5. Tekniske endringar i legemiddelloven

5.1 Samandrag

Departementet fastsette 28. juni 2007 ei ny blåreseptforskrift og endringar i legemiddelforskrifta. Den nye forskrifta inneheld også endringar av teknisk karakter, mellom anna er uttrykket "pliktmessig refusjon" bytt ut med "forhåndsgodkjent refusjon". Departementet foreslår at dette også blir gjennomført i legemiddelloven § 6 femte ledd, slik at det blir ein einsarta bruk av omgrep i alt regelverk på dette området.

Departementet foreslår vidare ei opprydding i omgrepa "avgift" og "gebyr" i legemiddelloven. Forslaga fører ikkje til materielle endringar, men departementet tilrår at ein får ordlyden i lova i samsvar med gjeldande retningslinjer for gebyr- og avgiftsfinansiering.