4. Endringar i legemiddelloven og apotekloven – heimel for tvangsforretningar
Legemiddelloven § 28 femte ledd gir Statens lækjemiddelverk heimel til å fastsetje tvangsgebyr (tvangsmulkt) i form av eingongsgebyr eller dagsgebyr, dersom ein ikkje held fristen for å innfri pålegg fastsette med heimel i lova eller i forskrifter gitt med heimel i lova. Av føresegna går det fram at eit slikt pålegg om tvangsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg. Apotekloven § 9-4 gir tilsynsorganet (Statens lækjemiddelverk) heimel til å fastsetje at apoteket skal betale tvangsmulkt for kvar dag som går etter at fristen har gått ut for å oppfylle vilkår gitt etter apotekloven § 2-8, plikter etter § 5-5 og pålegg etter § 8-3. Av føresegna går det også fram at ei slik tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.
Skal ein kunne drive inn gebyra rasjonelt, meiner Lækjemiddelverket at den beste løysinga er om Statens innkrevjingssentral kan ta hand om innkrevjinga på vegner av Lækjemiddelverket. For å kunne tvangsinndrive krav på vegner av Statens lækjemiddelverk må Statens innkrevjingssentral ha særskild heimel i lov. Departementet ser det som mest tenleg at Statens innkrevjingssentral gjennom legemiddelloven og apotekloven får ein slik eintydig heimelsrett til å drive inn krava,
Forslag til nye føresegner som skulle takast inn i legemiddelloven og apotekloven blei sendt på høyring i oktober 2006. Forslaga til lovendringar har generelt hatt brei støtte hos høyringsinstansane.
Slik departementet ser det, er det ønskjeleg med ei mest mogleg effektiv inndriving av tvangsmulkter pålagde med heimel i legemiddelloven og apotekloven. Departementet meiner at Statens lækjemiddelverk ikkje har den naudsynte organisasjonen og kompetansen som trengst for å innfri denne målsetjinga, men at Statens innkrevjingssentral har dei nødvendige heimlane og rutinane for slik innkrevjing.
Departementet foreslår at heimelen for tvangsinndriving også skal omfatte gebyr og avgifter, og at heimelen plasserast som ei eiga avgjerd i legemiddelloven kapittel X.
Departementet foreslår vidare at omgrepet "tvangsgebyr" i legemiddelloven § 28 blir endra til "tvangsmulkt".
Det blir uttala at endringane legg til rette for ei meir effektiv oppfølging av det tilsynsansvaret Lækjemiddelverket har med aktørane på apotek- og lækjemiddelområdet. Ein tek sikte på at forholdet mellom Statens lækjemiddelverk og Statens innkrevjingssentral blir regulert gjennom ein eigen avtale, der Innkrevjingssentralen får ei godtgjersle av Statens lækjemiddelverk for kvart krav som blir handtert.
Komiteen viser til proposisjonens forslag til lovendringer som sørger for at Statens innkrevingssentral blir instans for innkrevning av bøter som er pålagt apotek fra Statens legemiddelverk. Komiteen støtter proposisjonens innhold på dette punkt og mener dette er en hensiktsmessig endring. De lovendringer som foreslås i legemiddelloven og apotekloven, støttes av komiteen.