. På denne bakgrunn går disse medlemmer imot de foreslåtte økningene under kap. 0153 post 70, kap. 0161, kap. 0165, kap. 0166 og kap. 0191 post 76.

       Disse medlemmer støtter de foreslåtte reduksjoner.

     Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       På statsbudsjettet for 1997 vert det gjort følgjande endringar:

Auke:
Kap. 140 Administrasjon av utviklingshjelpa
   01 Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 750.000
   frå kr  37.200.000 til kr  37.950.000
Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp
   01 Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 1.350.000
   frå kr  64.950.000 til kr  66.300.000
Kap. 142 Lokale representasjonar
   01 Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 930.000
   frå kr  58.700.000 til kr  59.630.000
Kap. 143 Utanriksrepresentasjon/03-området
   01 Løn og godtgjersle,
        vert auka med kr 250.000
   frå kr  24.200.000 til kr  24.450.000
Kap. 153 Utviklingshjelp til andre prioriterte områder
   70 Tilskot til palestinske områder,
        kan overførast, vert auka med kr 15.000.000
   frå kr  150.000.000 til kr  165.000.000
   71 Tilskot til gjenoppbygging av det tidlegare
        Jugoslavia,
        kan overførast, vert auka med kr 10.000.000
   frå kr  110.000.000 til kr  120.000.000
Kap. 161 Generelle stønader - FN-organisasjonar
   70 Tilskot til FNs utviklingsprogram (UNDP) og
        underliggjande fond,
        vert auka med kr 24.000.000
   frå kr  530.000.000 til kr  554.000.000
Kap. 165 Bilateral utviklingshjelp administrert av
  internasjonale organisasjonar
   72 Tilskot til særorganisasjonar mv,
        kan overførast, vert auka med kr 10.000.000
   frå kr  63.000.000 til kr  73.000.000
Kap. 166 Gjeldslettetiltak
   70 Tilskot til Fond for internasjonale
        gjeldsoperasjonar,
        vert auka med kr 95.000.000
   frå kr  170.000.000 til kr  265.000.000
Kap. 190 Humanitær hjelp ved naturkatastrofer
   70 Tilskot,
        kan overførast, vert auka med kr 20.000.000
   frå kr  130.000.000 til kr  150.000.000
Kap. 191 Hjelp til flyktningar og menneskerettar
   75 Tilskot til anna flyktningehjelp og
        menneskerettar,
        kan overførast, vert auka med kr 30.000.000
   frå kr  400.000.000 til kr  430.000.000
   76 Tilskot til humanitær hjelp til Afrika,
        kan overførast, vert auka med kr 30.000.000
   frå kr  353.000.000 til kr  383.000.000
   77 Tilskot til humanitær hjelp til det
        tidlegare Jugoslavia,
        kan overførast, vert auka med kr 10.000.000
   frå kr  250.000.000 til kr  260.000.000


Reduksjon i ubrukt løyving, overført fra 1996:
Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika
   01 Løn og godtgjersle,
        vert redusert med kr 1.275.000
   frå kr  1.275.000 til kr 0
   11 Varer og tenester,
        vert redusert med kr 1.406.000
   frå kr  1.406.000 til kr 0
Kap. 159 Tilskot til ymse hjelpetiltak
   70 Tilskot,
        kan overførast, vert redusert med kr 1.987.000
   frå kr  1.987.000 til kr 0
Kap. 163 Generelle stønader - finansinstitusjonar
   71 Innskot i Den asiatiske utviklingsbank og
        fond,
        kan overførast, vert redusert med kr 681.000
   frå kr  681.000 til kr 0
   72 Innskot i Den afrikanske utviklingsbank og
        fond,
        kan overførast, vert redusert med kr 518.000
   frå kr  518.000 til kr 0
   73 Innskot i Den interamerikanske utviklingsbank og
        Spesialfondet,
        kan overførast, vert redusert med kr 3.517.000
   frå kr  3.517.000 til kr 0


Reduksjon i ordinær løyving:
Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika
   01 Løn og godtgjersle,
        vert redusert med kr 4.725.000
   frå kr  20.000.000 til kr  15.275.000
   11 Varer og tenester,
        vert redusert med kr 1.594.000
   frå kr  22.870.000 til kr  21.276.000
   73 Langsiktig utviklingssamarbeid med Eritrea,
        kan overførast, vert redusert med kr 16.000.000
   frå kr  60.000.000 til kr  44.000.000
   77 Langsiktig utviklingssamarbeid med Malawi,
        kan overførast, vert redusert med kr 22.000.000
   frå kr  30.000.000 til kr  8.000.000
Kap. 152 Utviklingshjelp til Mellom-Amerika
   01 Løn og godtgjersle,
        vert redusert med kr 6.000.000
   frå kr  9.000.000 til kr  3.000.000
   11 Varer og tenester,
        vert redusert med kr 2.000.000
   frå kr  6.630.000 til kr  4.630.000
Kap. 159 Tilskot til ymse hjelpetiltak
   70 Tilskot,
        kan overførast, vert redusert med kr 91.868.000
   frå kr  100.965.000 til kr  9.097.000
Kap. 163 Generelle stønader - finansinstitusjonar
   71 Innskot i Den asiatiske utviklingsbank og
        fond,
        kan overførast, vert redusert med kr 11.319.000
   frå kr  53.000.000 til kr  41.681.000
   72 Innskot i Den afrikanske utviklingsbank og
        fond,
        kan overførast, vert redusert med kr 782.000
   frå kr  208.000.000 til kr  207.218.000
   73 Innskot i Den interamerikanske utviklingsbank og
        Spesialfondet,
        kan overførast, vert redusert med kr 1.483.000
   frå kr  13.000.000 til kr  11.517.000
Kap. 165 Bilateral utviklingshjelp administrert av
  internasjonale organisasjonar (multi-bi)
   01 Løn og godtgjersle,
        vert redusert med kr 1.000.000
   frå kr  2.000.000 til kr  1.000.000
Kap. 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjende som
  utviklingshjelp (ODA)
   21 Spesielle driftsutgifter,
        vert redusert med kr 79.125.000
   frå kr  164.000.000 til kr  84.875.000


II.
Fullmakt til avskriving av tap under låneordninga.

       Stortinget samtykkjer i at det under kap. 157 Næringsutvikling og økonomisk utvikling, post 80 Avskriving - tap på lån og garantiar blir utgiftsført kr  16.186  098 utan ny løyving.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 28. november 1997.

Haakon Blankenborg, Einar Steensnæs,
leiar og ordførar. sekretær.