9. Oppretting av lovtekst
Etter skattelova § 5-15 første ledd bokstav e nr 2 er "ytelse etter § 7 annet ledd i forskrift av 28. februar 1975 nr. 4 om stønad til sjømenn i utenriksfart" skattefri. Forskrifta det her blir vist til er oppheva, og det er ikkje fastsett noko anna forskrift som erstattar den oppheva.
Dagpengar under arbeidsløyse var i prinsippet skattepliktig inntekt fram til ordninga med forskottstrekk blei innført i 1957, men den utlikna skatten blei i stor utstrekning ettergitt av omsyn til kva som var rimeleg. Sidan skattlegging av desse ytingane var lite praktisk, blei det i 1957 innført eit generelt skattefritak for dagpengar under arbeidsløyse. I samband med at folketrygda sine ytingar under arbeidsløyse blei lagt om med verknad frå og med 1980, blei dagpengar under arbeidsløyse igjen skattepliktige ved lov 21. desember 1979 nr 65.
Skattefritaket for dagpengar til sjøfolk blei likevel ståande igjen som ein særregel. Årsaka til dette var at det gjaldt særordningar knytt til både utmåling og utbetaling av dagpengar til sjøfolk, og at det i den samanhengen blei vurdert som uhensiktsmessig å innføre skatteplikt for slike dagpengar. Ein kom derfor til at sjøfolks dagpengar inntil vidare burde vere skattefrie, sjølv om skatteplikt blei innført for dagpengar elles, jf. Ot.prp. nr. 21 (1979-80) pkt. 2.3.1.
Bortsett frå denne lovregelen gjeld det nå ikkje lenger nokre særreglar om dagpengar til sjøfolk. Det blir ikkje utbetalt eigne dagpengar til sjøfolk som oppheld seg i utlandet. Sjøfolk mottar nå dagpengar på linje med andre arbeidstakarar, etter reglane i folketrygdlova kapittel 4 og forskrift om dagpengar under arbeidsløyse 16. september 1998 nr. 890. Når dagpengar blir utbetalt til ein norsk arbeidssøkjar i eit anna EØS-land, utbetalast det av myndigheitene i opphaldslandet, som kan få refusjon av den norske arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV). Dette blir meldt inn og skattlagt på same måte som om det blei utbetalt direkte frå NAV.
På denne bakgrunn legg departementet til grunn at lovregelen om skattefritak for yting etter § 7 anna ledd i forskrift av 28. februar 1975 nr. 4 om stønad til sjømenn i utanriksfart, i praksis må reknast for å vere falt bort.
Departementet foreslår følgjeleg at skattelova § 5-15 første ledd bokstav e nr. 2 blir oppheva, og at regelen i § 5-15 første ledd bokstav e nr. 3 blir nr. 2. Ein viser til utkast til endring i skattelova § 5-15 første ledd bokstav e. Forslaget medfører inga realitetsendring. Det blir foreslått at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2007.
Skattelova § 14-72 første ledd tredje punktum seier at departementet i føresegn kan gi reglar til presisering og avgrensing av området for reinvestering etter anna og tredje punktum. Rett tilvising skal vere til første og anna punktum.
Feilen oppsto ved overføring av lovføresegna i § 14-70 anna til fjerde ledd til § 14-72 første ledd ved lov av 15. desember 2006 nr. 81, jf. Ot. prp. nr. 1 (2006-2007) avsnitt 14.3. Føresegna i § 14-70 gjeld vilkårsbundne skattefritak ved ufrivillige realisasjonar. Då frivillig innløysing av festa tomt òg kom inn under ordninga med vilkårsbundne skattefritak, var det høveleg at alle realisasjonar av festa tomter vart lagde til ein eigen paragraf i skattelova. Overføringa av lovføresegna i § 14-70 anna til fjerde ledd til § 14-72 første ledd fann likevel stad utan at det vart teke omsyn til at talet setningar føre tredje punktum vart redusert etter overføringa.
Departementet foreslår at skattelova § 14-72 første ledd vert endra såleis at tredje punktum viser til første og anna punktum.
Etter skattelova § 2-30 første ledd bokstav m har Stiftelsen boligsamvirkets fond mot husleietap skattefritak. Stiftinga endra 8. desember 2005 namn til Stiftelsen borettslagenes sikringsfond.
Departementet foreslår å endre skattelova § 2-30 første ledd bokstav m, slik at føresegna blir i samsvar med den omtalte namneendringa. Namneendringa blei gjort i 2005, og ein foreslår derfor at lovendringa skal ta til å gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2005.
Ein viser til forslag til endring av skattelova § 2-30 første ledd bokstav m.
I samband med skatteopplegget for 2007 blei satsen for minstefrådraget auka frå 34 til 36 pst. i lønnsinntekt, og frå 24 til 26 pst. i pensjonsinntekt. Desse satsane er regulert i skattelova § 6-32 første ledd.
Utforminga av skattelova § 6-32 blei revidert i samband med skatteopplegget for 2006, jf. Ot.prp. nr. 26 (2005-2006) kapittel 2. Ved ein inkurie blei lovteksten slik den lydde før revisjonen nytta då satsane blei justert i skatteopplegget for 2007. Departementet foreslår såleis å endre føresegna si ordlyd tilbake til slik den lydde for inntektsåret 2006, men med dei satsar som blei vedteke i samband med skatteopplegget for 2007.
Departementet viser til forslag til endring av skatteloven § 6-32 første ledd.
Ved lov av 15. desember 2006 nr. 81 blei skattelova § 5-40 fjerde ledd endra. Denne føresegna er ei vidareføring av reglane i § 5-40 sjette ledd som samstundes blei oppheva. I sjette ledd var det vist til utbetalingar som "ikke er skattepliktig for mottaker etter § 12-2 ". I samband med endringa kom tilvisinga til § 12-2 ikkje med i fjerde ledd. Departementet foreslår at dette blir retta opp. Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 5-40 fjerde ledd. Departementet foreslår at endringa blir sett i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret 2007.
Ved forslag lagt fram i Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) blei skattelova § 2-1 åttande ledd første punktum om skattemessig bustad for visse offentlege tenestemenn endra slik at ordlyden skulle vere i samsvar med det som vart vedteke i lov om utanrikstenesta 3. mai nr. 13 2002. Samstundes vart føresegna om skattemessig bustad for personar som er omfatta av utanrikstenestelova oppheva. Ved ein inkurie falt andre punktum i skatteloven § 2-1 åttande ledd ut av føresegna. Dette punktumet gjaldt skattemessig bustad for arbeidstakar som tenestegjør i Atlanterhavspaktens organisasjon med fast tenestestad i utlandet. Departementet foreslår derfor at føresegna blir retta i samsvar med tidlegare gjeldande lovtekst og at endringa trer i kraft straks. Ein viser til forslag til endring av skattelova § 2-1 åttande ledd.
Ved lov 15. desember 2006 nr. 71 blei fristen for å betale tilleggsforskot i skattebetalingslova § 21 og § 27 nr. 4 endra frå 30. april til 31. mai for skattytarar som ikkje får førehandsutfylt sjølvmelding etter likningslova § 4-7 nr. 2. Vidare blei vilkåret for å innbetale tilleggsforskot i skattebetalingslova § 27 nr. 4 endra som fylgje av at reglane om betaling av førehandsskatt for etterskotspliktige skattytarar blei endra. Før endringa lydde regelen at desse skattytarane kunne betale tilleggsforskot når førehandsskatten "anses utilstrekkelig til å dekke to tredjedeler av den skatt som vil bli utliknet ". Dette blei endra til at førehandsskatten må "anses utilstrekkelig til å dekke den skatt som vil bli utliknet ". Begge endringane tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Av tekniske årsaker har det førebels ikkje vore mogleg å endre fristen for betaling av tilleggsforskot, og lovendringa er derfor ikkje sett i kraft enno. Den andre endringa - vilkåret for å innbetale tilleggsforskot - burde ha teke til å gjelde straks, men det var ikkje mogleg, fordi då ville òg fristen for tilleggsforskot bli endra.
Departementet foreslår at dette blir retta opp, og viser til forslag til endringar i skattebetalingslova § 21 og § 27 nr. 4.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i skatteloven §§ 2-1 åttende ledd, 2-30 første ledd bokstav m, 5-15 første ledd bokstav e, 5-40 fjerde ledd, 6-32 første ledd, 14-72 første ledd tredje punktum og skattebetalingsloven 1952 §§ 21 og 27 nr. 4